EGYPT-SUEZ KANAL

 

Det var både ein god følelse og ein litt vemodig følelse å legge til kai i Port Ghalib, vår første havn i Egypt.  Det betydde at Rødehavet var snart slutt og vi nærma oss slutten på eventyr-reisa, men vi gleda oss over snart skuletur til Luxor der Kongenes Dal er, tur til Cairo med pyramidene og besøke våras venner der, at Suez kanalen og Middelhavet nærma seg og ikkje minst betydde det at eit etterlengta gjensyn med farmor var rett ”rundt hjørnet.”

 Vi hadde fått oppleve det alle vanligvis gjerer minst ein gong i Rødehavet, -å få kraftig motvind og måtte ”klore” oss fast til nordavinden gav seg.  Vi avslutta i forrige reisebrev at vi hadde lege ni døgn bak eit korallrev på grensa mellom Sudan og Egypt.  Men det var egentlig ei god stund då vi fekk ha lange skuledager, reparere watermakeren, og tette takluker som lakk, snorkle når vinden var under 20 knop og kose oss mykje.  Det som pressa oss til å gå så snart vi hadde mulighet var at farmor satt på hotell i Port Ghalib og venta på oss.  Dessverre la vi ut eitt døgn for tidlig og hadde rester av ”krappe” bølgjer som omtrent stoppa farten i båten og fremdeles rundt 15 knops vind midt i mot.  Det føltes som om Blue Marlin var i fritt fall til tider og deisa ned i bølgjedalane så det dundra etter.  -Ein meget ubehagelig tur til Egypt.  Heldigvis varte det ukomfortable berre eit døgn og dei to neste var fin motring i roligare sjø.  Etter å ha venta åtte timer ved karantenebrygga i Port Ghalib fekk vi endelig køyre inn i marinaen (2.april).  –Og der satt farmor!  I fire døgn hadde ho venta på oss, heldigvis kunne vi kommunisere via sailmail og fortelle om forsinkelsane.  Men dei lengste timane var nok når ho visste at vi var komne til kai, og at det tok så lang tid før vi slapp inn til marinaen.  Heldigvis hadde farmor tre veker til før ho skulle heim, så vi fekk kose oss i mange dager fortsatt.

Vi fekk ikkje losjert ho om bord før Hedda og Marita heiv seg over henne.  Dei tre damene hadde no to års oppspart energi…..  med seg i sekken hadde farmor lesebøker, hobbbybøker, marsipan, kaviar m.m. -som var bestilt. 

  

 Vi hadde ikkje lege i marina sidan desember, altså 3,5 mnd, og det båten verkelig trong no, -var eit ferskvannsbad!  Blue Marlin hadde skit og svart støv frå forurensa luft i India, saltkrystaller etter sjø som hadde skylt over båten, sand frå sandstorm vi fekk i det Arabiske hav, raud sand og atter sand gjennom heile Rødehavet, og salt og endå meir salt…..  det var ein sann fornøyelse å få bruke ferskvannslange og spyle båten rein.  Men fortsatt kjem vi til å ha rødehavssand i lang tid som suvenir, både utvendig og innvendig.

 Port Ghalib er ein ny ”hotellby\havn” dei har laga til i ein marsa (”naturlig” innløp eller bukt mellom korallrev) for turister og ein marina for å ta imot seglende.  Det ligger fint til med badestrender rundt, tillaga med ein mengde bruer som i Venezia.  Elles er det ingen ting anna enn ørken utenfor ”murene.”  Prisane var adskillig høgare enn vi trudde i marinaen, på tjenester, mat og utflukter pga ingen konkurrenter i mils omkrets.  Vi ønska å gå videre dagen etter pga at været var fint, men myndighetene haldt oss tilbake då vi måtte venta på ”cruising permit” for Egypt..  Noko som viste seg å vera tull og vas, -dei ville berre ha oss til å vera lengst mulig i marinaen (for alt var ok med ein gong vi hadde fått kvittering, sa dei i neste havn).  Vi alle seglere følte oss lurt. 

