BONAIRE - PANAMA
Etter Aves var vi ferdige med Venezuela, øygruppene vi hadde besøkt i Venezuela var herlige, men fastlandet bar preg av fattigdom, skittent og advarsler om å bevege seg fritt utenfor marineområdet begrensa oss. Turen vi hadde i jungelen var ein stor opplevelse når vi ser bort frå den vonde ulykka der.
Kort oppsummert var Aves den vakraste øya vi hittil har besøkt i Vest India. Ro og harmoni av å være heilt aleine på denne perla var heilskjønt, men så var det kjekt at Agape kom seglande inn nest siste dagen. På ein dagsseilas frå Aves ankom vi til den Nederlandske antillen Bonaire (som er ”B-en” i ABC-øyene) 10. februar.
Spenninga med jordomseiling er akkurat det å oppleve forskjeller og kontraster frå plass til plass. Slik det var å gå frå ubefolka øyer og leve på havets delikatesser (leve som Robinson Cruiso) inntil vi ankra opp i tussmørket utenfor hovedstaden på Bonaire, Krarlendijk. Med deilige luktar frå restaurantane langs sjøsida og sambarytmar som kom imot oss vart vi heilt hypnotisert og heiv oss i gummijollen så snart båten var fortøyd.
Bonaire var ei sjarmerande øy, reint, fint, sivilisert, husa var fint stelte, koselige små gater med fargerike små butikkar. Bygningane var pastellfarga, rosa, lysgrønne, turkise, lyseblå og gule. Det er ca 12.000 mennesker som bur på øya. Stort sett er folk svarte som stammar frå afrikanske slaver elles er her indianarar som ein gong emigrerte frå Venezuela, nederlendarar i tillegg til andre folkeslag. Folka er imøtekomande og ønska oss ”Bon bini,” som betyr velkommen på patois som er faktisk dei nedrlandske antillene sitt offisielle språk i tillegg til nederlandsk. Øyas befolkning hadde ”språkøyre,” vi møtte folk som snakka inntil ni språk. Patois er blanding av afrikansk, spansk, engelsk og nedelandsk og indiansk. Språket vart til då slavane laga sitt hemmelige språk for at slaveeigarane ikkje skulle forstå.
Hovednæringa på Bonaire er turistar og salt (ikkje salte turistar). Ein dag leigde vi bil sammen med Agape-gjengen og køyrte rundt øya. Befolkningen er opptatt av å bevare naturen til lands og til vanns, det innebar dyre og fugleliv i sjøen så vel som på land. Vi stoppa for å observere dei fargerike papegøyane i skogen og dei nysgjerrige iguanene, ville esel og geiter. Det er observert over 200 fuglearter på øya. Bonaire er kjent for sine gode surfeplasser og fantastiske snorkle –og dykkeforhold. Vi stoppa fleire plasser og snorkla i det krystallklare vatnet, det var supert! Det var eit yrande liv i tillegg til mange flotte fargar på dei forskjellige koralltypane og fiskeslaga.
På grunn av nødvendigheten med konservering av kjøtt og fisk vart salt sett på som viktig og her låg forholda til rette. Saltvatn blir tatt inn over store områder på den flate øya og ligg der og fordamper.
Nederlendarane reiste til Afrika på 1800-tallet og henta slaver for å jobbe i saltproduksjonen. I dag er ”kvilehusa” til slavane bevarte og vi fekk kikke inn i disse knøttsmå murhusa som mest ikkje var vindu i og det var knapt nok sittehødgde. Dei jobba seks lange dagar i veka året rundt. På saltsengene går det hundrevis av flamingoer og ”beiter.” Dei er farga rosa på grunn av maten (reker og alger) dei finn i det salte vatnet. Det var eit vakkert syn sjølv om vi såg dei på avstand, vi vart fraråda å forstyrre dei, så bileta vart tatt på avstand ut bilvindu. Elles hadde øya mykje tørre områder der det voks kaktus, områda likna mykje på Arizona og Texas. Rundt husa sine hadde dei gjerne gjerde av kaktus. Kaktus var nemlig maten til slavane før i tida. Dei hadde geiter og esel som husdyr, og slavane åt det grønne skallet på kaktusen og geitene det som var inni.
I ein liten landsby såg vi denne kyrkja med dette flotte veggmaleriet utenpå veggene. Og vi synes det hadde vore ein glimrande ide’ til ordføraren og presten i Lesja!
Kvar dag hadde vi svømmeturar rundt båten, og det var her Marita og Hedda fekk sitt første ”nærmøte” med det søte og treige dyret, skilpadde. Vi kalla henne Gurina. Klart syntes Hedda og Marita at vi kunne ta henne med i båten. Fordi dei tre jentene på seglbåten Hurra (som skilpadda er kalla opp etter) hadde to skilpadder med seg frå Marokko.
