Singapore-Malaysia-Thailand
I marinaen Oneº15 som ligger på Santosa Island utafor Singapore låg vi i to veker og nytte dei nye og fine fasilitetene.
Vi fann Singapore spennende, reint og ”lettvint” på mange måter. Etter to måneder i Indonesia var det ganske deilig å ete is igjen og gå på Mc Donald. Vi synes det er variasjonen eller kontrasten frå land til land som er med og gjerer jordomseglinga så spennande.
Singapore har ca 5 millioner innbyggere, hovedsakelig er folka frå Kina (76%), Malaysia og India. Landet er bl.a. kjent for alle sine strenge lover og regler. Det er for eksempel ikkje lov å tygge tyggegummi. Så det finnes ikkje i butikkene.
I Singapore oppsøkte vi ein tidligere studievenn til Idunn frå colleget i USA (16 år sidan). Han var frå Singapore, men om han budde her no, det visste vi ikkje. Etter mange mislykka forsøk fann vi endelig Roger Phua. Gjensynsgleda var stor, og Hedda og Marita fann straks tonen med hans tre barn. Roger kom til båten mest kvar dag, og tok oss med rundt i byen. Vi hadde mange koselige stunder med han og familien hans.
Sjølv om Singapore har mange skyskrapere, så er bygningene fine arkitekturmessig.
Den kjente steinfiguren, MERLION, er Singapores ”symbol.” Figuren har ein havfruehale og ein løvekropp.
I Little India i Singapore var det som å være i India, mest alle såg indiske ut med indiske klesdrakter, vi høyrde indisk musikk ut frå butikkane, lukten av røykelse, hindu templer og kun indiske restauranter. I denne bydelen praktiserer dei sine tradisjoner, og medan vi var der var det den årlige lysfestivalen, DEEPAVALI. Då tenner dei massevis av lys ute og inne, og gatene lyste så fint etter det var mørkt. Lyset er eit symbol på at det skal ta bort det vonde og mørke og bringe fram det gode.
Singapore har også gode museum for store og for små. Vi brukte ein heil dag på Science Museum og ein heil dag på Asian Civilisation Museum.
Den kjente shopping gata var også eit ”must” å besøke, Orchard Road. Vi vart gode ”reserer” i å ta den hurtige banen gjennom byen, MRT.
Dyreparken, Singapore Zoo, var overraskande bra. Dyra hadde store områder og mengden og utvalget var fantastisk. Der var kvite tigrer, nashorn, løver, leoparder, flodhester, komodo drage (varan), fugler, slanger, bjørner og tom isbjørner, titalls forskjellige apekatter m.m og gode show. Etter ein lang dag i dyreparken gjekk vi til neste park som låg i nærheten, det var Nattsafari. I stummende mørke satt vi på ein åpen bil som tok oss gjennom eit område der vi såg nattdyra jakte, ete eller rusle rundt. Det var nok ikkje som ordentlig nattsafari i Afrika, men spesiell stemning då alt var stille og mørkt, og berre svake lyskastere som traff dyra.
Det prisbelønna lasershowet, ”Songs Of The Sea,” på Santosa Island kan verkelig anbefalast. På ein tribune mot sjøen satt vi og beundra musikk og lysshowet. Vatn vart spruta opp over ein liten tillaga husrekke ute i sjøen, og på vatnstrålane sendte dei lys. Av lyset og musikken vart det eit eventyr med fargerike figurer som vart framført.
Ein lørdag samla vi begge dei kjekke familiane vi hadde vore med i Singapore. Den norsk\australske familien Kjersti og Harald med sine tvillinggutar og Roger Phua med si amrikanske kone og deira tre barn på Blue Marlins tradisjonelle lørdagsgraut. Der det er hjerterom er det husrom seiest det, -vi var 14 stk i cockpiten på risgraut og kaffi. Utkjørte etter leik i bassenget kosa ungane seg med DVD i båten.
I forrige reisebrev fortalde eg om Kjersti og Harald som vi møtte tilfeldig i Australia. Vi hadde koselige ettermiddager hos dei med grilling i hagen både i Australia og i Singapore. Vi setter fryktelig stor pris på å ha venner over ”heile verda,” og vi har lagt ut mange invitasjoner heim til oss i Norge på vår veg, så no får vi kome oss heim og ta imot…… som f.eks disse to familiane, håper vi.
