Venezuela - Bonaire
Med jevn fin vind kjem vi fram akkurat då det blir lyst neste morgon. Erfaringane er at fisken pleier å bite i grålysingen, og denne morgonen dreg vi inn ein fisk med ein fryktelig tannkjeft, barracuda på ca 1m. Vi legg oss på svai utafor Testigos Peqino (som høyrer til Venezuela), det ligg kun fire båter her frå før. Stranda er kvit og er forma som ein stor C, nokre palmetrær og ei bambushytte gjerer plassen til det vi kaller ”paradis”. Sondre blir ein mester til å klatre i palmetrær og plukke kokosnøtter. Manchetekniven får han også god dreis på, i nokre kokosnøtter er det kjølig og god drikke inni, medan andre har modna seg vidare og då er det kvite kjøttet, kokos, deilig å knaske på.
På den andre sida av øya er det tre små hus, då vi nærmar oss blir vi invitert til å sitte under treet på stranda med dei (dei ca ti lokale som bur på øya). Dei sat (og låg i hammok))og spela gitar, song og drakk på øl og whiskyflaska gjekk rundt. Det var ein som hadde bursdag og då sat dei slik heile dagen, salta, tørka og kokt tunfisk vart sendt rundt i eit ”vaskefat.” No måtte vi slå om dialekten vår til spansk igjen. Ein gut sat tre meter frå oss og slakta ein ca 3meter stor hai han hadde fått på line. Jentene fekk kvar si haitann av han. Pelikanane sat forventningsfulle på båtripene eller duppa på sjøen og venta på godbitar.
Ein liten gut vinkar på Hedda og Marita og dei går etter han. Han viser dei ei tønne med vatn i, der hadde dei lokale tatt vare på nyklekte skilpaddeungar. Fuglane er stygge med skilpaddeungane, så dei tar vare på dei til dei vert større før dei slepper dei i sjøen. Skilpaddene er ca 14 dagar gamle fortel han og det er ca 20 stykker av dei i tønna. Fire tamme skravlepapegøyar sitter i eit tre og ropar etter oss. Utafor eit hus går hanane og hønene rundt og kaklar, ein liten svart minigris har lyst å snakke med oss, men tauet er for kort. Så får vi auga på ein liten apekatt i bur utafor eit anna hus. Jentene tek med seg banan og eple til denne hjerteknusaren neste gong vi reiser til land. På denne øya grodde ingen ting anna enn kaktusar og stikkebuskar, bortsett frå palmetrea langs stranda, så det var nok lang tid mellom kvar gong apekatten fekk slik mat.
20-årsdagen til Stine på Agape vart feira på stranda. Med fantasi om bord klarte Sondre å overraske jubilanten med deilig marsipankake og eplekake, Rannveig frå Riga Balsam trylla fram lapper, og Mairita baka rosinboller og mor Eli på Agape baka sjokoladekake. Det var litt av ei vakker ramme rundt Dagen hennar.
Kveld etter kveld kom dei lokale og gav oss fisk, til no har vi bare opplevd blodprisar på alt og at alle ville gjera business med oss, men ikkje her, her var gjestfriheten stor. Dei få lokale ungdomane (tre stk) inviterte våras fire norske ungdomar på grilling på kvelden eller på båttur rundt øya i sine raske heimesnekra båtar. Ein morgon fekk Stine og Mairita vere med dei lokale og sjekke lina for fisk, to haiar fekk dei, den største var over tre meter. Fangsten reiser dei med til Isla de Margarita og selger.
I tidleg grålysning la vi ut frå denne perla, Los Testigos Peqino og ankom Porlamar på Isla de Margarita rett før solnedgang samme dag, denne øya høyrer også til Venezuela. Ein time før ankomst beit det ein diger rugg på kroken, ein flott dorade på 7kg, så middag og lunsj dei neste dagane var i (på) boks…....
Det blir litt nedtur då vi ikkje kan gå fritt i land pga svært høg kriminalitet. Vi må kun køyre i taxi frå ”A til B” og dermed blir oppholdet ikkje så spennande. Det var (altfor) dyrt å sjekke inn og ut her i frå. Men vi får handle mat i store kvanta då prisane og utvalget er bedre enn tidlegare i Karibien. Vi fylte diesel og betalte 20 øre literen og for bensin 7,5 øre. Bilane som dei fleste køyrer med er svære gamle amrikanarar som drikker bensin, så fint for dei lokale at bensinen er billig, men miljøet……bryr få seg om, og søppel ligg over alt.
