MADEIRA – KANARIEØYANE
Hjertelig takk for fine helsingar til bursdagane og til oss frå Ivar, venner, familie og lesarar.
I hovedstaden på Madeira, Funchal, låg vi midt i byen, det var deilig med mykje liv rundt seg etter rolige dagar på svai i ei øde bukt. Plassen kunne minna litt om det å liggja til kai i herlige Stavangerbyen. Øya skilte seg ut med sine grønne og fruktbare fjellsider.
Mange turistar reiser her for å gå på fjellturar eller ”levadatur.” Då øya vart befolka på ca 1400-tallet starta dei straks å byggja vannrenner (levada) for å samle opp vatnet som kom nedeover fjellet. Fleire av fjella er nesten 2000m høge og den høge fuktigheten blir geleida ned i disse fint murte vannrennene (ca.30 cm breie) slik at mange fekk nytte seg av vatnet i sine små og store kjøkkenhagar.
Sidan vi er så priviligerte å ha mulighet til barnepass benytta vi voksne på Agape og Blue Marlin oss av å gå levadaturar. Vi tok bussen høgt opp i fjellet og gjekk i timevis gjennom grøderik sub-tropisk skog til ei anna lita fjellbygd. Langs vannrennene gjekk det ein smal sti med svære områder av blå hortensia, utrulig vakkert. Lufta var kjølig og fuktig, men det gjorde godt då temperaturen nede i Funchal låg på litt over 25.grader.
Det gjekk rykte om at alle Skandinavarar i båthavna i Funchal skulle spele sandvollyballkamp på stranda. Stine og Mairita på Agape laga flotte duskedamekostymar av plastposar til Hedda og Marita, dei fekk øva inn eit kamprop med dei, så då kvelden kom var dei skikkelig gira. Alvoret i kampen sklei heilt ut, og om ein var frå Norge, Danmark eller Sverige betydde etterkvart ingenting, så flott og så moro…. Jentene dansa og ropa med sine duskar og tok mykje av showet. Dei er jo frå Stavanger og har sett korleis dei profesjonelle Sports Club- duskedamene gjerer det under WM-turneringa.
Endelig kom den store Dagen, 1.oktober, og Hedda og Marita skulle få feira sin 6-årsdag. Dei hadde mest ikkje fått sove dei siste dagane pga stor spenning. Vi fekk bakaren til å lage ei kake som skulle designast med havfrua Ariel, to delfinar og seks rosa roser. Her er det to sjølvstendige individ med egne meiningar som skal dele ei kake. Stort sett er dei eninge og flinke til å komme til eit kompromi, men i dette tilfellet måtte bakaren ha tolmodighet for å høyra på deiras diskusjon kva som skulle vera på. Kaka vart kjempeflott (men det var utenpå…), og Pizza Hut laga kjempegod pizza til oss. Mange gjester var invitert til å møta opp i ein leikepark med super utsikt over byen, havet og marinaen. Mange store palmetrær gjorde det ekstra idyllisk. Det kom to barn utenom Marita og Hedda(engelske Eddie og Anna). Vi satte stor pris på s\y Babette som leigde seg bil og kom frå den andre sida av øya.
2.oktober er vi klare for å gå mot Kanarieøyane, men har fått oppholdstillatelse på øya Salvagem Island (4. og 5. okt.) som ligg ca halveis til Kanarieøyane. Vi legg ut frå Funchal seint på kvelden etter det er blitt mørkt med tanke på at vi skal koma fram i dagslys to døgn seinare, distansen er 160 nm. Vi er tre båtar som har fått oppholdstillatelse samtidig på Salvagem Island (Agape, svenske Blue Marlin og oss). Ca ein time etter avgang møter vi kraftig sjø og 30 knops vind i kasta. Etter lang og god middag før avreise vart dette litt for voldsomt for kapteinen og frua. Men vinden roar seg heldigvis på morgentimane. Vi har god medvind og bra fart. Spenninga stig då vi ser at kanskje vi røkk fram før det blir mørkt, vinden dalar og målet vårt blir utelukka. Vi ser fyrlykta på toppen av Selvagem rett etter det har blitt mørkt, og natta er så svart at det er dumdristig å gå til land. Vi velger å segle båten opp mot vinden og kun ha ute litt av storseglet, då dreiv vi i ein fart på ca ein knop. Båten fekk gynga seg godt og kapteifrua datt heilt ned på D-laget. Den interne båtregelen er at kun dei som får vera på A-laget ikkje har kasta opp, Sondre og Hedda ledar og er fortsatt på A-laget, medan Idunn er på jumboplassen. Når det vart lyst segla vi inn mot denne vesle berykta øya som vi visste svært lite om(”rotteøya” var navnet blant båtfolka som dei fleste helst ikkje ville reise til). Vi hadde skjært til plastflasker som vi skulle tre innpå taua som gjekk ned i sjøen frå båten vår for å ”beskytte” oss mot rottene som vi antok var svømmedyktige. Svenske Blue Marlin kom samtidig med oss, men dei ville ikkje gå i land, dei ville gå vidare mot Kanariøyane og Agape hadde vi mistanke om snudde utafor Funchal og gjekk tilbake (noko som stemte).
