INDONESIA 2
Vi avslutta forrige reisebrev på Lembata Island der vi låg ankra utafor hovedbyen på øya, Lewoleba. Det var ikkje berre på land vi fekk mange inntrykk, men også då vi sat ute i cockpiten på blue marlin og observerte lyder, lukter og syn. Dei muslimske bønneropa frå moskeene var intense, spesielt Hedda syntes dette var plagsomt triste melodier, og måtte ta til tårene av og til. Bønnene vekte oss kl 05 kvar morgen. (Verre skulle det bli, for då vi gjekk inn i september måned, starta muslimene sin Ramadan, og synginga fortsatte til visse tider gjennom heile natta). For å oppleve verden med alt det vakre og med det ”mindre vakre” er det viktig å ha eit opent og positivt sinn. Vi laga oss då ein kopp med noko godt å drikke, satte oss ut i cockpiten og såg på at det begynte å lysne, fine farger på himmelen og vakre soloppganger. Lufta var då deilig og sval. I grålysinga kom titalls fiskebåter heim frå sjøen. Dei kjørte heilt nær oss i nysgjerrighet og gjerne song,vinka, ropa ”hello mister” eller ”selamat pagi” (godmorgen). Av og til tok dei opp fisk og lurte på om vi ville ha i det dei køyrte forbi. Fiskebåtane var lange og tynne, lave, gjerne eit lite hus på der dei kunne sove eller som skygge for sola. Dei var alltid mange om bord. Uten lyddemper så bråka båtane forferdelig. Ofte høyrde vi lyden før vi kunne sjå fiskebåten. Vi beundra fjella rundt oss som var spisse kremtopper eller kjegleforma vulkanfjell, nokre vulkanfjell var som ”levande” med ei kvit røyksky som stod opp frå dei. Sidan dei var så høge hadde dei av og til ein krans av sky som eit magebelte. Stod vinden mot oss kunne vi kjenne den stramme svovellukta frå vulkanane. Husa på land stod på påler, gamle og skeive små trehus, tett i tett. Og litt i bakgrunnen såg vi ein svær gullfarga kuppel, det var moskeen. Landsbyer kunne ha fleire moskeer, og det var det her! Dermed vart det heilt grusomt å høyre på når dei alle song på kvar sine songer over høgtaleranlegga og prøvde å synge høgast. Men alt ting har sin sjarm, om vi velger å sjå på det sånn! Det er jo derfor vi reiser jorda rundt, akkurat for å oppleve det som er annleis enn heime!
Vi segla i nokre timer og ankra i le bak ein sandbanke som igjen låg bakafor eit korallrev. Når det var flo forsvann omtrent sandbanken, men ved utfjæra vart det ein deilig plass å kose seg på. Vi var nokre båter frå rallyet som nytte strandliv, snorkling på koralla og elles så rolige dager. Vi fanga ein blekksprut og tilbereda den etter beste tyrkiske oppskrift. Dermed var forretten ved siden av ”sundowneren” på stranda i boks.
Dette vetle paradiset, Kroko Island, låg utafor austspissen av Adunara Island, og det var ikkje plass til meir enn ca 10 båter, elles ville det ha blitt for djupt til å ankre. Det var ei av dei finaste ankringsplassene vi hadde gjennom Indonesia. Med utsikt mot ein levande vulkan, turkisgrønt vatn rundt sandbanken, fine skjell, og ein sjarmerande bambusflåte der lattermilde lokale ungdomar var om bord på dagtid og jobba med perledyrking. Det var den einaste plassen vi ankra gjennom Indonesia der det ikkje var fastbuande. Indonesia har ca 230 mill innbyggere og er ein av verdens mest folkerike nasjoner.
På neste dagseilas kom vi til Flores Island som er ei lang og litt ”grønnare” øy (navnet sette nederlendere på øya som kjem av ”flower”). Den har også fleire høge vulkanfjell. Den koselige bukta vi ankra i heiter Tanjung Gedong. Vi var ikkje på land sidan vi kom om ettermiddagen og skulle videre neste morgen, men det vil ikkje sei at vi ikkje fekk kontakt med lokale. Rett etter ankring kom ca ti kanoer med barn og voksne ut til oss. Dei var berre nysgjerrige og hang på ripa. Alltid kjekt er det å kunne litt av det lokale språket, så vi pugger på gloser og kan gjere oss litt forstått. Dette setter alle lokale pris på. Vi forstod dei hadde lyst på T-skjorter, og det har vi mange av til å gje vekk og mykje andre ting. Men vi er sterkt imot at dei får når dei tigger (noko som vi egentlig sjelden opplever). Så vi spurde om dei ikkje hadde noko å bytte med, f.eks. skjell eller frukt. Kun ein av gutane forsvann raskt på land og kom tilbake med ein heil bærepose med svære nautilus skjell (dei mest spesielle skjella, synes vi). Gjett om han var storfornøgd med handelen då han fekk seg ny dykkermaske av oss. Lita stund etter kom ein annan mann med eit par nautilusskjell også, og han ønska seg T-skjorte og kladdebok og kulepenn til sønnen sin. Hedda og Marita fekk tilbud til å kjøpe ein manns nylaga kano. Dessverre hadde dei ikkje lyst på den etter ein prøvetur (noko som faren deira hadde ønska…..).
Ei øy utafor Flores Island, Pulau Besar, vart vi liggjande i tre dager med magesjuke. Det var ikkje anna enn å halde seg i senga og gå til og frå do. Heldigvis fekk vi alle det ganske samla og crewet kom fort på beina igjen. Dei fleste som kjem til Indonesia får som regel seg ein omgang med magesjuke. Men den koselige bukta var fredelig og god å ligge i. Eit par kanoer med lokale stakk innom og spurde om vi ville ha frukt. Den vetle fiskelandsbyen såg stusselig ut, her var det ikkje gullkuppel på moskeen, men blekktak som biletet viser, husa stod på høge påler og såg ut for oss at dei trong full renovering.