Marinaområdet var fint og reint, og vi hadde stoler og bord rett ved båten som vi kunne sitte og innta våras måltider, herlig.  Farmor fekk travle dager som handarbeidslærer.  Det gjekk i sying, hekling, strikking og høgtlesing frå morgen til kveld. 

 Tilfeldigvis var det fleire norske samla her, ein seilernasjon som dominerer sterkt over andre nasjoner i forhold til innbyggertallet.  Og samtlige kom inn til Port Ghalib med større eller mindre problemer: motorstans og uten vind, var det verste, dei måtte bli taua inn, laus girkasse hos ein annan, ødelagt finger hos den tredje, sprukken septiktank hos den fjerde, og vi kom inn med tett toalett og lengtet etter farmor.  Sjølv om det var ubehagelig at innhaldet i septiktanken vår rann over og flaut på gulvet og inn i skap var det berre ein bagatell i forhold til andre.  Tett toalett er sikkert velkjent fenomen for dei fleste seglere, men grunnen var at det nyinnkjøpte toalettpapiret løyste seg ikkje opp og dermed plugga det seg, -skikkelig drittjobb! 

 Vi fekk ein nydelig nattseilas med flat sjø og fullmåne sammen med farmor til Hurgada.  Hurgada kunne også by på ein fin marina og eit flott område rundt.  Dette var ein større by med mange hotell, butikker og turister, og samtidig fann vi sjarmen i bakgatene der geiter og høner trippa blant lokale barn som leika, menn som sat ute i gata og røykte vannpipe og kvinner i lange, svarte burka som hasta forbi i dei smale bakgatene med handlekorga oppå hovudet. 

 Vi kjøpte ein tur til Luxor (5 timer med buss) frå Hurgada med ein overnatting på hotell, inkludert guide, severdigheter og mat.  Og farmor var igjen som barnevakt for Blue Marlin (eller omvendt).  Vi køyrte gjennom eit ørkenlandskap, time etter time, og var fryktelig spente på å sjå faraoene sine graver og dei gamle templa i Luxor.  Midt på den øde strekningen stoppa bussen.  Eit grusomt syn venta oss, i vegbanen stod ein bil på tvers og ved sida av bilen låg ein død mann.  Bilen hadde tydeligvis godt rundt og han var blitt kasta ut.   Vi køyrte til nærmaste landsby som var ein halv time unna og fekk varsla.  Litt forsinka og litt opprørte over hendelsen kom vi litt seinare enn planlagt til Luxor.

    

 Luxor var som ein grønn oase i ørkenen.  Her rann Nilen som fenga oss på skulen når vi var små, og sameleis for Hedda og Marita som hadde hatt mykje om gamle Egypt den siste tida på ”Blue Marlin skulen.”  -Den 6670 km lange elva som har gjeve fisk, transport og gode fruktbare marker for egyptarane gjennom tusenvis av år.  Dei ideelle faktorene rundt Nilen er ein medvirkande årsak til at egyptarane sin einestående kultur låg langt framfor resten av verden, med utvikla byer langs elva, gode båtbyggere, spesialisering av tjenester og transport av varer til innland og utland gav dei god økonomi.