Båten fekk også litt ”oppmerksomhet” i Singapore. Vi bytta nokre wirer, så no er heile riggen fornya (vi bytta nokre wirer i Darwin også) og skroget vart polert.
Det var blitt 22. oktober og tida på visumet i Singapore var brukt opp og vi måtte videre. Vi skjønar godt Kjersti og Harald som ikkje klarte å rive seg laus frå Singapore, dei hadde budd ti år i Singapore.
Å sjekke inn og ut frå Singapore var interessant. Vi segla nokre mil ut frå land før vi kalla opp immigrasjonen på VHF-en. Etter ei lita stund kom ein båt opp på sida vår og vi rekte over passa og utfylte skjema i ein fiskehåv. Etter 10-15min fekk vi klarsignal tilbake at alt var OK, og fekk passa tilbake i håven. Den same prosedyren vart gjort då vi ankom Singapore, effektivt og greit.
Med full konsentrasjon om styring av båten, segla vi blant hundrevis av store skip som enten var i siget eller låg ankra. Rundt Singapore er det verdens travleste shippingline, og det kunne vi godt forstå. Litt lite trivelig var det då vi såg ein svart vegg med værskifte kom sigande mot oss. Alle segl vart tatt ned og sikten vart minimal og vinden auka, og vi var fortsatt mellom mange og store skip. Dette er eit kjent værfenomen på disse breddegradene, men det går som regel fort over. Vi klarte å motre i motvind og motstraum rundt søre spissen av Malaysia før vi la oss i le bak ei øy, Palau Kukup, i ein liten og travel fiskeoppdrettsplass før mørknet. Det regna i eitt sett i tre dager, men det var heilt greit så lenge vi ikkje måtte haste videre. Då kunne vi konsentrere oss om skule og kose oss. Når vi må halde oss innendørs i fleire dager så kjennes båten ekstra liten ut. Vi baka skuleboller og eplegjærkringle og syntes vi verkeleg var på hytteferie. Einaste vi kunne hatt det ti grader kaldere, varmen og fuktigheten rundt ekvator har vore litt i meste laget.
To dagseilaser gjenstod før vi ankom Port Dickson som ligger litt nord for den kjente byen Malaka. Vi hadde mykje motvind og til tider motstraum, ettersom Malaka Stredet er som ein lang kanal\sund med den Idonesiske øya Sumatra på vestsida og Malaysia på austsida. Sundet er grunt og det kreves mykje konsentrasjon å gå Malaka Stredet pga mange små fiskebåter, fryktelig mykje rot og skrot som flyter i sjøen og ikkje minst garn som fiskarane setter over alt oppover stredet. Vi kjøyrte rett inn i ei stor klyse med tau, men propellkutteren kutta det, heldigvis. Store tømmerstokker kom drivende også. Det er ikkje så mange havner å gå inn i, så vi berre køyrte litt nærmare land og slepte ankeret ned for natta.
I Port Dickson møtte vi igjen fleire båtvenner i marinaen og det var kjekt. Vi leigde oss bil i ei lita veke og tok ein utflukt. To dager kosa vi oss i den historiske byen Malaka. Malaya (som landet heitte før) har vore i manges interesser pga at monsunvinden har tatt seglskip frå India eller frå Kina. Allerede på 1000 tallet kom Indarane og bytte til seg gull, tinn og tre frå regnskogen. På 1400-tallet viste Kina stor interesse og lova Malaya beskyttelse og samarbeid. Samtidig kom Islam og bredde seg over heile Malaya.
Malaka vart den viktigaste havnebyen mellom aust og vest (kryddervegen), der Europearane kom med varene sine og bytte med dei som kom frå aust, f.eks Kina. Dei store rikdomane som oppstod kring handelsbyen gjorde plassen attraktiv.
Portugisarane erobra byen i 1511, deretter overtok Nederlendarane i 1641 og England i 1795.
I 1957 fekk Malaya sjølvstyre, men rett etter fulgte ei tid med uroligheter, både interne konflikter pga ei kommunistgruppe og konfrontasjoner med Indonesia. I 1963 vart dei to områda på Borneo, Sabah og Sarawak, i tillegg Singapore med i Malaya, dermed vart det nye landet danna, Malaysia. Fortsatt med stor spenning og konfrontasjoner fulgte, spesielt mellom malay folket og kinesere. I 1965 vart Singapore skilt ut og fekk sitt eige styre.
