Indiske Hav – India – Oman -- Yemen -- Eritrea – Sudan -- Egypt
Det er ingen selvfølge at alt går knirkefritt og at alt går fint!
Tanken på at vi til tider er langt borte frå sivilisasjonen, langt frå dokter eller matbutikker eller reservedeler, kan kanskje virke skremmende. Men vi er glade og takknemlige for at vi alle har det bra, både folk og båt. Det kjennes uvirkelig ut å kunne meddele at vi ligger no i ein marina, halvvegs gjennom Suezkanalen (i Egypt). -Vi er ferdige med farlige piratområder, store havkryssinger og Rødehavet. Vi har møtt mange snille og hyggelige mennesker i mange land, opplevd store kulturforskjeller, kjennskap til ulike religioner, trakka på gamle historiske plasser, sett totalt forskjellige landskap og natur, og fått kjennskap til ”nye” dyr og planter sidan sist. Jordomsegling er ikkje berre god skule for dei små om bord……
Vi går tilbake der vi slapp i forrige reisebrev og forteller:
Då jul -og nyttårsfeiringa var over var det dags å forlate deilige Thailand og sette kurs mot India. –Sjølv om vi syntes at fire veker rundt Phuket var altfor kort tid, og spesielt når mesteparten av tida hadde gått med til reparasjoner, vedlikehold og oppgradering av båten. Yacht Haven Marina var super mtp at dei tilbydde så mange tjenester, små billige restauranter, basseng m.m.
Den 3. januar 2009 stevna ein skandinavisk konvoi ut frå Phuket, nordmennene på Checkmate, Cintra, oss og svenskene på Malinda. Dette var den 3. lengste etappen på heile jordomseglinga på ca 1500nm, over Benegal Bukta i det Indiske Havet og til byen Cochin i India. Så rikelig med grønnsaker og frukt vart innkjøpt og kun så mykje ferskt kjøtt som vi klarte å ete opp før utløpsdatoen (vi har ikkje fryser).
Dette seies å vere ein flott seilas då ofte nordaust monsunen gjev stabil og fin vindvinkel til å segle i…….. Men ikkje alltid: første to døgna var det rotete sjø med krappe bølgjer og lite vind, så då må vi berre gjere minst mulig og ikkje ha så stor arbeidsliste for ikkje å bli sjøsjuke. Etter to døgn passerte vi Nicobar øyene som høyrer til India, vi stoppa ikkje (trenger spesiell tillatelse frå India då). Vel, vel! Værgudane høyrte vår klage så dermed fekk vi -flatt hav….. ingen vind….. det var ikkje akkurat det vi ville ha heller, men slik var dei neste to døgna. Segla måtte tas ned for dei stod berre og slo i riggen, og vi gjekk for motor. Når vi er fulle med divstoff (400 liter) kan vi motre i nesten seks døgn (og vi håpa på å bruke ca 10 døgn over til India). Nokre fine opplevingar må nevnast, -delfinar som kretsa til tider rundt båten og fuglar som kom utmatta om kvelden og og fekk losji for natta. Men i Blue Marlin senka roen seg og vi hadde skule og gode kosestunder. Veven og strikketøyet vart tatt fram, og mykje god frukt vart fortært.
Dei neste døgna tok vinden seg litt opp og motoren fekk kvile i mange dager, men no var det ”squaller” som tok vår oppmerksomhet natt og dag. To-tre squaller (mørk og konsentrert sky som går heilt ned i sjøen, som det er regn og vindauke i, 10-15 knop auke). Då må vi forberede med å redusere segl (og finne fram shamphoo….), dei varer gjerne i 10-30minutter.
Igjen var det klage i konvoien over lite vind og feil retning, vinden kom bakfrå. Nokon må ha høyrt klagen igjen. Plutselig satte kraftig vind inn, vi hadde 20-25knop og det suste av gårde mot Sri Lanka. Vi såg lysa frå Sri Lanka i mørknet og møtte ein mengde fiskebåter utafor den store øya, men vi stoppa ikkje her heller. Så var det å forbereda oss på sundet mellom Sri Lanka og India, Gulf of Manner, for her blåser det rundt 25 knop 80 % av året. Stemmer! I det vi ikkje lenger var i le frå Sri Lanka, var det ingen ”kjære mor.” Vinden først, og sjøen deretter, kasta seg over oss som eit monster. I to døgn var det kun ein person ute i cockpiten, tjora fast og klistra inntil ”hytta” for ikkje å bli våt, -for å halde vakt om vi var på kollisjonskurs med andre båter og at autopiloten køyrte riktig kurs. Vi hadde kun storseglet oppe med tre rev i, likevel haldt vi god fart i vinden. Jentene låg i sofaen med leveggen oppe (for ikkje å ramla utfor) og kosa seg med lydbøker og DVD. Rett som det var kom bølgjene inn over sprayhooden og skylte ned i cockpiten. Når bølgjene kom inn frå sida hendte det at hekken (rompa) på båten vart kasta opp i lufta som ein irritert hingst. Det gjekk utrulig nok fint med oss og ingen skader, kun stive nakker etter anspent muskulatur. Det gjekk ikkje så bra med eit av mannskapet i konvoien, ho vart slengt ut av balanse og fauk sidelengs mot rekka (uten sele), ho kom frå det med fleire brukne ribbebein, knuste briller, blått auge og ein mengde med bloduttredelser.
Då vi nærma oss India kom det i tillegg til ubehaget av kraftig vind og stor sjø, -nemlig trafikken av store skipsfartøy. Herlig var det å runde sørspissen av India og komme i le frå vind og bølgjer. Etter to dager med nudler og ”rett i koppen” var appetitten på topp i stille sjø!
Vi valgte å segle nær land nordover langs vest-kysten av India for å unngå store skipsfartøyer, men då var vi klar over problemet med meir små fiskebåter. Men i oppsummering var det ikkje så ille med fiskebåter her. Dei fleste fiskebåtane hadde lys og fiskegarna deira stod djupt, slik at vi berre køyrte over.
Den 10. dagen segla vi inn til Cochin, som ligger i området Kerela på vestkysten av India.
Vi hadde så vidt fått feste til ankeret før vi fekk besøk av myndighetene. Enkelte var ”stramme” i maska og enkelte blide og hyggelige. Men å ønska oss velkommen hadde dei nok ikkje gjort om vi ikkje hadde fått innvilga visum på førehand, og visum hadde vi ordna i Thailand.
Her møtte vi den nederlandske solosegleren som arrangerer Vasco da Gama Rallyet vi hadde meldt oss på. Rallyet går frå India til Tyrkia, men det er kun mellom Oman og Yemen vi skal gå samla i konvoi (piratsonen). Han hadde forberedt med å fylle ut mykje papir for oss og hadde lokale penger klare, slik at vi kunne betale for innsjekkinga. Han har segla opp og ned mellom Tyrkia og India i 10 år. -Dåke vil ikkje tru kor tungvint system og arkiv dei har for båter som sjekker inn\ut i Cochin. Alle skjema til å fylle ut skreiv vi med blåpapir under. Og på kontoret til havnekapteinen låg det meter på meter med papir på hyller. System?!? Det var så langtekkelig prosess hos havnekapteinen at vår japanske seglervenn sovna.
Eit nytt land å sette beina på, INDIA!
Det var tidlig morgon og vi kikka inn over land frå båten og såg den tjukke tåka ligge over byen, og gleda oss til den skulle lette så vi såg bedre byen og bygningene der. Nei, det var ikkje tett tåke som gjorde lufta så disig fann vi ut, men forurensing! Daglig kunne vi tørke av eit lag av ”skit” på dekk.
Er India så ille som folk seier, er det skittent og rotete, er det kaos over alt med trafikk, kyr som vandrer rundt i gatene, blir alle sjuke i magen av å ete maten der, prøver alle å lure deg for penger, er alle hinduer, går damene i sari, er det mange tiggere……?