 Vi var klare som bare det med fullada batterier på fotoapparatene og videokameraet, penn og papir, -og nyvaska øyrer!  Guiden tok oss først til Karnak Tempel i Luxor.  –Snakk om å føle eit hellig øyeblikk!  –Tenk, her gjekk mange mektige faraoer og hadde ”samtaler” med gudane.  Når ein vart trona til konge eller farao vart han samtidig adoptert som ein son til gudane og dermed som ein mellommann mellom folket og gudane.  Ruinane frå det enorme tempel komplekset (250 000 m2) stod der og vitna om ei svunnen tid.  Karnak Tempel er eit kompleks av mange tempel som er bygt av ulike egyptiske faraoer til ære for den øverste guden Ra.  For at solguden Ra skulle koma inn i tempelet var det ikkje skikkelig tak, men heile 134 svære søyler stod i det største rommet.  Alle vegger var fylte med relieff og hieroglyf som fortalte historier om gudene, faraoene eller om andre hendelser.  Enorme steinhogde skulpturer av seg sjølve og gudane stod også rundt om kring.  I staden for ein allé med trær som vi er vane med, -hadde  Karnak Tempel sfinkser som allé.  Sfinksene – som er steinstatuer med løvekropp og menneskehoder, stod oppstilt på begge sider og leda til inngangen.  Dei skulle verne tempelet og løve var eit symbol for stor kraft.  Ikkje alle statuene i tempelet var heile, nokon mangla hovudet og andre ein fot.  Guiden sa det var vanlig at den overtakende kongen gjerne hogde hovudet eller ødela noko den forrige kongen hadde bygt om han ikkje likte han.  I tillegg har jordskjelv, kriger og oversvømmelse av Nilen ødelagt ein del også.  Store deler av tempelkompleksa var under rekonstruksjon, og tusenvis av steiner låg og venta på å koma på plass.

    

 For å komme til vårt neste mål, Kongenes Dal, måtte vi krysse over Nilen i ein åpen trebåt.  Det var mange båter på elva, men i dag er det nok for transport av turister.  Luxor har ca 5-6ooo turister kvar dag.  Det var eit syn å sjå dei irrgrøne elvebreddene og ein stor kontrast til dei knusktørre fjellsidene rundt.  På vegen mot Kongenes Dal stoppa vi ved dei gjenstående to kolossene av Memnon og Amenhotep (3). Dei 20m høge sitjande statuene vitner om eit tempel som muligens vart sletta under eit jordskjelv i 27f.Kr, muligens vart det aldri heilt ferdig bygd.

  

Etter nokre kilometer frå Nilen, snirkla vi oss inn i det eine dalføre etter det andre.  Jo, vi kan forstå at kongane vart godt gøymde her!  Oppe i fjellsidene var det mange innganger til graver.  Ikkje alle er opne for publikum.  Kongenes Dal er adskilt frå Dronningenes Dal.  Til no er det funnet 62 graver tilsammen, dei fleste gravene var plyndra før egyptologene fann dei.  Det største funnet vart gjort i 1922, -grava til den 19 år gamle kongen Tutankhamen.  Den innehaldt fantastisk store skatter bl.a møbler, senger, ei trone, smykker, maske og statuer av ekte gull.  Gravene i Kongenes dal er no tomme.  Alle funna (som ikkje er havna hos plyndrerene) er på museum, mesteparten på Nasjonal Museet i Cairo.

Vi besøkte tre graver i Kongenes Dal og tre neste dag i Dronningenes Dal.  I begge ”dalene” var gravene ganske like.  Vi måtte først gå ned mange trappetrinn og deretter inn ein lang korridor der veggene var fulle av flotte og fargerike hieroglyf og tegninger som symboliserte noko om den avdøde.  Korridoren hadde gjerne mindre rom på sidene, men det store rommet der sarkofagen stod, var i enden.  Sarkofag er ei stor steinkiste som igjen innehaldt tre trekister inni kvarandre og i den innerste låg mumien av kongen.  Det var eit ganske stort øyeblikk å gå inn i gravene, og få vandra i den gamle historien som vi lærte om på skulen.  Kun ein av gravene hadde ein sarkofag stående, men elles fekk vi vente til museet i Cairo for der var det mengdevis av dei.  I ei grav i Dronningenes Dal fekk vi sjå eit 5-6 mnd gammelt foster som låg i ei glasskiste. 

”Tenk, no kan vi krysse det av på ønskelista vår også,” sa jentene (som berre er ni år).  Det som dessverre ødelegger kosen og å få absorbere inntrykka, var dei innpåslitne selgarane av suvenirer.   Fleire gonger måtte vi skubbe dei til side for å få gå framover.  