Batu Boga på Flores var vår neste stopp av favorittplasser. Den nakne vegetasjonen på land hadde meget spesielle farger. Frå havet hadde vi sett det klare skillet mellom gullfarge og svart landskap. No såg vi det endå tydeligere inne i bukta. Det såg ut som svart lava hadde rent igjennom fjellsidene med gullfaga hauststrå på, ganske stilig. Vi traff igjen våras svenske venner på Nabob og hadde gjenforening med svensk snaps og Hedda og Maritas spesialkake på stranda. Dei fire sjenerte ungane som budde der satt lenge i bakgrunnen og lurte på om det vart litt kakerester…..og det vart det!
I denne sjarmerande bukta var det berre to familier som budde, men mange fiskere kom inn her for å kvile på dagtid. Eit par karer rodde bort til oss og viste oss stolt blekkspruten dei hadde fanga. Dei hadde laga ein ”narreblekksprut” av tøy som lokka til seg blekksprut, og då slepte dei fort ned ein krok og hekta blekkspruten på kroken. Vi gjorde litt snorkling her, men det bar preg av ødelagt koraller. I årevis har fiskere brukt sprengstoff og cyanid på korall for å fange fisk, dette ødelegger korallene som er mat\matlager, hus, gjøymplass, fødeplass m.m for fisk. I tillegg til overfisking er resultatet at fiskemengden og størrelsen på fisken rundt øyene er tragisk.
Etter å ha hoppa over eit par rally-arrangement møtte vi gjengen igjen i Mausambi, også på øya Flores. Åpningsseremonien og gallamiddagen hadde dei lagt mykje arbeid ned i, med kulturelle innslag, tradisjonelle danser, sang av barn, leik og spel, bufeet med lokale matretter og tale av diverse prominente offentlige personer (som gav alt dette i ”gave” til oss). For oss i rallygjengen hadde dei satt opp ein liten ”landsby” med boder, restauranter, butikker, bord og benker, kontor for guider\turer, havnekontor m.m. Alt var bygt i bambus og palmeblad i tak og vegger. Lokalbefolkningen var i feststemning og kom langveisfrå for å ”sjå” på oss kvithuda seglere.
Rallyet arrangerte dagstur til det kjente vulkanfjellet, Mt. Kelimutu. Vi stod opp kl 03.30 ein morgon og reiste avgårde i buss sammen med ca 15 andre ”båtvenner.” Det bar oppover og atter oppover, vi passerte den eine rismarka vakrare enn den andre i soloppgang. Vi kikka ut bilruta på bøndene som var ute på rismarkene og pløyde åkrane med vannbøfler som trekkdyr, eller at vi berre såg dei krokete ryggene med ein svær kjegleforma hatt på hovudet i det bussen hompa seg tregt oppover dei holete veiene. Til ein forandring frå å sjå alt frå sjøsida nytte vi egentlig den hompete turen i den altfor trange og varme bussen. Det var så grønt og fint, flotte fjellandskap, spennande små landsbyer der griser, geiter, hunder og apekatter og høner gjekk i mellom dei enkle og små husa. Frå bussvindauget såg vi dei lokale folka gå med dei tradisjonelle ikat-vevde teppene surra rundt kroppen som skjørt, eller over skuldrene, eller over hovudet som skygge for sola når den stod på det høgaste. Mønsteret og fargane i teppene varierer etter kvar du er i frå, slik som vår bunad fortel heime.
Endeleg stoppa bussen etter nesten fire timer, nei, der tok vi feil! Det var guiden som måtte ut og ofre to sigaretter som han la på ein hellig stein. Han ba om at vi skulle få god sikt og at tåka skulle halde seg borte, slik at vi fekk sjå dei tre fargerike sjøane i vulkankrateret. Dermed bar det oppover litt til. Det hellige fjellet Kelimutu er 1600 moh. Vi gjekk i 15 min før vi stod på kanten av krateret og kikka ned. Skikkelig skuffa var vi då det berre var eit hav av tett tåke vi såg ned i. Det er to kratersjøar du kan sjå samtidig og den tredje må du snu deg rundt for å sjå. Guiden innrømte at han burde ha lagt ut tre sigaretter, men lurte til seg ein sigarett sjølv. Det såg faktisk ut som han meinte det. Vi følte oss litt lurt!
Akkurat då han hadde bedt om unnskyldning letta tåka som eit magisk teppe som steig opp frå djupt der nede. Og til syne kom eit lysegrønt vatn og eit brunt rett ved sida av. Vi vart heilt stumme av det magiske øyeblikket. Snudde vi oss 180 grader låg det eit svart vatn nedi det tredje krateret. Fargenyansene kjem av forskjellige mineraler som bobler opp. Disse kan igjen forandre seg med årene. Frå gammalt av trur dei lokale at sjelene deira går der etter døden. Den svarte er for kriminelle, den grønne er for barn og kvinner og den brune er for menn.
Bussturen gjekk deretter til ein liten landsby som held strengt på kultur og tradisjoner. Landsbyen låg oppå toppen av eit fjell og hadde panoramautsikt over dei djupe dalane. Vi vart møtt av heile landsbybefolkningen då vi steig ut av bussen. Straks etter forma det seg ei dansegruppe av menn og kvinner som song og dansa seg bakover i ca 500m. Dette var ein velkomstdans og vi skulle følgje etter. Som kongelige vart vi geleida inn i eit hus der vi alle fekk på oss ikat-tepper og overdel. Barbeinte og iført deira drakter bydde dei oss inn i det aller helligaste huset midt på gårdsplassen. Etter ein liten tale forstod vi at med vårt besøk til deira landsby, var vi med og ba om god komande risavling. I dette mørke rommet hang det hodeskaller av forskjellige dyr og symbolske trefigurer i tak og vegger. Det er ikkje ofte at lyse barn er turister i Indonesia, og i alle fall ikkje tvillinger som betyr dobbel lykke, så alle hadde lyst å halde Hedda og Marita i handa eller ta på dei. Dei fekk kvar sine trefigurer av ”kongen” i bygda. Spontant drog Idunn opp eit par med lesebriller til han, han vart skikkelig glad og sa at han såg mykje bedre og ville ikkje ta dei av seg. På tradisjonelt vis hadde dei laga mat som var i små bananblad-pakker og serverte heimelaga drikker (ingefærøl, lokal kaffi og sitronte).