Etterkvart som vi såg at båten låg greit (men ikkje godt) for anker tok vi gummibåten og rodde inn til lands med passa våre og brevet om oppholdstillatelse. Det var ingen kai eller marina, berre ei bukt der det var eit lite steinhus oppe i fjellveggen der to oppsynsmenn haldt til.
Kvar var rottene? Det kom to bjeffande hundar og tok imot oss, dei var kjempeglade for å sjå folk. Oppsynsmennene kom også etterkvart. ”Har dåke sigaretter?” var det første spørsmålet, dei hadde vore uten i ei veke, så tydeligvis var det ikkje kvar dag dei fekk besøk (i allefall av røykande båtfolk, nei, dei fekk heller litt frisk frukt av oss). ”Men kvar bur alle rottene på øya? -var vi nysgjerrige på å vite. Nei, dei var utrydda for fleire år sidan, fordi store mengder med kaniner og rotter gnagde vekk det vesle som var av grønt. Selvagem Grande-øya er ca 3km2 stor og er unik med sine sjeldne planter på land og i sjøen, i tillegg er det eit fuglereservat (Her skulle du ha vore, Elisabeth!). Då vi gjekk rundt på øya fekk vi sjå fugleungar til stormfuglen (whitefaced petrell) i hundretall. Det låg ein og ein fugleunge inni alle holer (små lavagrotter) og under steinar. Vi kunne gå heilt bort til dei, foreldra var ute og sanka mat heile dagen på sjøen. Elles har øya den høgste konsentrasjonen av ”Coryfuglar”(engelsk) i verden, til sammen har øya 9 fugletypar. Små søte firfisler krydde det av, men dei er vi så vane med at dei reagerer vi ikkje på lenger. Sjøvatnet var utrulig klart og fint, så vi fekk med oss ein snorkletur i bukta før vi drog vidare etter kun ein dag her.
No sette vi kursen mot Kanarieøya Graciosa, 130 nm. Vi surfa i medvind og hadde ein behagelig seilas resten av turen. Oftast er det om morgonen at fisken bit på, og her kom ein vel 2kg stor Dorade (mahi mahi) og beit på. Den har høg stjerna som matfisk, og den smakte godt til middag. Eitt døgn tok det frå ”rotteøya” til Graciosa. Gjensynsgleda var stor då vi segla inn i havna på Graciosa og møtte igjen mange ”gamle kjente,” då vart det grilling på stranda om kvelden, og vi Skandinavarar er som ein storfamilie.
Graciosa er heilt ulik dei andre øyane (Gran Canari og Lanzarote) som vi har vore på sydenferie til før. Her er ingen hotell, ingen innpåslitne selgarar eller suvenirar å kjøpa, fins ikkje asfaltveier, kun nokre jeepar, havna er ny og fin, men ingen elektrisistet eller vatn på brygga. Det er kun ein liten fiskelandsby på øya. Det var så sjarmerande at danskane på båten Pi sa at her vil vi vera i heile vinter, og det skjønar eg veldig godt. Det prega ein sånn herlig ro her. Fiskeakvariet hadde vi rett under oss når vi vassa ut til kneet og la oss ned for å snorkle, i alle regnbuens fargar og fasongar svømte fiskane der. Sondre vart ein mester til å finna blekksprutar, men han var så lur at han alltid fekk Mairita frå Agape til å henta dei opp og ta dei til land. Sondre tilbereda dei etter beste måte og serverte oss som satt rundt bålet og venta på gobitane, nyyyydeleg.
Vi brukte ein heil dag for å gå rundt denne ørkenaktige øya. Det var ikkje mykje grønt, men alle plasser så kjem det an på ”auga som ser,” fire spisse vulkantoppar med lagvis fine fargar i fjellet prega øya. Nokre koselige restaurantar, ein bakar og eit par kolonialar var alt på øya. Dette var den desidert rimeligaste havna vi har lege i.