Vi satt der trygt i ”sneglehuset” vårt og følgte med på livet i havna og kikka på bygninger og folk på land. Nokre unge gutar kom heim frå fiske og padla nær inntil oss i rare, runde båter, med såvidt plass til to. Mellom beina hadde dei fiskegarn. Dei kunne nok ikkje ro langt utpå med dei båtane, tenkte vi. Nokre menn kom i ein større båt, uten motor prøvde dei å stake seg fram i tillegg få litt fart i det vetle seglet sitt. Husa såg gamle og falleferdige ut, men innimellom stod hus som var nyare, eller bygg som var påbegynt og no stod der halvferdige. Sprekkferdige av nysgjerrighet gjekk vi i land……..Vi steig ut av gummijolla og møtte ein nærmast svinesti. Søppel flaut langs veien. Nokre (ca 50) heimlause hadde satt opp fleire telt og laga seg ei gruve for matlaging i strandkanten. Og det var her gutane med dei runde båtane høyrte heime. Eit par hundre meter til og vi kom til eit lite torg der dei selte fisk, frukt og grønt. Varmen var trykkande. Det var ikkje lettere å gå verken på fortauet eller midt i vegen på den vetle sidegata vi gjekk på. Folk stod tett over alt og dei små taxiene, rickshaw (trehjuls moped med overbygg) stod og venta på passasjerer. Derimot i hovedgatene var trafikken av store og små biler, busser, mopeder, sykler og rickshaw skikkelig kaotisk syn, og ikkje nok med det, men bilhorna vart brukt så mykje at eg er sikker på at ein inder må bli tidlig hørselsskada eller trafikkskada i øyrene, i tillegg må mange lide av den forurensa lufta. Når det er sagt, må vi legge til at vi stoppa opp mange gonger og ”beundra” synet av den kaotiske tilværelsen. For ein opplevelse!
Tenk å få lov til å berre stå der og få være tilskuer, - for ei lita stund!!!!!
Folka derimot, spesielt kvinnene, forbausa oss kor nydelig kledde dei var med sine tradisjonelle drakter, SARI (det fargeglade tøyet som dei surra rundt seg) eller DJURIDAR (ein slags tunika). - Det såg ut som dei alltid var kledde for fest, og unge indiske jenter var heilskjønne. Kan ikkje seie det samme om mennene. Alle mennene gjekk i tradisjonelle LONGI, tøy som dei enten slepte ned til sidt skjørt eller folda dobbelt til knekort skjørt. Tydelig at vestens klede ikkje var tradisjon her. Vi gjekk inn frå gata på ein anbefalt restaurant og vi slapp å brøle til kvarandre lenger. Det var som ein rokkekonsert vart skrudd av. Maten var generelt god og billig i India (men ikkje så god som i Thailand) og vi vart ikkje sjuke i magen under opphaldet vårt!
Cochin er ein ”liten” by på kun ein million mennesker. Totalt bur det ca 1,2 milliarder i India og er den nest folkerike nasjonen etter Kina. Dei fleste er hinduer, men kristne og muslimer er også representert i India. Derimot hadde Kerela 80% kristne. Så mange kristne her var pga at Cochin hadde vore ein viktig handelsplass mellom aust og vest for lang tid tilbake. Cochin bar preg av at det hadde vore under Portugal. Gamle delen av byen var eit ”fort” og her stod gamle og fine hus med portugisisk stil. Nokre var blitt pussa opp og enkelte ikkje. Sammen med ein koselig gut som guida oss rundt i gamle Fort Cochin fekk vi ein interessant og effektiv ettermiddag. Vi besøkte kyrkja der Vasco da Gama vart gravlagt (første gong), eit kapell der hinduene brenner lik, museum om dei gamle kongane frå Kerla gjennom to hundre år, kinesiske fiskenett (gammel fiskemetode, -kineserene senka garnet ned i sjøen og drog det opp vha tunge steiner som fungerte som motvekt\vippe). Vi fekk omvisning i ein jødisk synagoge som tilhøyrte eit lite jødesamfunn.
Det store frukt og grønnsakmarkedet midt i byen var litt av eit show! Her var det trange, støvete og gloheite gater, tjukt med folk, -mennene i longi og damene i sari, små boder tett i tett, det bugna med fargerik frukt og grønnsaker, sekkevis med mange slag korn, samme med krydder og ris, all slags nøtter og tørka frukt i store krukker og kokosnøtter og ananas låg i store berg. Vi var dei einaste kvite på markedet, gjett om oppmerksomheten var stor då to lyslugga jenter gjekk gjennom gatene. Det var så godt å sjå at byen haldt på sin kultur, ikkje tilgjort for turister (for det var det lite av). Mennene hadde ingenting imot at vi ville fotografere dei og stilte seg gjerne opp.
Vi hadde lyst å reise på ein fire dagers tur inn i landet og opp i fjellet. Heile ”konvoi-gjengen” ville være med oss, så vi leigde ein minibuss med sjåfør\guide. Berre å køyre på dei indiske vegane var ein opplevelse, det kan ikkje gjenforteljast fullt ut: vi kom oss ut av byen der det var to-fire felts vei, for dei brukte gjerne motsatt kjørebane om det var ledig åpning, og alle satt omtrent på bilhornet (heilt unødvendig, spør du meg). Ute av byen og oppover mot fjellet var vegen skikkelig humpete og smal, men forbikøyring før ein sving eller før ein bakketopp virka som ukjent regel. Utrulig nok køyrte vi slik i fire dager uten å sjå ulykke eller vera involvert i ei. Etter ca fire timers køyring med lett stigning kunne vi sjå dei runde åsane som om dei bølgja seg utover og vi såg dei første tebuskane. Landskap med tebusker er utrulig vakkert! Vi stoppa bilen for å fotografere landskapet, og då såg vi nokre damer med store striesekker som var på veg for å plukke teblader . Trass i sine ”arbeidsuniformer” var dei så fargerike og fine. Dei kunne ikkje engelsk, men fingerspråk er internasjonalt, og det same med smil og varme som vart utveksla. På ein teplantasje kan det være fleire tusen teplukkere, områdene med tebusker på var enorme. Vi køyrte i over to dager i dette eventyrlandskapet. Vi såg kun damer plukke, stort sett alt går for handplukking, dei arbeider frå tidlig morgen til ein time før mørkt, dagslønna er ca 12 kroner, arbeidsstillingen såg til tider meget ubekvem ut.
Vi tok to netter i ”te-fjell-landsbyen” Munnar (over 1000moh), hotellet var heilt nytt, fint og billig. Vi gjekk turer i teplantasjen, beundra den nydelige grønnfargen rundt oss, nytte den kalde lufta og og synet av høge og spisse fjell i det fjerne.
Krydder er ein av grunnane til kontakten mellom Europa og Asia for fleire hundre år sidan. Og i dette grøderike fjellklimaet voks det villig krydder. Krydderet vart frakta ned til Cochin som var ei god havn for handelen.
Å få omvisning på ein krydderplantasje stod for tur på ønskelista vår. Vi besøkte eit usedvanlig hyggelig par som hadde bygt opp sin egen plantasje. Dei tok oss rundt og viste og forklarte om ca 30 forskjellige krydderplanter, inkludert var bl. a. kaffi, te og kakao, vanilje, kardemomme, kanel, anis, pepper, jordbær, røde bananer, ingefær, lemon gras, chilli, muskatnøtt osv. Det blir dessverre for mykje å forklare om polinering av vanilje, blomstring, tørking av krydder pluss alle dei andre plantene dei hadde. Biletet under viser sjefen stolt fram dei dyrbare vaniljestengene. Dei hadde laga til små poser med billig krydder vi kunne kjøpe. Ikkje fritt for at vi føler Blue Marlin er eit skip som er lasta med krydder på veg mot Europa, som i gamle dager, -går i fotspora etter dei gamle oppdagarane og handelsreisande, bortsett frå at Suezkanalen gjerer det eindel lettare for oss……
På smal og svingete fjellveg (3.dagen), snoka vi oss oppover og nedover, som ein berg og dal bane i sakte fart, på begge sider av vegen var det teplantasjer. På avstand såg vi kvinner stå med store sekker og plukke teblad. Sjølv om vi køyrte slik dag etter dag, sat vi klistra til bilvindauge og beundra det fantastiske landskapet. På ettermiddagen kom vi fram til ein annan tettstad, Thekkady også i høglandet. Rett før denne vesle byen var det store områder med kardemomme plantasjer. Kardemommeplanta er ei plante som veks med breie blad opp frå bakken og er ca to meter høg, men ut frå rota veks ein lang streng som vert liggjande på bakken, og på denne veks kardemommekjernene (som vist på bildet). Vi kunne sjå høge tårn blant plantene, så eg kommenterte til sjåføren at dei ungane var heldige som bygde seg så fine hytter mellom trærna. ”Nei, det er utkikksposter for å sjå etter ville elefanter,” svara han.
