YAMBA  TIL  COOCKTOWN                             

Når du ikkje har så store forventninger til noko, så er det akkurat då du blir positivt overraska!

Slik føler vi det overfor opphaldet vårt i Australia. 

   

 Tre måneder i marinaen i Yamba gjekk altfor fort.  Hedda og Marita gleda seg kvar dag for å gå på den lokale skulen.  Etter kvart gjekk dei heilt åleine til skulen (ca 1km) og vi henta to fornøgde jenter på ettermiddagen.  Av og til hadde dei veninna si med seg heim til båten eller at vi gjekk direkte til ein hobbyverkstad etter skulen.  Her kosa jentene seg med å lage mosaikk, male eller det store prosjektet, marionette-dokker (koala og kenguru).  Ein ettermiddag i veka var det karatetrening som dei også syntes var TOPP.

Mor og far hadde alltid prosjekter på båten, men vi tok oss også tid til lange gåturer på dei herlige strendene som låg rundt Yamba.  Yamba ligger på austkysten i Australia mellom Sydney og Brisbane.

     

 I påskeferien som kun varte frå langfredag til 2.påskedag, motra vi oppover i elva frå Yamba i Clearence River.  Etter fire timer oppover elva kom vi til ei stor bru, her hadde vi bestilt bruåpning.  Dei heisa opp midtpartiet av brua så 19m høge Blue Marlin sklei under.  På andre sida av brua, i Maclean, stod venninna til Hedda og Marita med familie, og dei mønstra på Blue Marlin.  Landskapet var paddeflatt med åser i det fjerne.  Tett inntil elva var det dyrka sukkerrøyr som minna oss om at vi køyrte inne i lande, nett som om vi køyrte mellom høge, grønne siv.

Vi køyrte opp til ein liten og koselig plass som heiter Ulmara.  Då vi heldt på å fortøya båten til den vetle brygga der for å sette av besøket, høyrte vi nokon som kommenterte på norsk flagget vårt.  Og tilfeldig hadde den norske familien frå Heimdal: Sigmund, Asbjørn og Marit gått ned til elva for å strekke på beina etter ein lang dags køyretur.  Dei var på ferie i Australia og hadde leigd seg bil.  Eg trur ikkje det er ofte at nordmenn stopper på denne vetle utkantplassen og går ned til elva….  I alle fall fekk vi eit hyggelig norsk kaffibesøk på påskeafta!

1. påskedag fekk vi meir besøk oppe i elva: av Australske familien frå båten Rikkili som vi hadde truffet i Stillehavet for to år sidan. 

        

 

 Då det nærma seg avgang frå Yamba for Blue Marlin hadde vi båten på land for å leggje på nytt bunnstoff, smøre propellen (smelta inn lanolinolje), bytte anoder og sparkle opp ujevnheter på kjølen.  Vi kan ikkje seie at vi likte så godt å bu i båten når den stod på land.  Skulevegen og doturene starta ganske bratt…….  Heldigvis stod det på berre i tre dager.

  

 I Yamba hadde vi vore aleine langtursegler, det gjorde at vi fekk god kontakt med dei andre fastbuande (lokale) i marinaen.  Men vi hadde besøk fleire ganger av seglervenner som kom enten med bil på besøk eller segla forbi nordover, som f. eks svenskane på båtane Christina og Nabob, nordmennene på båtene:Necessety, Seline, Celin og Helen Kate.

Ei helg kom Hong Kong-familien med venninnene til Hedda og Marita, Nancy og Molly.  Då var det ganske fullt i Blue Marlin.  Hedda og Marita tok dei med til hobbyverkstaden og jentene malte på T-skjorter, slik at vi alle fekk oss nye ”uniforms-T-skjorter. 

Denne helga skjedde eit stort mareritt.  Marita ville skjenke kaffi til oss voksne.  Ho glapp kaffikanna og den kokande kaffien rann ut i fanget hennar.  Marita mista huden på lårene sine, men med sjukepleiar om bord og rett førstehjelp/utstyr (Burn Free) tilgjengelig var vi heldige trass i vonde smerter (for oss alle). 

       

 Snille Cate som hadde hobbyverkstaden ville halde ”farvelparty” for Hedda og Marita og dei inviterte klassen.  Nest siste skuledag etter skulen tok vi 14 gutter og jenter til Cates hobbyverkstad, ”Serendipity to you.” og alle fekk lage seg ein ting, deretter var det etergilde. 

Siste skuledag (11.april) hadde vi lysbildeshow frå jordomseglinga vår på skulen.  Lærarane hadde bestilt ei kjempestor kake hos bakaren som stod ”Bon Voyage Marita and Hedda.”  Tårer og presanger om kvarandre og vi var ferdige på skulen, sjølv om tilbudet frå rektor sa at vi gjerne måtte bli her lengre. 