Ein dag tar vi taxi til den andre sida av øya til ein liten plass som heiter Juan Girego. Her var vi på ”farspermisjon” då Hedda og Marita var fem måneder gamle. Det var kjekt å sjå igjen huset og stranda vi var på.
Før soloppgang fredag 13.januar kastar Agape, Riga Balsam og Blue Marlin loss og dreg mot fastlands Venezuela. Ein heil mengde med delfinar dansa rundt båten og ønska oss velkommen. Rett før vi skal inn i mellom nokre holmar smeller det i båten og heile båten ristar. Full panikk, var det grunne midt ute i sjøen, dybdemålaren viste over 100m, ingen kart viser noka grunne. Sondre trekker på smilebåndet og trur det var ein russisk ubåt, men vi vert enige om at det må nok ha vore ein kval vi køyrte på. Agape har køyrt på kval tre gonger hittil.
I fin kveldssol sig vi inn i marinaen AquaVi i Puerto la Cruz. Tenk! no har vi ikkje vore på fastland sidan Nazare i Portugal i september (4mnd). Marinaen var eit strengt bevokta område med tre uniformerte menn med pumpehagle som gjekk fram og tilbake 24timar i døgnet, så vi var trygge her, men vi måtte ikkje gå utafor området her heller. Eit stort deilig basseng med flott grøntanlegg rundt var midt i blinken for oss alle. Det var mange slag marineservice dei kunne utføre også. Vi fekk sydd trekk til vinduene i dekksalongen. Vi kjem i kontakt med ein mann frå Skottland som selger\formidler turer. Vi alle har lyst på ein spennande og eksotisk tur langt inn i jungelen og bu med indianarar…….
Vi (Agape, Rannveig og Blue Marlin, ti stk) blir henta med bil kl. 04.00 ein morgon og køyrer åtte timar inn i landet til ein liten indianerlandsby der veien stopper, Las Trincheras, deretter reiser vi oppover elva Rio Caura i ein ”båt” som er ei 12m lang uthola trestamme og freser raskt med sine 40hk. Elva er brei, vakker og har tett regnskog på begge sider. Båtturen skal ta ca to timar første dag.
Med oss hadde vi ein engelsktalande guide, Carlos, ei kokke og hennar ti år gamle sønn, ein kaptein pluss ein hjelpegutt til. Då vi hadde køyrt ei stund hoppa vi av på eit svaberg og gjekk inn i ein tett skog, dei lokale plukka kakaofrukt og appelsiner til oss, nydelig. Plutselig begynte det å danse delfiner rundt båten, dei var rosagrå på farge og hadde lengre snutar enn det vi var vane med på sjøen. Det var ca 10 slike ferskvannsdelfinar, tonina som hadde haldt til der i over 20 år. Sjå! Ropte guiden, då var det ein apekatt som slengte seg frå tre til tre på land. Vi overnatta på ei øy i elva, ”huset” bestod av eit bambustak uten vegger, her hang dei opp ei hengekøye til kvar av oss med myggnetting rundt. Det fantes ikkje meir enn denne bambushytta her, jo, eit langbord utafor og ein slags utedo. Kokka hadde med tre store kasser som innehaldt alt frå mat (for fem dagar), kokeutstyr og service til oss. Ho trylla fram dei deiligaste rettane, eks steikte bananer, empanadas (maislapper) og nytrukket fisk frå elva m.m.. Vi bada og kosa oss i elva, hoppa frå steinane og lot oss drive nedover med den sterke straumen. Vi må vel fortelle at vi var litt paranoide første natta og høyrde mykje merkelege dyrelydar og såg lysande auger rundt oss.
Etter frukost pakka vi sekkene og la ut på ein køyretur i elva på ca åtte timar. Men i ein slik naturprakt var det ein nytelse, vi såg skilpadder som kvilte seg på steinar i elva, fuglar som dukka etter fisk, oter, ja, t.o.m fekk vi sjå ein ca to meter lang anakondaslange som svømte oppover elva. Lunsjpausen tok vi i ein liten indianerlandsby i jungelen, Nichare kor Yekwana-indianarane bur. Det var omtrent slik at vi måtte klype oss i armen for å forstå at vi ikkje drømte, vi kunne skru datoen nokre hundre år tilbake eller lese boka om ”hiawata” for å forstå livet her, dei levde i pakt med naturen og var lite påvirka av moderne kultur. Leiren deira var ein åpen plass i jungelen. Kvinnene kunne bli bortgifte frå dei var tre år gamle. Mennene dreiv med jakt og fiske medan kvinnene passa barn dyrka mat og tilbereda den på den mest tungvinte måten. Yokkatre var den viktigaste mattkilda deira.. Det var lite variasjon i kosten då kjøtt og fisk ikkje var så lett tilgjengelig lenger (dei et gjerne aper og slangar). Ungane hadde store kulemagar pga feilernæring og tennene stod det skralt til med pga lite stell og lite kalsium i maten. Det må leggast til at dei hadde ei dame på 120 år for nokre år sidan, men ho vart drept av ”ubudne gjester.”Dei fleste indianarane fekk vi ikkje lov å ta bilete av då noko av sjela deira kunne forsvinne. Dei hadde eget språk og forstod hverken spansk eller engelsk. Dei hadde rett nok ein liten skule. Bygningane var runde med stråtak utapå og bambus inni. Då vi gjekk igjennom leiren viste mennen stolt fram to hovud som låg på gruva, det var to maurslukere dei hadde fanga. Nokre kvinner sat og fletta nydelige korger av sjølvfarga røtter, og andre laga mjøl av yokkatreet og andre steikte store lefselignande kaker av mjølet. Indianarane var flotte å sjå på.