I Thekkady fekk vi ri på elefanter. Marita rei sammen med Nils på Checkmate og vi andre på ein annan elefant. Dei svære kjempene var 30 og 25 år gamle, så dei var forholdsvis unge (kan bli ca 90 år), men meget veldresserte. Turen gjekk gjennom ein tett skog av kokospalmer. Når mannen som gjekk ved sida av oss sa noko til han, lydde han, og når mannen skulle ta bilde av oss med vårt kamera letta elefanten opp snabelen som om han skulle vise smilet sitt rundt munnen. Knallsøte var dei, i alle fall! Jo, dei var så godslige at spørsmålet om å ha eit ”lite husdyr” i Blue Marlin kom opp igjen.
Også i denne fjellandsbyen var det te og krydder det dreia seg om, men i tillegg var det butikker med fine handknytte kasjmir -og silketepper til salgs.
Vi hadde på oss mest alt vi hadde av varme klede, likevel fraus vi om nettene oppe i høglandet (og såg ikkje fram til Norge av denne grunn). Siste morgenen stod vi opp klokka 05.00, vi hutra og fraus i mørknet og reiste til ein nasjonalpark i håp om å sjå ville dyr komme ned til eit stort oppdemma vatn for å drikke i det det vart lyst. Vi steig om bord i ein to etasjes båt. Det var nesten som vi gløymte at vi var stivfrosne då vi motra i sakte fart mellom gamle trestubbar som stakk opp av vatnet, og mange idylliske holmar i ein trolsk soloppgang og morgendisen forsvann gradvis. Fargerike fuglar flaug i lufta, ein gjeng med otrer svømte mellom holmane, mange villsvinfamilier gjekk rundt og gressa, og vi såg dådyr i det fjerne. Vi måtte dessverre returnere uten å ha fått sett det vi hadde håpa mest på: ville tigrer og elefanter. Likevel var naturopplevelsen og stemningen vel verdt.
Sjølv om vi hadde vore i telandskap før og fått omvisning på tefabrikk i Malaysia, var det interessant å besøke ein tefabrikk til. Vi fekk omvisning på fabrikken, Sahyadri Organic Tea Factory (www.pdsorganictea.com) der dei la vekt på økologisk dyrka te. Den første vi møtte på då vi svinga inn på parkeringsplassen var ei dame som gjekk langs vegkanten (der ofte kyr går) og samla kuskit. Ho hadde ei full bøtte med kuskit på hovudet. Elles fortalde dei korleis dei avla på meitemark til fordel for plantene. Klasseskille er forferdelig stort mellom fattige og rike i India. Så vanligvis er det nokre få store, rike eigere som eiger det meste av jorda, men det spesielle med denne tefabrikken var at 1250 ”småbrukere” hadde gått sammen og fått støtte frå fleire Europeiske land til å starte dette økologiske prosjektet. Dei produserte 40 tonn med te i året. Dei beklaga at den økologiske teen var 40% dyrere enn vanlig te då vi måtte betalte 30,-N kr pr kilo te…..Og det er den beste teen vi nokon gong har smakt!
Det neste og siste på ønskelista var å finne der dei laga ”koia-matter,” sør for Cochin. Koia er fiberen av kokosnøtter som dei vever til matter. Vi fann fram til eit fabrikkutsalg av koia og jute-matter, og samtlige i reisefølge endte opp med nye matter. Vi fekk pussa opp alle golv i Blue Marlin i Thailand, og som eit ”sparetrekk” har vi no fått nydelige formsydde jutematter av kapteinen ombord. Riktig fin suvenir frå India og den kjekke turen inn i landet!
Vasco Da Gama-rallyet hadde start 25. januar frå Cochin. Vi var då berre ni båter som starta, andre båter skulle komme med seinere (i alt 24 båter). Vi segla nordover på vestkysten av India ca 450 nm til området kalla Goa, til byen Panjim. Vi brukte ei lita veke på det. Vindretningen var stort sett nordlig og vi måtte motre omtrent heile vegen. Nattseilasene på dette strekket var ikkje så kjekke, det var så fryktelig mange små fiskebåter med lite og feil navigasjonslys på. Vel, på dagtid var det også mange fiskebåter ute, men då var det jo lettare å bedømma avstanden til båtane. Fiskebåtene var oftest små og enkle, men sjølv på denne litt større fiskebåten som bildet viser, gjekk inndraging av fiskegarna manuelt. Vi ankra i fleire fine bukter med fin sand og godt hold på veg nordover. Og det hendte fiskebåter kom opp på sida og spurde om vi ville ha fisk. Vi bytte gjerne til oss fisk, for vi fekk lite fisk langs kysten. Det overraska oss gong på gong kor mykje fattigdom det var i India, kor lite hjelpemiddel og maskiner dei hadde. Ta f.eks. vegarbeidere, i den brennende sola stod kanskje 50 kvinner og menn langs vegen med hakke og spade og gravde grøfter eller laga veg. Dei bar vekk steinane for hand eller la dei på hovudet. Ein kan fort bli oppgitt og tenke at dei skulle hatt seg som til dømes noko så enkelt hjelpemiddel som trilleborer eller for eksempel biler som sopa opp søppelet i byane ( i stadenfor 500 kvinner som gjekk med ein knøttliten sopekost), men det blir til at vi er tilskuere…….og tenkjer vi positivt på det, så er det jo jobb for fleire……!
Byen Panjim låg eit par mil oppover ei elv, i elva møtte eller passerte vi mange båter som frakta jernmalm. Dei kom tungt lasta på rekke og rad ut elva og i retur tomme. Denne trafikken gjekk natt og dag. Større skip låg utafor elvemunningen og mottok lasten.
Midt i byen i elva ankra alle rally-båtane. Atter ein spennande by å utforske. Her var folka meir påvirka av ”vesten-klær” så fleire gjekk i bukser både av jenter og gutar. India er det landet vi har sett flest tiggere og krøplinger gå gatelangs. Ofte satt kvinner og menn på gata og prøvde å selge eit eller anna. Også trist var det å sjå så mange bygninger til nedfalls, -bygninger som hadde vore fine ein gong…..men inn i mellom gamle bygninger stod det enkelte nye, fine og moderne butikker med billige varer. Vi fekk handla mykje fint av klær og skor til heile familien mtp heimkomsten til Norge. Tek med eit bilete av eit offentlig sjukehus……
Sammen med rallygjengen var vi på to dagsutflukter ut frå Panjim med severdigheter, dyrepark, marked, krydderplantasje og shopping.
I dyreparken såg vi dyr vi hadde sett før og dyr vi aldri hadde sett i virkeligheten, bl.a eit kjempepigsvin, antelope med fantastiske horn, flekkete dådyr m.m
Vi besøkte gamle imponerande byggverk som for eksempel kyrkja der St. Francis er gravlagt.
Endelig fekk vi sjå korleis cashewnøtter veks på trær. I dette området er det stor produksjon av disse nøttene. Vi kjøpte ein heil bærepose til ein billig peng (og vi har klart å spare nokre få til farmor kjem på besøk i Egypt…..).
Før vi skulle reise frå India og krysse over til Oman (ein distanse på ca 1100nm) var det å besøke frukt og grønt markedet i Panjim. Det var overveldende med gode varer, det var eit flott syn å sjå dei fargerike fruktene og grønnsakene (og damene i sine fargeglade sari), det bugna ikkje berre av det, men eit stort blomsterhav også, for indere bruker mykje blomar i religiøse sammenhenger. Vi handla i sekkevis og det var kjempebillig.
I oppsummering likte vi India, det var spennende, og vi vart godt mottekne alle plasser, folk var snille og hjelpsomme og ærlige, god mat, billig, men trist å sjå deira fattigdom og lave levestandar, kjenne på den forurensa lufta dei puster inn og sjå renovasjonssystem som mange plasser ikkje fungerte. Mange unge menn fortalde dei hadde lyst å reise frå India, men det var ikkje lett for dei.