     

 Meir snille folk stod med åpne armer for oss: Gårdbrukerene Nancy og Tom som driver med kvegdrift og sauer inne i høglandet hadde sagt at vi skulle få komme og hjelpe til på gården deira ei veke.  Vi hadde spredd ryktet i Yamba at vår siste veke i marinaen ønska vi å jobbe på gård, og ikkje lang tid etter fekk vi telefon frå dette kjekke paret som ønska oss velkommen.  Ein nabo i marinaen kom og sa at bilen deira var ”ledig” og vi måtte berre låne den.  Dermed bar det på fire hjul til forandring inn i landet og opp i fjellet. 

Ved kysten var det varmt og blada på trea grønne (heile året), men då vi køyrte innover landet og metrane over havet steig såg vi dei vakre haustfargane som om det kunne vera i Norge, utrulig vakkert. 

     

 Guyra ligger ca 1300 moh og ein halv time frå Armidale.  Tom og Nancy hadde drevet gården i 30 år og bygd den fint opp.  Dei dreiv med kyr for kjøttproduksjon og sauer.  Det føltes som om vi var midt ute i ødemarka, nærmaste nabo tok ti minutt å køyra til.  Sola gjorde haustfargane på trærna og dei store bakkane til at alt såg forgylt ut.  Vi nytte utsikten over dei vidstrakte åsane med høge strå og trær på.  Kjemien stemte med ein gong mellom gårdbrukarane og oss.  Vi hadde ei veke fylt med aktiviteter frå morgon til kveld.  Midt på dagen var det så varmt at vi kunne gå i t-skjorte, men nettene var kalde og kvitt rim låg på bakken om morgonen.

Vi fekk bl.a. køyre rundt på firhjulssykler og samle inn kyr og sauer.  Eindel kyr skulle sendast med slaktebil ein dag, så vi måtte vege kyrne først på ei vekt.  Vi fekk sett profesjonelle saueklyppere i aksjon(vi fekk lov å prøve oss også), deretter var det sortering av ull.  Dei dresserte hundane som hjelpte til med saueinnsamlinga var ein stor fornøyelse.  Eg veit ikkje om vi fekk gjort så stor nytte for oss, men Rune og Tom satte opp nye gjerder og køyrte rundt og målte strømmen i gjerdene.  

     

 Første ettermiddagen ringte naboen og ba Tom om å komme og hjelpe han å skyte ein slange i tunet hans.  Dermed fekk vi granske ein (nyskoten) red belly black snake på nært hold.  Giftige slanger er det mange av i Australia. 

På ein kveldstur opp i åsen møtte vi på ein annan liten giftig krabat, skorpion

Mellom trærna kunne vi sjå redde kenguruer hoppe av gårde når vi nærma oss.  Dei var ikkje så ”tamme” som dei som budde i og rundt Yamba, for der såg vi dei komme opp til bolighusa for å få seg mat (ut av handa).  Rett som det var såg vi både rev og hare i graset, i lufta skreik vakre papegøyer og andre fine fugler, men villkatter som vi også såg var ikkje populære.

Det heilt sensasjonelle var det sjeldne og merkelige australske dyret som heiter PLATYPUS.  Det har pels, nebb som ei and, hale som ein bever, svømmehud mellom tærne og i tillegg skarpe klør, legger egg og er pattedyr, er nattdyr og jakter under vatn med augene lukka (sender ut små signal som ein rader etter byttet).  Då vi stod ved bekken til Tom og Nancy enten ved soloppgang eller ved solnedgang kunne vi sjå platypusen svømme i bekken. 

       

 Naturlig nok når du bur på ein gård langt frå butikk så eter ein det som er tilgjengelig.  Så vi hadde lam mest kvar dag i alle slags varianter.  Ein dag laga Idunn ”får i kål,” og vi fekk introdusert ein norsk lammerett til dei.  På ”fridagen” vår tok vi ein tur til den sjarmerande tettstaden Armidale som hadde tatt haustdrakta på.  Vi kjøpte med oss fersk fisk….. så då laga vi fiskegryte ”a la fransk polynesisk” med kransekake til dessert til Tom og Nancy. 