I Malaka besøkte vi gamle fort, kyrkjer og andre historiske bygninger. Vi kunne tydelig få ein forståelse av at det her ein gong hadde vore velstand, men det trengtes mykje oppussing til for å halde slikt vedlike! Som i mange store byer fantes det også ”Chinatown” og ”Little India ” i Malaka. I den kosmopolitiske byen kunne vi få med oss Buddha tempel, muslimske moskeer og kristne kyrkjer.
Vi overnatta på ein koselig plass, Kancil Guesthouse i Malaka, og vart svært godt tatt vare på av den unge styreren.
Rune og Idunn besøkte Malaka for 13 år sidan, då besøkte vi eit museum som gjorde slik inntrykk på oss. Museet, Muzium Rakiat, fann også Hedda og Marita interessant. Det har ein avdeling der dei viser bilete og forklarer kva folk gjennom århundrer har gjort for å sjå finare ut eller virke meir attraktive. Vi kan f.eks ta frå vår kultur, korsettet, eller knekking av ribbebein for å få smalare midje, andre filte ned tennene til spisse stubber, kroppstatovering, forma nyfødde sitt hode fordi ovale hoder var finare, sette på tunge ringer rundt hals for å få lengre hals, skjærer i huden for å lage mønster, jo større plate i lepper eller øyrer jo finare, kinesere som surra jentene sine føtter så dei fekk små og forkrøpla føtter, etc. Det har blitt gjort mykje grotesk med kropper for å ”smykke” den.
Det vrimla av sykkeltaxier for å frakte turister. Syklane hadde gjerne høgtalerannlegg og spela høg musikk, og dei var overdådig pynta.
Det neste på ønskelista var å oppleve fjellet inne i landet, Cameron Highland. Malaysia har ei lang kyststripe med fine strender, men inne i landet er det ei fjellrekkje. Vi bila forbi hovedstaden Kuala Lumpur og såg milevis med dyrka skog, olje-palmetre langs vegen. Då vi tok av frå den fine motorvegen langs kysten, bar det oppover på smale, svingete vegar med tett jungel på begge sider. Vi køyrte forbi fleire små samfunn inne i dei grønne skogane og husa var bygt på tradisjonelt vis. Her hadde ikkje noko påvirkning frå den moderne sivilisasjon nådd. For ein kontrast til Kuala Lumpur som låg ca 3 timer unna! Her stod husa på pålar og var av bambus og bananblad. Dessverre har mange slike stammefolk blitt dreven bort pga myndighetene byggjer ut skogen til fordel for å dyrka opp marka, eller ta ut skog til andre formål. Ulovlig uttaking av skog er eit kjent fenomen i Malaysia og Borneo.
På ca 1200 moh låg den vetle hovedbyen i Cameron Highland, Tanah Rata. Den kjølige lufta fekk oss til å tenkje på heime med god og frisk haustluft, og ytterjakkene måtte på. Cameron Highland er ein svært populær plass å reise til for malaysiere i helgene og internationale turister som ein forandring til det tropiske låglandet lang kysten. Det er lagt opp turstier i den tette jungelen etter kva utfordring ein ønsker og kva form ein er i. Den høgaste fjelltoppen er på litt over 2000moh.
På dei slakke åsane var det som om eit grønt teppe var lagt ut. Svære områder var teplantasjer og atter teplantasjer. Det var billedskjønt å sjå kilometer på kilometer med ”grønt teppe.” Gangene mellom tebuskane laga fint mønster. Jordsmonnet (sur jord) og klimaet (gjennomsnittlig 23 grader og 16 på natta) gjer at tebusker, frukt og grønnsaker liker seg godt her. På lang avstand kunne vi sjå flittige teplukkere med store vidbremma stråhatter mellom radene. Vi besøkte teplantasjen BOH, slik at vi kunne vandra mellom buskane, og få omvisning på tefabrikken. Der demonstrerte dei prosessene frå teblada kom inn til fabrikken til dei var tørka og ferdige teblad som ligg i poser.
Kvar tredje veke plukker dei nye skudd frå tebuskane. Før moderne maskiner vart tatt i bruk kunne ein teplukker plukke for hand 30kg per dag. Med spesialmaskin på flate åkrer klarer ein mann å hauste 9000kg på ein dag. Men mange plasser er terrenget for bratt til dei moderne maskinene og eit alternativ til handplukking blir gjort, då klarer ein mann 300 kg per dag.