Fleire båter hadde kome til for å bli med på fellesstarten i Vasco da Gama rallyet frå Goa, India.
Værmeldingane var fine og vi mønstra ut elva lørdag 7.februar. Då vi kom ut i åpen sjø ankra vi ei lita stund slik at vi fekk skrape av all groe under båten (då er det godt å ha dykkerutstyr om bord). Vi hadde radionett ein gong til dagen på SSB-radioen og stadig vekk VHF-kontakt med båtane rundt på overfarten, stort sett var vi i synlig kontakt med ein eller fleire båter. Vi fekk nokre fine tunfisker og delte gjerne med oss med å kaste ein pakke med fisk over på dekket på den andre båten når dei kom heilt opp på sida av oss.
Den fjerde dagen var det like fin og stabil vind som dei forrige dagane, men uten forvarsel kom det mot oss ein ”vegg” i stor fart, sola forsvann og det vart nesten mørkt (sjølv om det var midt på dagen), og i neste øyeblikk satte det inn kraftig vind. Alle segl vart dratt ned i full fart, radaren måtte på for sikten vart minimal. Båten, tauene, alt som var av stoff ute (kanvas) og madrasser og oss sjølve vart fulle av sand. Alle lukene måtte lukkast, sanden tøyt inn alle plasser. Sjøen vart piska opp og det spruta vatn over dekk. Slik hadde vi det dei neste to døgna, grunnen var ein sandstorm lenger oppe i den Persiske Gulf. Det siste døgnet roa det seg og vi motra inn til Salalah i Oman om morgenen den 9.dagen (15.februar).
Det går ikkje like fint for alle, vi liker ikkje å skrive om andres uflaks eller uhell. Men tre av oss 15 båtene som starta i India fekk problemer. Ein var kommet ca 1\3 av vegen då det vart noko feil med styringa og returnerte til India. Ein hadde feilrekna med diesel og vart liggjande og drive uten vind og diesel eit par døgn før han fekk hjelp. Ein fekk motorproblem og kunne ikkje starte motoren og vart også liggjande og drive uten vind i segla. Slike ting er slettest ikkje kjekt.
Vi fann ein god ankringsplass i den travle containerhamna, vi hadde anker framme og tau i land akter til ein steinmolo. I Oman søker ein visum når ein kjem til landet. Det var veldig greit og fort gjort å sjekke inn, sjølv om det var søndag. For no var vi kommet til eit araberland der dei har torsdag og fredag som vi har vår lørdag og søndag. Det varierer frå land til land kva det koster å sjekke inn, her betalte vi ca 700 Nkr. til sammen. Landskapet; det er ikkje så mykje å sei anna enn at det var sand, sand og atter sand, knudrete knauser, alt var i samme farge, gyllen brunt, skikkelig øde landskap rundt oss. Vi var i ei strengt bevokta havn og måtte ha pass for å gå inn og ut av havneporten. Her låg krigsskip frå mange plasser i verden. Vi kunne føle på kroppen at vi nærma oss eit meir ”anspent” og farligare område, piratane frå Somalia sin ”leikeplass”…….og dette har vore temaet det siste året blant seglere. Den store piratauken siste året har skremt mange. Dette var hovedgrunnen til at vi ville vera med i rallyet, -og gå i konvoi her ifrå! Vi fekk rapporter frå båter som låg lenger framme i løypa, fleire hadde hatt besøk rundt båten av mistenkelige båter som sirkla rundt dei.
Vi var mange gonger inne på tanken å sende Hedda og Marita til Norge medan vi gjekk i piratområdet, Oman til Rødehavet.
Litt roligare vart vi då kapteinen på eit tysk krigsskip gav oss gode råd. Stort var det for Hedda og Marita å få ein ”skuletur” med omvisning på eit Japansk forsvarsskip som låg i Salalah eit par dager.
Vi leigde oss bil i nokre dagar og fekk farta litt rundt. Vi kan trygt seia at her var det igjen eit kultursjokk og ”natursjokk.” Det er eit land med lang og interessant historie. No er det kjent som eit rikt oljeland og godt organisert\sivilisert land, dominert av Islam. Oman har ein sultan som har hjelpt å heva levesettet dei siste ti-åra. Standaren på bilane og vegane var ein himmel i forskjell til India. Nye og store bilar, vegane var mest unødvendig breie og fine. Arabarane gjekk i lange kvite kjolar og kvit rund hatt på hodet, og kvinnene gjekk omtrent heilt tildekka i svarte klede, BURKA, vi kunne knapt sjå augene. Av og til var dei også tildekka med slør. Dei fleste byningane i byen Salalah var nye, og overdrevet store, rundkjøringane var så store at dei var mest som eit parkanlegg med vannfontene, skulpturer, eller med eit eller anna kunstverk på. Det var sjelden å sjå ein araber som ”jobba.” Landet har litt over 1 million lokale, men derimot omtrent same antall innvandrere eller ”fremmedarbeidere.” Dei fleste fremmedarbeidere er indere, men også folk frå Sri Lanka, Bangladesh eller Afrika kjem også her for å ”søke lykken.” Oman treng også kvalifiserte arbeidere til ulike jobber. Vi møtte f.eks lærerene frå ein skule og dei alle var frå Egypt, havnekapteinen og dei andre på kontoret var alle frå India.
Rundt båthavna var det ødemark, men det var 20 minutter med bil til byen Salalah der det var gode matbutikker og frukt og grønt-marked. I byen var det mange og fine mosqeer, heldigvis høyrte vi ikkje bønneropa der båten låg. I Oman er det ikkje lov for turister å besøke mosqeer (uten spesiell tillatelse). Muslimane ber fem gonger til dagen, første gong klokka 05.00 om morgonen. Muslimane har delt skule, -ein for jenter og ein for gutar. Vi klarte ikkje å kome i kontakt med dei svartkledde damene.
Vi hadde ikkje køyrt langt på hovedvegen inn mot byen før vi såg kameler gå og leite etter noko grønt å tygge på ute på jordene. Vi stoppa og tok bileter av dei svære og fasinerende dyra. Dei hadde berre ein pukkel, så kameltypen heiter dromedar. Det var langt mellom kvar grøne kvast, det var så tørt så tørt, og landskapet ganske flatt. Glade og fornøgde var vi at vi hadde fått sett kameler, men ikkje lenge etter måtte vi bråstoppe, ein gjeng med kameler var på veg over køyrebanen. Og ikkje nok med det, -i rundkøyringen før byen var det igjen mange kameler som leika ”myke trafikanter” uten å kjenna til vikepliktsreglane. Det vart etter kvart ein vane å sjå opp for disse trafikantane. –Ikkje rart at det stod fareskilt med kamel langs vegane……
Alt har sin sjarm, og alt nytt, enten det er av natur, folk eller religion etc. er ein opplevelse for oss! -Vi køyrte i timevis i dette sandlandskapet, observere kameler og dei firkanta murhusa i små tettstader og inn i mellom det tørre, såg vi store grønne plantasjer av kokosnøtter, maiskorn og papaia. Vi køyrte langs kysten ein dag og såg dei kritt-kvite lange strendene, og forlokkande låg dei der uten folk på (berre kameler) og ropte på oss at vi måtte kome og prøve dei ut. Sjøen var litt kaldare, berre 27 grader, og med deilige surfebølger kosa vi oss. Vi fann fine skjell vi ikkje hadde sett før. Vi besøkte ein liten og sjarmerande fiskelandsby, Mirbat, medan vi fordøyde ein iskrem, sat vi og observerte livet i havna: fiskarane kom inn med fangsten i sine åpne, små og fargerike trebåter, lokale menn som kom og kjøpte (kvinner såg vi sjelden ute), dei feite måsane som sat og halvsov på båtripa, araberer som søkte skyggen for ein middagslur bak båthusa og andre heldt på å reparerte båtane sine, så stille og rolig……..iskremen var nesten skildd ned før stillheten var brutt……. -bønnerop frå fleire av mosqeane i landsbyen var øredøvende.