Sidan vi er inne i matprat: lammekjøttet tok slutt, så då bar det ut på jordet og ta det største lammet.  Vi sa at Hedda og Marita kunne snu seg bort, men nei, dette syntes dei var interessant å sjå på når Tom slakta lammet.  Det tok han seks minutter frå halsen var avskåren til ferdig slakta og sauskinnet var separert i frå.  Dagens skule var då å granske alle indre organ til sauen og kva maten hans hadde bestått av.  Om kvelden tok Tom litt av sauekjøttet og la inni ei krabbeteine og heiv uti ein knøttliten dam midt ute på jordet.  Ikkje lenge etter kunne vi fiske opp fem ”craybobs”, som er små ferskvannskrepser.  Den eksklusive forretten smakte godt.

         

 Tom og Nancy passa sine barnebarn denne veka vi var der, og det var utrulig kjekt for alle at Charlie (seks år) og Sam (fem år) var der.  Dei fire ungane leika så kjekt sammen. 

Siste dagen heiv vi oss alle i lastekarmen og drog på pik nikk på australsk vis i ”bushen.”  Over humper og hauger bar det.  Vi laga til eit bål og steikte ”damper” (brød på bål) og lammekoteletter av det nyslakta lammet.  I eit slikt vakkert naturbilete rundt oss blir ein berre heilt andektig.  Vi låg lett henslengte rundt bålet og hadde som alltid mykje å prate om med Tom og Nancy.  Ungane brukte lastekarmen som scene og underholdt oss med song og dans. 

Tom og Nancy var så kjekke folk, og vi syntes det var fryktelig trist å reise frå dei.  Vi hadde hatt ei uforgløymelig veke både sosialt og med opplevelser for resten av livet.  Marita og Hedda ønska at dei kunne bu der for alltid, selvfølgelig…… så no er ønsket deira om vi kan kjøpe gård i Australia og drive med kyr og sauer og selvfølgelig hester…….(så lenge det varer).

       

På veg tilbake til Yamba køyrte forbi storarta natur, grønne fjellplatåer, fossefall (biletet viser Wollomombi Fall), canyen, for deretter å stupe ned mot den endå meir grøderike kysten.  Trist var det å telje antall døde kenguruer langs bilvegen. 

     

 Tilbake i båten så var vi enige om at Blue Marlin har berre vore så liten ein gong før, og det var då vi hadde vore på juleferie i Norge og kom tilbake til New Zealand.  Elles har vi knapt sovet andre plasser på snart tre år.  ”Siste kveld med gjengen” var det farvellfest i marinaen.  Våras venner i marinaen laga til ein koselig fest med gitarspel og mat.

   

 Atter eit trist oppbrudd og vi segla ut ved daggry 22.april frå Yamba og Clearence River.  Med heilt nytt storsegl og ny gennaker bar det i veg nordover mot ekvator og varmere strøk (Yamba ligger på ca 30 grader sør).  Det er ca 2000nm frå Yamba til Darwin og vi har 2,5 mnd på oss.  Fin vind trass i litt urolig sjø (og dritkald natt) segla vi til neste ettermiddag og ankom turistbyen Mooloolaba.

Vi vart i Mooloolaba ei veke og fekk gjordt litt nyttige ting bl.a. fekk vi tilsendt nye batteri til epirben, fekk vaksiner (kolera og typhoid).  Besøkt frelserarmeen og kjøpt kleder til oss og til Indonesiske barn.  Og ikkje minst det sosiale igjen.  Hedda og Maritas venninner (Nancy og Molly) kom seglande på veg til Brisbane (sørover), så fem netter på rad var jentene våre på overnattingsbesøk i deira katamaran.  Igjen var det å bunkre mat med uvisse når vi kom til butikk neste gong.  Vidare nordover tok vi leia innafor Fraser Island (verdens største sandøy).  Vi segla så nære stranda at vi såg dingoer (villhunder) springe på land.

   

 Etter Fraser Island segler vi innafor Great Barrier Reef.

Great Barrier Reef ligger som eit beskyttande skjold utafor australias austkyst, revet strekker seg fleire hundre mil, heilt opp til det nordligste punktet i Australia.  Verdens største korallrev (som det seies ein kan sjå frå månen) er kjent for sine fantastiske koraller, marineliv og klart vatn blant dykkere.  Hovedskipsleia går mellom kysten og barriererevet.  Det smalner inn lenger nord og då må vi være ekstra forsiktige på vakt både mtp korallgrunner og skipstrafikken.

