BAIONA (SPANIA) – PORTUGAL - MADEIRA

 Det er lenge sidan sist reisebrev og då blir det eit ekstra langt denne gongen også fordi forfattaren har problemer med korthet.  Vi vil sende ein stor takk til Ivar som gjerer ein kjempejobb med sida og tusen takk for alle koselige helsingar på gjestelista og på e-mail adressa vår.

 Etter ei herlig veke i Baiona måtte vi komme oss videre (25.aug.).  Tett tåke hadde prega dei siste dagane, men vi lot oss ikkje skremme av det då vinden var fin.  Det var ikkje mange metrane vi såg framfor oss då vi gjekk ut og mot dei vakre øyane Cies.  Baiona var siste havna i Spania for oss, vi satte kurs mot Leixos som er litt nord for Porto, -ein god dagsreise.Vi gjorde det slik at ein satt inne i båten og såg på radaren og informerte om observasjonar.  Vi følte ein stor trygghet med radar, og tåke er eit kjent fenomen på disse kantar.  Langs heile spanske og portugisiske kysten er det tusenvis av teiner eller garn som er satt ut med eit lite flagg i.  Til og med disse slo ut på radaren, og var vi ikkje observante hende det at vi køyrde på dei.  Når fiskestanga satte i gang og svaie var det bare tauet i disse flagga og ikkje ”den store” som vi venta på. 

Tåka letta utpå dagen og vi heisa spinnakeren, då gjekk vi fortare enn vi klarte for motor.  Med duften av nysteikt brød og smaken av norsk brunost på skiva nytte vi seilasen, vi såg igjen alle disse rare månefiskane som låg og duppa i vannskorpa. 

     

Rett før mørknet gjekk vi inn bak moloen til Leixos, Portugal.  Og der datt tåka på oss igjen, tjukkare enn…. Plutseleg låg det fleire båtar rett framfor oss, dei låg på svai og då vi køyrde inn til marinaen var der eit raudt band over heile havna.  Vi fekk bakka oss ut i tide, marinaen var stengt pga ein stor oljelekkasje som var for eitt år sidan.  Men vi var jo så rutinerte på å ligge for anker (heile to gonger før) at vi la oss på svai også.  – Søvnen blei deretter (redd for å drive).

I Portugal er all innklarering heilt annleis enn alle andre land vi har besøkt til no, -mykje meir formelt.  Sondre og Rune ror i land og besøker tollkontoret der alle papir på båten og på mannskapet blir fylt ut av disse på kontoret. Tidlegare har vi berre fått eit skjema i handa som vi skulle fylle ut og levere til marinekontoret og så kopierte dei arket til politiet som kom og henta kopien.  Seinare på dagen kom marinepoliti i båt ut til oss og spurde om å få komme ombord.  Det var akkurat dei samme skjemaene som skulle fyllast ut igjen.  

Å ligge på svai er som å være på hyttetur, og særlig tungvint og langt kan det være å komme seg til butikk.  Fersk middagsmat er ofte eit problem då.  I Leixos dreg Sondre fram ein boks med joikakaker som han hadde fått av storebroren sin som skulle være nødproviant, og du kan tru det smakte… Møtet med Portugals befolkning var positivt, blidare enn spanjolane, meir servicvennlige, flinkare eller meir villige til å snakke engelsk.  Den tannlause butikkmannen skremte jentene med sitt smil då han ville gje dei slikkepinnar.  Og det er det vesle minnet vi har her i frå.  To netter vart vi liggande i denne rolige, tåkefyllte plassen. 

I eit vakkert måneskinn og lenge før det var lyst køyrte Blue Marlin mot Nazare.  Vi hadde rekna ut at det ville ta ca. 16 timar, og det er alltid kjekkast å kome til nye plasser i dagslys.  Mil etter mil ser vi sandstrendene der inne på land, mange brannar lagar store gråsvarte skyer på himmelen, og helikopter som hentar på vatn i sjøen er observasjonane langs kysten.  Marita er byrja med mageknip igjen, så ho ligg heile dagen.  Ho er plaga med til tider forstoppelse slik at rensa parafin er ein del av vårt reiseapotek. 