Så var det atter ny stor dag i Blue Marlin-båten, Sondre fyllte 16år 10.oktober. Vi feira med god middag på restaurant sammen med Agape-gjengen eit par dagar før 10. pga Agape måtte desverre hasta vidare til Las Palmas. Dei måtte få kjøpt og montert eindel utstyr før dei skulle gå mot Gambiafloden og deretter Atlanterhavskryssinga. Den største og beste presangen Sondre kunne få kom via mail til han: heile hans familie pluss bestemor frå Kristiansand kjem til Gran Canaria. Sondre avslutta dagen sin med å lyse etter krabbe langs stranda med ein svensk ”kompis”(uten resultat).
Barn på samme alder har ikkje vore mange av for Marita og Hedda, men ein morgon kjem ein engelsk båt ”Keoma” og blir naboar med oss. Dei har jentene Pep på 6 og Alice på 8år. I to heile dagar lo desse fire jentene, ikkje mange orda med engelsk kunne dei, men humoren deira trong ikkje ord. Dei ”fisha og fisha” dagen lang på brygga og leika med Barbiedokker. Dei hjelpte Idunn å bake eplekake og det var stor stas når den skulle smakast på. Den dagen dei reiste vart det tomt og trist for jentene våre, men det varte berre i to timar for då kom norske båten ”Hurra” sigande inn i havna med jentene Ingrid, Guri og Ragna på 9,8 og 31\2år. Dei kom rett frå Marokko og hadde med marokkanerene Aladdin og Sjasmin (to små landskilpadder). Slik fortoner det seg gong på gong, når nokon drar så kjem det nye. Her falt kjemien også på plass for jentene. Når dei hadde det så kjekt sosialt disse dagane passa det svært godt inn tidsmessig med den norske haustferien på skulen.
Etter ei god veke på Graciosa reiste vi mot Lanzarote, hovedstaden på øya Arrecife, det var knappe 30 nm og tilsvarande ein halv dagsreis. Der la vi oss på svai då marinaen pleier å vera full av dei lokale båtane. For ein kontrast! gammalt, skittent, travelt, høge bygningar, bilar, mykje folk. Men no hadde kapteinen heilt abstinens etter å få gå i marinebutikkar og få handle utstyr til båten. Han hadde ei lang handleliste, blidare og gladare for kvar dag han fekk handla så vart vi her fire dagar istadenfor to som planlagt. Vi har sett at vi bruker for mykje straum i forhold til det vi klarar å produsere med vindgenerator og to solcellepanel. Trass i avkopla kjøleskap trengte vi meir straum. Vi kjøpte oss to nye store solcellepanel som skal monterast opp på kvar side av cockpiten. I tillegg ønsker Rune å lage hyllesystem i akter sturom og ”utsiktssete” heilt akter, så han trong eindel ting og tang (og ny blekksprut for å få den store på fiskestanga). Alt (nesten) fekk han og matmor fekk også handla i store kvanta.
Snakk om tilfeldighetar! då ærenda var gjordt såg vi at det var for seint å reise vidare denne kvelden, så vi bestemte oss for ei natt til på svai i Arrecife. Venner og familie veit at det ikkje er lett å nå oss med ”haste-beskjedar” då vi må gå på nettcafe for å lese e-post. Sondre har mobiltelefon, men den kan han kun motta tekstmelding på hvis den er opplada, og dessuten er den som regel avskrudd. Det var mange dagar sidan vi hadde vore på nettcafe og Sondre sin telefon hadde vore utlada ei veke. Sondre åpnar mobilen og ropar ut: ”mormor kjem til flyplassen på Lanzarote om to timar!” Ingen av oss visste kvar flyplassen var. I allefall heiv vi oss rundt og køyrte til land og fekk bestilt taxi og ankom flyplassen akkurat i det flyet landa. Gjett om det var ei glad og letta mormor som vart henta. Ho hadde brått bestemt seg for å besøke oss og i sin usikkerhet om vi visste at ho kom kopla ho inn webmaster om han visste kvar vi var. Samvittighetsfulle Ivar gjorde ein kjempejobb med å forsøke å nå oss.
Mormor fekk kosa seg i lag med oss i ei veke. Morgonen etter mormor kom køyrte vi ”campinghytta” vår heilt sør på Lanzarote, Rubicon Marina og var her heile veka med mormor. Dette er det flottaste marineanlegget vi har besøkt, med eget svømmebasseng. Anlegget hadde vore i drift i eitt år etter fem års bygging, og det var plass til 500 båtar. Aldri har vi sett så mange luxusbåtar samla på ein plass. Mormor fekk vera litt vikarlærar for Hedda og Marita. Ein dag køyrte vi med gummijolla til dei kjente Papagoyo-strendene og bada. Sondre og Rune snorkla og ”harpunerte,” dei er blitt sååå flinke….. at nyskoten fisk var på middagsmenyen. Bassenget i Rubicon gjorde susen til at Hedda og Marita vart heilt svømmedyktige denne veka, til glede for oss alle. Rune og Sondre stod på disse dagane med å lage klart til montering av nye solcellepanel, hyller i sturom og polere båt etc. Deilig å ha tilgang på vatn og elektrisitet igjen etter tre veker uten påfyll. Det var utrulig kjekt at mormor fekk vera med og sjå korleis vi lever og har det og å få helsa på nokre av dei norske vennene som vi skriver om i reisebreva.
