Australia 3- Kupang, Indonesia
Sidan Cooktown, der forrige reisebrev kom ut, har vi igjen opplevd og sett mykje, og det å sette seg ned med pc-en og reflektere tilbake er som å leve dei gode dagane om igjen. Dette reisebrevet inneheld Blue Marlin`s reise gjennom ulike verdener, den eine kontrasten etter den andre: Great Barrier Reef, aboriginere, øde øyer, storbyen Darwin, Timor Sjøen og vennlige og fattige Indonesia der vi besøker små landbyer.
Vi er glade for at vi tok oss tid for å vere med på festivalen i Cooktown. Mange velger ikkje å reise innom sidan ankringsplassen har eit dårlig rykte. Vi forlot Cooktown tidlig om morgenen mtp. tidevatnet og fekk kraftig regn og dårlig sikt. Heldigvis varte det ikkje lenge og vi fekk ein fin segldag med god passatvind og medstraum dei ca 70nm til Lizard Island. Lizard Island var ei deilig perle, med mange historiske hendelser.
Vi ankra i ei lita bukt med plass til kun ein båt, Mermaid Cove. Vi hadde ei heil bukt for oss sjølve med den finaste sandstranda. Snorklingen rundt båten var superb! Koraller i alle farger og fasonger, det samme med fisker. Og aldri har vi sett så mange og så svære ”giant clam shell.”
Lizard Island høyrer også til Great Barrier Reef, og den ligger så langt frå fastlandet at her var det trygt å svømme mtp krokodiller, og brennemanetsesongen var over. Vår paradis-verden bestod i snorkling, skule, strandliv og god mat i ”Hedda og Marita`s restaurant” på stranda.
Etter tre dager i isolasjon i paradiset ankra vi i hovedbukta, Watson Bay, på Lizard Island i lag med ca ti andre båter. Då vart det sosialt igjen med pot luck og ”sun downer” på stranda kvar ettermiddag.
Ein annan barnebåt var her også med to ungar på Hedda og Maritas alder, og det var kjempekjekt for alle parter.
Då Kaptein Cook segla nordover langs austkysten av Australiai 1770 forstod han etterkvart at han var ”innesperra” i ein labyrint sidan havet var unormalt flatt. Etter grunnstøytinga på revet, Endevour Reef,.og restaureringen av skuta, ”Endevour,” i Cooktown segla han ut til Lizard Island som skiller seg ut med sin nesten 600m høge fjelltopp blant dei elles så flate reva i Great Barrier Reef. Her klatra han til topps for å sjå om han kunne speide ein utveg gjennom Great Barrier Reef og ut til det åpne hav. Det gjorde han og tegna seg eit kart så han kunne manøvrere seg ut.
Vi hadde skuleutflukt og trakka i James Cooks fotspor og besteig toppen, Cooks Lookout. Det var eit ubeskrivelig luftig og fasinerande utsyn. Korallreva ligger som turkise flekker på sjøen. På vegen oppover såg vi fleire store lizarder, og det var det som botanikeren til Cook fann som einaste dyr på øya, og fann det naturlig å kalle øya opp etter dei.
På Lizard Island er det ingen fastbuande, men der er ein marine-forskningsstasjon. Blue Marlin-skulen tok elevane sine med der og fekk ein guida tur. Nokre forskere fortalde om sine prosjekter på skjell, korall, og krabber. Det var ein interessant skuledag!
Vi besøkte Mrs. Watsons hus. Ei australsk ung jente var aleine på øya med sin vetle baby og sine to japanesiske hjelpere. Mannen hennar hadde fiskebåt og var mykje borte. Ein dag kom det besøk av lite blide aboriginere og drepte den eine japanske tjenaren. Mrs. Watson var redd dei skulle komme igjen og ta dei også, dermed flykta dei hastig i ein fiskekomme (ho, babyen og den gjenlevande japaneseren). I fleire dager rak dei rundt i balgjen på sjøen og landa på den vetle øya som i dag heiter Watson Island. Her fann dei ingen vatn og døde kort tid etter av tørst. Nokre måneder seinare vart dei funnet sammen med Mrs. Watson`s dagbok der ho beskreiv hendelsen.
Sammen med den andre barnebåten, Kalida gjekk vi til den andre sida av Lizard Island, Coconut Beach. Vi måtte over eit fjellparti som var så bratt at vi måtte fira oss i tau på det glatte berget for å komme ned til den flotte stranda. Her var det vakre skjell og einaste plassen på øya der det var kokosnøttpalmer. Vi grilla pølser og åt sjokoladekake som Hedda og Marita hadde baka.