Dagslyset byrjar å ta slutt då vi ser vårt mål for denne dagen.  Når vi nærmar oss innløp til havner pleier vi å sette på dataen og sjå på kartprogram kopla opp mot GPS-en, for papirdrafta er altfor grove å manøvrere etter då.   Selvfølgelig ville ikkje dataen virke, men heldigvis såg vi ein svensk seglbåt og vi la oss bak den og håpa han ville lede oss inn i mørket.  Det samme hadde ein fransk soloseglar gjordt som kom til Baiona.  Han hadde segla i kraftig motvind og stor sjø i mange dagar frå Madeira og skulle til Frankrike.  Så kom ei bølge og slo over båten og alle elektroniske kart vart ødelagt.  Han hadde ikkje papirkart, det eine roret (ut av to) brakk i ein bråttsjø og kjølen hans kom det sprekk i slik at han tok inn vatn. I sju tøffe dagar deisa han opp og ned og antok at han hadde retning Spania.  Så såg han ein båt sjuende dagen og køyrer på med motor for å legge seg bak den inn mot ei havn.  Vi synest han såg sliten og aleine ut så vi inviterte han på middag dagen etter hans ankomst.  Kjempeglad vart han, og han fortalde då om sin forferdelige tur.  Fleire gonger nemner han at ”her i Vigo….”, vi korregerer med ”Baiona,” då spør han: ”kva heiter det her…?  Stakkars, han trudde han var på ein heilt annan plass.   Men vi kom oss trygt inn i havna til Nazare.  Superglade ser vi ”AGAPE” frå Mandal ligge der.  Det er begynt å bli mange båtar som vi kjenner igjen og føler oss i storfamilie med, men det er ikkje så godt å segle sammen eller avtale plasser å møtast på, for planar og andre ting kan komme i veien.  Derfor er det utrulig spennande å sjå kven som er i havna når vi kjem eller sitte og følge med på båtar som kjem inn til havna i løpet av dagen.

 Havna var ikkje særlig vakker, men den engelske kapteinen som driver marinaen sammen med kona var utrulig koselige og satte god ”farge” her.  Ein knøttliten butikk av det viktigaste (for eksempel ferskt brød) satte vi stor pris på.  I havna var eit fiskemottak, her kom det inn små fiskebåtar til alle døgnets tider.  Spennande å stå og sjå på når dei heisa på land kassane med fangsten sin, hai, flyndretypar, makrell, blekksprut, longetype, gullfarga fiskar m.m.

På ein lang murkant i havna kunne vi male vårt ”emblem,” og vise at ”I have been here.” Vi ser ganske mange nordmenn som har tegna, og blandt dei er familien Øygard som vi har høyrt mykje om frå Stavanger på s\y Bonafide. 

         

 Sjølve byen Nazare var ein sjarmerande liten plass med godt bevart kultur.  Konene gjekk rundt med svarte tørkler på hodet og vide skjørt.  På dei lange, deilige strendene tørka dei fisk, størrelsen var som sardiner, vi kjøpte dei i lausvekt som frukt og gnagde på dei, nydelig.  Einaste minus med badelivet her var at bølgjene var for kraftige for Hedda og Marita til å bade i, og vi voksne synest at sjøen var for kald. 