Etter nokre timar til oppover elva stoppa vi for å bade, då kom det nokre indianerkvinner for å selge oss smykker laga av perler, villsvintenner, ryggvirvler eller malte frø og fletta korger til ein billig penge.
Då vi nærma oss (etter 130km) plassen vi skulle tilbringe dei tre neste nettene, Playon, var det som om vi gjekk rett inn i det vakraste eventyrland. Elva delte seg i to og to kraftige fossefall gjorde det naturlig at her var endestasjonen, og på ein stor kvit sandbanke med svære grønne tre på gjekk vi i land. Her budde også Yekwana-indianarar, ca 100 personer.
Som på forrige plass sov vi i eit rundt hus uten vegger og med ti hengekøyer på rekke og rad og så var det eit langbord. Då vi nett hadde sett oss ned for å ete middag første kvelden, kom det inn ein pelskledd skapning, den kunne ligne på eit blandingsdyr mellom bever, kenguru, kanin og rotte (uten hale) og den hadde svømmehud mellom dei tre ”tærna”. Det var ein ”capivarao chiguire” og nådde oss opp til knærna. Indianarane hadde tatt det egentlige ville dyret til seg som liten og no var det landsbyens kjeledegge.
Deretter kom det flygande inn ein stor nattsvermer og sette seg på Hedda si seng, firfisler eller gecco fantes det overalt, men dei er jo berre søte (synes Hedda og Marita) bortsett frå ein giftig type som vi også fekk besøk av. Om natta høyrer Idunn rare lydar frå jungelen, men ingen andre har høyrt det, -er det bare paranoiden som melder seg? Andre natta er lyden der igjen, men ingen bortsett frå Idunn og guiden har høyrt det. Han fortel at det er brølaper i jungelen som lagar denne rare lyden. Ein heil dag bruker vi på å besøke ei indianerstamme som bur høgare oppe i jungelen. På vegen dit går guiden med mancheten og lagar ”veien” breiare og tryggare for oss. Kjenner det er mykje spenning i kroppen å gå i ein tett skog med masse ukjente og rare lydar. Grashoppene dominerer med sitt høge spel, avbrudt med fuglelydar, froskar, store blad som banar seg vei ned mot bakken, knirking i tre osv. Stine hoppar til då ein hvislande lyd er tett på henne, ein slange krøllar seg på bakken. Guiden lurer den ut av stien og fortel at den er så giftig at ved eit bitt dør du innen to timar. Ei lita stund etter finner Hedda og Marita eit lite dyr som dei pirkar borti og synest ser spennande ut….. jo, det var ein farlig skorpion. Guiden følger nokre ferske spor som er gravd opp, det er beltedyr som har laga dei om natta fortel han, deretter ser vi fersk jaguarbæsj. Dei flittige maurane er kjempesvære, tre cm lange og går i lange rekker, så når vi passerer veiene deira går vi berre litt fortare og med lange steg. Vi møter nokre indianarbarn og kvinner som bærer tunge bører på ryggen. ”Ryggsekkene” til indianarane er fletta korger og med bark frå tre som går rundt panna deira, indianarane er barbeinte og har lite klede på.
Indianarane vi er på veg til må bære alt på ryggen frå elva (ca.7km) i dette bratte ulendte terrenget (men før det 130km i båt på elva og 260km i bil for å handle), så dei lever for det meste av det dei finn i naturen, og pengar har dei ikkje mykje av. Vi stoppar ved ei slette som tar heilt pusten frå oss, vi står ansikt til ansikt som med fem Vøringsfossar (men fossane heiter Para Falls) ved sida av kvarandre, brusen er enorm og tett jungel på alle kantar og ei stille elv på oversida.