Eit steinhoggeri der dei laga nydelige ting av ulike steinsorter og alabast vart vårt neste stopp tilbake mot Nilen.  Egypt har mange ulike steinsorter.

Guiden fortalte at dei fleste kongane i ”gamledager” var godt likt av folket.  Og arbeidarene til kongen var stolte over å få jobbe for han.  Derimot var det ei dronning som ikkje var så godt likt, og det var Hatshipsout.  Tempelet som ho fekk bygd låg for det meste i ruiner, men stort og mektig hadde det i alle fall vore.  Grunnen til at det var så ødelagt var litt usikkert om det var av naturlige årsaker eller nokon som ikkje likte henne.

   

 Siden Luxor er ein jordbruksplass var det naturlig at guiden ville vise oss ein frukthage som det siste på programmet etter første dag.  Herlig å koma ut av den brennande sola, sat vi i skyggen under daddel-tre, omringa av banan, -mango, guava og -appelsin-tre og utsikt over Nilen og sukkerrøyråkrer, vakkert.  Ferske dadler, sylta dadler og tørka dadler låg på eit stort fruktfat sammen med dei andre nyplukka fruktene.  Det vi ikkje klarte å ete opp dytta ho ned i ryggsekkene våre som ”niste.”

   

 Tidlig neste morgen henta den samme trivelige guiden oss på hotellet og tok oss til Luxor Tempel.  Det var eit imponerande syn å sjå dei steinhogde veggene, statuer, søyler, sfinkser, relieff og hieroglyf på veggene.  Inni dette gamle og flotte tempel komplekset som er frå ca 1500 f. Kr, hadde dei (750 f.Kr.) bygt ein islamsk moské og (332 f.Kr.) ei kristen kyrkja.  Alexander den Store hadde fått sett opp ein steinportal ved inngangen.

   

   

Egypterene har alltid vore opptatt av å lukte godt (derfor reiste dei til Oman og bytte til seg frankinsens).  Dei er velkjente for å lage gode essenser, og dermed bar det av gårde til ein slik fabrikk der dei laga oljer i Luxor.  Vi lukta på den eine parfymen bedre enn den andre til nasa var dobbel størrelse, -slik kjentes det i alle fall ut.

Guiden vår var fast bestemt på at vi burde køyre rundt i byen med hest og kjerre før vi reiste tilbake mot Hurgada, men ingen av oss hadde lyst, - ho var dyktig seljer……for det endte med at vi farta rundt i to heile timer.  Og det angra vi ikkje på!  Hestekaren lot Hedda og Marita sitje framme med han og køyre hesten i gatene.  Vi køyrte i tronge smug mellom basarer, marked, boder og vrimmel av folk, -utrulig at ingen vart overkøyrt… og av og til måtte salgsbodene flyttast på når vi kom der breie med vogn, og dette var absolutt ikkje tilgjort for turister.  Dette var i bakgatene der dei lokale dreiv med sine daglige gjeremål.  –Flott og ”ekte” opplevelse!

    

 Farmor og Blue Marlin hadde passa godt på kvarandre medan vi var i Luxor, -og godt var det å sjå dei begge igjen.  Sidan vi var med i Vasco da Gama rallyet får vi fleire goder på vegen mellom India og Tyrkia, sjølv om vi ikkje segla i lag heile tida (kun mellom Oman og Yemen).  I Hurgada fekk vi ei heil veke gratis i marinaen, supert!

Hurgada var ein deilig plass å vere, vi og båten følte oss godt bevokta av vakter som alltid stod parat på kaien.  Men utenfor marineområdet hadde Idunn ein ubehagelig opplevelse.  Håper ingen kjem til å oppleve hennes sinne og temperament som sprakk fullstendig då ein frukthandler snappa til seg pengesedlene ut av lommeboka hennar då ho ville kjøpe frukt av han.  Han gjømte sedlene i lomma og kom fram med litt etter litt etter som temperamentet til Idunn steig.