Byen har sitt navn etter ein statue av Jomfru Maria som vart funne her som var henta frå Nazareth.  Denne statuen redda livet til ein rik mann som reid etter eit rådyr ein tett tåkedag.  Hesten var i ferd med å ri rett utafor eit stup då statuen openbara seg og hesten bråstoppa.  I takknemlighetsgjeld bygde denne mannen eit vakkert kappel på toppen av fjellet over Nazare.  Dette kapellet har vore ein pilgrimsplass sidan 1200-tallet.  Og no går det ein liten ”taubane” (Portugals svar på Fløybanen) opp dit.  I byen har dei eit marked (som i alle andre byar) der vi fekk handla kjøtt (ferskt og tørka), fisk (fersk og tørka), frukt (fersk og tørka).  Tørka fisk er ein stor salgsvare i både Spania og Portugal (”norwegian tradition,” seier dei).  Dei kallar den tørka fisken for ”bachalou,” derimot er det matretten som heiter dette heime.  Prisen pr. kilo for tørrfisken er omtrent det samme som heime. I frukt går det helst i druer, nektariner, fersken, bananer, mandariner og meloner, dei hadde også nøtter, grønnsaker, meieriprodukt, keramikk, klær og sko på marknaden og desibelen er litt over det vi kallar sundt.

       

Ein dag eg går på kaien i marinaen faller augene mine på ein seglbåt som står på land, og eg leser: ”IDA, ROSENDAL, NORWAY”  Tenk! At her ligg det ein båt frå den vetle, vakre, heimbygda mi.  No har eg fått spora opp kven som eig den, men så tilfeldig møte….

Helle! Ida sa at ho hadde det bra, men ho sakna dåke ….!”

Vi bestemmer oss for å ikkje segle til Lisboa, men heller ta bussen dit på dagstur.  Glade er vi for det, for storby er storby, travelt, mykje trafikk, uoversiktelig og masete.  Knappe to timar var det med buss, i byen køyrer vi rundt med metroen, gamle trikkar og små tog for å komme oss frå plass til plass.  Nokre fine bygningar og statuer får vi sett, men inntrykket er vel at det var ein sliten by, ein del flotte gamle mosaikkfliser var det å sjå på dei eldste fine bygningane.

Vi tok trikken opp til St. George`s Castle som ligg på den høgaste toppen i den gamle bydelen av Lisboa og er den eldste kjente festningen frå 138 f.Kr.

       

 Ei natt i den vesle marinaen i Nazare der det ligg ca. 20-30 båtar kvar natt var vi heile fem norske båtar, men dei fleste blir berre med ein liten samtale, men det er Agape vi ”heng” i lag med.   ”Babette” frå Flekkefjord har vi også mykje kontakt med og truffe i mange havner. 

Etter ei flott veke i Nazare seier kapteinane på Blue Marlin og på Agape: ”Nei, no vil vi ha varm sjø og fine badestrender,” og mannskapet er heilt enige.  Vi trenger ikkje sjå meir av fastlandet, det kan vi ta ein annan gong.  Vi handlar to stappfulle handlevogner med mat og betaler kun 100 euro.  Neste morgon (3.sept.) kastar vi og Agape loss for ein overfart på litt over 520nm over Nord-Atlanteren til Porto Santo, Madeira, dvs. 4-5dagar.  Tankane er fulle med vatn og diesel (dieselen er dobbel så dyr som på Vassøy).  Ca 20nm utafor Nazare er det ei spennande lita øy som er fin å ankre opp bak, den har mange grotter og ein liten festning, og her vil vi sove ei natt før vi dreg vidare, men vi får problemer med å få stoppe motoren og ankringsfeste var heller ikkje lett.  Vinden aukar på og både Agape og vi vil dra vidare, så snart Rune får fiksa motoren og middagen er unnagjordt heiser vi segl og legg ut på den lange ferden.  Dette skal bli vår lengste etappe.  I fin vind og rolig sjø kostar det av gårde.  Vi har gode rutinar på natta, og alle tre voksne mestrar vaktene flott.  Mindre søvn blir det selvfølgelig, men vi tar små middagslurar på dagtid.  Når vi har seilas er det skulefri for Hedda og Marita, men vi har gjerne skule om det er lørdag eller søndag når vi ligg i land.  ”Lærer Gunvor! No er vi ferdige med ”Bokstavboka 1” og er byrja med matematikk! Skulen er topp, best liker vi svømmetimane!”