Vi tok ei natts stopp på øya Great Keppel, men søvnen vart heller dårlig då vi tok feil av tidevannsforskjellen.  Om natta stod vi på sandgrunn og syntes ikkje det var så kult.  Neste natt stoppa vi på naboøya, North Keppel etter anbefalinger av australske venner.  Her kosa vi oss på stranda heile dagen, plukka fine skjell på den kvite og breie stranda, og hadde vår første snorkletur i Australia.  Vi fekk sett hundrevis av piggrokker som låg og sov på den grunne sandbotnen, ”nemofisker” (anemonefisk), den rare løvefisken, morsomme ”batfisk,” fargerike papegøyefisker og det tøffeste var nok den kamuflasjefarga haien på vel ein meter som prøvde å gøyme hodet eller sov under ein stein, wobbegong.  Strålande fornøgde etter ein fin dag sovna vi tidlig.  Men rundt midnatt begynte det å blåse opp og ankringsplassen vår var utsatt og båten låg å rulla i bølgene.  Vi drog opp ankeret og snirkla oss ut i mørknet mellom dei små øyene vha datakartene.  Vi gjorde mange mil i god vind og kom ved solnedgang til øya South Percy.  Det var for mørkt til å sjå korallgrunnene når vi gjekk inn i le bak øya, men igjen vha papirkart og PC-kart kunne vi ankra. 

 

 Besetningen ba fint kapteinen om vi kunne få ein seglfri dag, for det var nemlig Runes bursdag neste dag og vi ønska å feire den med strandliv og fjelltur.  Han var ikkje så vanskelig å overtale.  Den 5.mai starta med sang og presangutdeling og god frukost.  Deretter pakka vi sekken og reiste til land på den ubebudde øya.  Vi gjekk gjennom eit vanskelig busk og kratt-terreng, og vi var vel ikkje heilt trygge på at det ikkje kunne finnast giftige slanger i det uoversiktelige terrenget.  Det var ein stor seier å stå på toppen av øya og speide utover havet mot Great Barrier Reef. 

Trygt nede på stranda igjen fekk vi eit anna problem……Tidevatnet var på veg ned og koralla gjorde det umulig å komme ut med gummijolla.  Vi var stranda!  Etter seks timers ”venting” kunne vi endelig komme oss ut til båten, samstundes vart det også slutt på dagslyset.  Vi var kjempetørste og svoltne sidan vatn og mat hadde tatt slutt for lenge sidan.  Hedda og Marita syntes synd på Rune som ikkje hadde hatt gjester denne dagen, men akkurat då dei hadde sagt det kom det ein liten flokk med svaler og satte seg på dekk som om dei hadde hørt invitasjonsønske.  Dei var tydelig slitne og sovna straks etter dei hadde sett seg (enkle gjester).  ”Gjestene” sov der heilt til neste morgen trass i at dette ikkje var god ankringsplass mtp mykje rulling i båten.

      

 Ein lang segledag stod framfor oss, vi starta 05.30 dvs før dagslys og segla 75 nm til ei lita øy som heiter Scawfell Island.  Sola hadde gått ned før vi runda øya og vi ankra i den godt beskytta bukta.  Her vart det også å heise segl ved daggry neste morgen.  Vi hadde ca 40nm til den kjente turistøygruppa Whitsundays.  Vi ankra ved Haslewood Island i god sand.  Vi hadde utsikt mot den billedskjønne krittkvite stranda White Haven.

Neste dag var det seglfri dag og vi kosa oss på stranda etter skuletid. 

Hook Island som også høyrer til Whitsundays skulle vi treffa igjen fleire båtvenner og ha reunion og selskap for Rune som hadde blitt eitt år eldre.  Dermed var det fin anledning og samla gjengen som vi hadde nådd igjen med den ”racerkjøringen” vi hadde hatt til no.  Svenskane på båtane Christina og Nabob og nordmennene Eli og Jørn på Silene kom til oss.  Utrulig kva ein kan diske opp på havet med eit lite kjøkken og fleire veker siden sist handletur.  På menyen var det eplegjærkringle, skuleboller, suksess kake med gul krem og chilli con carne til middag.  Hyggelig sosiale stunder med venner er noko av det vi verkelig setter pris på med seglerlivet.  Det å ta seg tid til lange kaffistunder eller bytte på middagslaging, er heilt topp.  I tillegg kjennes båten ut som ei koselig og trang hytte med stearinlys, gitarspeling, videokvelder eller som oftest berre prate sammen. 

   

 Christina og Blue Marlin segla i lag til øya Magnetic Island på ein nattseglas.  Urolig sjø gjorde seglasen til ein søvnlaus natt, men vi kom fram neste formiddag så vi kunne ta oss ein middagslur.  Navnet på bukta forteller om fasongen, Horseshoe Bay og den var godt beskytta mot svell.  Riktig koselig liten turistplass med nokre enkle barer og restauranter.  Vi gjekk opp til det gamle fortet som var fra 2. verdenskrig.  Med store muligheter for å treffa på giftige slanger på bakken og søte koaler i tretoppane gjekk vi å nærmast å nikka med hodet for kvart steg vi tok.  Vi hadde ikkje ”hell” med nokon av dyra.  Sjølv om stranda var fin og hadde sikra seg med hainett frista det ikkje med bading fordi det stod fareskilt langs stranda med farlige brennemaneter på.  Great Barrier Reef som folk reiser verda rundt for å snorkle på har sine farer som lurer, men dei livsfarlige brennemanetene er helst langs kysten og på øyene lengre inn mot kysten.  Heile drakter er uansett anbefalt når du snorkler.