Det neste på programmet denne dagen var å bade oppe i fjellet, i isvatn? Nei, tvert imot! Gloheite ”helsebringende” varmtvannskjelder. Det var mange av og dei, og lokale kunne enten sitte i elvene eller stå der og vaske klede. Men for oss ”reisende” var det laga til eit basseng. Det var godt for indre og ytre kropp!
Då bussen skulle reise ned igjen til sjøen tok vi farvel med reisefølget. Vi hadde fått guiden til å finne ein overnattingsplass til oss, og vi skulle ha vår første natt av båten på leeeenge (5mnd). Ein barneheim som vert dreven av nonner tok imot oss i Tedesoko. Dei hadde fine gjesterom og vi nytte ein stille og rolig ettermiddag i ei sval luft. Ein nytelse var det å gå tur langs rismarkene. Natta var deilig og kjølig. Dei serverte kjempegod mat til oss, og ei gruppe på ca 30 fantastiske unger underhaldt om kvelden (bare for oss) med sang, musikk og dans.
Neste dag vandra vi rundt i mellom dei små husa i den vetle landsbyen. Ute i tunet satt mødrer, barn og besteforeldre. Det såg nesten ut som om dei satt og såg på at avlinga si skulle tørke. Kaffibønner, ris og nellikspikre låg utover duker på nokre kvadratmeter inne i mellom forfedrene sine gravsteiner på gårdsplassen. Dette var både til eget bruk og\eller til å ta med til det lokale markedet å selge. Ei jente som kunne litt engelsk viste oss korleis trær med kaffibønner og med nellikspiker på såg ut. Her kunne dei hauste ris to gonger i året, i juni og i desember, sa ho. Så ein liten leksjon i risdyrking fekk vi også før vi måtte springe til bussen.
Den lokale bussen tilbake til lavlandet var eit eventyr i seg sjølv. Vi satt så trangt at det blir vanskelig å gjenfortelje. Bussen var så stappfull at ca 20stk måtte sitte oppå take på minibussen. Idunn fekk baksetet i bussen, men ikkje heilt åleine! Ho hadde begge jentene på fanget, trykt innimellom ein mann og ei dame, bak hovudet var hauga opp med bagasje, mannen hadde fire store kartonger med seg, det blokka alt utsyn mot høgre (der det også sat ein mann klemt inntil vinduet bak kartongane), framfor beina til Idunn, i midtgangen satt tre unge gutar oppå bagasje som tok utsynet framover. Dama ved sida av hadde ein baby som også kom delvis over i Idunns fanget. Vi var til sammen 9 personer som delte baksetet som egentlig var bygt for halvparten. I trappetrinna til venstre stod\hang det to menn, delvis på utsida av bussen. Etter eit par timer med verkende muskler og dysvette kropper kom det ei dame med 200kg ris i sekker. Sekkene vart naturligvis stabla under Idunns føtter og eit par sekker gjekk på taket. Slike øyeblikk kan ikkje fotograferes, berre filmes inne i hovudene våres. I ettertid gløymer vi heldigvis ubehaget, men ser på det med eit smil!
Blue Marlin hadde lege trygt inn i mellom andre rallybåter og alt var i sin skjønneste orden då vi kom tilbake frå Kelimutu. Vi har ikkje opplevd tjuveri eller forsøk på det i Indonesia. Folk er vennlige og vil oss godt. Vi høyrde eit par tilfeller om steling av tau på øya Sumbawa og dermed segla vi og fleire forbi denne øya. Heretter segla vi i forkant av rallyarrangementene resten av Indonesiaopphaldet.
Vi hadde eit stopp på Monkey Beach og ei natt utafor Inca Village før vi ankom den litt større plassen, Labuhan Bajo, heilt vest på Flores. Vi ankra utafor eit resort og fann det rolig og godt der. Lokale kom i båter og ville selge oss diesel, ta klesvasken eller hjelpe oss med handling av større eller mindre ting. Vi takka ja, og neste morgen kom dei og henta oss alle inn til byen. Det var ca ti minutter å køyre inn til byen med ”vanntaxi.” Etter ein dag med å surre rundt på interessante, lokale frukt og grønt marked, internett, cafebesøk, m.m var vi fornøgde då vanntaxien kom for å hente oss og hadde med nyvaska klede, 120 liter med diesel og eit par kasser med øl. Det lokale ølet, bintang, er knakande godt. For ei flaske (620ml) betaler vi ca 10 kroner og for diesel frakta ut til båten ca 4 kroner pr liter.
Labuhan Banjo er meir besøkt av turister pga at det er greit utgangspunkt til å besøke vulkanfjellet, Kelimutu, fantastiske dykke og snorkleplasser og den største attraksjonen: verdens største lizarder eller verdens einaste varaner (komodo drager) som held til rett vest for byen. Og her skulle vår neste drøm gå i oppfyllelse!
Inn i mellom mange holmer og skjær gjekk vi inn ein trang fjordarm på Rinca Island. Lenge hadde vi gleda oss til å treffe disse enorme øglene som kan bli over tre meter lange og dreper gjerne mennesker om den får ein sjanse.