Det virka som det var fin harmoni blant folket på øya trass i miks i nasjonar og spesiell forhistorie. Det var strengt med våpen om bord i båt, alt måtte leverast inn. Då Rune leverte inn harpunen og nødblusspistolen fekk han vite at hittil i år hadde 23 stykker ut av 89 besøkte båtar levert inn våpen. Ein liten indikasjon på kor mange som har våpen med seg. Vi vart litt lenger enn planlagt her pga ei takluke som var bestilt frå Florida som vi venta på, men takluka likte å vera på reise….. Så vi vart lova at marinebutikken skulle omadressere den til Panama.
Prisane var lavare enn andre plasser i Karibien. Gjennomsnittstemperaturen er 28 grader. Det var ikkje mange cruisebåtar innom eller store hotell, det var forholdsvis fredelig øy og kan anbefalast!
15. februar satte vi kurs for vårt neste mål, Cartaghena i Colombia, og det ville ta ca 3 døgn. Vinden auka på i løpet av natta, og vi fekk nokre ”squals” (skypumper med vind og regn) og bølgene begynte å bli bra store. Vi sjekker været rundt midnatt etter vi har passert Curacau (her er ”C-en”) i det fjerne, og meldinga seier ”gailwarning” (kulingvarsel) utafor kysten av Colombia då vi ville være der. Dette området er godt kjent blant seilere for sine vanskelige værfenomen (verre enn Biskayabukta). Passatstraumane heilt frå Europa går mot Mellom-Amerika og pressar på, og når straumane treffer odden utfor Colombia byggjer det seg store bølger. Det står skrevet i guidebøker at ein aldri må forlate Aruba i meir enn 30 knops vind. Så vi bestemmer oss for å søke nødhavn medan vi fortsatt har mulighet og går mot Aruba som vi så vidt ser lys i frå.
Vi ankom grytidlig neste morgon. Når du ser på kartet er Aruba siste sjanse å gå i land før eit havstrekk. Aruba som er A-en i ABC-øyene var også vakkert som Bonaire. Dei er nyleg blitt sjølvstendige (nesten) frå Nederland, men dronninga i Nederland har siste ord og domsstolane er også nederlandske. Vi hadde ikkje noko imot å strande her! Oranjestad som hovedstaden heiter, hadde pastellfargar på husa (som på Bonaire) og slottslignande arkitektur på shoppingsentera med tårn og spir, deilige restaurantar og godt utvalg i butikkar. I tillegg kom vi midt opp i karnevalet (som vi trudde vi kom til å gå glipp av). Vi fekk med oss to barnekarneval og ein lysparade. Aruba er stolt av sine karneval då alle kostymar er sydde og designa på øya. Barn heilt frå dei kunne gå til tenåringsalder gjekk i kilometerlang parade. Fargesprakande og glitrande dansa toget forbi oss. Svære lastebilar hadde montert enorme høgtalarar i fronten så bassen rista i grunnvollane. Oppå lastekarmane satt ungdomar eller voksne musikkgrupper og laga herlige rytmar, mest så det var vanskeleg å stå i ro.
Ein kveld vart vi anbefalt å sjå årets ”lysparade,” kva det no var? Det angra vi ikkje på sjølv om det var seint og jentene sovna på ei trapp og måtte bæras 4 km i sovande tilstand heim. Eg trur mest alle 50.000 av øyas befolkning deltok i eller ved sida av paraden. No hadde kostymane i tillegg til glitter og fjær fått lys. Dei voksne var atskillig meir danseliv i enn barna og kvar person var utstyrt med kanskje 30 små lys. Trur ikkje eg kan gjenfortelle opplevelsen av å stå der og sjå og høyre denne paraden som varte til langt etter midnatt, folk var i festrus, om dei var piptynne eller smellfeite dansa dei lika herlig.
Været tilsa dag etter dag at vi måtte bli der vi var. Vi flytta båten inn i marinaen i Oranjestad, elendige forhold å gå inn der gjorde at vi gjekk på grunn tre gonger før vi fekk lagt oss til brygga. Når det var gjort opna det seg ein himmelsk opplevelse for oss alle. Marinaen var tilknytta to luksushotell med alle fasiliteter tilgjengelig når du låg i marinaen. Det store for jentene var bassenglivet og å gå på kino, det store for mor var vaskemaskin og det store for far var båtreparasjoner. Rundt marinaen var det mange iguanere som haldt til. Dei var så tamme at Marita og Hedda kunne mate dei frå handa. Dei største rakk opp til knærna deira og var ca ein meter lange (halen var halve lengden). Dei kunne ha forkjellige fargar og var det vi kallar styggfine.