     

 Fortsatt hasta vi på nordover og benytta oss av fine vinder og hadde som mål å feire 17.mai i Cairns. 

Etter Magnetic Island stoppa vi på Orpheus Island.  Ei lita øy med kun eit marinebiologisk forskningssenter på.  Vi hadde deilig middag med nysfiska ”flekk makrell” med Christina og Janne etter vi hadde ankra (rettare sagt tatt ein offentlig bøye).  Fiskane vi hadde fått denne dagen var 2-3 kg kvar og meir enn vi kunne ete, så no kom det vel med alle syltetøyglas vi hadde tatt vare på, vi hermetiserte fisk mtp pålegg.  Heldigvis var fiskane store, (for reglementet seier at denne fisketypen må være over 60 cm om du får ein på kroken) for vi fekk nemlig besøk om bord av kystvakta som ville bl. a. sjekke i kjøleskapet vårt og sikkerhetsutstyr om bord.  Det er strenge fiskerestriksjoner i den såkalla marineparken langs kysten. 

På VHF-en fekk vi kontakt med forskningssenteret og fekk avtala tid for omvisning.  Stasjonen høyrer til James Cook University.  Dei hadde ”giant clam shell” og koraller i eit basseng, men hovedsakelig låg dei store skjella i bukta utafor stasjonen.  Studentane\forskarane brukte også dei ytre korallreva på GBR som forskningsområde.  Dette unge paret som dreiv stasjonen vart kjempeglad då vi hadde med to jenter, for dei hadde nemlig to jenter på omtrent samme alder som dei også dreiv heimeundervisning for.  Til neste år var familien klare for å segla av gårde som oss, dermed vart det mykje fellesskap og nye vennskapsbånd knytta.  Noko som er spesielt for Australia er telefonskule.  Dei lange avstandane gjerer det vanskelig for mange barn å gå på skule, dermed har dei noko som heiter ”school of the air.”  Det betyr at dei snakkar på telefonen med ein lærar til visse tider daglig.  Er du ikkje tilgjengelig får du fråvær.  Dei tar høgtlesing og må svara på spørsmål frå dagens lekser over telefon.  Disse to jentene hadde alltid budd på øya uten andre barn. Nokre dager etter skulle dei til byen Cairns for å møte andre ”telefon-elever” samstundes så vi skulle være i byen.  Så etter ein heil dags leiking på Orpeheus Island med Leilani og Caurie telte Hedda og Marita dagane og timane til når dei skulle treffe sine nye venner (5 dager) igjen i Cairns.

 

I øs pøs regnvær og liten sikt la vi ut i grålysinga frå Orpheus.  Då var det godt å ha radar med regnfilter så vi kunne observere fiskebåter.  Etter omlag 10nm skulle vi gå inn gjenom eit smalt sund, Hinchnbrook Channel og måtte treffe på høgvatn då det kun var kun 2m djupt på utfjæra.  Ved innløpet til kanalen svinga vi oss inn som beskrevet bak den kjempelange brygga som ”sukkerbåtane” legg seg til.  Det var svært grunt nokre plasser!  Den tette regnhatten letta, dei vakre fjelltoppane kom fram og lyste grønt og sola smilte blidt til oss igjen.  Vi motorsegla i kanalen (26nm) mellom fastlandet og øya Hinchinbrook Island.  Å så deilig det var å få kvila augene på grønnkledde og høge fjelltopper igjen som minna oss om frodige Vestlandet!  Som å segle på eit speglblankt vatn fekk vi etterkvart medstraum i kanalen og farten auka betraktelig.  Og den flate sjøen i kanalen gjorde det lett denne gongen å bake brød og ha skule medan vi segla.  I tretoppane på den regnskogkledde og ubebudde øya såg vi ørner som sirkla i lufta og dei vakre kvite sulphur crested kakatoo-fuglane sitje i mangroveskogen.  Bading etter båten kom ikkje på tale, for no er vi komen så langt nord at krodillefarer er eit faktum.  Saltvannskrokodiller og ferskvannskrokodiller fins heile vegen nordover (etter Townsville) og med stor respekt tar vi dette til etterretning.  Dagens etappe var til Dunk Island og denne gongen kom vi i god tid før solnedgang.  Vi heiv gummijolla på vatnet og fekk oss ein god spasertur langs stranda på den koselige øya og fekk lage bedre plass til Christinas deilige kjøttgryte som venta i deira båt.  På Dunk Island var det eit resort som låg nydelig til og dermed var det naturlig at det var ei lita flystripe der også. 