I nærheten av Mirbat låg Bin Ali si grav. ”Gravkammerset” hans var eit hus (mausoleum) med to markerte kvite kupler på taket. Ein familie hadde bønnestund der medan vi stod utenfor. Rundt huset var det tett i tett med gravsteiner, enkelte ligna meir på ein vanlig liten stein som stod på høgkant, andre steiner var litt større, og nokre få hadde inskripsjon, tørt og stusselig var det i alle fall.
Spennande bilstopp gjorde vi ved Khor Rori, Sumhuram som er på UNESCO-lista. Dette er ein havneby datert tilbake til 400 år f.Kr. For ca 50 år sidan oppdaga dei denne tildekka byen, men starta utgravinga for ca ti år sidan.. Vi fekk sjå arkeologer (frå Italia) i arbeid og prate med dei, entusiastiske om sitt arbeid og plutselig fann ei av arkeologane ei perle av bronse medan vi stod der. Dei hadde funnet boller av bronse, mynter av bronse, steinkrukker, og steinplater med gammal arabisk skrift. Det var ca 20 lokale menn som hjelpte til og køyrte bort sandmasser med trilleborer. Denne gamle havnebyen var viktig for eksport og bytting av den viktige varen som vart sammenlikna med verdien av gull, FRANKINCENSE. Frankincense er som kvae frå treet med samme navn, dette vart og er fortsatt brukt mykje til brenning, røykelse, og det avgir god lukt. Det vart allerede på denne tida eksportert til bl.a. Egypt.
Vi fekk også med oss ein annan UNESCO plass, Shisr. Vi køyrte over den lange fjellrekka som ligg nær Salalah, og tok av på ein øde grusveg. I fleire timer uten å møte ein einaste bil, hompa vi av gårde, og håpa inderlig at vi var på rett veg (dei få skilta som vi såg stod på arabisk) og at vi ikkje fekk motorstopp med den brennande sola over hovudet. Langt om lenge midt ute i ødemarka, dukke det opp heldigvis ein liten landsby, med kun 70 innbyggere, -så isolert og langt frå omverden. Som på den andre unesco-plassen, hadde denne ”glemte byen” blitt oppdaga for ca 50 år sidan. Ryktene om denne byen har levd med folk i hundrevis av år, men med satellittbilde for nokre tiår sidan, klarte dei å lokalisere plassen ute i den store ørkenen. Utgravingane hadde resultert i mange ruiner av hus, og eindel ting som var brukt av beduinane som hadde haldt til her. Plassen var bebudd frå 3000 år f.Kr. Årsaken til at folk kunne bu her var at det var då ein oase som no ikkje eksisterte. Forbi Shisr gjekk tråkket til kamelkaravaner med frankincense på veg til kysten. Å trakka rundt på disse 5000 år gamle tomtene var som å hoppa inn i dei gamle historiebøkene. For Hedda og Marita blir det litt fjernt og ikkje så interessant (endå…), men for oss store som huskar tilbake til historietimane, er det kjempespennande.
Guiden vår viste oss stolt eit tre av frankincense.
Vi spurde guiden på ”museumet” kor langt vi måtte køyre for å komme til ordentlig ørken, altså bare sand og ikkje steiner. Jo, berre ein halv times kjøring til, svara han. Dermed køyrte vi endå lenger ut i ”intet.” Men etter nye to timer med kjøring var vi nær ved å gje opp, og heldigvis dukka det opp ein liten landsby. Det var kun lærarane på skulen som kunne engelsk, så vi vart losa bort til rektoren, og vi kunne spørje etter veien til den ”ordentlige” ørken. Dei snille lærarane (frå Egypt) gav oss drikke og frukt og peika på retningen vi skulle kjøre. Endelig…….kom vi til eit landskap der det var slutt på steiner og busker, men bare sand som låg i ”bølgjer,” sånn som vi berre hadde sett på bilder før. Det var kjempestilig! No var klokka så mykje på dag at vi måtte haste for å kome på ein hovedveg før sola gjekk ned.
Kvar kveld køyrte vi heim til ”sneglehuset” vårt og sov. Siste dagen køyrte vi vestover langs kysten mot grensa til Yemen, terrenget var meir kupert, og fortsatt måtte vi fokusere på ikkje å kjøre på uventa firbeinte med lange føtter i vegbanen. Vi besøkte eit ”blow hole.” Når bølgjene braut inn mot det porøse og knudrete fjellet, kom det ein kraftig vannstråle opp av bakken når presset vart stort nok. -Og det gjorde det! Før vi visste ordet av det, fekk vi alle ein ufrivillig dusj.
Alle 24 båtene i rallyet var klare til å gå frå Oman 25. februar. Vi alle hadde fått bestemte plasser i konvoien, og denne posisjonen skulle vi halde i 600 nautiske mil til Aden i Yemen. Vi låg alle med ca 1,5nm i omkrets, og ca 0,25nm mellom kvar båt. Det krevdes stor konsentrasjon både natt og dag, den ”tregaste” båten bestemte farten. Det var eit flott syn med 24 båter i konvoi. Vi fekk ein kveld seks tunfisker (alle 1,5-2,5kg). Den siste dagen fekk vi ein flott rugg på 8kg, også tunfisk (som gleda mange).
Vi skulle ha minst mulig VHF bruk mtp pirater. Vi følgde med på rader, kikka oss rundt om der var fleire båter i følget, uvedkommende…..og det hendte rett som det var på dagtid at små fiskebåter kom i stor fart inn i konvoien, men heldigvis alt dei ba om var vatn eller røyk. Den eine dagen haldt vi pusten alle sammen. Ein større båt kom inn frå sida, den hadde tre hurtiggående båter på slep. Dei vart så nærgående at heile flåten vår stoppa opp for å sjå kva dei ville. Den fremmede båten kryssa rett framfor den første båten og forsvann. Vi får nok aldri vite om dei hadde hatt skumle tanker, -om vi hadde vore ein einsam seglbåt.
Den tredje dagen gjekk vi inn i ei fiskehavn, det var fleire som trong diesel, vi hadde motra omtrent heile tida (300nm). Mydighetene her gav oss ikkje lov til å liggja over natta, så vi gjekk vidare etter nokre timars stopp. Men det var greit for på nettene skjer det minst piratangrep. Vi motra oss gjennom tre nye døgn før vi ankom Aden i Yemen. Det var ikkje fritt for at dette kjentes som stort å feire. No var det verste piratområdet over, denne strekningen som har hengt over oss som eit mareritt på jordomseglinga!
Alle skandinavene var over til den svenske båten Malinda og tok ein skikkelig ankerdram for ”seieren.” Hedda og Marita hadde vore flittige på symaskina og sydd ein luktepose med krydder og såpe i frå ”krydderlanda,” og brodert namna til alle damene på, og forberedt ein tale til disse tøffe seglarane. Mor laga ei stor eplekake med norske og svenske flagg til pynt.
Det var lenge sidan vi hadde hatt ei heil og god nattesøvn, stuptrøtte seig vi om samtidig som sola gjekk ned. Kven hadde drømt om at diskoteket låg rett inn frå ankringsplassen. Kraftige høgtalere sendte grusom musikk til klokka var 02.00, det var så høgt at ”sov-i-ro” hjelpte ikkje. Frå djupt inn i drømmeland kom det neste vi verkeleg ikkje fortjente: fem mosqeer i byen starta klokka 05.00. med bønneropa. Det var det mest intense vi hadde høyrt, dette pågjekk kvar halvtime over tre timer. ”Se alltid lyst på livet….” , jo vi hadde mykje å glede oss over, -det er i alle fall sant, så lite søvn……pyttsann, det kan vi ta igjen når vi blir pensjonister!
Ordet kultursjokk, kan vi trygt bruke her også. Vi gjekk i land for første gong, vi hadde med oss eit par søppelposer, og det var fleire som stod klare og ville ta hand om dei….. fleire stod og rota i containeren etter noko brukande, -dei var fattige. Men folka derimot opplevde vi som kontaktsøkande og vennlige, til kontrast frå araberene i Oman. Sjølv om kvinnene gjekk i burka, gav dei oss gjerne augnekontakt og sa på engelsk: Welcome! where are you from, what is your name?” Det var så godt å sjå mange kvinner og barn ute i gatene. Fleire gonger hendte det at då vi kommenterte kvinnene sine nydelige auger, letta dei sjenert på sløret og ville vise ansiktet sitt, –og det tok vi som ein stor tillitserklæring. Ved ein anledning fekk Idunn også ”granske” deira tradisjonelle handmaling, HENNA, som kvinnene dekorer seg med. Eit par menn satt på gata og sydde nydelige kjoler, kjolene var i nydelige og fargerike stoff. Kvinnene går fint pynta under den svarte kjolen, burka. Burkaen har dei på når dei er utenfor huset sitt.