Fabrikken hadde utsalg av sine produkt, og selvfølgelig lot vi oss friste etter smaksprøver, og vi har aldri kjent maken til bedre te!
Tenk å kunne ete jordbær året rundt! Det kan dei faktisk i Cameron Higland! Her var mange jordbærgårder eller plantasjer. Markedsføringen for jordbær var enorm, alt du kunne tenke deg var med jordbær på, men vi likte best produktene som vi kunne putte i munnen.
”Jordbæråkrene” var høge bord som du kunne gå oppreist mellom og plukke, reint og ryddig sådan. Sjølvplukk vart det ikkje, det kosta 80 N kroner per kilo (og det var nemlig ikkje lov å smake på sjølvplukk). Det var bedre pris å kjøpe jordbær ferdig plukka, og vi hadde oss jordbærmilkshake, jordbærvafler, jordbæris og jordbærkaffi. Smaken av jordbæra var skikkelig bra.
Blomar voks også villig i dette grøderike landskapet. Dermed likte bier seg også her, og det igjen førte til honningproduksjon. Vi besøkte ein biefarm. Dei henta inn honning kvar dag så tilskuere fekk sjå. Ei kube vart tømt kvar tredje måned. Dei rekna med at det var ca 5-10 000 bier i ei kube og dei produserte ca tre kilo honning.
Sommerfugler trivdes også godt i høglandet. Vi såg mange ute på vår vandring i jungelen, men endå større mengde var det på ein sommerfuglfarm. Vi fekk bekrefta at sommerfugler er vakre i både farger og form. Her hadde dei også ei imponerande samling av mange slag biller og krypdyr. Kaktuser voks også bra i høglandet. Nettene var fryktelig kalde, vi fraus så mykje at vi nesten lengta tilbake til varmen, men utrulig nok såg vi at temperaturen hadde berre vore nede til 18 grader……
På veg tilbake mot marinaen i Port Dickson kjørte vi over eit fjellparti lenger sør. Å så deilig å sjå ville og bratte fjell som på Veslandet. Vi hadde som mål å besøke ein ”elefantheim.” Ein frivillig organisajon henter elefanter frå Malaysia, Burma og Thailand som er blitt foreldrelause, mista sitt skogsområde, eller er blitt ”inntrengere” på dyrka mark. Her hadde elefantene store områder å vandre fritt i, men dei små elefantene lærte dei litt oppdragelse eller ”temming.” Ikkje rart at ein kan bli ”forelska” i elefantungar, dei var såååå sjarmerande. Hedda og Marita fekk være med å mate dei, rid på dei store elefantene bade og vaske dei i elva. Den siste og største aktiviteten var då Hedda og Marita sat oppå elefantryggen og så gjekk elefanten uti elva, og på kommando dukka elefanten under med jentene oppå.
Vi var tre barnebåter som la i veg frå Port Dickson. Etter fire dagseilaser (vel, motring i motvind) ankom vi øya Pangkor som ligger litt over halvveis opp Malaka Stredet. Bukta, Pasir Bogak, var fin, men litt mykje rulling i båten. Vi var her i tre dager og hadde det sosialt og kjekt med dei andre barnebåtane frå Tyskland og Australia. Vi alle tre familiane leigde oss ein minibuss og fekk sight seeing på øya. Vi besøkte buddhist tempel, båtbyggeri, eit nederlandsk gammel fort og ein fiskelandsby. Inne i ein liten tettstad laga dei nudler, og nudlene vart tørka ute på bord i den travle gata. Ofte ser vi dei selge tørka små fisker i baljer på gatene også. Dei lukta vondt når vi går forbi, så vi kan ikkje sei at det frista.