Etter ei storarta veke på Lizard Island tok vi ein nattseilas mellom korallreva. Klart det var litt spenning i det sidan det kan vere skipstrafikk og smalt mellom reva (som vi ikkje ser i mørknet….), men i fullmåneskinn, medstraum og fin passatvind hadde vi ein fantastisk nattseilas og kom neste ettermiddag (etter 230nm) til Cape Greenville, Margareth Bay. Det var ei fin og beskytta bukt uten fastbuande. Så langt nord i Australia er det ganske så gresent med folk. Det er varmt og fryktelig tørt.
Tidevatnet og styrken på vinden er det som avgjerer avgang (for vindretningen er konstant på denne årstida), så vi segla av gårde ved 5-tida neste morgen i mørknet og ut mellom grunner og øyer, då er det nødvendig å gå på ”slepestreken” på pc-en (veien vi kom inn på). Vi gjekk til Escape River, og her var det godt å ankre i le frå svell og vind. Rundt oss hadde vi tett i tett med bøyer der dei hadde skjell for perledyrking.
Endelig var den store dagen for å runde nordspissen av Australia, Cape York, den 21.juni etter 2mnd langs austkysten. Vi strauk tett rundt milepelen og vinka til turister som stod ved fyrtårnet. Vi hadde mest gløymt korleis det var å segle i motvind, men det vart fort friska opp etter Cape York. Vi stampa oss nokre mil sør på vestsida av spissen til ein hyggelig liten aboriginerlandsby, Seisia. Dei fleste aboriginere bur i nordre del av Australia, det er mest som deiras tildelte plass der dei skal få bu i fred. Jorda har ein raudfage og er fryktelig tørr og varmen er ekstrem, området ligger i beltet der orkaner kan slå til. Egentlig skal vi søke om tillatelse for å gå til disse små tettstadene i nord, men vi valgte å ikkje søke om tillatelse, men heller gå der det ikkje budde aboriginere heretter.
Då værmeldingene smilte grønt lys til oss var det å kaste seg utpå det berykta havet over frå Cape York til Cape Vessel. Over det vel 300nm breie bukta, Bay of Carpentaria, er ikkje djupna noko særlig meir enn 50m og det bygger seg fort opp store bølger, men vi hadde to fine døgn. På Cape Vessel er det ingen fastbuande og vi ankra i ei billedskjønn bukt, Dobbel Island Bay. Som navnet seier var det to øyer i denne bukta, og alle strendene måtte besøkast etter tur, den eine vakrare enn den andre. Øyene var tørre og steinete, men dei turkise fargane i sjøen, dei kvite strendene, fine skjell og dei svarte og rare fasongane på klippene rundt gjorde det eventyrlig. Vi levde som Robinson Crusoe. Vi fanga ”mud crab” i dei små bekkene, plukka østers og åt på fisk som vi fiska på overfarten. Vi åt det vi ville med østers, i tillegg hermetiserte vi østers på glass. Men lunsjen var grilla pølser på dagens utsøkte strand og nyplukka østers med sitron på til forrett. Skikkelig dumt var det at bading i det fristande vatnet måtte vi stå imot. Vi såg nemlig dei første spora av krokodille på stranda. Det satte ein støkk i oss!
Vi tok ein nattseilas til Malay Bay, ca240nm, vi hadde jevnt mykje vind og rotete sjø, så det var deilig å sleppe ankeret. Plassen var ikkje så spennande, men ein liten bekk med rykter om mykje mud crab måtte prøvast ut. Igjen så er det krokodillefaren som henger i bakhovudet når vi går i jollen, på stranda eller i nærheten av bekker. Krabbeteina vart kasta i bekken og håpet at middagen var bestemt vart litt optimistisk. Rune gjekk for å sjekke krabbeteina etter ein halvtime. Akkurat der som vi alle hadde gått for ei lita stund sidan, var det no komen krodillespor i sanden. Raskt fekk Rune henta opp teina og flytta den til ein annan plass der vi kunne sitte i jolla og dra den opp. Denne gongen lot vi teina stå natta over. Om natta hadde vi problemer med å sove mtp det som kunne ha skjedd då vi alle vandra inni skogen til bekken. Også var vi urolige for henting av teina neste morgen….. Rune reiste sammen med ein seglervenn for å hente hans og vår teine. Minuttene vart lange då dei ikkje kom tilbake med ein gong. Krokodillene er meget smarte og kan ligge på lur i timevis for å vente på byttet sitt….. Heldigvis kom mennene tilbake, men dei kunne fortelje at krokodillen hadde tatt begge teinene…….