Overfarten er ein drøm i forhold til Nordsjøen, Engelske kanal og Biscaya, deilig varme og ein hypnotisk vakker farge på sjøen nyter vi dei rolige dagane.  Den andre morgonen kjem det plutselig ein heil portugisisk bataljon i full fart mot båten vår: ” Alle mann på dekk!” brøler styrmannen som om skuta skulle synke.  Aktafrå og i frå styrbord og barbor kjem nærmare 50 delfinar dansanda og hoppande mot oss.  Dei leika rundt båten i 10 minutt, vi alle låg på dekk og nytte oppvisningen.  Like fort som dei kom forsvinn dei igjen.  Då ropar Rune: ”Fisk!”     skulle vi verkelig få oppleve fisk på fiskestenga som vi har segla ”ute med” i fleire hundre mil (sidan La Coruna). 

Vi tek ned litt segl for ikkje å ha for stor fart når vi sveiver inn, og der kjem om bord ein flott gullmakrell på litt over eitt kilo, vi sløyer den og setter på vatnet til koking, og der napper det igjen, endå villare enn den forrige, denne gongen kom den ”rette typen,” tunfisk, størrelsen var ikkje av den heilt store (bonito), den var i underkant av tre kilo.  I gjellene helte vi inn litt billig sprit for at den ikkje skulle sprelle slik eller at blodet skulle grise til, effektivt og godt råd.  Den eine dagen hadde vi tunfisk i ein herlig krydra tomatsauas som vi fann oppskrift på i boka ”Godt om bord” og den andre dagen tunfisk med pasta i pestosaus inspirert av mesterkokken Sonja.  Kjøttet i både tunfisken og makrellen var rødt som ein biff før dei var kokte.  Marinebiologilæraren tok klassen med på sløyinga, spenninga var stor då vi spretta opp magesekkane, fiskane hadde mange knøttsmå reker i magen sin, for ned på bunnen kjem ikkje disse fiskane (ca 3000m djupt) for å hente mat.

Tredje dagen til akkurat samme tid hender det samme som dagen før, delfinane kjem i full fart aktafrå, leika rundt båten og deretter får vi ein tunfisk på vel eitt kilo, deretter ein lang gullfarga fisk.

           

  Kan de tenkja dåke sitta ute i shortsen 300 nm frå land i ein liten båt og ikkje sett tegn til andre båtar siste to døgn og vinden tek deg med i ca 4-5 knop, og når du synest at det blir litt varmt hiver du uti ei line etter båten og kaster deg på sjøen som er no opp i 22 grader.  –Og så følger alle mann etter og dingler i tauet etter båten på rekke og rad, –du må nok halde litt godt fast på badebuksa di så den ikkje farer i trynet på den som heng etter deg, så drar du deg inn igjen i båten, og no luktar det nysteikt brød ut frå byssa.  Rykande varme brød med nyfiska tunfisk og tomat på…. Då er det veldig rart at i dag er det ein vanlig arbeidstirsdag i september for dei fleste heime!

Vi teller på kor mange mil det er igjen til Madeiras minste øy, Porto Santo.  Vi håpar på at vi røkk fram i dagslys neste dag.  Vinden kjem ikkje frå den beste retningen og er heller laber, så vi køyrer litt motor for å skunde på.  På morgonen på det fjerde døgnet ser vi endeleg ei øygruppe som reiser seg opp frå havet.  Spenninga er så stor, ingen anar korleis det vil sjå ut på ei lita vulkansk øy, jo forresten, jentene visste korleis det såg ut, dei sa det var massevis av kokospalmer sidan det høyrte til Nord- Afrika. Vi kom fram midt på dagen til Porto Santo.

 Ein god molo beskyttar frå det opne havet.  Vi velger å ligge for anker i havnebassenget.