Etter to dagseliaser til kunne vi endelig gå under den enorme brua som går frå fastlandet Malaysia og over til øya Penang. På Penang ligger Malaysias nest største by, Georgstown. Vi la oss i marinaen som låg midt i byen. Ja, dette var ein herlig og levande by. Ein smeltedigel av kinesere, malayer og indere, og dermed var det templer, moskeer og gamle kyrkjer (frå kolonitida). Trass i mykje trafikk av biler og mopeder i dei trange gatene var det ein sjarmerende og fargerik by. Tett med små restauranter langs gatene, skomakere, skreddere, gullsmeder, motorreparatører, frukthandlere, små forhandlerere av potter og panner, hummer og kanari….you name it…..fantes i nær gåavstand til marinaen. Og fleire båtprosjekter fekk vi gjort, for eksempel: galvanisert kjetting og anker, motoren til elektrisk vinsj reparert, ordna visum til Thailand, vaska og impregnert all canvass, laga ny rist til komfyren m.m. I tillegg fekk vi hatt god skule i det airconditioned rommet i marinaen. Etter fem intense dager med jobbing tok vi oss ”fri” på søndagen og reiste til det største Buddhist tempelet i Malaysia som låg oppe på ein ås med utsikt over Georgstown. Tempelet, Kek Lok Si hadde ei samling av fleire hundre buddhaer. Det vart starta på i 1890 og ferdig etter 20 år. Imponerande med gull, marmor og arkitektur var det også spennande å sjå dei truande be til buddhafigurene og tenne røykelse.
Ein lang dagseilas gjenstod til den nordligaste øya i Malaysia, Langkawi. Denne taxfrie øya er eit kjent ferieparadis for malayene og andre turister. Vi la oss utafor hovedbyen på øya, Kuah. No var det nedtelling av dager til vi venta besøk frå Norge. Igjen var det å prøva å ha skule på formiddagene slik at Hedda og Marita kunne leike med andre båtvenner på ettermiddagen og så visste vi at når onkel Sjur og Wenche kom på besøk vart det ”skulefri.” Då den store dagen kom (22.november), la vi oss i Rebak marina, på ei lita privat øy utafor Langkawi. Superspente troppa vi opp på flyplassen og tok imot to opplagte reisande. No var det nesten to år sidan vi hadde sett familie eller hatt besøk. ÅÅÅÅÅ, så godt å få klemma onkel Sjur og Wenche igjen. Dagen etter ankomsten var det ein skikkelig slaraffendag. Den tilhøyrande resorten til marinaen var deilig, med fint basseng, velstelt park rundt og ikkje minst dei store hengekøyane mellom trærna var supre å flate ut i. Apekatter satt nysgjerrig i tretoppane og venta på mat, store øgler på ca ein meter spankulerte også rundt bassengkanten, og som store skygger i lufta flaug dei store fuglane hornbill og kikka på dei kvite turistane. Dei rare fuglane har eit kjempenebb med ein stor ”klump” oppå.
Tida var begrensa til gjestene våre og vi skulle setje dei av på Phuket i Thailand ca ti dager seinare. Vi reiste over til Telaga, utsjekkingsplassen på Langkawi og Malaysia. Dagen før utsjekking leigde vi bil og køyrte rundt på den frodige øya. Vi såg rismarker, gummitre-plantasjer, handla frukt og grønt langs veien til seilasen, mata apekatter som satt langs veien og bada på den nordligaste stranda på Langkawi. Ikkje mykje å skryte over, synes vi, men dei hadde den lengste og brattaste ein-strengs-dinglebanen i Malaysia. Smånervøse tok vi banen over tretopper og stupbratte fjellknauser til ca 900moh. Vi kom nesten i kontakt med skyene, føltes det. Vi kunne sjå ned på alle fjelltoppene på Langkawi og dei første øyene som høyrte til Thailand, dit vi skulle neste dag. Liksom ikkje nok med den utordringen å ta dinglebanen, dei tøffaste av oss lot ein kvelerslange få klemme seg rundt kroppen. Og det var jo selvfølgelig Hedda og Marita og Wenche. Wenche hadde god trening i å ta utfordringer, medan ho var om bord var programmet ”71 º nord” i god gang. Så når vi hadde telefonforbindelse tikka det stadig vekk inn beskjeder på mobilen med ønsker om intervju eller kommentarer frå beundrere der heime. Til og med i Thailand vart ho gjenkjent på gata (av norske turister). Alltid med eit smil klarte ho å halda spenningen til dei nysgjerrige om ho kom til finalen.