Då vi setter oss ned for å nyte lunsjen her kjem det fram ca 10 indianarar, barn, kvinner og menn. Kvinnene vil selge smykker. Dei blir glade då vi deler lunsjen med oss, brød, frukt og chips. Vi hadde med små gaver til indianarane som for eksempel såpestykker, tannkoster, tannkrem, t-skjorter, ball, hårklemmer og fargeblyanter som dei sette stor pris på. Vi fekk lov å ta nokre bilete av nokon av dei. Og kjem nokon av lesarane våras til denne plassen så må dåke ikkje bli overraska av å finne t-skjorter med reklame for ”Stavanger Oilers” eller ”Doffen har dævva.”
Nokre år tilbake var det 5millionar indianarar som budde i skogane rundt her, i dag er det ca 1,5million. Endå høgare innover elva er det eit totalt lukka område for utenforståande. Der er det ca 5000 indianarar som lever isolert fordelt på 52 stammer og med eget språk.
Neste dag (fredag 20.jan) starta godt og avslappa med båttur opp ei lita sideelv og deretter ein times fottur gjennom jungelen der vi heiv oss uti eit lite ”masserande” fossefall. I skogen såg vi mange kjempesommerfugler, ca 25cm i vingespenn, og fargen var enten intens kobolt blå eller svarte. Pappegøyar av den største og fargerike typen såg vi stadig vekk i jungelen.
Ettermiddagen hadde vi rundt leiren med pil og bueskyting med indianarane og blåse piler ut av ein hul stokk, deretter litt fotball før det blei våras alle sitt største mareritt nokon gong.
Etter denne koselige seansen gjekk vi alle til elva for å bade. Midt i denne gledesrusen som vi alle var i vart det brått slutt…… Sondre treffer sandbunnen med hodet i eit stup og blir momentant lam frå halsen og ned, han vert henta opp av elva i siste liten, lagt i stabilt sideleie, deretter passa vi på å stabilisere nakken. Sondre er klar og fin i hodet, men har mykje smerter i nakken. Rune og Carlos klarer å få rope på hjelp via ein SSB-radiostasjon frå ein annan indianerleir og får til svar at helikopter kunne komme neste dag. Medisinmannen i leiren ville hjelpe, men vi takka nei. Heldigvis har Eli meir enn ti års erfaring frå akuttavdelingen i Kristiansand som sjukepleiar og ho tar kommando, ho er til god hjelp og støtte for oss alle. Alle indianarane samlar seg på stranda, nokon kjem med tepper. Vi ligg på stranda med Sondre heile natta og ein indianar sit igjen og passar på oss. Det er dei lengste og verste timane for oss alle, om natta får alle høyre brølapene tett ved. Etter 17 timar kjem helikopter og tek han til sjukehus i Ciudad Bolivar og Rune er med han. Då resten av reisefølge kjem til sjukehuset etter å ha reist i ti timar får vi sjokkmelding, Sondre har brudd i tre nakkevirvlar. Sondre ligg på sjukehuset i fire lange dager før han får transport heim til Haukeland i Bergen og operasjon. Rannveig avslutter seglferien og følger Sondre heim, onkel Sjur og eit legeteam møter Sondre i Miami. Tenk at det er så kort avstand mellom glede og alvor! Turoperatørane støtta oss enormt og hjelpte oss med mange arrangementer som vi tar for selvfølge heime. Fleire involverte i turen kom daglig på besøk, øverste sjef hadde med seg begge konene sine og nesten alle 12 barna og satt ved sykesenga til Sondre time etter time dag etter dag. Det vart arrangert ei felles bedestund mange plasser i Colombia og i Venezuela klokka 07.00 ein morgon og Rune vart bedt om å halde Sondre si hand samstundes og gje all den positive energien han kunne til han. Likevel var det tungvint då vi var dårlige i spansk og ansatte på sjukehuset ikkje kunne engelsk, og standaren kan ikkje sammenliknast med norske sjukehus. Igjen var det gode venner av turoperatørane som kunne engelsk og hjelpte oss mykje. Trass i alt det triste og vonde så vil vi gje våras sterkaste anbefalingar til ein slik opplevelsestur med ”Jonastour,” ”geccotour” eller adrenalinetour” frå Ciudad Bolivar (alle tre operatørane støtta oss under ulykka, men den førstnemnte var vårt valg). Det var første gong guiden vår hadde hatt barn med seg inn i jungelen på dei fem åra han hadde guida, også hans første ulykke fekk han erfare. Tross alt syntest han vi var den mest interessante gruppa også, Carlos tok seg fri etter denne turen og han besøkte Sondre på sjukehuset kvar dag.