No byrja tida å bli knapp til å besøke Colombia fordi farmor skulle komme til Panama om nokre dagar. Endelig den niende dagen var det eit værvindu på to dagar framover. Vi segla av gårde og såg at vi måtte droppe Colombia. Det første døgnet blåste det bra og bølgjene var regjerlige, så vi satte ny rekord med 200 seilte nm. Så miste vi vinden heilt og måtte gå for motor, stille før stormen, tenkte vi! Vi mista oppdatering av vær, men då har vi ein fantastisk danske som heiter Karsten som bur i Panama City. Han er på SSB-radionettet kvar kveld. Langt ute i havet kunne vi spørje han kva vær vi hadde i vente og posisjoner som var bra. Han er alle Skandinavers hjelpevenn. Han kunne tom ta imot farmor om vi ikkje rakk fram i tide.
Ja, vinden kom om natta. Vi hadde kun storsegl oppe med to rev i. Til tider var bølgene så store at autopiloten ikkje klarte å manøvrere båten og vinden var 40 knop i kasta, men ingen dramatikk og alt gjekk kjempefint dei neste vindfulle dagane. Derimot kan vi melde om at våras venner ”Agape-gjengen” i sin 31 fots båt la ut trass i kulingvarselet til Colombia og kunne maile tilbake til oss på Aruba at bølgene var så store som hus og alle holdt på å blåse av båten, og det gjorde bensikanner, vannkanner og diverse som var tjora langs rekka og båten var oppe i 16 knop uten segl, huff!
Etter ca 600nm og tre og eit halvt døgn ankom vi San Blas øyene utenfor Panama. Her kunne vi aldri gått inn om det var mørkt på grunn av dei mange korallreva mellom øyene, så heldigvis, i siste liten før sola gjekk ned ankra vi opp utafor ”innklareringsøya” Porvenir. Og no var det dagen før farmor skulle hentast i Panama City. Porvenir består av ei flystripe som går over heile øya på langs og så er det eit hus til politiet, souvenirbutikk (bambushytte), transitthallen (eit bambustak), eit lite Kuna museum og eit lite ”hotell.” San Blas øyene består av 356 øyer og dei fleste er ubebodd. Det er Kuna indianarane som held til på disse øyene. Porvenir har flyforbindelse ein gong til dagen med Panama City, det er helst matforsyningar og nokre turistar som kjem med disse små flya. Rune reiste med flyet neste morgon til storbyen og kom tilbake dagen etter med ei etterlengta farmor. Flyet ankjem 06.30. om morgonen og då kjem det i grålysinga indianarar padlande frå alle kanter i sine uthola trestammer for å hente mat eller selge sine produkter (som er nydelige applikerte tøystykker, MOLA).
Endelig var farmor hos oss i ”kokosnøttpalmeøyland,” med seg hadde ho aviser som var fulle av stoff om snø og kaos (i tillegg til DVD-ar bøker og sakna mat frå Norge). Farmor satt på stranda og fortalte til Hedda og Marita om snømåking og redselen ho hadde for å få ein istapp i hodet kvar gong ho gjekk inn og ut av huset sitt, det var urealistisk her…. . Skjebnen berga henne! -for rett etter ho hadde fortalt dette kom det deisande ei kokosnøtt frå eit palmetre rett ved sida av henne. Det er ikkje heilt ufarlig her heller…!
Fleire øyer måtte besøkas, San Blas øyene er noko som alle jordomseglarar anbefaler å gå til, og det kan vi skrive under på. Vi segla nokre sjømil over til Lemon Cays, ei lita samling av kanskje seks-sju øyer. Midt i mellom disse perleøyane ser vi igjen dei norske båtane, Necessety og Stormsvalen som vi ikkje har sett sidan ARC på St.Lucia og disse to skal også gjennom Panamakanalen. Øyene var så små at det tok kanskje ein halv time å gå rundt, alle øyene var dekka av grønne kokospalmer og hadde ei brei kvit sandstrand rundt, nokre øyer hadde hus (bambushytter). I små kanoar padla indianarane seg mellom øyene, nokre prøvde med eit tøystykke som segl på kanoane. Då vi hadde ankra kom det padlande indianarar til oss og ville selge enten hummer, krabbe, fisk, konkylier, blekksprut, kokosnøtter, perlearmbånd eller disse broderte molastykkene. Samstundes benytta kvinnene iført sine moladrakter å vise fram alle dei minste barna sine som satt på rekke og rad nede i dei badekarlignande kanoane sine (kanoane måtte ausast heile tida). Indianarane var skikkelig fattige, men i deira kultur eig dei lite og mest ingen ting, likevel glade. Dei spurde gjerne etter ris, mjølk til barna, sårsalve, kaffi, godteri eller kled. Ved fleire anledninger delte vi ut kled etter Hedda og Marita.