Aden hadde internettkafeer, men vi kunne ikkje ”skype” (ringe over internett) heim til besteforeldre som vi hadde håpa på. Og i Oman var skype blokkert, så vi fekk heller ikkje ringt der ifrå. Husa vi såg var gamle, nedslitte og det såg riktig fattigslig ut. Mange av husa var murt oppetter skråningane på dei tørre fjell\knausane. Bilane var også i dårlig stand, bulkete og rustne. Noko grønt var det lite av, nokre tre var planta i byen, men elles såg vi ikkje grønt gras eller busker rundt byen.
Rallyet arrangerte busstur ein dag. Det var ikkje all verden av severdigheter Aden hadde, men vi stoppa i ein spennande og travel by, med tronge gater og smug, mange små salgsboder og stort frukt og grønt marked. Det var mange som tigga om penger her, vi fekk fortalt grunnen; -det var ein dag i veka som var ”tiggedag.” Storfornøgde var vi då siste stopp var ei eit kjempestort supermarked, skulle nesten ikkje tru vi var i det samme fattige landet. Mest alt er importert som i Oman. Jo, forresten, store mengder dadler, fiken og honning. Det var egne butikker både i Salalah og i Aden der dei kun selde dette. I stadenfor sjokolade eller (når vi er tomme) for frisk frukt, så dreg vi fram ei skål med deilige dadler og fiken frå araberhalvøya.
Mest alle mennene vi såg i Yemen gjekk med eit kjempebollekinn som om dei hadde ein tannbyll. Det var blad frå planta, QAT. Dei laga ein ball av mange blad og tygde på dette heile dagen lang, om dei kjørte bil eller var på jobb så gjekk dei med denne grønne ballen innafor kinnet. Det såg skikkelig teit ut, spør du meg. Det var stimulerende stoff i den. Men det høyrtes ut som om dei levde i trua at det ikkje var farlig. Det er trist kva inntog qat har. Fryktelig mange er avhengig av det og bruker store deler av sin økonomi på disse bladene, i tillegg er det kreftframkallende. Lite ”matnyttig” blir dyrka i Yemen, og landet har mangel på vatn. Difor er det ekstra leit at qat-planta tek store områder av dyrkbar jord og krever mykje vatn.
Vi hadde kun seks dager i Aden, og vi skulle gjerne hatt fleire dager og reist til hovedstaden som fleire venner av oss gjorde. Det er eit spennende land med vennlige folk, -slik vi fekk inntrykk av!
Seint ein kveld kom ein seglervenn (frå Spania) seglande inn til Aden. Han segler aleine i ein liten 26 fot båt. Han fortalde oss at han hadde hatt ein tøff seilas frå Oman. Han hadde ein dag fått besøk av 12 pirater som gjekk inn i båten hans og forsynte seg av utstyr. Men mot sigaretter, solbriller, mat og arabiske ord frå Allah fekk han behalde PC-en sin. I tillegg hadde kystvakter frå Yemen oppført seg frekt og ubehagelig rundt han i mange mil. Stakkars mann, vi hadde stor medfølelse med han!
Vi fekk også gjort litt båtreparasjoner som sveising, kjøpt ny viftereim og filter. -Fylt opp med diesel og vatn. Her var dieselen dobbel så dyr som i Oman, men vi overlevte for det….. (i Oman 2,1 Nkr pr.l).
Rune kom heim frå ein tur i byen på jakt etter filter og kommenterte: man kan spørre seg hvorfor man ikke kjøper ti filter når en har mulighet til det! Han hadde køyrt rundt i taxi i ein time for å leite etter det rette filteret og måtte forklare med fingerspråk (på arabisk….). Så hans gode råd er å kjøpe mange av ein ting du veit du kjem til å trenge når du har mulighet til det.
Som alltid er det å besøke frukt og grønt-markedet og bruke resten av dei lokale pengane vi har igjen, rett før avreise frå eit land. Menn sat, stod eller låg og halvsov i sine enkle boder og venta på kunder. Dei hadde bra med varer, og vi fylte opp handlenetta våre. Prisen var ikkje noko å klage på. Både kjøtt, fisk, frukt og grønnsaker var samla på eit liten open plass. Her dreiv dei og slakta geiter og kylling. Så du fekk kjøttet ditt ”rykande ferskt.” Vi måtte jo kikke på fiskane som låg der i sola også, men det var helst for å lære oss navna og kva type fisker vi kan forvente oss å få utpå havet. Mennene gjorde opp fisker på eit bord. Litt andre forhold enn heime, -det sat ein heil gjeng med katter oppå det same bordet og gnagde på fiskerester samtidig (Aden hadde mange lause katter i byen) og flugene hadde det også ganske ”fett.”
Frå Aden til det smale innløpet til Rødehavet, Bab el Mandeb var det eitt døgns seilas, men Vasco da Gama rallyet var ”løyst” opp og vi kunne reise frå Aden når vi ville. Denne strekningen er også farefullt for pirater, men ikkje slik som mellom Salalah i Oman og Aden. Likevel valgte vi å segle i syns-avstand frå kvarandre. Vi hadde grei vind, men litt stort svell rundt innløpet. Vi kalkulerte at vi ville kome til innløpet då det lysna neste morgen, då er sjøen roligst. Det austre innløpet var så smalt, ca eit par nautiske mil på kvar side av oss. Vel inne i Rødehavet kryssa vi over skipsleia og over til Eritrea på Afrikakysten. Over radioen fekk vi høyre at ein båt i rallyet hadde gått på grunn om natta og tok inn vatn. Andre rallybåter var på veg til solosegleren for å hjelpe han. Inga god melding, men båten vart reparert i nærmaste havn og han kunne segla videre. Fin sørlig vind gjorde at vi tok eit døgn til og fekk gjordt unna mange mil før vi ankra i ei fin bukt på ei øy utafor Eritrea. Vi var ein gjeng på tre norske, ein svensk og ein japansk båt som no kom til å halde meir eller mindre sammen gjennom Rødehavet. Dei fleste av oss hadde fått fisk og vi kalla sammen til grilling og sushi på stranda. Japanerene som er tre trivelige karer hadde ein leksjon i sushi laging. I fredelige omgivelser sat vi på stranda, vi såg ingen lokale folk eller fiskebåter på denne vetle øya. Og sjekke inn til Eritrea valgte rally-lederen at vi ikkje skulle i år pga dei har auka prisane til besøkande seglbåter så mykje at det ikkje var aktuelt, men å ankre med øyene uten å reise inn i landet er lovlig.
Mykje god mat og drikke vart dratt fram, men det tok ikkje lang tid før det kom gående nokre lokale menn. Blide og høflige ønska dei oss velkommen til Eritrea. Dei fire mennene satte seg sjenert i bakgrunnen og såg på oss. Vi tilbydde dei både mat og drikke, men dei takka nei til det meste, spesielt alkohol. Hedda og Marita ville som vanlig ha sitt eget bål og grille sine pølser på og då måtte det lokal hjelp til for å få fyr på bålet i vinden. Då eg drog fram slike ting som sukker og tau vart augene deira store, og vi var glade for å dele sukkeret med dei. Etter ei stund tok den eine mot til seg og forklarte (med fingerspråk) at han likte syltetøyglaset eg hadde hatt sukkeret på. Kan ikkje seie anna enn at det kjentes godt ut å få dele litt av vår overflod og med det gjere andre glade.
Den fine sørlige vinden var berre å takke og bukke for så lenge den varte, så vi tilbakela mange mil med dagsegling nordover. Langs Afrikakysten i Rødehavet er det mange fine ankringsplasser i le for vær og vind utafor fastlandet. Det var ikkje kvar kveld vi gjekk på land. Fryktelig moro var det å fiske utafor Eritrea og Sudan. Det beit på snøret ei lita stund etter vi hadde slept det ut. Uten frys er det begrensa mengde vi kan fiske, så vi starta å tørke og salte tunfisk mtp baccalao. Dessverre fekk vi like mange barrakudaer som tunfisk, dei klarte vi å huke av og lot dei gå. Den grusomme og store kjeften til barrakudaen med dei sylskarpe tennene er til å få frysning av.