Det var tomt og rart å komme til båten igjen og reise videre uten Sondre. Vi segla ut til ei øygruppe Tortugas, til øya Cayo Herradura. På vegen ut dit fekk vi fleire gonger sjå kval som kom opp og blåste, det tok vi som eit ”favel” frå fastlandet. Denne øya er ca 1,5 km lang og forma som ein smal G og bestod av den finaste kvite skjellsanden og sjøen var turkisgrønn. Det var kun tre skur på stranda der nokre fiskarar hadde senger og ei gruve til å koke mat på. Dei budde der tre månader om gongen sa dei og serverte oss nysteikt fisk frå steikepanna si, og smila satt laust hos disse tannlause fiskarane. Dei tilbereda ein stor hummar, liguster, til oss ein kveld som metta både oss, Agape-gjengen og eit tysk ungt par. Det var ingen turistar der utanom jordomseglarar, kanskje var det til sammen 10 båtar og heile fire av disse var norske.
Før sola gjekk ned tredje kvelden var vi utenfor dei farlige korallreva som kransa om øya og no var det Rune og Idunns første nattseilas aleine, vi ankom dei kjente venezuelske øyene Los Roques ved daggry. Vi la oss på svai i lagunaen som kransa øya Francisquis, ei smal stripe kvit sand med grønn mangrove skog. Her var det kun tre hus det budde folk i. Vi vart kjent med lokale mannen Paco som tok oss med til dei finaste snorkleplassene. Vi skaut fleire fiskar, men plutselig låg det ein hai (nurse) på over ein meter og kikka på oss. Etter eindel motstand vart han med heim til Paco og han tilbereda ein deilig haimiddag med krokeboller til forrett. Skinnet var ganske tjukt, så vi tenkte på stakkarane som frys på øyrene heime…..
Siste Venezuelske øy står for tur, Aves de Barlavento, til Isla Sur (sør) denne er heilt ubebodd og har fire bukter etterkvarandre. Her gjelder det å ha tunga beint i munnen og ”eyeballing-prinsippet” for ikkje å køyre på koralla som dannar grunner under havflata. Vi er anbefalt den innerste bukta og vi snirklar oss inn etter fargane i vatnet, brunt (korallrev under), lys turkis (sandgrunne) og jo mørkar turkis betyr djupare og blått er god dybde. Her er familien Førde heilt åleine i paradiset, kun hundrevis av fuglar (hegre, pelikanar og ”boobies” m.fl.) som bur i mangroveskogen rundt oss. Dette er det klaraste og mest fiskerike vatnet hittil. Vi plukker opp kjempekonkylier og steiker til forrett, fanger liguster og skyt fisk og griller på bål på stranda. Marita utbryter når ho går og samler skjell til ”butikken” sin ”dette livet er bare så deilig.” Jentene aktiviserer seg med snorkling og skjellsamling langs strendene. Det morsommeste er å erte ballongfiskar (spiny puffer) til dei blåser seg opp og får piggane til å stå ut.
Barracudaer er også blitt ein vane å snorkle med. Skulen består eindel av praktisk butikkleik på stranda (matematikk) og marineliv på Karibiske korallrev. Dei kan navn på mange fiskeslag og koralltypar. Dei gledar seg til å lage stort akvarium i Stavanger når dei kjem heim, seier dei. Spansken og engelsken deira er litt begrensa, men prøver seg av og til. Dei hadde hatt veldig lyst å dele opplevelsane med vennene sine, Sunde skule og Kløvereng Barnehage, seier dei. Hedda har knekt ”lesekoden” og er stolt over å hjelpe søstera i norsk, men Marita fortel oss at ”eg knekker den snart.” I handarbeidstimane går det i perling, sying av barbieklær, veving og strikking. I geografitimane er det å lære om landet vi er i og finne det på kartet, i flaggjenkjenning har dei snart gått forbi mor og far sine kunnskaper.
Etter Aves er vårt neste mål dei Nederlandske A,B og C-øyane. Bonaire er den første øya og då er det inn til sivilisasjon med nettcafe og marinebutikkar for oppgradering av hjemmeside og av båt. Deretter Colombia og Panama. I Panama håper vi farmor kjem på besøk.
Vi vil ta ei felles helsing til alle dåke der heime og ei spesiell varm helsing til Sondre som må lese reisebreva frå sjukesenga. Vi ønsker deg riktig god bedring og håp om snarlig framgang.
Hvis nokon vil sende han ei helsing er adressa:
Sondre L. Helgesen, Lundaneset, 5610 ØYSTESE