Ein dag tok vi gummijollen bort til ei lita øy med to bambushytter på og ville ta kaffikosen der. Ein indianar kjem over til oss og helsar ”nuedi” (hallo) og fortel at vi må betale ein dollar kvar for å gå på land på øya hans, dessverre hadde vi ikkje pengar med, men vi kunne tilby kjeks, og litt anna godteri og det var greit. Vi bada og snorkla og kosa oss, så kom han over til oss og spurte om vi ville ha kokosnøtter og vinka oss over til hytta si. Der låg kona hans så fredelig i hammocken og amma minstemann og dei andre småtassane hang rundt henne. Kona var 21 år og dei hadde seks barn. Når ho ikkje amma eller laga mat broderte ho på mola. Mannen opna kokosnøtter som vi fekk både drikke av og til å ete kokoskjøtt frå. Vi må fortelje at nyopna kokosnøtter er bare utrulig godt(”nuedi,” kan også brukast her som fint,el.godt) så no knasker vi på dette godteriet kvar dag (Maritas drøm frå før avreise).
Vi hadde fått høyre at det kosta 5 dollar å få ta eit bilete av ein Kunaindianer, så vi forhøyrte oss alltid om det var geit å ta bilete slik at vi ikkje fekk noko overraskelse etterpå, og vi fekk ta fleire fine bilete av familien, men kona ville ikkje bli filma. Vi tok fram kaffi og saft og dela med oss utafor bambushytta deira. Med dei få spanske orda vi kunne og lett blanding av engelsk og norsk innimellom hadde vi ein hyggelig ”konversasjon.” Indianarane har sitt eige Kunaspråk, men dei lærer spansk på skulen. Dei fortalte at dei var der i tre månader på øya om gongen og neste veke starta skulen opp igjen etter tre månaders juleferie, så då skulle dei reise heim. Her plukka dei kokosnøtter som dei selde til Colombia. I bambushuset var det ikkje noko møbler og ting og tang, heller ikkje vindu, men kun hammocker til å sove i og sitte i. Kjøkkent hadde dei eit eige hus for, der var det kun ei gruve på jordgolvet og nokre koppar og fat som hang på veggen. Medan vi sit der ser vi den lett gjenkjennelige Agape ute mellom øyene. Indianeren forstår det er ”amigos” og seier det er farlig der dei seglar inn, lyset frå lav ettermiddagssol gjerer det vanskelige å sjå koallreva, så Rune hiv seg i gummijolla og geleider dei inn. Det var kjekt å sjå Agape-gjengen igjen etter tre veker. Ekstra hyggelig er det å få dela opplevelsar med farmor og visa henne våras venner og dagligliv om bord. No låg vi heile fire norske båtar mellom Lemon Cays-øyene Det låg ein båt til her, s\y Sume, dei har ei jente på seks og ei på to år. Hedda og Marita har leika med den jamgamle (engelsk\danske) jenta sidan vi kom til San Blas, og det er mange månader sidan sist jente vi har møtt på samme alder. Samanta flytta rett inn i båten vår då vi traff henne i Porvenir, men ho lika ikkje at farmor tok senga ”hennar.”
San Blas er eit slikt paradis du aldri blir ferdig med, vi møtte fleire jordomseglarar som aldri kom seg der i frå, nokon hadde segla rundt på San Blas øyene i over 10 år. Då må dei gå til nabolanda Colombia eller Costa Rica og fornya ”cruising permitten” som er på 90 dager.
Vi ville besøke dei tett befolka små øyene Carti, litt lenger inn mot fastlandet nærmare bestemt øya Tupile Isla. Her kom vi i snakk med ein indianer, Glomildo, som kunne godt engelsk. Han ville gjerne vise øya og familien sin og lære oss litt om Kuna indianarane sin kultur. Ein ettermiddag arrangerte han Kuna-dans for oss (Agape, Sume og Blue Marlin). Vi rodde inn til brygga hans, alle familiane hadde kvar si brygge, så bryggene låg tett i tett, ja, her hadde Stavanger kommune hatt litt av ein oppryddingsjobb, men ikkje nok med det, for ytterst på alle bryggene stod eit lite skur, det var toalettet. Der var det kun eit hol i golvet og sjøen rett under (slik at naboen kunne halde styr på konsistensen….) På ein open plass mellom husa dansa fire jenter og fire gutar kunadans. Kan ikkje sei det var så mykje som likna på norsk gammeldans, men flott var det, to gutar satt på sida og spela panfløyte medan jentene i dansen hadde små rytmeinstrument i handa, laga av kalabas med frø inni. Jentene hadde på seg tradisjonsdrakta ”mola” som består av ein bluse med applikert stykke på magen og på ryggen. På hovudet har dei eit rødt tørkle, og skjørtet er eit stykke tøy som dei knyter rundt livet. Ofte ser vi kvinnene pynta med svart strek på nasa og gullring i naseborene for at nasa skulle virke lengre(samme grunn at vi maler oss med svart strek rundt augene ), -for det var fint å ha lang nase (for oss store auger). Rundt leggene og armane hadde dei perleband, kanskje 20-25cm breie, -årsaken var at dei skulle halda dei vonde åndene borte. Etter dansen vart vi invitert heim i hagen til Glomildo, hagen var så stor at det akkurat var plass til eit rundt bord med benker rundt. Heile øya hadde nok fått med seg at det var kvite inntrengarar på øya, og mange barn stod og kikka nysgjerrig på oss utafor gjerdet. Middagen vart kokt på gruva og bestod av fiskesuppe med ris i, kjempegodt. Glad var Glomildo at det passa slik at det var måneskinn denne kvelden, for elektrisitet og lys hadde dei ikkje.