Neste stopp var Raffles Bay før vi ankom ei ny perle, Port Essington. Dette er ein nasjonalpark og ein parkvokter måtte besøkast før vi entra lenger inn i den lange fjorden. Den hyggelige parkvokteren sa at det var helt greit å stoppe her uten ”tillatelsebrev.” Plassen ligg bokstavelig talt i ødemarka med timevis med 4-hjulstrekker til nærmaste butikk, og ein brennhete og tørke som er uuthaldelig for dei fleste. Ikkje trudde vi våras egne auger då han kom med iskrem og gav til Hedda og Marita.
Vi var nokre båter som låg ankra i Port Essington utafor ei deilig strand full med fine skjell, raude fjellklipper og østers på steinane. Ei lita elv rann ut på stranda, og her kunne vi køyra jollen opp ca ein km. I speglblankt vatnet motra vi rolig oppover i den grønne mangroveskogen. Rett framfor oss på ein sandbanke midt i elva ligger ein krokodille på vel to meter og solbader seg. Han snur hodet sitt ettersom vi sakte køyrer forbi. Videokamera og fotoapparat blir raskt henta fram, men etter tre turer rundt han torer vi ikkje meir. Men då dukker ein endå større og styggere ”fotomodell” fram. Denne ferskvannskrokodillen må ha vore minst tre meter. Han hadde også tatt seg ein tur på land og låg i gjørma på elvekanten. I ettertid ser vi at vi var nok dumdristig nær, og gummijoller har stått på menyen før hos krokodiller……Men han fekk i alle fall gitt oss eit ”smil” så vi kunne få fotografere dei grufulle tennene hans. Atter kan vi sette eit kryss på lista over ”have seen it……”
Neste delmål var å kome fram til Darwin. Vi ankom som planlagt to veker før rallyet (Sail Indonesia-rallyet) skulle starte, altså 12.juli. Rundt 100 båter låg ankra i den enorme bukta, Fannie Bay.
Det var langgrundt så det var eit godt stykke å køyre til land med jollen, i tillegg bydde det på litt problemer med langt å bære jollen på stranda då tidevannsforskjellen var 7-8m. Darwin Sailing Club var superdeilig. Rimelig mat, leikeplass som Hedda og Marita storkosa seg på sammen med andre unger, svømmebasseng og fantastiske solnedganger. Det var ein time å gå til sjølve sentrum i Darwin. Her fekk vi besøkt Indonesiske ambassaden og søkt om visum, handle mat (dyrare enn elles i Australia), og handle det vi måtte trenge av utstyr før vi forlot den siviliserte verden, besøkt interessante museum og marked. Kan ikkje seie at Darwin var spesielt fin by. Det er den største i nord og er besøkt av mange turister då det er mange fine naturparker rundt. Riktig trist var det å sjå aboriginere rave rusa rundt i gatene og ligge og sove der det måtte passe dei. Det har vore og er ein stor konflikt mellom australias urbefolkning som har budd der i over 50.000 år med sin kultur og levesett og europere som kun har budd der i 250 år og tatt ”makta.” Det er ikkje lett for aboriginere å innordne seg etter den kvite manns lover og regler!
Ein kveld hadde vi ”Skandinavisk didjerido aften” i blue marlin. Omtrent samtlige norske (4båter) og svenske (2båter) hadde kjøpt musikkinstumentet didjerido, som aboriginerene er kjende for. Vi alle fekk lyd, men det er vel lov å seie at heldigvis varte konserten ikkje så lenge, det viktigaste var det sosiale.
Den 26.juli gjekk starten for dei ca 130 påmeldte båtane på ”Sail Indonesia, Darvin-Kupang.” I fin bris heisa mange spinnakeren og det vart eit fargesprakande syn da så mange båter stevna ut frå Darwin. Det vart lova ut premie til den best dekorerte båten. Hedda og Marita syntes at alle dei mjuke australske kosedyra deira skulle få ta eit siste farvell med sitt heimland. Dermed gjekk kenguru, koala, platypus, wombat, kokoburra m.fl til topps i masta. Dette resulterte i 1. premie som dei seinare fekk utdelt i Indonesia.