     

 Fitzroy Island ankom vi 16. mai på ettermiddagen etter å ha segla med vår nye gennaker heile dagen.  Vi var ikkje i land her, men øya har ein interessant historie.  Den var nemlig brukt som karanteneplass for kinesarer som immigrerte til Australia.  Dei var redd for at kinesarane hadde smittsomme sjukdommer og stua inntil 3000 samstundes ut på denne ”knøtteøya.”  Resultatet var at svært mange døde av dårlige kår og utbrudd av akkurat smittsomme sjukdommer.  Øya har mange gravplasser.

Med berre 20 nm mil inn til Cairns heisa vi segl 17. mai om morgenen og prøvde å rekke formiddagstoget…….

Jan Fredrick og Eva på s\y Necessety hadde ankommet Cairns eit par dager før oss og skulle stelle til 17.mai fest.  Deilig å få ligge i ein stille og rolig marina (sidan Yamba) og vi kunne nyte ein laaaaang ”17.mai dusj” (luksus og bedre enn is) i marinaen før festen starta.  Jan Frdrick hadde pynta Necessety med signalflagg og laga ”sildesalat-flagg” (unionsflagg med sverige) og Eva baka deilig sjokoladekake.  Hedda og Marita hadde hatt som skuleoppgåve å lage 17. maisløyfer til alle.  Denne dagen hadde ikkje svenskane (Christina og Janne) noko dei skulle sagt då dei måtte bære norsk flagg om dei ville være med på festen.  Etter sjampis og kake var det grilling i parken og bading i bassenget.  Hedda og Marita underholdt med sanger til forsamlingen.  Dei syntes det var lettere å synge engelske pop sanger enn nasjonalsangen.

     

 I ekstase kunne dei endelig møte igjen sine to nye venninner frå øya Orpheus.  Jentene våre vart henta om morgenen og reiste med familien til ein badepark.  Stolte av å gjera noko uten mor og far hadde dei storkosa seg.  Dei neste dagane fekk vi også besøk av denne koselige familien.  Med tårer og lovnader om å sjå kvarandre igjen ein dag….. var det igjen vondt å ta farvell spesielt for ungane. 

Cairns er siste plassen for storhandel før Singapore, selvfølgelig er det mat lengre nordover i Australia, men det er dyrare og i Indonesia veit vi ikkje tilgjengeligheten. 

Cairns hadde eit superbra frukt og grønt marked, gode matbutikker, marinabutikker og bra priser på alkohol.  Så alt med lang holdbarhet vart innkjøpt her, vi trilla heim handlevogner heilt ned på marinebrygga dag etter dag.  Heile ni dager hadde vi nytt denne deilige byen med grilling i parken kvar kveld.  Sjølv om Cairns var ein turistplass har den fått mange poeng av oss! 

 

 I Port Douglas hadde eit par vi møtte på Vanuatu booka påleplass i elva til oss.  Mark og Chris visste ikkje kva godt dei kunne gjere for oss.  Ein dag lånte vi bilen deira og køyrte inn i regnskogen der ei aboriginer stamme, Kuku Yalanji bur ved Mossman Gorge, Daintree Forest.  Lederen for stamma tok oss på ein gåtur gjennom den tette skogen og forklarte oss om korleis dei levde i skogen, om mat som: frukt, bær, skilpadder, feskvannsskjell, fugler, dyr dei åt, om jakting, våpen, korleis dei budde, hellige plasser, spirituelle handlinger og medisiner.  For å bli ledar (den som leverer vidare deira kultur til neste generasjon) må bestå mange manndomsprøver.  Ved forespørsel om å få sjå hans ”stolthetsmerke” nølte han litt.  Arret i armen er eit bevis på ein ledar og dermed vart han skåren så djupt at dei såg skulderbeinet. 

Etter eit slikt møte med vennlige aboriginere som deler sin kultur med oss, speler på digerido, baker brød til oss på gruve så føler vi oss meget privilegerte som får oppleve dette.  Og vi spør oss ofte om kor lenge denne folkegruppa som har levd i skog og mark og levd av jakt og fiske i nær 60.000 år her vil klare å behalde noko av sine tradisjoner.  Dei fleste av ”Roberts” barn og barnebarn hadde flytta inn til byer.  Trist er det med aboriginere som med indianere i Amerika og maoriere i New Zealand at dei har vanskelig med å finne seg til rette med denne moderne livsstilen.  Altfor mange aboriginere er dessverre kjent for alkohol og narkotika misbruk, misbruk av barn, vold, steling og alt det ”vonde” som fører med seg med ungdom\voksne uten utdanning og jobb. 