Disse forhistoriske dyra finnes kun på Rinca og Komodo Island. Vi følte sikkerhet i å gå til den plassen på øya der det var parkvoktere som kunne ta oss med på fottur rundt på øya. Ganske kjapt heiv vi gummijollen på vatnet og køyrte i land til ei lita brygge. Her stod det velkommen til Loh Buay, Rinca. I mangroveskogen tett inntil brygga satt det ca 50 nysgjerrige apekatter og håpa på godbiter frå oss. Vi hadde peanøtter med og nytte synet av iveren etter maten, åpning av nøttene og babyer som alltid er misfornøgd med urettferdig deling i hierarkiet. På ein liten sti vandra vi opp til der parkvaktene var. På veien såg vi vannbøfler og villgriser, men ingen drager, heldigvis! Når vi tar egen båt inn i parken betaler vi ein inngangsbillett og får være på øyene i tre dager. Fryktelig spente på å møte dette store og ville beistet gjekk vi ut frå kontoret til parkvokteren.
Og der! Rett utafor døra hadde tre store varaner kommet ut frå skogen, dei var på ca tre meter, og ein liten på ca 1,5meter. Jo, dei var farlige. Ein guide kom oss i møte med ein lang pinne forma som ein Y, til å guide dragen bort om den kom for nære oss. Vi stod stille og såg på dette underlige dyret som ligna på ein dinosaurus, huden var grovporete som ein krokodille og altfor stor på kroppen og dei tjukke beina hadde kraftige klør. Dei er vanligvis dorske midt på dagen og liker å sove, sa guiden. Det var nett som den største hannen forstod hintet. Han blåste seg plutselig opp eit par størrelser og reiste seg opp på alle fire og hadde kurs rett mot den andre store hannen som låg litt bortafor. Etter mykje fresing og småhogging gjekk dei to kjempene opp på sine bakre føtter og åpna det fryktelige gapet sitt og beit etter kvarandre. Guiden ved sida av oss sa entusiastisk at dette var første gong han hadde opplevd slostkamp. Dama dei slost om titta sløvt bort på kampen, men då vinnaren låg på toppen av taperen, reiste ho seg og strauk tett forbi. Hannane sin kamp var over på ca 10minutter. Deira bakterier i munnen er så farlige at ein vil dø av blodforgiftning av kun eit lite bit (om vi ikkje får sjukehusbehandling raskt). Komododragene kan springe 18km i timen, legger 20-25 egg, kjønnsmoden når dei er 7-8år, lukter sitt bytte med tunga på opptil fem km, er ca 30 cm lange når dei kjem ut frå egget og kryper då rett opp i tre og bur der til dei er 2-3 år pga sin familie som er kannibaler. I treet lever dei av små larver, fluger og fugler. Dei større varanene lever av, hjort, villhester, villgriser, vannbøfler, geiter og apekatter. Då våres norske venner på ”Necessety” var der eit par veker før oss hadde varanene bitt ein vannbøffel og ein rekna med at byttet ville leve i ca ei veke før det ville død som følger av bittet.
Kjempefornøgde med mange flotte bilder og video av slostkampen rusla vi heim og gleda oss enormt til fottur neste morgon på øya med ein lokal gut. Han hadde vokse opp på andre sida av Rinca der den einaste landsbyen på øya var og levd ”med trusselen” for disse dyra. På spørsmål om dei jakta på varaner eller åt kjøttet til varanane var svaret blankt ”nei.” Dei trudde at deira forfedrer budde i dei, så varanane var hellige. På vår ekspedisjon gjekk vi gjennom den tørre og ville vegetasjonen. Eit brak i buskene gjorde at vi alle spissa sansane. Ein stor vannbøffel kom til syne i det høge graset framfor oss. Vi haldt pusten og lurte oss rundt han. Dette skjedde eit par gonger til. Vi sneik oss inn på 3 par varaner som låg og para seg (paringstid er juni til august). Hjorter såg vi berre på avstand. Etter ein interessant rundtur kom vi tilbake til parkvokterens hus, og her fekk vi ein skremmande opplevelse. Ein stor han-varan kom ut frå buskane og rett mot oss. Guiden sa ”GÅ” til oss, ”ikkje spring, men gå fort.” Plutselig satte varanen opp farten og hadde stø kurs mot Hedda og Marita. Då ropte guiden igjen, ”SPRING, SPRING” og med bankande hjerter og hivende pust bar det rett inn i parkvokterens hus. Og der var vi til beistet hadde forsvunnet og pulsen var normal igjen. Guiden fulgte oss heilt til jolla for det var observert varaner ved brygga. Jo da, der låg det også varaner som vi måtte gå rundt, men dei låg og lurte seg innpå apekatter som satt i mangroveskogen ved brygga. Seinast i fjor var det ein 8 år gamal gut som vart drepen av ein varan. Det finnes ca 800 varaner på Rinca og ca 2000 på Komodo Island.
Overfarten til neste øy, Komodo Island, måtte planleggast nøye, det var viktig kvar gong vi gjekk frå øy til øy, for er ein riktig uheldig kan ein risikere å få 6 knops motstraum. Det er kun ein landsby på Komodo Island som på Rinca. Vi ankra utafor denne landsbyen fordi vi ville besøke ein ung mann vi hadde møtt på Vest Timor, Sukri. Han laga flotte varaner i tre og selte i Kupang medan rallybåtane var der. Vi spurde oss fram til Sukri. Alle husa stod på høge påler, både pga av varaner på øya og stor sjø til tider. Sukri og broren hans satt under kvar sine hus oppå eit bord med beina i kors og skar dei nydeligaste trefigurene. Broren laga kjempesvære trevaraner, mest i full størrelse. Sukri hadde spesialisert seg på to varaner som slost, akkurat slik vi hadde opplevd det dagen før. Brødrene med sine sønner vart med ut til båten vår for å sjå kva dei var interessert i å bytte til seg mot trefigurene vi ville ha. For inne i landsbyen vart det kaotisk. Vi hadde ein hale av ca 50 ungar ropande rundt oss. Dei ropa etter kladdebøker og penn. Då vi opna ryggsekken vart det nesten slostkamp, så ”ivrige” unger hadde vi aldri opplevt før.