 Veret lova rolig og sydlige vinder eit par døgn til, og det ville seie at farmor kunne få med seg halve Suezkanalen.  På veg til Port Suez der kanalen starta hadde vi ein fin stopp i ei nydelig bukt.  Våres japanske venner som vi har segla med sidan Thailand kom over til Blue Marlin for å gje farmor eit kurs i sushilaging her.  Dei snille mennene tok seg god tid og sushirullane vart oppete etterkvart som dei vart laga.  Dessverre hadde vi kun tunfisk på boks, men med profesjonell hjelp smakte det fortreffelig.  Ja, gløymte forresten å seie at ingrediensene hadde farmor komme med frå Norge, for i dei arabiske landa fann vi ikkje mykje asiatisk mat, for eindel sushi har det blitt.  Den lenge etterlengta og aller siste fisken (tunfisk) på jordomseglingen kom rett etter vi forlot denne ankringsplassen neste morgen.   Og kven var det som hadde hugsa at det var påskeafta dagen før? -ingen….det beskriver litt om kor opptatt ein jordomseglar er eller rettare sagt kor lite opptatt ein er av kva dag det er.  Vi alle skandinavere pluss våras japanske venner la ut på siste rest av Rødehavet (åtte båter).  No hadde vi Sinaihalvøya i aust og Egypt i vest.  Gjennom heile døgnet måtte vi følge godt med på dei mange oljeplattformene som vi passerte nordover.  Utrulig men sant så hadde vi noko så sjeldent for dette området, -god sydelig vind, og vi kunne heise vårt lette reacher-segl og fekk god fart i tillegg til medstraum (til tider).  Værmeldingane sa at vinden skulle avta, så kapteinen ville segle så mykje som mulig med det store seglet.  Det motsatte skjedde, -vinden auka og kapteinen måtte gå over til handstyring og vi surfa på bølgjene i opptil 10-12 knop i perioder.

 

     

 Port Suez er ein by som ligger heilt i søre enden av Suez kanalen.  Her betaler vi avgifta for å gå gjennom kanalen (ca 350 US dollar for oss) og utklarering av landet (for båten).  Vi måtte ligge her to netter før papir og los til å ta oss gjennom var klart.

Her vart vi også lurt! Agenten i samarbeid med marinafolket sa vi ikkje fekk kjøpe diesel lenger nordover i Egypt, så folk fylte opp, inkludert oss.   Etter vi hadde fylt diesel i Port Suez måtte vi love at vi ikkje sa til tollsjefen når han kom på inspeksjon at vi hadde kjøpt diesel (hm?). 

Den 14. april starta vi på Suezkanalen, akkurat tre år etter vi forlot Panama på veg ut i Stillehavet.  Farmor fekk også oppleve å gå gjennom Panamakanalen.  Vi var kun åtte båter som fekk gå samtidig.  Alle hadde ein los om bord og han styrde heile vegen.  Agentfirmaet for losane haldt eit orienteringsmøte kvelden før i marinaen for oss.  Dei beklagde at losane hadde hatt eit dårlig rykte tidligare, men no hadde det ordna seg.  Losane var greie og skulle ikkje spørje etter bakshes for dei fekk godt betalt, men vi skulle halde dei med mat og drikke.  Det føltes som ein stor dag for oss å starte på kanalen.  Den var ikkje brei, og berre ørken å sjå på begge sider, likevel så stemningsfullt å motre i konvoi, passere eller bli passert av kjempetankere.  Då vart vi forferdelig små ved sida av.  Vi såg mange lokale små robåter som satte garn langs breddene.  Suezkanalen er eit veldig sårbart område mtp angrep, så militære styrker stod i stram giv akt ca kvar kilometer.  Jo lengre nord jo kaldere, eller at ”Middelhavstrekken” nærma seg.  I alle fall var nattetemperaturen blitt betraktelig kaldere, ubehagelig kald, men dagane var fortsatt deilige, så vi kunne sitte på dekk og nyte kanalen i fulle drag.  Jentene hadde ”mamma mia” forestilling for farmor medan vi susa i god medstrøm i kanalen.  Etter åtte timer kom vi fram til byen og marinaen i Ismailia som er halvvegs gjennom den     160 km lange kanalen.   Igjen opplevde vi det ubehagelige med egyptere og bakshes.  Vi ville gje losen vår 10 US dollar fordi vi likte han trass i han hadde prata i vhf-en omtrent heile turen, men då vart han så opphissa og sint for at vi ikkje ville gje han meir.  Han sa at alle dei andre kollegane hans hadde fått det dobbelte hos dei andre båtfolka, som selvfølgelig ikkje stemte då vi fekk snakka med våras venner.  Huff, kor sint han blei (men kapteinen vart endå sintare)!

