England-Spania
Falmouth i England var plassen vi ville krysse over Biscaya bukta frå. Det var stor spenning å følge med kvar gong det vart sendt ut ny værvarsel, -for vi måtte ha høgtrykk i minst fire dagar framover og få det til å klaffe med både den engelske og den spanske kysten. Men det eine lavtrykket låg og venta etter det andre ute i ”bukta,” så det var berre å ta det med ro. Vi kom i ”kontakt” med fleire båtar som var i samme situasjon som oss. Vi (dvs. norsken, dansken, svensken og engelskmannen) gjerer oss klare for avgang søndag 31. juli, rett før avgang får engelskmannen inn ”bad news” med altfor sterk vind om tre dagar på den ”andre sida,” slik er vi klare mandag også, då kjem dansken med dårlige ”nyheder,” men tirsdag 2.august la vi ut alle fire båtane etter fem dagar i Falmouth. Det var nesten som i ein vits: først reiste dansken, så reiste svensken og til slutt drog nordmannen ut av havna. Først i mål kom jo selvfølgelig nordmannen…..
Vi brukte tre døgn og fem timar over til La Coruna i Spania (ankomst 5.aug.). Vi hadde fin seglvind, nettene deler vi alle tre på no, men kapteinen klarar ikkje heilt å slappe av når han har kvilevakt, så det blir lite søvn på han. Dagane går fort, men vi synes nettene er lengre. Andre dagen ser Sondre delfinar tre gonger som svømmer rundt båten, dette synet har vi alle gleda oss lenge til (men det var berre Sondre som alltid såg dei, så eg veit ikkje…). På heile det andre døgnet såg vi berre fem båtar, så tenk om vi trong rask hjelp, nei, slike tankar må vi ikkje ha ute i det ”ensomme.” Uten eit einaste lys å feste blikket til i svarte natta er det utrulig følelse å vera så ”liten” langt ute i havet, og stjernehimmelen er fantastisk vakker når det er så mørkt.
Rundt midnatt andre natta skjer det noko med fart og vind, så mannen på vakt velger å starte motor, etter ei lita stund stoppar motoren. Kvifor i alle dagar gjorde motoren dette? Etter ei lita stund såg han at vi slepte på eit garn, så propellen hadde fått for mykje motstand og klarte ikkje å dra. Panikken for å gå uten motor var ikkje så stor sidan vi hadde grei vind. Neste morgon då det var blitt lyst dykka Rune under båten og skar av garnet og motoren starta fint (tenk å dykke med 4500m sjø under seg!). Seinare samme dag skjedde det igjen, plutselig stoppa seglfarten trass i ingen forandring i vindstyrke, -og der hang eit kjempegarn etter oss! Denne gongen klarte vi å få det av med båtsaken.
På heile overfarten brukte vi mest ikkje motor, vi hadde bestemt oss for at går farten under fem knop med segl så starter vi motor, for vi alle vil fortast mulig over denne bukta. Litt før vi såg den spanske kysten går dybden frå nesten 5000m til 500m, der var sjøen ganske urolig og rotete. Siste dagen blåser det opp meir og meir og vi ser det tryggast å kun gå for eit reva stosegl. Vinden var rett bakfrå så då ”fauk” vi i stor fart med bølgene, vinden var 35 knop i kasta. ” Spania! here comes the frozen norwegians hungry for sun and warm weather. ”
I tjukke segldressar, ullsokkar, hue, og vottar rundar vi moloen til La Corona, plutselig blir det nesten vindstille og over 30 varmegrader, -nesten for mykje av det gode! Kjempelettelse og herlig følelse etter å ha beseira ”Biscaya-uhyret” gløymer vi at det var tre døgn med mest ikkje søvn. Men, vi kan vel ikkje klage vi som tross alt var tre vaksne, men dansken derimot hadde venta på nytt mannskap i England i to veker, og sidan dei ikkje kom valgte han å gå aleine over, han hadde kun sove to timar på tre og eit halvt døgn. Han hadde vore så trøtt ute i Biscaya at då han såg ein båt, trudde han at det var lys på ei øy ute i havet og ville køyre bort og legge seg i le bak ”øya,” då gjekk det opp for han at det var ein fiskebåt som låg i ro. Han brukte mange dagar på å koma seg, i denne rekonvalisensperioden fekk han beskjed om at mannskapet som skulle segle med han over frå Portugal til Madeira og til Kanariøyane hadde meldt avbud. Stakkars!