Med fulle tanker av taxfree diesel (til ca 3,5 N Kr pr liter) segla vi den første etappen over til Thailand. Første øygruppa heitte Butang og berre 20 nm å selge til. I le bak øya Koh Adang fann vi ein bøye som var lagt ut mht korallene som er så lett å ødelegge med anker. Vi heiv oss i det varme og klare vatnet. Det kjentes godt ut å få snorkle igjen. Vi såg fine koraller, fargerike fisker, sjøstjerner, clam skjell og ”christmas tree.” Neste dagsetappe var berre nokre mil, til øya Koh Rawi. Her også fekk vi snorkla på koralla og helse på livet i sjøen. På land budde det kun ein mann og to hunder, han var parkvokter for øya. Med fingerspråk og kroppsspråk forklarte han oss kvar vi skulle gå for å kome til andre sida av øya. Gjennom ein tett jungel kom vi til ei brei, hesteskoforma og kvit sandstrand. Her fekk endelig Sjur og Wenche ei treningsøkt, vi gamle seglere er i så dårlig form at vi måtte berre sjå på sprekingane som jogga. På tilbakevegen då vi passerte huset til parkvokteren starta det å sprutregne, så han inviterte oss til å sitje på trappa hans. Han koka kaffi til oss og var riktig så takknemlig for besøk. Neste dag var det striregn og dårlig sikt, så då vart vi liggjande i ro. Vi baka skuleboller og skillingsboller. Då det letta på ettermiddagen rodde vi i land til vennen vår og sa vi hadde kaffimat med og om han kunne sette på kaffivatn. Full fart sprang han inn i huset sitt og kom nystelt ut etter ei stund med kaffi til oss. Han var så fornøgd med gjestene og gjærbaksten at han gav Wenche eit fint skjell til minne om denne gode stunda. Av Sjur fekk han ein kortstokk med norske naturbilete på. På steinane på stranda voks det massevis av østers. Parkvokteren sa at vi berre måtte ta, og Sjur og Rune henta så mykje østers at det vart rikelig til middag til oss alle.
Vi drog opp ankeret tidlig neste morgen og då vi ikkje segla i le av øya lenger møtte vi motvind og bølgjer. Resten av dei 40nm humpa og rista det heftig i blue marlin. Vi må skuffe leserene med at kvalme, skikkelig sjøsjuke og oppkast vart ikkje i dag heller. På ettermiddagen kom vi til øya Koh Rok Nok. Her fann vi også bøye blant dei titalls fiskebåtane som låg og venta på bedre ver. Snorklinga var endå bedre her, og vi såg bl. a ål, steinfisk og hummer. Neste morgon segla vi til øya nordafor, Koh Rok Nai og hadde ein tur i sjøen før vi segla vidare til øya Koh Muk.
Vi hadde høyrt om ei grotte, Emerald Cave, der sjørøvere pleide å gjøyme skattane sine og lokale pleide gå for å sanke fugleegg før i tida. Vi ankra ganske nær det bratte fjellet på Koh Muk, vi slepte jolla i vatnet og padla oss inn i ein liten opning i berget. Vi hadde lommelykter med, og padla oss innover i fjellet. Då vi lyste opp i taket såg vi tjukt med flaggermus som sov. I taket hang det lange stalaktitter. Litt spente om det var noko gjennomgående tunnel, såg vi endelig lyset i tunnelen. Ut ein liten opning kom vi til eit rundt krater. Det føltes som om vi stod i ein djup brønn, med bratte fjellvegger 360 grader rundt oss, halve ”gulvet” var sandstrand og det andre halve ”gulvet” i brønnene var tett jungel. Grønne planter klora seg fast i fjellsidene og lange lianer hang som om dei var klare til bruk for Tarzan. Og jammen så kom det to knalltøffe ”tarzaner” ut frå jungelen med berre eit blad framfor seg……
Det var så fint og eventyraktig inni krateret at vi måtte padle inn dit neste morgen også før vi la oss i veg over til øya Koh Phi Phi Le.
Vi la oss til inni den hesteskoforma bukta på Koh Phi Phi Le. Her var det også bratte fjellsider med stalaktitter på. Mange ”longtail” båter frakta turister ut hit på dagstur for å besøke den fine og kjente stranda. Det var her filmen ”The Beach” vart spelt inn og gjort stranda så attraktiv. Då turistane var reist heim på ettermiddagen hadde vi stranda for oss sjølve. Det er ingen overnattingsmuligheter på den vetle øya. Så det var herlig å sitte i cockpiten under dei steile fjellveggene og nyte ein stille kveld og ein solppgang.