Ein dag fekk Marita og Hedda gå på den vetle lokale skulen i Port Douglas.  Dei hadde hatt det heilt topp då vi henta dei på ettermiddagen.  Og selvfølgelig fekk dei venninne her også som vart med heim etter skuletid.

Sjølv om sosiale kvlder med god mat, drikke og hyggelig prat med våras venner måtte vi reise videre. 

     

 Hope Island var ei lita sandøy med koraller rundt, sådan farlige for seglbåter uten gode waypoint, eller sjøbeskrivelse for å komme inn i le bak øya.  Det tok ti minutter å gå rundt øya, men vi kunne vandre i timevis på dei tørrlagte korallane på lavvatn.  På ekskursjons-turane på lavvatn oppdaga vi mange rare levande dyr som: sjøslanger, kamuflert hai, rare sjøstjerner, sjøpølser, raraste krokeboller, levande skjell under steiner eller under sanden og fisker.  Vi kjente ein utrulig deilig frihet med å ligge her for anker, langt frå by og mas.  Dagane bestod av skule på formiddagen og lunsj på stranda og tilbake til båten når sola gjekk ned.  Snorklinga var bra med mykje stor og fin fisk, vakre farger på koralla og skilpadder å observere.  Det stod skilt på land at svømming var forbudt pga krokodiller, men etter å rådført oss med australienere sa dei det var større sjanse å bli truffet av lynet enn å møte på ein krokodille.  Jentene laga til kappløp med sjøstjerner og krepser.

I den tette grønne skogen på øya var det ”fuglsamt,” hovedsakelig var det store hegrer som regjerte. 

Kvar morgen kom det inn reketrålerer som hadde fiska heile natta og kom inn for å ligge i ro og sove ut til neste arbeidsnatt.  Ein morgon var vi over og bytta til oss reker mot øl og sjokolade.  Dei vart glade og vi fekk bra ”valuta for ølen.”  Rekene var king size og heilt ferske (ukokte).  Middagen vart tilberedt med fiskarane si beste oppskrift og vår 13. års bryllupsdagsmiddag var utsøkt både i smak og omgivnader.

      

    

 Det neste på ønskelista var å få oppleve festivalen i Cooktown som feirer kvart år Capt. James Cooks landing her.  Med skipet ”Endouver” reiste han frå New Zealand og vestover og oppdaga Australia.  Han hadde landfall litt sør for Sydney på Botany Bay i 1770.  Etter å ha segla over 1000 km nordover langs kysten av det nyoppdaga landet visste han ikkje at han segla innafor ein labyrint av korallrev på utsida av seg GBR.  Inntil han ein dag gjekk på grunn på revet som fekk navnet Endouver.   Skipet fekk mykje skader, men dei måtte først få det av revet og vart tvinga til å kasta tunge ting som kanoner og reserveanker på sjøen.  Han klarte å segle skipet inn til fastlandet og opp ei elv.  Elva heiter no Endouver River og tettstaden heiter selvfølgelig Cooktown.  Dette var første plassen han fekk positiv kontakt med aboriginere og dei oppdaga det rare dyret, kenguru.  Det tok 48 dager å få reparert skipet.  Då var mannskapet utkvilte og skipet lasta med gode ferske frukter før det fortsatte sin ferd nordover.

Det er ikkje mange langturseglere som reiser innom her då ankringsplassen er kjent for vind og straum i elva og Cooktown er ein liten ”avsidesliggande by, ca 800 mennesker i dag.  Men plassen har ein interessant historie og eindel fine gamle bygninger. 

I 1873 var det ein forbireisande som fann gull i elva.  Folkemengden auka drastisk det neste året, frå nokre titalls mennesker til over bl.a. 20.000 kinesere og mange europeere som kom for å søka lykka.  Med kun sjøforbindelse mot verden vart det laga kaianlegg for å ta imot båter med meir folk, bygningsmateriale, mat, m.m.  Gullfeberen varte ikkje lenge før barer, bordell, spelebuler, hotell og alt som høyrer med  måtte leggjast ned.  Klimaet er fryktelig varmt og klamt i orkansesongen og lite gull var det å finne. 

 

Festivalen varte i tre dager og vi deltok på så mykje som mulig.  Åpningen var ved det fine Cookmuseumet med taler og teaterstykke. 