Det var ca 20 andre jordomreisande i havna, dei fleste ligger til kai, men ingen andre norske båtar.  Øya ser svært vulkansk ut med sine spisse fjelltoppar, landskapet er svart og raudbrun stein, veldig lite grønt.  Jentene jubla over to kokospalmar dei såg siste dagen, men dei var laga av plast, dessverre.   Vi finner roen og kosar oss med ei deilig sandstrand og sjøtemperatur på 23 grader.  Neste morgon kjem det ein norsk båt, og det er ”FATUHIVA” frå Uskedal.  Mette og Bjarne hadde vi vore på telefonen med ein gong før avreise frå Norge då dei også skal vera med på ARC-regattaen.  Så det er kjekt at fleire Kvinnheringar er jordomseglarar i år. 

Øya har ca 5000 fastbuande, 5km lang og 3km brei og begge Madeireøyene høyrer til Portugal.  Christopher Columbus forelska seg i borgermesteren si datter og gifta seg med henne.  Det er i dag bygd museum rundt det huset dei budde i. 

Dagen etter ankomst går vi og trippar og ventar på Agape, dei har litt mindre båt enn oss og ikkje autopilot, slik at seglinga går litt seinare.  Med tårevått gjensyn seglar dei inn seint på ettermiddagen dagen etter oss.

Sondre, Hedda og Marita får seg snorkleutstyr då dei snart har bursdagar (hint til besteforeldre).   Agape-folka og sønnen til Bjarne og Mette, Vegard blir med på snorkletur.  Vi finner ei spennande lita bukt i dette ville vulkanlandskapet, med tunellar og grotter i alle slags formasjonar både på land og ute i sjøen.  Vatnet er utruleg klart og vi får sjå alle slags tropiske fiskar i mange flotte fargar.  Rune har kjøpt seg ein harpun (han har visst hatt bursdag han også), så denne må prøvast ut.  Det kjem ein lokal mann på stranda som ser veldig profesjonell ut med sin harpun og Rune spør om å få bli med han.  Alle ungdommane og denne mannen dreg ut til ei øy og ”harpunerer.” Då dei kjem tilbake har denne mannen skote 15 fiskar og Rune 0.  Det var ikkje så lett, men han fekk god ”undervisning” av han.

Vi får alle fiskane hans, men det var pølsegrilling som stod på menyen til lunsj.  Om kvelden samla alle vi tre norske familiane oss på stranda og grilla fiskefangsten, herlig måltid.

     

Ryktene gjekk at det var VM-turnering i sandvollyball, og det var då store sjansar for at nordmenn var med.  Etter fleire dagars turnering skulle finalen spelast denne kvelden vi var der.  Skarlund og Kjemperud spela seg til finalen og vi tre norske familiane heia dei fram til 1. plass.  Stort var det å stå der og synga med på den norske nasjonalsongen og sjå det norske flagget gå til topps.  Skarlund kom bort og gav Marita T-skjorta si.  Du kan tru ho er stolt av den, ho bruker den til nattkkjole.  Vinnarane takka for god support og sa dei ikkje hadde forventa å sjå nordmann på denne plassen.  Spent var Idunn om kvinnene også skulle spele då Kathrine Maaseide som er i eliten har vore kollega med henne, men dette var ”men only.”   

     

Tredje kvar dag reiste vi og snorkla på denne fantastiske stranda ”vår.” Rune vart flinkare og flinkare med harpunen, men Sondre slapp også til, og med halvveis avrevne fingrar og mykje blod klarte han å vera den første som traff den store (5cm lange) fisken med harpunen (Ingebjørg! fingrane grodde fort i sammen igjen, altså). 

     

 ”Fatuhiva” reiste vidare til Madeira for Vegard skulle heim i militæret med fly derifrå. Gledelig gjenforening blir det med Babette som kjem etter vi har vore her i ei veke.  Lørdagsgrauten er viktig tradisjon i Blue Marlin, så denne lørdagen kjem Agape og Babette på risgraut og spekemat (11stykker).  Vi er svært aktive i det sosiale liv, men det er overraskande kor få barnefamiliar som reiser.  Dei fleste er ”nypensjonistar” eller har store barn som er ute av ”reieret.”

Dagane går utrulig fort og vi kjenner igjen modningsprosessen for å komme vidare etter ti dagar på Porto Santo.