No! kan badestrandlivet begynne vel, meinte Hedda og Marita. Dagen etter ankomst går vi på stranda sammen med den koselige engelske familien vi hadde blitt kjent med i Falmouth, dei har gut og jente som er litt eldre enn våras jenter. Knallraude så det svei fekk vi fullt ”utbytte” av standdagen. Neste dag var det stor brann i byen i tillegg til mykje vind, så det fauk mykje oska på oss i tillegg til vond lukt og røyk som skygga for sola. Stranda var ikkje så attraktiv då (så fekk vi pleie våras lyserosa kroppar). Rune elskar å gå på marinebutikkar, så han spring av gårde så snart båten er fortøyd og sporar opp alle marinebutikkane i byen på kvar plass vi kjem til (nett som å sleppa ein guttunge inn i ein leikebutikk). Kjempefornødgd kom han tilbake med ei havfiskestang og 1km kraftig tjukk sene. Så han har lova oss mange gode tunfiskmiddagar……, men til no er det berre 100-vis av måsar som er interessert i ”blekkspruten” hans, eller at vi seglar for fort,seier han. ( Eg skal fortelje dåke når eg har fått den føste tunfiskmiddagen!)
La Coruna bærer preg av at det er ein gammal by med mange gamle fine bygningar i romersk og gotisk stil. Det går ein koslig gammal trikk rundt heile byen (tar ca 30min). Vi tok den til eit gammalt fyrtårn, ”Tower of Hercules” som ruvar høgt før innseglinga til byen. Det vart bygd ca 200 år e.Kr. og er det einaste romerske fyrtårnet i verden og det er fortsatt i drift. Det var ca 250 trappetrinn opp til topps.
I havna i La Coruna er det innom tre-fire andre norske båtar på dei fem dagane vi er der. Ekteparet frå ”Sedna” frå Porsgrunn kjem akkurat i det vi skal ete vår tradisjonelle ”lørdagsgraut” ein kveld, og det smakar alltid godt var vi enige om. Spekeskinka frå Norge må snart byttast ut med den spanske til risgrauten. Kjekt å møte andre i ”samme båt” og utveksle erfaringar.
Sondre er brukande til litt av kvart. Noken dagar er han storebror og tar jentene med til leikeplassar eller på stranda, slik at mor kan få polere båt (vi jobbar fortsatt med ”vårpuss”), skrive reisebrev eller vaske, i La Coruna fekk ho lagt nytt dekk på båten. Ellers synes jentene han er den beste kokken om bord (til mor Ingebjørg! han vasker alle klærna sine sjølv!), han har ansvar for å halde båten rein utvendig og han er teknisk svært flink. Overraskande er det at så få reiser med barn eller ungdommar, så vi er alltid spente når nye båtar kjem i havn om der er ”leikekameratar,” nasjonalitet betyr ikkje noko Men det ser ut til at dei tre ”barna våre” klarar seg bra!
Rune oppdagar at vi har jordfeil, gong på gong går alle på piren sin landstraum då vi pluggar inn vår stikkontakt, han velger å vente med å få reparert dette.
10. aug. seglar vi sørover på Galicia-kysten av Spania. Vi møter skikkelig tjukk tåke slik at ein av oss sitter konstant inne og følger med på radaren. Heldigvis klarnar det opp lenger ute og vi hadde ein flott dagsseilas ned til Camarinas. Innseglinga til denne havna har mange lunefulle skjær. Kysten utenfor Galicia er kalla ”A Costa da Morte” som betyr ”dødskysten.”
Litt etter vi har lagt oss til kjem engelskmannen ”Tamarisk” og derettter svensken på ”Sulamitt 2” som vi har haldt kontakt med sidan Falmouth. Då svensken skal legge til brygga og bakkar, stoppar motoren og deretter får han ikkje dreieid på roret. Vinden og straumen gjer at han driver rett mot fleire båtar i havna. Heldigvis stod fleire der og klarte å ta tak i fortøyningen hans og dratt han utpå oss. ”Supermannen” vår hoppar i dykkerdrakta og finner tau i propellen som er surra vidare rundt roret hans. Då Sondre har skjært vekk alt tauet startar motoren heilt fint. Svensken vart ”jettegla`.”
Rune kopla til landstraumen og litt etter kom marinebestyraren springande. Heile piren var uten straum og han var redd noko gale hadde skjedd. Men Rune beroliga han og sa det var feil med vår båt, då vart mannen kjempeletta.