Då vi satt der kom det overraskande to menn med ein lapp i handa til Glomildo i frå (den valgte) sjefen i stamma, sahila, at vi måtte komme til ”congresso”–huset og betale 5US dollar pr båt for å ankre utafor øya deira. Vi hadde jo betalt 8 dollar i Porvenir for å besøke SanBlas-øyene, så vi var ikkje enige i dette. Glomildo følgte oss til sahilaen og forklarte vår frustrasjon. Inne i ”congresso” låg sahila i hammocken sin og to menn satt med eit bord i lyset av to stearinlys og noterte og deltok i diskusjonen. Her blir arbeidsoppgaver fordelt, pengefordeling, bestemmelse av straff for dårlig oppførsel etc. Det slutta av med at vi betalte og fekk kvittering med stempel frå høvdingen som vil gjelde i eitt år.
Neste morgon var Hedda, Marita og Samantha invitert på skulen deira. Skulen var ein av dei få bygningane som var laga av betong, elles budde dei 700 innbyggarane i bambushytter tett i tett over heile øya. Skulen hadde 100 elever og alderen var mellom 6 og 12 år. Sjølve kan de rekne at det må vera mange barn i kvar familie. Dei rekna at ei kvinne kunne føde 12 barn.
Dei lyslugga jentene satt som tente lys og følgde med. Dei song sanger, sangleiker, tegna flagget til Panama og haddde litt gymnastikk i klasserommet. Vi hadde med bilete frå Norge bl.a snøkledde fjell og folk som gjekk på ski og dei fekk sjå at vi hadde ”mola,” også, bunad. I friminuttet ville alle stå og beundre disse tre bleikhuda jentene med blå auger.
På 60-tallet gjorde amerikanarane ein kjempejobb for Panama og for dei ”ignorerte” eller ”gløymde” Kunaindianarane. Dei hjelpte indianarane til å dyrke bananer og ananas på fastlandet. Dermed så laga dei elver innover eit stykke i landet mtp lettere for transport, for veier var det ikkje i jungelen. I elvene reiste dei også i dag for å hente ferskvatn. Kvar stamme hadde si eiga elv. Glomildo tok oss i ein lang open trebåt oppover elva etter at vi hadde gynga oss våte i over ein time frå øya hans og til faslandet. Deretter var det to timar å gå til bananplantasjen, her heiv vi oss i elva og fekk kjøla oss ned. Temperaturen var høg og på spørsmål om temperaturen vinterstid så lo han. Han svara at det er kun to årstider i Panama, sommartid og regntid, sistnevnte starter i mai. Då amrikanarane hjalp dei var årsinntekta dobbel så høg som i dag. Årsakene kan vera fleire, men mennene var mykje observert i hammockane sine, synes vi. Fleire gonger fekk vi spørsmål av lokale om vi kjente til båten Blåtur frå Oslo som besøkte øyene eitt år tilbake. Dei hadde tydeligvis gjordt stort inntrykk på befolkningen.
Neste øygruppe på San Blas var Holandes.Cays. No var det igjen paradisøyer ute mot havgapet med korallrev som stoppa dei store bølgene og dei små øyene rundt oss som gjorde det endå roligare å ligge på svai. Øyene var dekka med kokostre og kvite sandstrender rundt. Denne populære akringsplassen er kalla ”swimmingpool” og vi låg kanskje ti båtar her. Vatnet var klart (og nesten kloakkfritt) så vi bada og snorkla masse. Farmor imponerte stort med å svømme i farvann med hai, barrakuda og digre rokker. Vi plukka mange konkyliar og languster og sanka fine skjell på stranda. Vi tok gummijolla og utforska ei ny nærliggande øy kvar dag.
Det var verkeleg vanskelig å rive seg laus frå dette paradiset, i tillegg måtte vi skiljast frå Agape her, dei skulle returne til Norge og gå nordover til Cuba og vi til Colon for å komme inn i køen for å gå gjennom Panamakanalen. Siste kvelden med ”gjengen” grilla vi på stranda. Dette var den einaste øya her som hadde hus på, men kun tre hus. Familien hadde vi hatt kontakt med tidligare då mannen kom padlande frå jobb (kanoen full i kokosnøtter) og han viste Idunn at han hadde hogd seg i foten med mancheten. Takknemlig var han då Idunn stella såret hans. Kona kom med eit smykke laga av jaguartenner, mannen hadde sjølv skote dyret i jungelen på fastlandet. Vi bytta smykket mot sårstelling ris, kaffi og kjeks. Dei hadde også jente på seks år pluss eldre og yngre barn, og etter fingerspråket forstod vi at klær og ketchup til barna var eit ønske. Vi rodde ut til båten vår og henta ein pose med kled og ketchup (så no går Kunaindianerbarn rundt med Lingon&Blåbær-kled). Dei vart så glad at dei sprang inn i hytta og kom med ein klase med bananer, ei fletta korg til Hedda og Marita, fletta hatt til Rune, røykt konkylie m.m Dei deltok også i grillfesten.