På ei av øyene vi utforska, kom vi over storker. Fuglane var nesten like høge som ein mann, og eg veit ikkje om det var vi eller dei som vart mest redde då vi samstundes fekk auge på kvarandre.
Ved Khor Nawarat som er ein del av Hanish Group over grensa til Sudan, stoppa vi eit par netter. Vi låg godt beskytta og hadde godt ankerfeste då det var litt sterkere vind. Det gjorde godt å få puste ut litt frå seglinga og nyte utsikten til dei fine flate øyene rundt oss. Sikten var ikkje den beste så vi snorkla ikkje. Eit par gonger fekk vi besøk rundt Blue Marlin. Den ein gongen var det lokale fiskere som berre var nysgjerrige og ville selge\bytte fisk eller som ville ha eit eller anna. Om bord hadde dei eit par døde haier. Dessverre så fisker dei hai her for kun å bruke finnen og selge til Asia som lager suppe på finnene. Fleire seglere såg haikadaver ligge i strandkanten og berre finnene var avskårne. Fryktelig leit! Vi fekk også besøk av grensevakter medan vi låg her. I dette fattige landet har ikkje alltid dei offisielle skikkelig båt eller uniformer, og dei ville meir tigge enn å sjå papirene våres. Kjempefornøgde var dei for ein pakke kjeks og eit par T-skjorter.
Det var ikkje mykje som voks på dei tørre sandøyene, men utrulig nok vandra det ca 20 kameler frå øy til øy på leit etter ein liten grønn busk å ete.
Ein morgon kom det ein mann i ein liten tre-seglbåt med eit fillete segl og uten motor ut til øya vi var ankra ved. Vi såg han grave heile dagen og kamelene flokka seg rundt han (han laga ”brønn” til kamelene). Vi bestemte oss for at dette er den ”rette mannen” vi har venta på så lenge for å gje det gamle storseglet til. Den vidunderlige stunda på stranda med denne mannen med kun fingerspråk som kommunikasjon, kan ikkje forklarast med ord:
Vi pakka ein liten sekk med mat og nokre hushaldningsting i sekken og la det kjempesvære seglet i jollen og reiste i land. Vi gjekk bort og helsa høflig på kamelgjeteren, han sat og banka ut snegler av sneglehusa han hadde røyka på bålet. Han hadde funnet dei i sjøen. Han hadde breidd ut eit teppe og ein plastduk for natta, ein striesekk med eit titalls plastflasker som han tydelig hadde plukka på stranda låg rundt tilhaldsplassen hans. Eit stort smil bredte seg ut over det brune og vennlige ansiktet hans. Uten eit felles ord peika vi på båten hans som låg inntil stranda og viste tegn til at vi likte den. Han vassa straks ut til båten sin og viste tegn til at seglet og tauverket var fillete. Rune tok han i armen og leide han bort til jollen vår som låg eit stykke unna og viste tegn at vi ville gje han nytt segl. Han tok seg til hodet, deretter til hjerta og bukka mange gonger. Han såg heilt forvirra ut om vi meinte dette. Vi hadde fått tau frå eit par andre seglervenner som vi kunne tilby han også. Han vart blank i augene og tok oss i handa gong på gong. Vi viste tegn til at vi ville sitte ned rundt bålet med han. Vi drog fram eit par fileter av tunfisk som vi hadde fått dagen før. Igjen lyste han opp, for det er ein fisk ein ikkje så lett får med ein liten seglbåt på grunt vatn. Vi pakka fisken i aluminiumsfolie, og han drog fram salt og pepper og anna krydder frå sine små plastbokser som ein gong hadde vore tablettbokser eller forsøpling på stranda. Her satt vi nordboere med ein kamelgjeter som drog fram den eine boksen\flaska etter den andre frå sekken sin og lot oss stolt lukte på. På ei plastflaske hadde han olje som han viste korleis han hadde laga av geitemjølk, ei anna flaske hadde han kamelmjølk på. Han drog fram ein avskåren medisinboks som han brukte som drikkeglas. Han helte kamelmjølk i det og rekte fram til oss. Dette er berre ein gong i livet vi opplever sa vi til kvarandre og tok ein god slurk av den skitne og velbrukte plastboksen. Vi nikka og smilte vennlig til han uten å vise tegn til at vi mest ville brekke oss, men påfyll klarte vi å takke nei til. I ein plastboks hadde han røykelse som han la på bålet så det lukta godt, frankensense. I ein annan boks hadde han teblader, i ein annan hadde han kaffibønner. Han drog fram ein stein med ei grop i og demonstrerte korleis han knuste kaffibønnene. Kaffikjelen hans var ein hermetikkboks med ein pinne i og ein ståltråd som bandt dei sammen. Som ein skatt drog han fram ei lita toalettveske. Vi forstod at han hadde fått væska frå ein seglebåt for lenge sidan. Oppi den tok han varsomt ut eit bilete av seg sjølv som nokon seglere hadde gitt han. Han gjekk bort og hjelpte Hedda og Marita med sitt bål, dei hadde laga sitt eget bål med konkylier rundt. Han hadde seks barn heime.
Det var ikkje mange orda som vart utveksla, men det trongs ikkje. Både vi og han sat med store smil og nytte stunda sammen. Vi hadde med litt småting og hermetikkmat som var små ting for oss, men stort for han. Dessverre kom mørknet fort og vi måtte bryte opp denne uforgløymelige stunda. Jammen, er det gull verdt å ha eit kamera og vi kan forevige gode stunder.
Suakin var byen vi segla til for å sjekke inn i Sudan. I ein smal kanal med koraller på begge sider kom vi inn i eit havnebasseng med ei øy i midten. Vi var ca 20 båter som låg ankra her. Ein hyggelig mann, Mohammed, tok i mot oss og gjorde alt arbeidet for oss med innsjekking. Ein agent for å sjekk inn er ofte vanlig, ein som kan lese, skrive og snakke arabisk og gå frå kontor til kontor. Det tok berre nokre timar og deretter kunne vi alle gå på land.
Suakin hadde ein gong vore ein velstandsby pga største havna for slavehandel. I dag var gamle Suakin som låg i totalt ruiner på øya i havnebassenget heilt frafolka. Byen var flytta til land, men ein skulle ikkje tru at det gjekk an å bu der heller. Husa som var bygt opp hovedsakelig av blokker av korall, rekved og rustne bølgjeblekkplater, var eit sjokkerande trist syn. Trur ikkje det var mange av husa som var tette, det såg ut som full gjennomtrekk i alle ”hus,”så tenk når det er sandstorm! Fekk ein følelse av spøkelsesby når vi vandra i dei smale gatene. Kvinnene flykta unna eller forsvann som dugg for sola når dei såg oss. Eit par unge menn stoppa oss og ville prate med. Dei ville fortelle oss at dei var illegale flyktninger frå Eritrea og håpa på ein dag å kome seg til Europa med livet i behold. Sudan var eit bedre land å bu i enn Eritrea, fortalde dei…….desverre kunne vi ikkje hjelpe dei, men vi har tenkt mykje på dei i etttertid og håper dei får ei god framtid i møte.