   

   

 Fylle diesel lengre nord!  Jo da, her kunne vi selvfølgelig få fylle diesel også.  Her var prisen 1\6 av det vi betalte i Port Suez.  Skikkelig irriterande, -sjølv om dieselen var kjempebillig her.  Vi betalte berre 1 krone pr liter, så billig diesel har vi ikkje hatt sidan Venezuela.  Vel, det var ikkje heilt problemfritt å gå til bensinstasjonen og fylle opp kannene i Ismailia heller.  Vi måtte gå forbi vaktene i marinaen, og dei sa vi berre kunne fylle etter det var mørkt (når sjefen deira var gått heim), i tillegg lot dei oss ikkje passere før dei hadde fått smøring i lomma (bakshes) per kanne, i tillegg skulle taxien ha bakshes oppå avtalte pris for turen til bensinststasjonen.  Vi forlot Egypt med så mykje diesel som vi aldri har hatt om bord før (550 liter), vi visste at i Tyrkia var prisen det tidoble.

Ismailia var ein trivelig by, med godt utvalg på fruktmarkedet.  Ismailia er kjent for dyrking av tomater, mango, jordbær og appelsiner.  Frukten og tomatene i Ismailia var utrulig gode og billige. 

 I Yemen inviterte Hedda og Marita til ein fiskekonkurranse for oss skandinavene som segla meir eller mindre sammen.   Fiskekonkurransen skulle vare frå Yemen til Suezkanalen, altså heile Rødehavet.  Det var ikkje måte på kor ivrige folk var for å vinne.  Alle fylte inn i det fine skjemaet som jentene hadde laga på pc-en, om det gav poeng eller ikkje.  Fantasien var stor hos dei fleste.  I Ismailia laga vi til fest og pot-luck for den kjekke gjengen på kaien.  Hedda og Marita hadde hatt mykje arbeid med å laga til premier og eit skodespel som bestod av song og bakgrunnsscene av tegninger dei hadde laga til.   Mykje god mat, underholdning og prat.  Utdelinga var høgtidelig av arrangørene (Hedda og Marita) med tale på engelsk.  Førstepremien gjekk til Check Mate for den største fisken, ein tunfisk på åtte kilo.  Andre premie til japaneserene for flest fisk (dvs Blue Marlin hadde flest, men måtte stå ”utenfor” premiene.)

Det gjekk over til litt sentimental stemning då dette egentlig var vår siste havn samla.  Når vi no reiste videre frå Egypt og ut i Middelhavet om nokre dager, ville vi spre oss for alle kanter.  Trøsten er at vi forhåpentligvis vil halde kontakten framover og at vi har fått mange gode venner.

    

     

 Frå Ismailia var det litt over ein time med buss til hovedstaden, Cairo.  Og her hadde vi venner som stilte med leilighet til vår disposisjon…..tenk på det!  Det var ein luksus som vi gleda oss enormt til i tillegg å få møte den norsk\egyptiske familien igjen.  Jonas og Nina frå Tønsberg var på påskeferie hos farmora si i Cairo.  Og pappaen Assem som er fødd og oppvokst i Cairo var den aller beste guiden vi kunne drømme om.  Han tok imot oss då vi kom med bussen og leverte oss rett til ”vår” leilighet med kjøleskapet ferdig fylt opp!   