Neste stopp var Arguineguin på Gran Canari ca 130nm mil. Vi drog frå Lanzarote rett før mørknet og ankra opp i Arguineguin akkurat 24timar seinare. Vi hadde fin seilas over. Den store opplevelsen fekk Rune ved soloppgang neste morgon. Først ein fin tunfisk på eit par kg og så rett etter kom DEN…..-ein sprelsk tunfisk på ca åtte kg. Ikkje rart at kapteinen smilte resten av dagen. Den smaka kjempegodt, og venner som ligg på svai i Arguineguin slapp heller ikkje unna då vi måtte dele ut fiskekjøtt.
I Arguineguin ligg vi på svai utafor Bjørn Lyng sitt kjempeprosjekt ”anfi del mar,” med ei nydelig kvit sandstrand nedafor hotellkomplekset. Her er vi verkeleg i turistland, men variasjon er alltid kjekt.
Før vi reiste frå Norge fekk vi mail frå Anne Bye som Idunn studerte med i USA at ho skulle vera på ferie i sin leilighet i Arguineguin siste veka i oktober. Då vi første dag skulle ro i land hadde ho observert oss og stod klar for å ta imot oss på kaien. Vi kosa oss lenge og vel på stranda før vi reiste heim til dei. Dette var første gongen vi hadde vore i eit privat heim sidan Skagen. Vi hadde ein hyggelig kveld med familien hennar, mannen Ingve og sønnen Thobias på 2 år (og nestemann kjem i mars). Lykkelige fekk vi vaska klede og ete god middag.
Neste morgon henta ho oss på stranda og tok Idunn og jentene med til doktor og tannlege.
Hedda har hatt to veksande sår og Idunn ei tann som ikkje er god til tider. Og her er jo alt du ønsker på norsk. Det var godt å ha kjentfolk som kjenner byen,så alt ordna seg. For no tikkar tida mot 20.november då absolutt alt skal vera i orden. Så Rune tok bussen til Las Palmas for å gå på marinebutikkar og leite etter meir manglande utstyr. Han fekk kjøpt meir tau, nye nødrakettar då forrige var utgått på dato, segldukstape etc. Vi kjenner det i heile kroppen at vi førebur oss til den lange seilasen. Over til Karibien er det like langt som vi har segla til no frå Norge. Matmor utveksler gode råd med andre om planlegge ca fire vekers seilas uten kjøleskap og uten tilgang til ferskt kjøtt, grønnsaker eller frukt og besetningen vår blir fire vaksne og to barn (Jack, bror til Rune kjem 15.nov). Det siste innkjøpet på denne førebuinga er trykkoker, så Idunn er i gang med å eksperimentere med hermetisering av kjøtt. Havregryn har vore fantastisk mat å ha, vi har ete over 30kg havregryn til no og lageret gjekk tomt nett før Anne kom med ny forsyning frå Norge. Så til alle som vil besøke oss: havregryn står øverst på ønskelista.
I skrivende stund sitter mor og klør seg i hodet og har satt deadline på reisebrevet til i ettermiddag, då skal vi til Anne og få låne dataen og få brevet ut og få bade i bassenget deira. Sondre har matematikktime med Hedda og Marita, Rune putlar med solcellpanelet og jublar til tider då målaren viser at vi produserer straum. Temperaturen stig inni båten. Sondre skjenner innimellom på jentene då konsentrajonen forsvinn når vannscooterer freser rundt båten vår og dreg på hylande turistar som klamrar seg til ei ”plastpølse,” andre hyler for dei heng i fallskjerm etter ein båt. Så kjem det to sjørøvarskøyter og legg seg rett ved for å la høgstemte turistar bade rundt skøyta. Deretter kjem norske turistar med trøbåtar ut til oss då dei ser det norske flagget på Blue Marlin. Kanskje det er roligare i 1.klasseklasserommet til Gunvor på Sunde Skole. ”Nei, no må vi ut på dekk og turne”, seier Sondre.
I morgon tar vi Anne og familien med på ein segltur til Porto Mogan.
No er det ca ei veke til vi skal knekke før vi går til Las Palmas og legg oss klare (klare til ARC og få besøk av Sondre`s familie). På denne siste veka går vi kanskje til øya La Gomera eller til Tenerife, time will show.
Ønsker så alle våre lesarar ein fortsatt fin haust!