Agape og Blue Marlin reiser samtidig og har avtale om felles ankomstplass, også svenske soloseglaren Bernardo slår følge.   Vi seglar til hovedøya, Madeira (18.sept.) som er ca 25 nm unna.  Vi kjem til denne anbefalte vetle bukta heilt aust på øya, Baia da Abra, det ser nesten ut som eit vulkankrater som manglar ein vegg vi seglar inn i.  Med klart vatn og fin sandbotn og vill natur med grotter og sprekker, stupbratte sider rundt og mest ingen ting grønn vegetasjon, kan vi ikkje beskrive heilhetsinntrykket, for det var samtidig spektakulært vakkert.  Rart at dette var den turistkjente øya og så urbant.  Vi fann deilig ro her, vi kunne svømme i land, då hadde vi berre Hedda og Marita i eit tau og drog dei etter oss (dei hadde flytevestar).

    

 Heile 5 dagar nytte vi stillheten her før vi segla til hovedbyen, Funchal. 

Øya har ca. 270 000 innbyggarar, og nesten halvparten av disse bur i Funcal.  Båthavna er liten og ofte er det fullt så då må ein ligge på svai utafor.  Agape og vi får plass side om side i marinaen.  No er det tre veker sidan vi har lege til land og fått landstraum og fylt vatn.  Så lenge vi har kutta ut kjøleskap og er bevisste på straumforbruk og vannforbruk var dette ein fin prøvelse før Atlanterhavskyssinga.  Massevis av folk og turistar var kontrast, og restaurantene ligger på rekke og rad i Funchal, og dyrt er det ikkje.

Men du verden så grønt og vakkert her!  På dei bratte grønne fjellsidene klatrar husa oppover, også her er det spisse fjelltoppar.  Vi leiger bil og køyrer rundt øya på ein dag, vi får sett langs kysten og oppe i naturparkane som ligg på over 1600moh.

Dei fine strendene på Porto Santo visste vi at vi måtte bytte ut når vi kom til Madeira, men tempraturen er fortsatt deilig i sjøen. 

I dag segla det inn ein norsk båt ”BONANZA” frå Arendal.  Disse fire hyggelige gutane frå båten kom om bord i båten vår, då hadde vi eit lite ”selskap,” og sette ny rekord med 17 stk i cockpiten. Snakk om verden som ikkje er så stor.  John (på Bonanza) er sønn til presten vår i Sunde Kirke, og den andre Arild (også på Bonanza) var nabo til Torbjørg frå Eiken som no er naboen vår på Sunde.  Og på kaien i går kom eit par norske turistar bort til oss.  Ute i samtalen finner vi ut at dama er fysioterapeuten til bestefar til Rune og møter bestemora hans ein gong i veka, sprøtt!

I morgon skal vi på ein fjelltur langs dei kjente vannrennene (levada) på øya.  Jentene på Agape og Sondre vil passe Hedda og Marita.  Jentene våre er i full gang med å planlegge bursdag og skriver på invitasjoner.  Det store for jentene om dagen er at dei er i ferd med å ta fleire og fleire svømmetak uten hjelpemiddel, gleda og iveren er stor, men sjølvtilliten deira er endå større.  Og Sondre likar å halde dei slanke linjene og joggar fleire gonger i veka.

    

 Vi planlegger å bli her i ca ei veke til før vi går til eit naturreservat ca halvveis til Kanarieøyane.  Det seiest at det bur to mennesker der og ca. 4000 rotter, og kun 48 timers oppholdstillatelse er tillatt så vi vil informere dåke i neste brev…. (vil du vera med dit, farmor?).  Deretter Kanarieøyane med Graciosa som første stopp av dei øyane, og der vil vi feire Sondre sin 16-årsdag 10.okt.  Så skal vi cruise rundt på Kanarieøyane fram til 20. november.  Ha det godt så lenge alle sammen.  Vi tenker mykje på dåke alle der heime i gamlelandet.