Ein av Indonesias flottaste snorkleplasser er akkurat rundt disse to øyene. Og dei neste dagane no brukt vi mest like mykje tid over sjøen som under sjøen. Ved Red Beach på Komodo Island låg vi i to netter. Der var det ein bøye (for at besøkende ikkje skulle ødelegge dei skjøre korallene med ankeret) og vi låg fendra sammen (delte bøyen) med ein tysk katamaran, Yara, som hadde ein gut på 5 år, og det var kjekt for Hedda og Marita. Vel, egentlig for alle, for då laga vi middag annen kvar dag dei neste fem dagane, og hadde mykje sosialt og kjekt i lag. Navnet ”Red Beach” passa bra, for sanden hadde ein rosa farge, nemlig fordi inn i mellom den kvite sanden var det knuste småbiter av raud korall. Vi tok jollen og køyte inn til parkvokteren på Komodo Island her i frå, og han følgte oss også rundt på øya. Vi såg ikkje så mange varaner, men derimot titalls fine hjorter, villsvin og fargerike fugler.
Vi forska ut to ankringsplasser til nord på Komodo Island sammen med Yara, heller ikkje her vart vi skuffa over livet, fargane, korallane, mengden med fisk, hai, skilpadder, djevelrokker i det fantastisk klare vatnet.
Batam Island vart neste stopp, her er det ingen fastbuande, men mange fiskebåter kjem inn og kviler på dagtid då bukta er så godt beskytta. Atter ein koselig gjenforening hadde vi med svenske Nabob og norske Celine frå Flekkefjord. Vi grilla på stranda om kvelden og delte erfaringer siden sist og planla ruta videre. Men dessverre skilte våres veger etter dette og vi alle seiler ”vår egen sjø.”
Vi tok likså godt ein etappe på to døgn og landa på den velkjente turistøya Bali. Må fortelja om ein meget spesiell fiskehistorie som hendte oss på denne seilasen. Fiskesnøret hang ute som vanlig bak båten. Det er ikkje daglig å få fisk, men i alle fall fekk vi om bord ein flott dorade\mahimahi på 2-3 kilo. Alltid nysgjerrige er Hedda og Marita kva fisken har i magesekken, så vi opna opp, men kniven traff noko hardt….. det kom ut ein svart stein på størrelse med ei klinkekule. Nei, kniven traff endå ein gong i noko hardt. Til syne kom eit nydelig og heilt PAPIR NAUTILUS SKJELL MED BLEKKSPRUTEN INNI. Dette er eit skjell vi aldri trudde vi skulle finne: for det første er det så sjeldent og for det andre trudde vi det levde lenger sør, og for det tredje er det så tynt at det er vanligvis knust når folk finner det. Eit mysterium er det korleis han har fått skjellet inn i den vetle fiskemunnen sin og behaldt det skjøre og tynne skjellet heilt!
Vi segla forbi øyene Sumbawa og Lombok, og i mellom øyene gufsa det opp 15 knop raskt, men i le bak øyene var det motring og atter motring. Vi ankom Lovina Beach på nordsida av Bali på formiddagen. Ein stille og rolig plass, fin strand, grønne palmer små og gode restauranter (med svømmebasseng!) og koselige butikker. Blide folk som ville selge oss alt mulig krims krams tok imot oss på stranda. På Bali kunne folka meir engelsk, flinkere å halde øya rein, også er øya grønnare enn dei andre øyene hittil (grunna meir nedbør jo lengre vest vi kjem). Her var lite muslimske bønnerop, for på Bali dominerer hinduer. Flotte små tempel enten rundt husa, i hager eller langs veien hadde alle familier templer, i tillegg hadde storfamilien og landsbyen eit større felles tempel. I nord følte vi ikkje at turismen hadde ødelagt verken deira kultur eller miljø som i sør. Vi leigde oss bil med sjåfør i tre dager (kjempebillig) og fekk eit godt ”bilde” av den flotte øya. Vi bada i fossefallet Gitgit oppe i vulkanfjellet og besøkte gamle tempel. Sjåføren vår hadde venner som var sølvsmeder, treskjærere og steinhoggere og tok oss med til dei.
Det var ikkje samme vilkår som heime arbeiderene hadde. Arbeidsdagane er ti timer. Ein sølvsmed tjener ca 12-15 kroner dagen (kor mange minutter trenger vi å jobbe for det?). Ein treskjærer tjente nokre kroner meir. Arbeidsforholda til alle var: varmt, støvete, ingen stol eller arbeidsbord, primitivt verktøy, høge lydar etc.
Det var ikkje samme vilkår som heime arbeiderene hadde. Arbeidsdagane er ti timer. Ein sølvsmed tjener ca 12-15 kroner dagen (kor mange minutter trenger vi å jobbe for det?). Ein treskjærer tjente nokre kroner meir. Men arbeidsforholda til alle var: varmt, støvete, ingen stol eller arbeidsbord, primitivt verktøy, høge lydar etc.
Når ein har privat sjåfør har ein privilegiet å stoppe når ein vill. Vi såg ein åker der dei var i full aktivitet med å hausta ris, vi gjekk ut på åkeren til arbeidsfolka. Vi alle fekk være med å gjere prosedyrene med smil, latter og tegnspråk, frå skjæring til banking av risaksa. Dermed kunne vi sette eit kryss på lista vår over oppfylte ønsker!
Vi besøkte fruktdyrkere, handla frukt og mata apekatter langs veien også. Vi bila til sørsida der mange seglerer går, magneten var nemlig seglbåten ”Bonnie.” Jentene våre hadde sakna mykje dei to kjekke gutane på Bonnie. Hedda og Marita overnatta på Bonnie, medan Rune og Idunn sov hos ein lokal familie som budde i nærheten av marinaen. Ein utrulig varm og søt familie som vasker klær for seglere, gav oss ei seng. Neste natt hadde vi i kunstnerbyen Ubud. Alle mulig tenkelige slag handarbeidere\kunstnere var samla her. Marknaden var enormt svær og prisane var fantastisk. Berre så synd at båten vår er så liten….. Men litt handel vart det!