Våras venner frå Port Douglas køyrte bil opp her og budde på det trange, gyngande og svingande motellet i Endouver River (det norske skipet Blue Marlin). 

Vi var med på utstillinger, kassabilløp, magedansing, lokale marked, omvisning på det museumsskipet, Duyfken som er replika av det hollandske skipet frå ca 1606. 

     

 Landinga av Cooks skip siste dag av festivalen var høgdepunktet.  Då kom uniformskledde menn og gjenfortalte korleis landinga hadde gått føre seg.  Det vart skote med gamle kanoner og gjevær.  Alle var i feststemning.  Vi var glade for at vi fekk oppleve denne 49. festivalen.  Eindel aboriginere var tilstades også, nokre for å selge sin fine kunst.  Igjen går tankane til kva dei syntes om festivalen som gjekk ut på at Cook oppdaga landet og proklamerte det til Britisk koloni. 

Avslutningen på festivalen hadde eit imponerande fyrverkeri.

       

    

 Våras venner frå Port Douglas tok oss med til ein annan aboriginerleder,Willie Gordon til aboriginerstamma, Guurrbi.  Makan til ein meir sympatisk og intelligent person skal vi leite lenge etter.  Han tok våras hjerter med storm, spesielt Hedda og Marita.  Han tok oss på ein fleire timer tur i skogen der han voks opp.  Viste oss sine forfedres steinholer (hus), hellige plasser, fødeplassen for kvinner.  Interessant var det at han brukte mykje tid på å forklare gamle tegninger og symbol malt på steiner.  Å lytta til han og aboriginerane sin filosfi om moder jord, om liv og død, overleving ute i det tørre landskapet (no er det slutt på regnskogområdene), familietilhørighet, forandringer etter europeerane\engelskmennene tvinga dei bort frå sin kultur osv.  Hans kloke og positive holdning til livet før, no og i framtida var så godt å høyre, men som eg umulig kan beskrive.  Han gravde fram kvite makker under grastuster og røykte dei på tørre blad.  Dei smaka kjempegodt, men eg hadde aldri ete makker i frå hagen heime, trur eg!

     

 Kjekt med bekjentskap og venner!   Mark og Chris hadde endå ei spesiell dame vi skulle besøke.  Bunny var ei dame som levde for dyr og elska dyra, spesielt kenguruer og den mindre typen kenguru som heiter wallaby.  Bunny bur i ein skog milevis frå andre folk, brukte all tid og penger på dyra.  Huset hennar var eit blikktak, med kun ein vegg, ingen strøm eller vatn innlagt.  Her var ho fostermor for 60 ”adopterte” barn på fire føtter, kenguruer og wallabyer.  Folk visste om hennar lidenskap og kom til henne når dei fann ein skada eller forlatt kenguru (av biler eller av dyr).  Ho fekk dei gjerne når ungane var så små at dei skulle vore i pungen til mora.  Ho stella dei som babyer, bar dei rundt i varme pledd og la dei i varmeposer om natta (igjensydde sparkebukser).  Alle hadde navn og lydde då ho ropa på dei.  Senga til Bunny stod inntil den eine veggen i huset hennar og sidan ho var tilgjengelig natt og dag fortalde ho at fleire av ”ungane” hennar sov enten oppi eller under senga hennar om natta. 

Nei, no har endelig Marita og Hedda bestemt seg for kva dei ønsker at vi skal gjere i framtida: vi skal ha kenguruer slik som Bunny og bu ute i skogen med dei…..”Bunny må være verdens lykkeligste menneske!” sa jentene.  Det kunne Bunny bekrefte med ein gong at ho levde slik ho ønskte.  Det var ikkje berre Hedda og Marita som vart betatt av dei små og store kenguruene som leika, gressa, slost og kosa seg rundt huset.  Nylig hadde ho fått ei liten wallaby-baby som ho gjekk rundt og bar på som ein baby.  Vi alle fekk bytte på å få halde dette sjarmtrollet.  Gjerne skulle vi hatt den med oss, men……vi veit alle at den hadde det best hos matmora si.

     

 Utkjørte etter ei langhelg med besøk i båten, farting rundt omkring og søvnlause netter med kraftige vindkast er det deilig å ha mulighet til å flate ut og hente seg inn igjen. 

Når vinden har roa seg segler vi frå sivilisasjonen og ut til barriererevet for å snorkle og vidare mot nord og over ”toppen” mot Darwin.  Vi bør være i Darwin første veka i juli for å forberede ferden vidare mot Indonesia. 

Vi vil bli ca ein måned uten internettilgang, men gleder oss til post når vi kjem dit…..

Då vil vi ønske alle våras følgesvenner ein riktig god sommar!