På Koh Phi Phi Don er det derimot mange hotell. Vi ankra i den travle havna der små og store båter frakter turister frå øy til øy. Likevel har øya behaldt mykje sjarm trass i så mange besøkende turister. Det var ingen biler på øya, kun sykler og nokre mopeder. Stort sett frakta dei lokale varene frå brygga i kjerrer gjennom gatene. På andre sida av øya var ei fin strand med vakre omgivelser, og vi leigde kanoer og padla rundt i det turkisgrønne vatnet. Wenche hadde ein liten tur på sjukehuset på grunn av ei tå var sterkt betent og hadde dobbel størrelse. Men trass i at ho hadde snubla i mørket på dekk kvelden før og hadde smerter i handa fortalde ho ikkje legen om fallet. Det ville vise seg at etter åtte dager med smerter i handa gjekk ho endelig til doktor heime i Rosendal. Og då viste det seg at handa var brukket. Det seier litt om at ho var ein riktig utfordrar i 71º grader nord.
Trass i tåa og handa til Wenche bestemte vi oss for å ha julefeiring med julemiddag på byen. For no var det kun ein dag før vi ankom Phuket og vi visste ikkje korleis utfallet med kaoset på flyplassen i Bangkok ville påvirke heimreisa til Sjur og Wenche.
Heldigvis var julemiddagen unnagjort, for same kveld vi kom til Phuket var det eit fly som dei kunne væra med heim. Vi hadde julepakkeåpning før dei reiste til flyplassen. Det var forferdelig trist og leit å ta farvel. Hedda og Marita grein seg i søvn og ønska at dei kunne snart koma tilbake. Og ønsket deira gjekk i oppfyllelse!
Sjur og Wenche fekk ikkje koma med flyet då dei ikkje var ordentlig innsjekka i landet. Innsjekkingskontoret var stengt då vi kom til Phuket, så Rune vart med dei til flyplassen i tilfelle problemer. Og det vart det, så neste morgen vakna to strålande glade jenter som mest ikkje trudde sine eigne auger.
Innsjekkinga var ingen problemer med det ekstra mannskapet på Blue Marlin på havnekontoret neste dag, og vi fekk nyte deira selskap ein dag til før dei fekk seg eit nytt fly heim.
Vi segla heilt nord på Phuket, til Yacht Haven Marina der våres norske venner på Checkmate var. Det var over to år sidan vi hadde sett dei sist (på Cook øyene). Marit og Nils fekk eindel arbeid gjort i båten der og det ville vi også. Vi ville lakkere alle gulv, salongbord og nokre vegger, og litt småting for ein snekker. Arbeiderene kunne ikkje starte før om nokre dager så vi tok ein liten runde ut på øyene i bukta innafor og nordafor Phuket. Men først feira vi Idunns bursdag. Marit og Nils på Checkmate og Knut og Liv på norske Cintra sammen med deira gjest frå Stavanger, gjekk på ein liten sjarmerende og enkel restaurant med bølgjeblekktak og åt middag. Medbrakt kransekake til kaffien var suksess.
Øyene i Phang Nga Bay området er eit fantastisk syn, små i omkrets, men rette baguettforma høge topper, som ser ut som om dei har blitt slept i sjøen ovenifrå. Sjøen har tært på fjellet rundt øyene, så ved lavvatn kunne vi ta jolla og køyre under fjellet, og kikke opp på alle stalaktittene hengande som om det ville dropla stein i hodet på oss.
Vi fann fleire steindryppsgrotter vi kunne ta jolla inn i og kome ut i eit krater inni øya. Ei natt ankra vi ved sida av Cintra. Cintra var her i fjor også, men no ville dei vise Einar øyene. Vi ankra under ein stupbratt ” baguett,” og utsynet frå cockpiten var så spesiell at at vi kunne sitje i lange tider å beundre fjellformasjonane.
Frå Blue Marlin var ankra ved Koh Yang tok det oss fem minutter med jolla til øya der James Bond-filmen ”The Man with the Golden Gun” vart spelt inn (på Koh Ping Kan). Her kjem det hundrevis av turister kvar dag, men fordelen med eiga skute er at vi kan komme og gå til slike plasser når vi vil. Den sagnomsuste øya var også ganske utrulig som så mange andre øyer i området. I tilegg var det eit fjell på denne øya som ligna på ein katedral der to fjellplater låg inntil kvarandre. Etter eit besøk på James Bond øya var det lunsj i Blue Marlin med nysteikte rundstykker for begge båtene. Og deretter måtte vi kjøle oss ned i sjøen med litt action av pappa Rune…..