Trening blir det mindre av (bortsett frå Sondre), men vi bruker mykje energi når vi seglar faktisk. Kroppen blir jo rulla hit og dit, opp og ned stadig, slik at mange støttemusklar kompenserear heile tida. For eksempel lage middag i eit kjøkken der golvet gyngar og løken må haldast fast på samtidig som skjærebrettet vil ned på golvet, og så åpne skuffen som har altfor stor fart og ta ut kniven, og der alle krydderboksane vil ut av skapet samtidig, aller helst burde du hatt ei sjette hand slik at du kan halde deg fast for å redusere antall blåmerker. –Det er trening både fysisk og psykisk! (og i tillegg blir ein kvalm av å stå inne og lage mat).
Det blir sagt at under overfarten frå Kanariøyane til Karibien tar ein av 4-5 kg (så Idunn synes vi burde segle meir slike lange distansar og ikkje ligge i ro i havner….)
Penny på den engelske båten er pilatesinstruktør, så før frukost har vi tatt ein leksjon på bryggekanten, herlig!
Camarinas var ein koselig liten fiskelandsby med mange herlige badestrender rundt. Vi tok gjerne gummibåten og køyrte til omkringliggande badestrender. Det vart meldt mykje vind i mange dagar framover så vi vart ei veke her. Ein dag tok vi buss sammen med ein hyggelig familie frå Mandal på ”Agape” til Santiago de Compostela. Det er den tredje største pilgrimsplassen etter Jerusalem og Roma. Stor flott katolsk katedral frå ca. 1100-tallet.
Endeleg kom det då leikekameatar til Sondre, -i ”agape” var det to kjempesøte jenter på Sondre sin alder. Det var kjærlighet ved første blikk, ” åååå, eg er så forelska,” sa Hedda og Marita. Dei spurde om å få sitte på fanget og om dei kunne halde dei i hendene, ja, det var stor stas.
Vi reiser lenger nedover langs kysten og kjem til Muros som også er i Galicia. På denne dagsseilasen ser vi mange puljer med leikne delfinar, fantastisk kjekt, og mange månefiskar som ligg og duppar i sjøen. Vi ventar på ”agape” i Muros, men ein annan norsk båt kjem, ”Babette” frå Flekkefjord (som vi har haldt kontakt med sidan La Coruna), og dei fortel at ”agape” hadde fått motorproblem. Her skal både vi og ”Babette” øve oss på å ligge på svai (kun med anker i baugen). Det gjekk fint, men ei søvnlaus natt!
Neste morgon seglar vi i fin vind med spinnakeren oppe nesten heile dagen avgårde mot Baiona og ankjem samme ettermiddag (18. aug.), dette er siste havna i Spania før Portugal. Deilig plass med mange gode badestrender, ein gammal sjarmerande bydel og ein nyare (og ein fin marinebutikk, seier Rune…).
Lørdag 20.aug. er Hedda og Marita`s første skuledag. No har dei venta i spenning sidan vi starta turen. Ryggsekken pakka dei kvelden før og stilte opp dei nye sandalane. Dei klarte nesten ikkje å sovne pga den store spenningen for neste dag. Høgtidelig velkomst til 1. klasse i Baiona og med feiring av bedre lunsj på byen etterpå starta skulen for H+M. Skuledagane består av bokstavskriving, synging og handarbeid. Tredje dagen var ”heile” klassen på utflukt til det lokale markedet og handla frukt, grønnsaker, egg, poteter, kjøtt og klippfisk frå ”småbøndene” som selte det dei måtte ha i hagane sine. Alle brølte om kapp for å bli hørt og sett, -dette gjorde inntrykk på elevane som nihaldt i læraren for ikkje å bli dratt med av den tette folkemassen. Spansken vår er blitt berika betraktelig på desse to vekene.
Etter ei veke i Baiona skal vi reise vidare mot Porto i Portugal i morgon(25.aug), det er ca 60 nm dit og vi reknar 10-12 timar. Planane våras er å cruise nedover Portugal til ca 20.sept. før vi kryssar over til Madeira. Reknar med å vera på Madeira til ca 10. okt før kursen vert satt til Kanarieøyane. 20.november dreg vi frå Las Palmas mot St. Lucia i Karibien med regattaen ARC.
Då vil vi takke så mykje for koselige helsingar på e-mail! Vi er på nettcafe og opnar ”postkassen” oftare enn reisebreva klarar å koma ut til dåke.
Stor takk til Ivar som skal lage kart over reiseruta vår.
Hasta luego!