Inne på markedsplassen og i sentrum sat menn ute og drakk te og diskuterte. Mennene gjekk i kvite kjoler og damene hadde enten svarte eller fargerike kjoler som dekka alt bortsett frå augene. Transportmiddelet i byen var esel, enten det var for folk eller for vatn og varer. Ingen hadde innlagt vatn eller straum, esel med vanntank på slep gjekk heile tida i gatene. Det er det dyraste vatnet vi har fyllt på tankene våre (10 US$ for 100liter). Overraskande hadde dei eit bra utvalg av frukt og grønnsaker på markedet. Ein baker stod og kjøla seg ned utenfor bakeriet. Han ropa oss over og inviterte oss inn til å sjå bakeriet. Vi steig inn i eit mørkt rom uten vindauger med tjukke steinvegger og med jordgulv, berre lysstråler gjennom døra gav lys i rommet. Fire menn sat og laga klar deigemner i mørket, men det var nok lys til at vi kunne observere tusenvis av fluger rundt mennene. Han hadde fått i gave frå Kina ei eltemaskin og eit aggregat som han var så stolt over. Ein vedfyrt steikeovn brann, og han drog ut eit brett med pitabrød. Han rekte oss eit varmt brød kvar. Dei smaka nydelig, og vi bad om ein pose pitabrød. Nei, betaling skulle han ikkje ha, for han var vennen vår, sa han. Heldigvis, hadde vi ein bærepose med ting og gje vekk og han takka så varmt for det. Kanskje vi gjorde inntrykk på han, men han (også som kamelgjeteren) skulle visst kor stort inntrykk dei gjorde på oss også.
Hedda og Marita lurte fælt på kven som var dei fattigste vi hadde møtt på vår jordomsegling då vi vandra blant dei falleferdige husa. For på Tonga og Vanuatu for eksempel syntes vi det var leit at foreldre ikkje hadde penger til å ha barna på skule, men øyene var grøderike og dei hadde rikelig med vatn, så mat var ikkje problem. Og kva skulle dei med skule når dei voks opp til å dyrka jorda og ta seg av familien sin? Men her; det var så tørt at ikkje eit grasstrå ville vekse, så all mat måtte kjøpast, alle måtte ha tradisjonelle klesdrakter (derimot på øyene var det greit å gå i det du hadde) og her måtte alt vatn kjøpast frå vanntønner som esel drog på. Kva med dusjing og vasking, eller med kloakken når dei ikkje har eller er i mangel på vatn? Infeksjoner, sjukdomer? Vi fekk ikkje vite kva dei levde av eller kva dei tente penger på, men det er ikkje vanskelig å forstå at dette var det stusseligste vi nokon gong har opplevd.
Vi reiste straks ut til båten og tømte skuffer og skap for klede og ting og tang som kunne komme meir vel med her enn for oss. Takknemlige og beskjedne tok folk imot, men det meste av gav vi til agenten slik at han kunne fordele.
Ein morgen såg Rune ein mann med eit fillete segl segla forbi Blue Marlin på veg ut for å fiske. Rune heiv seg i jollen og køyrte etter han med ein halv spinnaker som han hadde gjort klart til ein ”trengande” segler. Om segleren ikkje forstod situasjonen då Rune kom fresande etter han og heiv ein pose oppe i båten hans, så veit vi at han må ha blitt kjempeglad.
Vi hadde kun tre dager her, for no hadde vi det travelt med å kome oss nordover til Egypt, til Port Ghalib, der farmor skulle mønstre på. Etter Suakin er det kjent at dei gode sørlige vindane vi hadde hatt hittil er sjeldnare. Værvindauge vårt var vel eitt døgn før kraftig nordavind skulle sette inn, og vi veit også at værskifte kan skje på svært kort tid, så det er alltid lurt å ha ei nødhavn planlagt når ein segler nordover. Men noko vi alle var enige om var at det er for galt å segle gjennom Rødehavet uten å ha snorkla og no var vatnet blitt utrulig klart og fint. Vraket etter det Italienske skipet Umbria som ligger utafor byen Port Sudan, grunnstøytte (med vilje) ca då 2.verdenskrig braut ut, -var vårt mål. Vi gjekk inn mellom nokre rev og huka oss fast på ein bøye, heiv jollen på vatnet og køyrte bort til vi var rett over eit skip som deler av stakk opp av vatnet. Adrenalinet pumpa ut i kroppen av det vakre synet. Eit flott ca 200m langt skip låg på sida på bunnen, berre nokre meter under oss, vatnet var krystallklart. Nokre vinduer var borte og erstatta med fargerike koraller i vindusposten, fisker i alle slags farger, fasonger og størrelser hadde tatt bolig i skipet og svømte inn og ut av vindaugene. Jo, dette gav meirsmak, vi hadde ikkje snorkla sidan Thailand. Stoppen tok oss ein time og så var det opp med seglene igjen. I eit heilt døgn nytte vi god vind og fekk unna mange mil, men så forsvant vinden, og vi merka at vinden starta å dreia rundt. Kapteinen tok dette som eit tegn at næraste havn var løysinga for oss. Dei fire andre vi segla med ville fortsette nordover. Vi segla inn til eit rev nokre mil unna, Elba Reef. Vi la ut to anker og forberedte oss til nordavind. Ein amerikansk katamaran hadde også søkt inn bak korallrevet rett før oss. Det er ganske sprøtt å ligge ute på havet, ankra bak korallrev som ligger under vatnet, men tar av for store bølgjer. Med iveren etter å få med seg ein snorkletur medan det var vindstille, tok det ikkje lang tid før alle var ikledd våtdrakter og masker og var i vatnet. Her også var det vi kaller på norsk ”BREATH TAKING!” Det var berre nokre og tjue grader i vatnet, så det var berre ”kulden” som jaga oss opp, elles var det ikkje lett å lausrive seg frå underverdenen. Trygt kan vi sei at dette er det desidert finaste plassen vi har snorkla på i verden. Hovedsakelig var det korallene som gjorde det så unikt, fasongene og fargene på dei titalls forskjellige typane. Dei voks tett i tett som om dei slost om plass på kvar ”bommies” (korallhode), det var heilt spektakulært. Vi såg løvefisk, skilpadder, store papegøyefisker og squid m.m
Rett etter vi var tilbake i båten auka vinden drastisk. Vi hadde 30 knops vind og den fauk til tider opp mot 40 i gufsa. Gjennom heile Rødehavet, vel, heilt sidan før Oman har vi prøvd å halde luker lukka pga sand i lufta, likevel blir det eit fint belegg inni båten, og no måtte vi til tider halde oss sjølve inne også. Neste morgen snakka vi på radioen med vennene som hadde fortsatt å segla gjennom natta. Vi var veldig glade for vår beslutning! Vi låg heilt fint bak revet og lot vinden herje i ni døgn før vi kunne fortsette å segle nordover. Dagane gjekk fort, vi benytta anledningen til lange skuledager, spel, lesing, baking, DVD, kos og småprosjekter. Nokre gonger då vinden var under 20 knop såg vi sjansen til å snorkle, og like fasinerande kvar gong. Rune brukte harpun og skaut fisk til middag. Vi køyrte over til naboen på katamaranen som låg der bak revet med oss med fisk ein dag, og Hedda og Marita hadde steikt opp eit stort fat med lapper. Dei vart glade for besøk, fisk og lapper, så dei drog ein stor pose med frosne svenske kjøttbollar (frå Ikea i Singapore) til oss. Ja, det var sjelden vare og stor luksus for oss, og uventa å få ”på kroken” midt ute i Rødehavet, herlig!
Den niende dagen skulle vinden roe seg og vi gjekk frå Elba Reef midt på dagen og rekna med å bruke to døgn til Port Ghalib (260nm) der farmor hadde tatt inn på hotell medan ho venta på oss. Der tok vi feil! Den første natta hadde vi fortsatt sterk motvind og krappe bølgjer som gjorde farten til kun 2-3knop. Bedre gjekk det etter kvart, men på det tredje døgnet, segla vi inn til Port Ghalib medan sola steig opp i horisonten. Det verste mareritt ein båteiger kan drøyma om kom oss i syne i den trange kanalen mellom koralla på veg inn til havna, ein seglbåt låg fult utstyrt oppå revet. Og vi kan ikkje la vere å tenke igjen på at vi har vore veldig heldige så langt…….! Det var gått fire døgn sidan farmor var kommet til Port Ghalib og vi håpa inderlig ho fortsatt venta……
Korleis det gjekk med å finna ei ventande farmor, innsjekking til Egypt, segling nordover, utflukt til Luxor og Kongenes Dal, Suezkanalen, møtet med Assem og barna i Cairo, pyramidene, egyptiske museum m.m. må vente til neste reisebrev. Vi ligger halvvegs i Suezkanalen i ein marina i Ismailia, og går videre ut i Middelhavet om nokre dager. Endå er vi litt usikre på ruta, men dei greske øyane blir antakelig dei neste stoppa.