Vi segla nedover Panamakysten i rullande bølger som kom aktafrå og såg dei vakre San Blasøyene forsvinne i horisonten. Samme kveld seig vi inn i ein liten fjordtarm i vakkert måneskinn, sjøen var blikkstille, byen heitte Porto Bello. Denne byen har ei spennande forhistorie, det var nemlig her sjørøvarar gjøymte gull og skattar og byttehandel foregjekk. Det er sagt at det var så mykje gull i byen at gullbarar var vanleg å sjå ligge i gata. Her kom skip med byttevarer frå vest og forhandla med skip som kom opp på austsida av Sør Amerika og frå Stillehavet. Byen hadde mange gamle festningar og borger. Christopher Columbus var også ein av ”turistane” her. Neste dag hadde vi berre nokre timars seilas før vi ankom havnebyen for Panamakalen, Colon. Mange skip låg for anker utafor kysten og venta. Vi kalla opp på VHF-en for tillatelse til å gå inn det dei kallar ”breakwater,” denne kjempedigre moloen hindra store bølger i tillegg hadde vakttårnet god oversikt over passerande båtar til byen. Vi la oss for anker i lag med ca 50 andre seglbåtar som også venta på transit. Marinaen var full og dessuten svært dyr, men ankring var gratis. Då myndighetene hadde ”målt” båten vår og akseptert transit til kanalen var det å hive seg i taxi til nærmaste bank og betale det som det kostar å gå gjennom (600US dollar + 850 i deposit). Dermed fekk vi ein dato og det var heile fire veker til. Mange klaga over den lange ventetida og dermed vart vår ventetid ei veke kortare. Farmor sitt ønske om å få gå igjennom kanalen såg ut til å bli knust før ho måtte heim til gamlelandet. Men det ordna seg! Når ein seglbåt skal gå gjennom må han ha med seg fire ”tauhaldarar” (linehandlere) utenom kapteinen. Alle vil hejelpe til frå dei ventande båtane for å få erfaring til sin egen tur, og dermed fekk farmor og Rune ein fin tur gjennom kanalen med ein australsk båt.
Colon er ein høgkriminalitetsby og vi vart strengt advarte mot å gå i byen, så vi tok alltid taxi og tok ingen sjanser (altså, mormor og morfar!). Bygningane skulle vore restaurerte for ti-talls år sidan og fått nokre strøk med penselen. Søppel flaut i og utenfor gater og hus, for oss virka det som bilane omtrent ikkje hadde høgre køyring. Gjerne opplevde vi at taxisjåføren trykte inn hornet medan han køyrte i motsatt køyrebane. På godt norsk var byen ”crazy.” I butikkar og restauranter hadde dei TV-en på full guffe. Rune tok bussen tilbake frå Panama City ein dag og der sendte dei ein grusom voldsfilm, samstundes stod det ein prest og haldt preik for passasjerane (i over 100km\t). Folk var flinke å snakke engelsk og ville gjerne hjelpe oss. Det stod vakter og politi over alt, nesten alle butikkar og restauranter hadde ein armert vakt ved inngangsdøra. Vi synes det såg litt skummelt ut med disse heiluniformerte ”robotlignande” med skuddsikre vestar. Vi ville bruke ventetida til mest mulig forberedelsar til Stillehavskryssinga. Vi reiste på handlesenter og kjøpte på utstyr, klede og mat. Panama skal ha mykje skryt for sine flotte kjøpesenter og matbutikkar. Det bugna i rimelige varer, så det var moro å handle. Garderoben til alle ombord vart fornya, kvart plagg kosta mellom ein og fire dollar, Det var vanskelig å begrense seg i matbutikkane også (for eksempel ein boks øl kostar tre Nkr, kyllingfilet ca25NKr).
Kjønnsrollemønsteret om bord er klart. Far køyrer av gårde om morgonen og ordnar med gassflasker som må lagast nye til komfyren, kjøper inn fleire bensin og diesel kanner, reparerer og overhaler som for eksempel autopilot, motor, watermaker, etc. Ny kraftigare kjetting og anker (spade) kjem som bestilt frå Florida, takluka som likte å være på omreising landar endelig i Colon, deler til autopiloten går i stykker og delen blir laga og sendt frå England, seilmaker i PanamaCity reparerer forseglet, kart over Stillehavet må kopierast, filter må skiftast m.m.. Rune har prosjekter heile veien og mor er husmor (”båtmor”), lærar, provianteringsansvarlig, sekretær og er heller ikkje arbeidsledig.