Ein av dei aller største ønskene på jordomseglinga vår var å møte orangutangene på Borneo. Etter Bali tok vi ein lang etappe på nesten tre døgn. Vi segla inn mot Borneo nokre timer etter det var mørkt, men planla det slik at då månen kom fram låg vi klare ved elvemunningen ved Kumai River som går opp til byen Kumai. I møknet kjørte vi i fire timer på tidligere seglere sin slepestrek, og med rader og GPS, og i tillegg måneskinn følgde vi elva oppover i regnsogen. Alt gjekk så fint, og stemninga var trolsk og vakker i måneskinnet. Midnatt slepte vi ankeret i elva utafor Kumai.
Borneo er tredje største øya i verden. Den er delt i tre: Brunei i nord er eit lite sjølvstendig land og er ein av verdens rikaste. Malaysia eiger ein stor del av øya, mest like stort område som sjølve landet, Indonesia eiger den tredje delen som heiter Kalimantan. Tidlig neste morgen kom ein agent, Adi, ut til oss og kunne ta oss på tur oppover elva til orangutangene, sa han. Vi forhandla oss til pris på ein to dagers tur med ein overnatting på ein elvebåt, klotok, med guide, kokk og kaptein. Ved soloppgang neste morgen vart vi henta og vi hadde heile klotoken for oss sjølve med disse tre koselige gutane. Vi kjørte opp ei lita sideelv til Kumai River og motra i rolig tempo. Vi satt oppe på dekket under eit tak for sola, og kjente at alle fem (pluss nokre til) sansane våre var i bruk. Den stille elva var ikkje breiere til tider enn klotoken, og fargen på vatnet likna på kakao, mangroveskogen stod tett inntil elva og vart overtatt av høge trær bakafor, nokre trær hadde fargerike blomar, høge vakre siv pressa seg også opp i dagslyset, svettekjertlane våres kjentes ut som dei jobba på spreng, lufta var varm og luftfuktigheten litt i det meste laget. Øyrene og augene var i full konsentrasjon då rare brøl, hyl eller greiner knaka. I tretoppane kunne vi sjå nysgjerrige fugler som ”hornbill” med kjempeklump oppå nebbet, papegøyer og mange andre fuger. Dei utrulig rare apekattane som heiter probascis slengte seg frå tre til tre. Dei hadde lang nase, og kvit lang hale som om dei hadde trekt på seg kvit shorts. Men orangutangene lot vente på seg, det einaste vi såg var deira reir. Høgt oppe i tretoppane såg vi kjempereir. Orangutangene er dei einaste apene som lager seg reir. ”Orang” betyr mann og ”utan” betyr frå skogen, altså ”mannen frå skogen.”
I det enkle kjøkkenet på klotoken klarte gutane å diske opp fire retters lunsj og middag til oss. Maten smakte kjempegodt! Toalettet var…… berre ei plattform bak med ein skillevegg, men med ei ordentlig toalettskål.
Vi passerte eit par små landsbyer i jungelen, og eit par hus på ei brygge der et stod ”polisi.” Grunnen til politi i elva er at det har vore og er eit fryktelig stort problem at ulovlig skog blir tatt ut frå nasjonal parken. Det korrupte landet har hatt parkvoktere som har tjent seg styrtrike på å selge tømmer frå parken. Problemet er at mange vil tjene meir på å selge tømmer, og dyrke jorda for eksempel med palmetre som gjev dei olje. Orangutangene finnes kun på to øyer i verden, og det er Borneo og Sumatra (som også er Indonesisk). Når regnskogen forsvinner, i tillegg at dei brenner og ”renser” områdene mister orangutangene områdene sine. Mengden orangutanger har minka skremmende dei siste tiåra. Heldigvis har fleire ildskjeler rundt omkring i verden satt søkelyset på dette problemet og mykje er fokusert på akkurat å få la skogen og orangutangene vere i fred og få opp bestanden. Vi la til ei lita brygge etter seks timers nytelse på klotoken. Vi gjekk eit par km inn i jungelen før vi kom til ei plattform der parkvokteren hadde lagt ut mat. Til faste mattider og med faste anrop frå vokteren har dei fått tillit frå mange ville\halvville orangutanger. Vi besøkte tre stasjoner der dei i årevis har lagt ut bananer og mjølkeblanding til dei.
Adrenalinet steig då ekkoet frå vokteren kom 380 grader rundt oss. Høgt oppe i kronene på dei slanke trærna begynte bladene og deretter heile treet å svaie, meir og meir svinging, ut kom mørke skygger som slengte seg frå tre til tre. Nokre store og andre mindre, dei kom nedover lianer eller trestamma i full fart. Dei brukte både armer og bein like mykje til å klatre med. Armene var lange! Det var vanskelig å telje dei, men kanskje 30 orangutanger. Hedda og Marita klamra seg fast i hendene til mor og far sin. For guiden hadde sagt at dei kunne være rampete og dei var sterke.
Øyeblikk som dette er ein altfor kort film som ruller hastig forbi på netthinna. Heldigvis kan vi repetere minnene ein god del med bilder og video. Ein liten enkel benk var spikra sammen slik at vi kunne sette oss ned og beundre dei fantastiske dyra som er så skremmande lik på oss. Uttrykka i auger og ansikt er som oss, dei såg på oss og tenkte nok sitt om oss med kamera og ryggsekker. Plutselig kom ei mamma med babyen under armen mot ryggsekken eg hadde satt i frå meg. Heldigvis var guiden rask og tok den opp i siste øyblikk.