Hedda og Marita hadde ikkje leika eller snakka med norske barn på over to år.  Herlig var det å høyre og sjå dei glade ungane.  No var det det neste på vår ønskeliste på jordomseglingen som stod for tur: PYRAMIDENE I GIZA!  For at vi alle skulle få kjøre til pyramidene, fekk Assem med seg kameraten (med bil) og hans to barn som også bur i Norge og som var i Cairo av samme grunn.   Endelig kom den store dagen!  Vi slukte alle inntrykk medan vi kjørte gjennom den enorme storbyen (22 millioner innbyggere).  Store og grå bygninger, spennende arkitektur, parker og butikker om ein annen.   Assem sa vi var heldig med dagen, for det var påskeferie (ei veke etter den norske) og lite trafikk.  Vi kjørte over Nilen til den andre sida av byen, Giza, her pyramidene låg.  Oppå brua peiker Assem og viser kvar han voks opp ved elvebredden.  ”No er alle eneboliger jevna med jorda og dei er blitt erstatta med store blokker,” sa han.  Med hans lokale innflytelse fekk vi kjøre heilt opp til pyramidene.  Å, du verden for eit øyeblikk!  Dei tre kjempepyramidene stod der så mektige og stolte som dei har gjort i snart 5000 år.  Vi følte oss så takknemlige og audmjuke å få stå ved sida av disse gravene eller skattene, få røre på dei og få klatre på dei.  Det var mange tanker i hovudet når vi endelig var der vi så lenge har drømt om.  Jammen var dei like imponerande som i fantasien vår.  Overraskende var det at vi såg storbyen så nær frå pyramidene.  Vi var så glade for å ha Assem med oss, han kunne forhandle på arabisk og hjelpte oss å få til ridetur på kameler.  Dette hadde Hedda og Marita (men ikkje mor) hatt så lyst til etter at vi har vore i så mange ”kamel-land.”  ”Jo da, vil du ikkje så skal du,” kommanderte jentene og Assem.  Kamelane låg og drøvtygde i varmen, og viste liten interesse for å få ein tur med bleikfiser.  Dei grynta og freste når kamelpasseren gav tegn til at dei skulle på ridetur.  Ein smule nervøse alle mann.  Nina og Jonas skulle i alle fall ikkje ri på kamel, og grunnen fekk dei ikkje lov å fortelle til oss før etter rideturen, og det var bra!  Dei, sammen med farmor og den andre familien tok hest og kjerre (5 stk i ei lita kjerre, tryggere?).  Vi satte oss oppå kamelene, mor og far hadde kvar si jente mellom beina og Assem med kameraten sin sønn.  Det verste var når kamelen med sine lange bein skulle reise seg opp og legge seg ned for av og påstigning.  Det føltes som om vi skulle stupe hodestups framover, men rideturen vart fantastisk super og eit minne for livet.

Eventyrlig var det også å få gå rundt den store sfinksen som ligger framfor pyramidene.  Vi fekk tom kysse den!  Vi avslutta den storslåtte dagen på kafé med utsikt mot pyramidene og sfinksen.    Der kunne vi nyte utsikten og atmosfæren i fulle drag

Ja, gjett om det vart satt eit stort kryss på ønskelista denne kvelden!  Takket være Assem, Nina og Jonas og den andre familien.

     

          

     

       

   

Neste dag stod Nasjonal Museet og shopping på ønskelista!  Overraskende stod Assem klar med bil då vi var på veg ut dørene neste morgen.  Ikkje berre alle tjenestene han gjorde for oss satte vi pris på, men også alle dei gode råda.  For som tidligere skrevet følte vi egyptere var berre ute etter å lure oss, alltid forhandle om pris, alltid bakshes, -det var så slitsomt, men det gjelder definitivt ikkje alle!