Farmor sin ferie var slutt (ferie og ferie, ho var vikarlærar, husmorvikar etc.) og vi reiste med henne til Panama City og hadde ein tårevåt avskjed. Etter farmor hadde reist la vi oss inn i Shelter Bay Marina som ligger på andre sida av Colon, marinaen er så ny at fleire fasiliteter ikkje er tatt i bruk. Vi hadde litt jobbar som berre kunne gjerast ved kai, installere den nye kjettingen (75m), utvide biministativet, vaske båt utvendig og innvendig, skrape båten under for groing m.m.. Dei splitter nye vaskemaskinene var ein nytelse for mor, no var det ein måned sidan vi hadde fått vaska kled sist. Kan ei husmor tenke seg opphopinga av kled etter ein måned i Norge vinterstid? Men her er det ikkje så ille likevel. For elevane si skuleuniform og fritidsklær (når vi er i båten) er kun truse, men læraren krever rein uniform kvar dag og har vi mange nok tar dei ikkje så stor plass i vasken ellers tar dei gjerne eit bad i skuleuniformen og då blir uniformen rein igjen…..
Marinaen låg i eit naturreservat og jungelen låg tett på med fine turområder. Vi høyrte brølapene rope på oss, men vi såg dei ikkje, det vi fekk sett var stinkdyr. Jentene fekk seg ny veninne her, den australske jenta Bianca, og det ser ut til at familien skal mykje samme veg som oss. Ho har berre Stillehavet igjen før ho har vore jorda rundt. Hedda og Marita nytte i fulle drag å ligge i marinaen for her var nemlig fleire svære boblebadekar, massasjedusjar med lys og radio i. Då dei såg ut som rosiner var det berre å ta ein liten pause.
Vi alle fire var linehandlere på norske ”Necessity” frå Asker\Oslo ei veke før vår tur. Jentene sov seg gjennom slusene den første dagen, egentlig like greit, fordi det kreves ro og konsentrasjon. Vi vart bundne sammen med to andre seglbåtar og fylte mest heile kanalen i bredden. Det var nervepirrande og spennande. Ingjerd som var på besøk frå Norge på Necessity var god bestemor og underhaldt med eventyr for jentene medan vi gjekk gjennom kanalen.
Litt bakgrunnshistorie om Panamakanalen: I 1502 besøkte Christopher Colombus Isthmus i Panama, og ti år seinare kom spanjoler og busette seg her. Allerede då vart spanske kongen engasjert og spanjolane forska på om dei kunne lage kanal på det smalaste som er 80 kilometer. Konklusjonen var at det var umulig å gjennomføre med datidens teknologi. Det tok 300 år før det franske konstruksjonsfirmaet som hadde lykkast med Suezkanalen (1859-1869) tok initiativet og ville lage kanal gjennom Panama. Franskmennene starta i 1880, men måtte gje opp pga, manglande kunnskaper, finansieringsproblem og tropiske sjukdomar. I 1894 prøvde eit anna fransk kompani med datidens høgteknologi, men måtte gje opp pga dei samme årsakene. Deretter overtar USA i 1904 og kjøper alle rettighetene frå franskmennene. Trikset amerikanarane gjorde var å demme opp ei elv midt i landt, slik at dei slapp å grave så mykje Det tok ti år å ferdiggjere kanalen, meir enn 75.000 menn og kvinner jobba og det kosta 400 millionar US dollar. Den 15. august i 1914 opna Panamakanalen. Panama overtok det heile ansvaret for kanalen så seint som 31.des. 1999. I året 2003 var det 11.725 som gjekk i gjennom. Kanalen er 8o km lang frå Atlanteren til Stillehavet, kvart slusekammer er 33,53meter vid og 304,8meter lang.