Apene har eit hierarki som i alle samfunn. Hannane må fysisk slost for å bli konge i sin del av skogen. Jo meir testosteron jo større kropp, sterkare, og meir markerte bollekinn og hakeparti (som ein feit krage rundt halsen) og meir hår på rygg og nakke får dei. Orangutangene har fleirkoneri og tar seg lite av babyane. Derimot mammaene er trufaste og bærer ungen til den er to-tre år, passer deretter på den til den er ca seks år.
Vi fekk helse på TV-kjendisen ”Princess” som er ein orangutang som har vore med og rundt folk siden ho var liten. Ein gong stjal ho ein kano, ho tok opp fortøyningen, og padla av gårde, auste båten for vatn slik som ho hadde sett eigeren hadde gjordt. Ho er ei sjarmerende dame som gjerne vil leie deg om ho får lov. Men vi var bedt om ikkje å hverken mate eller ta på dei. Ein orangutang fekk tak i ei flaske og sette seg til å drikke opp vatnet. Ei dame frå ein annan båt opplevde at orangutangen kom og la ein arm rundt skuldrene hennar, medan den andre armen tok elegant dama sine briller og forsvann.
Det var eit eventyr alt sammen; å sjå leiken og kontakten mellom mor og barn, barn seg i mellom, ”kongen” som oppførte seg som ”konge” og entusiasmen for å få servert mat. Alt vart så ekte når vi fekk møte dei i sitt eige rike.
Vi tøffa rolig nedover elva i solnedgang. Vi ”ankra” inntil sivet, då heiv dei berre ut eit gummidekk inni sivet frå akter og tok eit tau rundt ein bundt siv framme. Her skulle vi sove! Vi nytte stillheten, dvs avbrutt med merkelige lyder frå jungelen, den gode lukta av regnskog. Deilig mat servert. I mørknet fekk vi sjå ildfluger som lysande eldkuler rundt trea. Det var ganske sprøtt å sjå! Guidane satte opp eit myggnett rundt oss då vi skulle sove og i dette prinsesseburet på dekk på klotoken sov vi som ste…..aper…..!
Det var bedre å vakne til fuglekvitter og apebrøl enn bønnerop frå moskeeane. Vi seig i rolig tempo i den speglblanke elva i morgensol mot neste matstasjon. Ikkje fullt så mange aper møtte fram, men like fasinerende gjekk vi til to stasjoner til den andre dagen. Trass i kraftig regn (som ikkje orangutangene liker) på den siste stasjonen fekk vi sjå den største kongen forsyne seg med bananer og mjølk. Hedda og Marita synes at dette møtet er det største vi har opplevd hittil og det er vi alle enige i.
Tida i Indonesia nærma seg slutten (to mnd visa). Vi segla i to døgn frå Borneo til øya der vi skulle sjekke ut, Bellitung. På nattseilaser i Indonesia måtte vi være ekstra oppmerksomme på vaktene. Det er temmelig mange små fiskebåter som er ute. Heldigvis har dei fleste lys på båtane, men eit par hadde berre stearinlys (og det heldt på å gå gale).
Vi kom om morgenen innover mot Tanjung Pandang på Bellitung. På karta såg det ut som om det var altfor grunt for oss å gå opp elva og inn til byen, men vi visste at i fjor sjekka fleire norske båter ut her og dei gjekk heilt inn til byen. Vi tok ned segl og motra ”forsiktig” mot grunnene vi måtte over. Ein fiskebåt med to blide karer kom mot oss. Dei kom frå nattfiske og haldt opp fisk til oss og vi svara ”Ya, terima kasih!” (ja, takk) og dermed la han fire fisker og fire squid i fiskehåven og rekte det over til oss medan båtane køyrte side om side. Tilbake la vi coca cola, ost og kjeks. Med fingertegn peika dei at dei ville geleide oss inn dei to siste mila til byen. Det gjorde dei og peika der vi kunne sleppe ankeret. Vi låg midt iblandt hundrevis av fiskebåter og små og større fraktbåter. Elva var meget grunn, så på utfjæra låg båtane ganske så skeivt. Vi tok oss i land for å klarere inn og vart tatt svært godt imot. På det meste talde eg til 14 offisielle personer frå forskjellige departement som stod rundt oss medan vi okkuperte dei stolane som var. Det enda med at tre menn ville køyre oss rundt i dei tre dagane vi var der, sjefen i fiskeridepartementet ville invitere oss ut på middag og tollerene ut på lunsj. Det var dei mest oppvartande folka vi hadde møtt så slangt. Og alt gratis (i dette korrupte landet)! Vi fekk rundtur på øya og handleturer med privat sjåfør. Vi var den første båten som hadde sjekka ut herifrå i år. I fjor var det ni (og vi veit at ca halvparten av dei var norske).
Etter utsjekking frå landet fekk vi være der i to dager til, for deretter å øyhoppe oss nordover mot Malaysia. Den siste nattseilasen i Indonesia stod for tur og vi kom til Lingga Island neste ettermiddag. Vi starta tidlig morgenen etter og segla (dvs ingen vind og det vart igjen motring) ca 50 mil til den vetle øya Masanak. På vegen hit hadde vi verkelig noko å feire. Vi kryssa nemlig ekvator. Det er 2,5 år sidan vi forlot nordlige halvkule til den sydlige og sett sydkorset på stjernehimmelen (som er i det Australske og New Zealandske flagget), men no kan vi prøve å sjå om polarstjerna vil vise seg. Då vi kryssa ekvator denne dagen, kom ikkje Kong Neptun om bord slik som sist. Men vi valgte likevel å hedre han og takke han med champagne, taler og sang. Vi stoppa motoren og heiv oss i sjøen, alle fire på ein gong, det var deilig! Varmen er ganske trykkande, så eit bad hjelper på. På Masanak fortsatte feiringa med pølsegrilling på stranda.