Vi stod i lang kø før museet åpna om morgenen, men museet er så enormt stort at det var ingen trengsel inne i bygningen.  Vi hadde ikkje lov å ha kamera med oss inn, så alle dei flotte sarkofagene, mumiene, keramikk, steinfigurene, gull, smykker, edelsteiner, møbler, relieff, skulpturer, og mange, mange andre skatter som dei har funnet i gravene i Luxor og i pyramidene, fekk vi ”fotografere på netthinna.” Mest inntrykk gjorde skattene som var funnet i Tutankhamen si grav.

Deriblant såg vi den kjente gullmaska av massiv gull som vart funnet over mumien hans.

Her kunne vi gå i timevis og beundre dei gamle skattane, men trøtte bein og svoltne mager satte ei grense.

Assem køyrte oss til ei shoppinggate og vi fekk handle billige klær inntil trøtte penger og tomme lommebøker…….

     

 Tredje og siste dagen vår ville Nina og Jonas gjerne vise oss ”klubben” der dei kunne gå og slappe av, bade, spele tennis, ete i skyggen under fine trær i parken m.m.  Ungane var ikkje lenge om å skifte til badeklær og hoppa  i bassenget.   Nina og Jonas har budd to perioder i Cairo over lengre tid med familien.  ”Det er godt med ein ”pusteplass” i den travle byen,” sa Ingun (mora) på telefon frå Tønsberg som var heime med minstemann.  Klubben var ein fin avslutning på Cairobesøket, -for oss, farmor som skulle køyrast til flyplassen og for avslutningen på ferien til Nina , Jonas og Assem også.  Vi er meget takknemlige til Dr. Assem og familien som gjorde Cairo til eit stort høgdepunkt for oss.

    

 Fryktelig stusselig var det å koma tilbake til Ismailia og Blue Marlin når farmor ikkje var med oss lengre.  Den siste etappen av Suezkanalen stod for tur og vi vart liggjande nokre dager lenger enn forventa pga venta på ledig los.  Då dagen kom stevna vi ut omtrent samme gjengen som første halvdel.  Losen styrde båten heile vegen til byen Said som ligger ved Middelhavet.  Det var bitande kaldt og vi gjøymde oss i le under sprayhooden for trekken, men stakkars los!  Vi kledde han opp med sjerf og tjukk jakke. 

Ingen grunn til panikk då vi nærma oss brua over kanalen, den var 70m høg.  Losen peika på nokre tankbiler som stod lett henslengt på land på Sinai halvøya.  Han fortalde at det var ”restane” etter ”6-DAGERS KRIGEN” då Isreal angreip Egypt, 6. oktober i 1973. På ettermiddagen såg vi ”lyset i tunnelen,” Port Said.  Losen vart henta ute i havnebassenget av ein losbåt og dermed var vi ”fri,” heilt på egen hånd, og ute i MIDDELHAVET, følelsen av ”nesten heime” og gjennomført drømmetur kom over oss. 

Ein seglers planer er som skrevet i sanden på lågvatn, -dei vert endra fort, og det vart våras planer dagen før.  Vi var no på veg til Tyrkia grunna vindane som vi ville unngå lenger vest.  Vi gleda oss til landfallet i Finike i Tyrkia som låg ca to døgn unna.

      

Meir om Tyrkia, Hellas, Athen og avreise frå Blue Marlin kjem i neste reisebrev.  Vi sitter i skrivende stund på Corfu og flyet til Gardermoen går om nokre timer, laurdag 20.juni. Vi tar nokre dager i Tønsberg med farmor, familie og venner før besteforeldre i Rosendal får besøk.

Etter 1.juli er vi tilbake i Stavanger.  Så vent i spenning (som vi) med korleis det var å kome heim.

Ynskjer alle våras følgesvenner ein god sommar og gleder oss til å treffe mange av dåke snart!