Overfarten på vel 500nm på Timorsjøen gjekk kjempefint på fire døgn. To dager med fin vind, men deretter vindstille og mykje motring. Då vi hadde 200 nm igjen til Vest Timor fekk vi ein liten ide om at vi kjem til ein annan verden. Ein indonesisk fiskebåt kom tett forbi, den var full av menn og forfatningen av båten var slik at den såg ut som den kunne synke når som helst. Og fleire slike skulle vi sjå!
Som regel segler vi med fiskesnøret ute, men det er ikkje daglig kost at vi får fisk, men ein dag på overfarten nappa det til i snøret. ”Fisk!”roper Marita. Nei, det var noko langt, svart og kvit-stripete som bukta seg. Vi fekk ein havslange på kroken, ein riktig sprelsk, heldigvis klarte Rune å riste den ca 1 m lange slangen av. Vi har sett fleire svømme i vatnet, men aldri trudde vi at vi skulle få ein på kroken.
Spenningen steig i Blue Marlin då vi såg dei spisse vulkanske fjelltoppane dukka opp i horisonten på Vest Timor. Indonesia er som ei vulkansk fjellrekke mellom Australia og Asia. Landet består av 17508 øyer. Landet er i seinare tid blitt sjølvstendig (i 1945 på papiret, men egentlig i 1949) etter at Portugisere, Nederlendere og engelskmenn har kjempa om makta, kinesere og andre asiatiske land har også hatt interesse mtp byttehandel. Dermed er det mange typer religion på øyene, nokre øyer er muslimere dominerende og andre hinduer i fleirtall, buddister og katolikker finnes også.
Vi ankra på formiddagen til høge muslimske bønnerop frå land i Kupang. Det kribla i kroppen etter å kome oss på land og få tilfredstilt nysgjerrigheten vår, men først måtte karantenefolk kome om bord og sjekke båten. Mange båter frå rallyet hadde kome før oss, men ankringsplassen var stor og det var greit å ankre. Det var verre med at vi låg eksponert til innkomande svell (båten låg og rulla), svellet var også litt problematisk då vi skulle gjere av eller påstigning frå jolla på stranda. Byen hadde forberedt seg til storinnrykk av ”yachtiser.” Rundt 20 menn og gutar tok imot oss på stranda og passa på jollen vår for litt penger medan vi var i land. Alltid spente på korleis folka ser ut og oppfører seg mot oss steig vi i land.
Jo, det var litt høgdeforskjell! Biletet viser den første mannen vi møtte, han samla inn penger på stranda for jolleparkeringen, og han var kjempeblid! Det vart eit positivt møte med befolkningen som ønska oss velkommen. Det var kjempestort for Kupang å få ca 130 båter til sin by. Dei laga til danseoppvisning ved stranda kvar kveld, ein stor gallamiddag spandert av ”regent” som var ein slags valgt områdesjef. Det vart delt ut presanger til alle deltakere, fine ikat-vevde sjal. Vi har rett nok betalt litt penger i Australia for rallyet, men dei pengane var meir for administrasjon i Australia, så velkomstmiddagene på øyene gjennom tre måneder og mange besøk til små tradisjonelle landsbyer er ”gave” til oss frå det offentlige i Indonesia. Byen var i fest! Seinere ser vi at turister er det svært få av. Mange har aldri sett ein kvit mann. Verre var dette for Hedda og Marita, for kvite barn er heilt fantastisk. Tradisjonen er at klyper du kvite barn så betyr det lykke, endå meir hylte folk av ekstase når dei får høyre at jentene er tvillinger. Det betyr igjen dobbel lykke. Fryktelig lei er Hedda og Marita at folk skal opp i ansiktet og klype og i tillegg er det vondt.
Inntrykkene av Kupang var mange, det var så fryktelig tørt (det er 8mnd tørke og 4mnd regntid), dermed støvete og lite grønt, husstandaren var heller dårlig. Midt i byen var det murhus, ofte halvferdige, men litt utafor sentrum budde folk gjerne i enkle hus med strå og blekktak. Folka var blide, kunne mest ikkje engelsk og har lite eller ingen kultur for å samle søppel. Så overalt flaut det søppel. Like ille er det på sjøen som på land. Eit eksempel: etter vi hadde ete lunsj på ein arrangert busstur, samla guiden sammen pappeskene som maten hadde vore i (3busser og ca 80 personer), inkl. plastglass og bestikk –deretter rett ut vinduet….. På kommentar frå oss var at dei jobba med å bli bedre i framtida……..