Frå 5 grader sør til 5 grader nord er været annleis. Det er meir vindstille rundt ekvator og regn og tordenbyger kan fortare oppstå. I oktober blir tordenstormene hyppigere og dette kunne vi erfare. På lang avstand høyrte vi bulder og brak og stadig blinking. Heldigvis har vi gått klar så langt. På neste dagseilas såg vi eit belte med mørke skyer krype over himmelen. Dei kryssa ca to mil bak oss, heldigvis. Ut frå skyene kom det tre lange ”tråder” og opp frå sjøen steig det som ein vannfortene rett til vers i disse ”trådene.” Det var sprøtt å sjå disse skypumpene så nær, men vi var glade når skyene løyste seg opp.
Vi nådde heilt til den siste øya i Indonesia før det vart kveld. Vi ankra i sundet mellom ei sandøy og Bintam. Dette var siste dagen i Indonesia, og siste dagen Marita og Hedda var 8 år! Trass i høge forventninger til kva neste dag ville by på klarte vi å sove godt.
Etter ønske fekk jentene sjokoladen ”bounty” med lys på til frukost, og skattejakt etterpå.
Vi letta ankeret for siste gong i Indonesia, to innhaldsrike gode måneder hadde vi i ”ryggsekken,” i tillegg knytt nye vennskapsbånd med vennlig folk.
1.oktober var ein fin dag å krysse over sundet frå Indonesia til Malaysia. Trafikken av store båter er enorm her, men vi syntes det var spennende og fasinerende. I tåkediset nokre mil mot vest såg vi dei høge skyskraperne i Singapore. Vi gjekk litt aust for Singapore-øya og opp ei elv i Malaysia. Ca tre nmil opp ei elv med tett og grønn mangroveskog på sidene kom vi til eit lite og isolert paradis, Sebana Cove Marina.
Ei veke i ein marina med svømmebasseng var det største Hedda og Marita kunne ønske seg til ni-årsdagen, og håpe at det fantes andre ungar der som dei kunne invitere på lasagna og kake!
YES, WE MADE IT AND DID IT!
Utrulig deilig følelse var det å fortøye blue marlin til ein kai etter fire måneder på anker, sige ned i eit herlig basseng og nyte ein luksustilværelse. Bursdagsbarna kosa seg i bassenget, men vi var aleine barnefamilie……..inntil videre. Akkurat då skuffelsen over ingen barn å leike med vart høgt beklaga, titta det tre barn opp av ein båt på brygga som høyrte dette (9, 8 og 1 år). Humøret steig og både alder og kjemi stemte. Dermed vart det bursdagsselskap i blue marlin!
Gleda er så stor når ”seglerbarn” møter ”seglerbarn,” sidan alderen var så jevn har vi felles skule, vi foreldre tar kvar vår tørn, overnatting når det passer sånn, felles turer og måltider. Bassenget er det store for alle, så vi prøver å kombinere svømmeundervisning inn i mellom leiken.
Det var heilskjønne omgivelser, stille og rolig atmosfære. Ei veke gjekk altfor fort, men vi måtte videre. Heldigvis vart den andre barnebåten (frå New Zealand\Hong Kong) med til ein marina i Singapore. Vi ligger i ein superfin marina på Sentosa Island (sørafor Singapore) i” ”One° 15 Marina” og koser oss i skrivende stund. Vi farter rundt på museum, severdigheter og andre attraksjoner og nyter bassenget her også inn i mellom utfluktene. Kapteinen om bord synes det er heilt utrulig at når ein har segla så lenge uten marinebutikker eller båtutstyrstilgang, så er det kun polish han trenger. Det spegler litt på ein god båt, godt utstyr eller god forbereding!
No må vi fortelle om ein spesiell invitasjon vi fekk til Singapore for seks måneder siden: Rett etter vi var ankommet Yamba i Australia møtte vi ein norsk\australsk familie som hadde feriehus der. Dei har ein båt i marinaen i Yamba. Og då Harald og Kjersti med sine tvillinggutter på fem år skulle ut å fiske ein dag møtte vi dei på brygga. Dei har budd ti år i Singapore. Etter fleire hyggelige stunder med dei tok vi farvel og håpa at vi møttes igjen siden vi skulle segle forbi Singapore. ”Ja, da må dere komme på grilling i hagen vår og så kan dere få hoppe på trampolinen vår,” sa Oscar og Magnus til Hedda og Marita. Bare timer etter at vi hadde fortøyd båten på Sentosa Island kom Kjersti frå arbeid og henta oss heim til eit kjempekoselig hus og ein deilig hage. Dei serverte norsk spekepølse og trønderflatbrød. Foreldrene til Kjersti var på besøk frå Verdalen og vi fekk ta del i godbitene dei hadde hatt med seg. Det var god mat i Indonesia, men maken til deilig kjøtt frå slakterbutikken i Singapore hadde vi ikkje hatt sidan Australia, og heller ikkje grønn salat hadde vi tørt å ete sidan Australia. Det var så hyggelig og heimslig å komme heim til Kjersti og Harald at vi skulle nesten tru vi hadde kjent dei lenge. Hedda og Marita fekk åpne bursdagshelsinger som besteforeldre og familie i Norge hadde sendt til Kjersti og Harald si adresse.
Tida går altfor fort! Eller rettere sagt at det er så mange ting vi vil få med oss i Singapore at vi blir liggende nokre dager til før vi begynner å rusle oppover Malaysiakysten. Neste delmål er å komme ca 10.november til øya Langkawi som ligger på grensa mot Thailand. Vi gleder oss fryktelig mykje til onkel Sjur kjem på besøk der. Juletider planlegger vi å være rundt Phuket.
Ønsker alle våres følgesvenner ein fortsatt god haust! Skriv gjerne ein mail om du vil, det setter vi alltid pris på! Ikkje alltid at vi svarer så raskt tilbake då internettilgangen varierer (eller vi er litt trege!).