Så var det endelig vår tur, seint på ettermiddagen den 5. april satt vi klare med sommerfuglar i magen og venta på piloten som skulle losa oss gjennom dei tre første slusene. Vi hadde med oss vårt tyske vennepar og danske Lars med dattera Samantha (på 6 år) som tauhaldarar. Vi vart bundne sammen med ein annan seglbåt, og deretter entra vi inn i den første slusa. Framfor oss hadde vi eit stort containerskip, og så lukka porten seg bak oss. Vi hadde to tau til land på barbord side og den andre båten hadde to tau på styrbord side. Så såg vi det fossa inn vatn i ”bassenget” og båtane starta å ”krypa” oppover dei høge murkantane. Dei tre seksåringane satt nysgjerrige oppå bommen og følgte med Vi steig ni meter før porten opna seg framfor oss og vi gjekk inn i neste sluse. Det er her vi har høyrt om skremmande tilfeller der store skip framfor køyrer opp turbinane og dei små seglbåtane blir pressa bakover så tauet til land slit seg. Spenninga var stor, men containerbåten vart trekt framover av det som blir kalla muldyr (ligna på togvogner som gjekk på skinner). Dei to neste slusene gjekk vi også opp ni meter i kvar. Stor lettelse var det å komme fram til det store oppdemma vatnet Gatun Lake og vi la oss til for natta der og piloten vart henta. Herlig følelse var det å sitte der i dette stille ”fjellvatnet” under måneskinn og høyre brølapene på land. Neste morgon skulle det kome ny los klokka seks og ta oss gjennom dei tre siste slusene. Vi venta og venta, dermed vart det til at alle heiv seg i vatnet, for når lufta er så stille er det fryktelig varmt og fuktig. Klokka halv ti kom losen. Ein meget stille los som sa at vi skulle køyre 25nm over vatnet til neste sluse og deretter sette han seg ned og sovna. Han fekk sagt før han sovna at han aldri ville ha bada i vatnet pga mange alligatorer der. Vatnet hadde mange koselige øypassasjer og det stod gjerne enslige tre midt uti vatnet som hadde overlevd oppdemminga for ca 100 år sidan og kjempeskip passerte oss ganske nærme. Vi hadde lagt ut på websida at andre kunne sjå oss passere i kanalen, tidspunktet vart litt forskjøvet. Då vi var bundne sammen igjen med den andre seglbåten og hadde ti minutter att til webkameraet i slusa gav piloten Idunn mobiltelefonen sin og sa at ho kunne ringe heim og sei til sine foreldre at vi passerer. Det vart gjordt og mor og far i Rosendal fekk sjå oss i kanalen, fantastisk. Denne andre dagen hadde vi også tre sluser, men no gjekk vi ned ni meter for kvar sluse. Etter den siste såg vi Bridge of America nokre nautiske mil framfor oss. Det er denne som binder sammen Nord -og Sør Amerika. Då vi var under denne kjempbrua heiv vi ut (som tradisjonen trufast) myntar som vi gjerer i ”lykkebrønnar” med hemmelige ønsker.
Vi ankra opp mellom Balboa og Panama City, ved øya Flamenco Island og så gjekk champagnekorken i været:
GRATULERER MED DAGEN BLUE MARLIN! DU HAR NO FÅTT DEG EIT NYTT HAV UNDER KJØLEN Å LEIKE MED OG DU SKAL FRAKTE DITT FOLK TRYGT OVER…….STILLEHAVET!
. Varmen er meir trykkande her, men heldigvis er sjøen litt kaldare enn på karibiske sida. Etter utgravinga av kanalen har dei laga ein pir på mange kilometer som binder sammen nokre små øyar utafor Panama City. Denne strekningen er eit trygt rekreasjonsområde å mosjonere på, fine restauranter og marinebutikker som lokkar også seglarar. På ei av disse små øyene som har fått veiforbindelse er det oppretta eit ”Smithsonian Tropical Research Institue” der dei har dyr som vi kan sjå på. I akvariet hadde dei tropefiskar og korall. Det fins ca 200 fleire fiskearter i Stillehavet en i det Karibiske hav, skilpadder og nurse hai fekk vi også helse på. Til vår store overraskelse fekk vi stifte nærmare bekjentskap med dovendyret. Det er eit merkelig vesen med lang pels, rare føtter med lange klør, og så bevega det seg så seint at det bar navnet med rette. Det var på langt nær så kjapp i bevegelsen som dovendyret i filmen ”Istid.”
No er det dei siste forberedelsane før vi setter kurs mot Galapagos, og det er ca sju månader til vi har planar om å ”lande” på New Zealand. Proviantering og god planlegging for lang stund framover tar mykje tid då alt må pakkast inn og stuast bort. Ja, vi har fått dyr i båten, ikkje sånne som vi liker å klappe og kose med, men små ”weevels” som liker ris, pasta og bønner. Egga ligg i varene i butikken og utviklar seg og formeirar seg i matlageret vårt. Det gode råd er å fukte bomullsdottar med 95% teknisk sprit og legge dei i lukka boksar med varene. Fruktmarkedet skal få besøk av oss siste dagen. Får vi reparert noko er det garantert at noko anna går i stykker. I går ville ikkje VHF-en meir, reparere lot seg ikkje gjere her, regulatoren til gassen gjekk i stykker i dag, så Rune har køyrt rundt i byen og leita etter ny. Vi må få sydd ny bimini, sola er brennvarm og vi treng skygge i cockpiten. Ein lokal mann har lova å ha den ferdig om eit par dagar, så vi håpar han klarar det. Ein slange på motoren sprakk, ei stang til kjølesystemet knakk….. osv. Det er ”greit” med alt som går i stykker no før vi legg frå fastlandet, for no ønsker vi ein fin passatvind og fin seilas til dei spennande øyene i Stillehavet.
Medan de der heime tenker påske og ferie så har vi ikkje noko ”påskefølelese” i det heile. I alle fall så vil vi no få ønska alle ein riktig god påske og ein fin vår i vente. Det er kjempekjekt å få e-post og helsingar i gjesteboka.