Folk var skikkelig fattige, sjølv om alt er kjempebillig for oss, så har dei fleste lave inntekter. Dei fleste er veldig tynne, mange ser ut til å ete for lite. Svært mange prøver å lage sin egen business med å selge ett eller anna på gata, og arbeidsdagene er svært så lange og varmen er intens. Dermed er det naturlig å legge seg ned og ta ein siesta midt på dagen. Ja, det skulle tatt seg ut om kassadamene heime på Rimi låg og sov bak kassen….!
Piseksempel: Vi fann ein favorittrestaurant der betalte vi ca 4 kroner pr person (ris og kylling) inkludert drikke. Storhandling av kled som forbereding til den norske vinteren gjorde vi til Hedda og Marita og Rune. Dessverre fantes det ikkje store nok kled til Idunn (dei lokale damene er så små eller at Idunn er blitt så stor?).
Kvar dag kunne vi velge ein utflukt i rallyets regi, så ein dag fekk vi sjå korleis dei henta ned palmesukker frå palmetre, kokte det, laga det til enten karamellkaker eller til palmesukker-brennevin. Mannen som klatra opp i det ca 20 meter høge treet laga seg først ei lita korg av blader deretter kutta han greiner i toppen og lot safta frå greinene renne i korga hans. Danseoppvisning har dei på alle arrangement. Folka er både flinke og vakre å sjå på i sine elegante bevegelser til trommer og ein slag xylofon.
Å bli fotografert med Hedda og Marita er svært så populært, men etter ti tusen gonger synes ikkje jentene at det er så spennande…..
Den vestre delen av Indonesia er kjent for sine tradisjonelle ikat-tepper. Vi besøkte ein liten fabrikk der jentene sitter på gulvet og vever lange dager. Det er ein fryktelig tungvint prosess, der dei oftest lager tråden frå bomull, lager renningen i veven, deretter knyter dei på små plaststriper for å dekke renningen og lage mønster. Så går renningen i fargebad. Då renningen er tørka tar dei av plasten og renningen blir tredd på veven igjen, og renningen har batikkmønster. Fargane er kun henta frå planter i naturen. Ikatteppene er den daglige klesdrakta i mange landsbyer, og jo gamlere jo meir verdt. Eit teppe kan ta 2-12 mnd å lage. Det var vanskelig å stå imot dei mange kjøperene som ville selge oss, men alle ting har ein grense.
Nokre landsbyer er meir tradisjonelle og held sterkt på sin kultur enn andre. Vi besøkte ein slik by der alle gjekk i ikatvevde tepper. Ungane spann bomullstråd medan kvinnene vevde og dei aller minste enten hang på puppen eller sov i fanget.
Mange har knallraude lepper og tenner, og det ser grusomt ut. Det er eit slags narkotisk stoff som helst litt voksne går og tygger på og spytter ut. Nei, vi ville ikkje prøve!
Rett utafor Kupang hadde dei ein skog der det var hundrevis av apekatter. Apekattene var heilt ville då vi hadde med bananer til dei. Knallsøte var dei og vi kunne godt tenkt oss å hatt ein liten maskott om bord…….
Etter seks dager på Vest Timor med rallyet, segla vi til ei øy lenger sør, Rote Island. Denne er verdenskjent for sine surfebølger på vestenden, men vi var berre på austsida. Snorklingen var bra og strendene var deilige, men det blåste mykje. Vi kosa oss med Moses og Atchin frå den australske båten Bonnie. Ein dag vart det laga replika av Kontiki, men denne også havarerte…. Vi var på snarvisitt inn til landsbyen rett ved ankringen, dei vart kjempeglade for besøk og tok oss på tur gjennom den vesle og fattigslige landsbyen, ein klatra opp og henta ned til oss kokosnøtter til å drikke. Her dyrka dei sjøgras. På tau frå plastflasker (som dupp) voks det sjøgras, og dette fylte dei opp båtane sine med, bar det i to korger (som vektstang) opp til ein liten flate der graset skulle tørkes. Graset vart skipa til Kupang for vidare eksport. Graset er brukt som stivelsesmiddel (agar) og mange plasser ser vi disse store områdene med plastflasker nær land. Det var ikkje kjekt å skiljast frå Bonnie-gutane, med muligens ikkje å sjå dei igjen før Thailand.
Vi tok ein nattseilas nord til Lembata Island. Vi håpa på å kunne ankre utafor den kjente kvalfangerbyen, Lemalera, på sørsida, men det var for stort svell her og vi gjekk mot nordsida. Rett før ankring beit noko kjempedigert på kroken. Etter ein halvtimes basketak fekk vi han om bord og vegd han. Det var ein makrelltype på 25kg. Det var stort for oss alle!