På veg tilbake til marinaen stoppa vi nokre timer for å vente på riktig høgde på tidevatnet for å kunne padle oss gjennom ei steindryppsgrotte (som på thailandsk heiter hong) på øya Koh Phanak. I kun lyset frå ei lommelykt padla vi gjennom den lange grotta, og kom ut i eit åpen krater der det var eit vatn som vi kunne padla over før vi måtte skunde oss tilbake igjen før tidevatnet tømte heile lagunen. Rundt vatnet sat det søte apekatter på steinane. På tilbakeveien var det som å surfa i eit elvestøk i den snokete tunnelen i mørket. Eit par turer inn i fjellveggen og ein grunnstøyting uten å få hol i gummijollen (heldigvis) var det godt å vera ute i sjøen igjen.
I marinaen vart det 12 hektiske dager med fire menn som pussa og lakkerte inni båten, snekkere som jobba, to menn som polerte dekket og skroget. Rune la nytt skinn på rattet, og mange andre jobber, jo, og lappa eit par hol i jolla. Jentene og Idunn gjekk til bassenget kvar dag og hadde skule der. Vi var så utrulig heldige at vi fekk bu i ein annan båt (norsk\engelske ”Endelig”) medan arbeidet pågjekk i Blue Marlin. Eigarane var på tur inne i landet og vi var overlykkelige for å passe Endelig.
I Thailand er det ingen tradisjon med feiring av jul, så arbeidarane arbeida like mykje på juleafta og 1. juledag. Sidan vi ikkje kunne flytte inn igjen før 2.juldag tok vi likeså godt å ”feira” jula då. Vi hadde vårt vetle juletre frå året før og under det låg det pakker frå familien heime og venner. Det einaste vi mangla var storfamilien rundt oss og julemat. Men med internett i båten er det greitt å ”skype” heim og då føles det ikkje ut som dei heime er så langt borte. Det er ikkje heilt sant at vi ikkje hadde julemat, for frå Sjur og Wenche hadde med noko. Og dessuten må vi fortelle om Hedda og Marita si spesielle venninne. Silje frå Oslo har jobba i mange år på ein svensk mega yacht og vi har truffet henne i Vanuatu og på Bali. No har Silje slutta å segla og gått tilbake i SAS, men kom til Yacht Haven Marina der ”hennar” seglbåt ligger. Ho kom for å lære opp den nye avtageren etter henne og tok likså godt å fylte opp bagasjen sin med godsaker til oss frå Norge. Så vi har ikkje lidd noko nød sjølv om vi har ete thaimat til middag i heile jula, for den er kjempegod. Silje kom ein dag til båten vår med eit kjempefat med nysteikte vafler og svensk blåbær og jordbærsyltety. Ho vart ikkje mindre populær hos Hedda og Marita då. Nett som då Sjur og Wenche reiste, vart jentene så triste når Silje reiste heim. Heldigvis kom den australske båten med to venninner til Hedda og Marita til marinaen dagen etter og sorgen gav seg litt. Dei fire jentene var kreative og lagde juledekorasjoner for salg, øvde inn eit sangshow som dei framviste på brygga for forbipasserende og lagde julegodteri. Slik tente dei penger til iskrem og til sin egen lunsj på restauranten. Dessverre kom den dagen våres veier skulle skilles med Bronty og Emily frå Australia.
3. juledag reiste vi frå marinaen og la oss for anker heilt sør på Phuket, der våres svenske venner på Nabob låg. Dei hadde besøk av barn og barnebarn frå Sverige, så no fann jentene seg ein ny leikekamerat i Vincent. Kvar dag har dei kosa seg i bassenget som tilhøyrer til Vincent sitt hotell. Den 30.desember hadde vi storfest for Kai på Nabob som fylte 50 år. Vi var samla fire norske båter i selskapet og to svenske. Skandinavere utgjerer stor del av segleflåten som samles i området rundt Phuket før overfarten til enten Maldivene, Sri Lanka eller India (men mange australienere vender heim igjen her).
Vi har sjekka ut frå Thailand og har kun igjen innkjøp av frukt og grønnsaker til den ca 1500nm lange overfarten. Vi rekner med å legge i veg 3.januar og håper på å lande i India ca 12 dager seinere. Alltid er vi spente på lange overfarter, men vi er i alle fall klare og håper at vinder og utstyr er snille med oss.
Ønsker alle våres følgesvenner, familie og venner eit riktig fint nytt år!