Vi ankra for natta i sundet mellom Lembata Island og Adonara Island. Vi skar av ein liten filet til oss og rodde i land til den vesle landsbyen vi så vidt kunne skimte mellom trea med resten av fisken. Folka kom på stranda og tok imot oss. Dei vart overlykkelige for fisken og mange takka oss i hendene. Det såg riktig så stusselig ut i denne landsbyen med bambushus. Men så utrulig reint og fint, den mørke, rødlige jorda var kosta for lauv og søppel. Det var kjekt å sjå.. Vi vart mottekne som gudar. Ein sprang og fann fire plaststoler så vi kunne sitte, dei lokale stod i trengsel rundt for å sjå på oss. Engelsklæraren i byen vart henta, men han kunne ikkje så mykje. I alle fall forstod vi at han ville at vi skulle besøke skulen neste dag. Vi skunda oss tilbake før det vart mørkt mtp mygg og å ro mellom alle plastflaskene i sjøen. Neste morgen trappa vi opp som avtalt på skulen. Vi var som folk frå ein annen planet, trur ikkje alle hadde sett kvite folk. Vi tok mange bilete og har lova å sende dei til dei. Ungane oppførte seg fint og vi var innom alle seks klasseromma og helste på alle 51 elevane på skulen. Rektoren (som på indonesisk heiter guru laki-lak) var takknemlig for skulemateriell som vi hadde med i gave. Biletet viser damene som hentar opp vatn frå brønnen. Landsbyen hadde 500 innebyggere og to brønner. Vi hadde eit par lesebriller som vi delte ut til eit par ”trengende” folk. Dei vart superfornøgde!
Dagseilas stod igjen før vi kom inn til hovedstaden på øya Lembata, Lewoleba. Samme dag var det gallamiddag med rallyet, danseshow av alle aldersgrupper. Klesdraktene og hodeplagget er forskjellig frå kvar du er ifrå. Morsomt å sjå så forskjellig kostyme.
Byen var liten og igjen støvete, skitten og meget enkel, likevel har alle ting sin sjarm. Folka roper ”hello mister” etter deg om du er mann eller dame. Urmakeren, skomakeren og syersken sitter ute på gata og venter på arbeidsoppdrag. Rune fekk reparert sine sandaler. Skomakeren gjorde kjempebra arbeid og jobba ca 15min. Då han bad om 5 kroner og Rune gav han det dobbelte smilte han takknemlig og takka i handa.
Kvalfangerbyen hadde vi på vår ønskeliste etter referat frå boka til Erik Torjussen og Durita Holm. Rallyet arrangerte tur og vi heiv oss med. Etter 3,5 time i ein ”enkel” buss og endå enklare bilveg var det godt å kome fram til Lemalera. På stranda såg vi dei lokale fiskarane kome heim frå fiske. Dei er kjende her for sin gammeldagse måte å fiske kval på. Deira båter er lange trebåter som ikkje er gjordt så store forandringer på sidan deira forfedre som kom hit for ca 500 år sidan. Dette med tru på at deira forfedres kraft ligg i båtane. Dei reiser ut 4-5 på morgenen og køyrer rundt, om dei ser ein kval køyrer dei nærmare, stopper motoren og ror så fort dei kan inntil og stikker spydet i kvalen, gjerne hopper opp på ryggen på kvalen. Dei prøver å treffe pustehullet slik at han ikkje får puste og heller ikkje går ned i djupet. Sist år hadde dei fanga over 40 kvaler og denne sesongen omtrent det samme. Det kom inn ca 10 av disse lokale båtane medan vi var der, dagens fangst var tre djevelrokker. Det var trist å sjå dei vakre dyra som vi har svømt med. Overalt hang det kvalkjøtt til tørk på jeller, og lukten var stram i landsbyen. Denne isolerte byen på sørsida lever heilt etter gammel tradisjon. Dei hadde rett nok eit gjestehus, men ikkje mange turister finner vegen her. Guiden som var med oss spurde oss om alle i Norge visste om denne plassen då vi fortalde han at ”Salkavalka”-båten hadde vorre her for ni år siden.
Vi ligger for tida på Bali og er klare for avgang til Kalimantan der vi skal inn i regnskogen og helsa på orangutangene. Vi planlegger ankomst til Singapore første veka i oktober og skal fortelje meir om våras spennande opplevelser i Indonesia då.