Helgoland-Nederland-England
Søndag 17.juli var værmeldingane greie nok til at vi ville forsøke sørover frå Helgoland. Å bestemme reisemål er vanskeleg då vær og vind er svært svingande. Med vinden rett imot måtte vi krysse mykje og det føles som vi kjem ingen vei. Vi måtte fyre opp motor og gjekk for motor og segl heile dagen. Bølgjene var 1-2 meter og båten humpa i 45 grader over ”tyskebukta.” Utafor kysten er det separasjonsleier for båtar som køyrer sørover og nordover, nesten som ein motorvei. Nattevakter har vi ikkje villa sleppa Sondre til på endå, men Rune og Idunn går ca. tre timar kvar. Hedda og Marita var med mor og baka brød og pølsebrød. Jentene laga pengar og så ville dei lage (gate-)”sjøkjøkken”. Dei selte pølser og brød og sjokolade ut vinduet til cockpiten. Aktivitetar må vi finne på!
Neste dag gjekk det bra fort med bare segl og vi satte oss som mål Dover i England og det ville ta endå to døgn til.
Vi skar over frå det tyske og det nederlandske farvatn over søndre del av Nordsjøen mot England. Jentene sovna som vanlig seint og litt etter blåste det opp meir og meir, vinden dreide til midt imot, stampesjøen vart lite trivelig. Den som hadde kvilevakt den natta kunne gløyma å sova. Litt etter midnatt tikka det inn ein værmelding på Navtex-en: ”Galewarning” (sterk kuling) for dette området vi var i, vi prøvde å reve seglet, og da løsna ein usikra sjakkel. Lyn og torden om ein annan rasa over oss og vind opp i 30 knop i kasta, vi bestemte oss for å søke havn sjølv om vi var midtfjords. Ti timar seinare ser vi Nederlandske kyststripe, i rullande sjø og medvind peiler vi inn litt nord for Rotterdam. Sondre sit ved roret, alle andre ligg og kviler, han har stor interesse for plattformer og dei har vi styrt langt unna, men Sondre ser sitt snitt til å køyra tett oppunder for å ta nærbilete då kapteinen bråvåknar og ser plattforma rett forut….Det gjekk heldigvis bra, men litt repremande vart det.
Då vi nærma oss land kalla vi opp den Scheveningen port control og spurde om det var klart å gå inn kanalen til Scheveningen, ved Den Haag. Inne i det 4. havnebassenget kalla vi opp Scheveningen yachtclub for rettleiing av båtplass – slik som det står i oppskrifta i ”Reeds Nautical Almanac – The Yachtsman`s Bible.” Den fantastiske følelsen å fortøya trygt i havn aukar etter lenger tur og tøffare vær vi har hatt.
Så er det tid for å sjå korleis Blue Marlin har det når vi kjem i land. I ei ”kule” enten over eller under sjøen forsvann heile lanternelampa i baugen (vi trudde i nattemørket at det berre var ei pære som gjekk…). Ein del på vindroret knakk, så vi måtte oppsøke ein sveisar. Storseilsuthalet fekk litt mykje belastning og rauk, og då må vi søke marinebutikker for erstatninger\forbedringer\reservedeler.
Sjølv om vi var godt slitne klarte vår førstestyrmann, Sondre, å bake den deiligaste pizza.
Scheveningen må vera nederlandske svar på ”syden,” kilometerlange badestrender, bugna av salgsboder, restauranter, aktiviteter for store og små etc. Dessverre var været så kaldt og vinden så sterk at strendene var folketomme. Strandvandring med hue og vottar var det nærmaste bading vi kom. Jentene spør daglig etter når badelivet skal starte, men det lar visst vente på seg. Sondre kjøpte seg rulleskøyter og fekk øvd seg litt i stortrafikken. Vi ligger og venter på bedre vær her i fire dager. Jammen er vi glade for at vi ikkje har slik tidspress som våras finske naboar som også er på veg til Kanariøyane. På Helgoland la dei ut i kraftig vind pga dei hadde to passasjerar som hadde flybillett frå England. Vi møtte dei igjen i Scheveningen, og igjen måtte dei legge ut i den litt for røffe været pga tidspresset. Dei har også tvillingjenter med seg og ein gut på 16 år.
Endeleg fann vi ein nettcafe her som vi fekk sendt vårt første reisbrev ifrå, men endå er vi ikkje i stand til å få sendt bilete med breva. Håpar det snart lar seg ordna. Vi jobber med saken! Noko jevne mellomrom med reisebrev ser vi blir vanskeleg då tilgang på nettcafe og overseglingstider varierer.
Lørdag 23. juli forlet vi Scheveningen på foriddagen, målet og kursen er igjen Dover. På grunn av den enorme skipstrafikken ut og inn av Rotterdam må vi kalle på MAAS Control for å krysse skipsleia til denne byen. Fin og jevn vind gjer det lett for oss heile dagen og halve natta, før vi må starte motor. Denne natta går vi ut av Nederland og inn i belgisk farvatn, fransk og så engelsk. Etter eit døgn passerer vi utafor Dover, men tidevatnet gjennom engelske kanal er så gunstig for oss at vi peiser forbi Dover i 10 knops fart og vurderer å stå på litt til trass i værmeldinger med aukande vind. Vinden er opp i 25 i kasta, men med lite bølger og gunstig vind er det OK. Vi blir påminna og satt i respekt av naturkreftene då vi høyrer ein som roper mayday på VHF-en rett i nærheten av oss. Vi høyrer på heile samtalen med kystradiostasjonen då han fortel at båten har fått ”major structural damages” og dei vurderer å gå i redningsflåten. Heldigvis får dei redningsbåt på svært kort tid. Litt etter roper ei oppskaka dame på mayday, ho har fått motorstans og er på veg mot land i den sterke vinden, og gode råd blir gitt med rask respons frå kystradiostasjonen. Då tar kapteinen ombord i Blue Marlin opp repetisjon av sikkerhetsprosedyrane i nødsituasjoner.
Etter eitt og eit halvt døgn ute tøffer vi inn i Brighton, ein enorm marina bak ein kjempemolo. Det var eit fint anlegg, men det var den dyraste havna til no med heile 24 pund per natt. Neste dag fekk vi hjelp av ein mann til å justere wirar til masta, vi måtte kjøpe to nye då det hadde røket fleire av cordelane i ein av wirane. Denne karen var svært pratsom og kunne tenke seg å gjere det same som oss. Då eg snakka om farar underveis og og sa piratar, såg han lurt på meg og sa: Du har allerede møtt dei verste piratane og det er marineeigarar.
To netter vart vi her før vi og været var klar for vidare seilas.
Vi segla i god vind og var over 12 knop fleire gonger. Heile dagen og heile natta kunne vi gå for segl. Neste ettermiddag blir det for lite vind og mykje motstraum. Det er underlig med den sterke straumen i engelske kanal. Vi prøver å beregne når vi skal være når straumen er på ”vår side”. Eksempel at vi starta frå Nederland i 10-tida for å ha gunstigast glede av straumen gjennom Doverstredet. Til tider har straumen gitt oss gratis tre knop og seks timar seinare tatt tre knop av farten vår.
Regn og regnbyger pregar heile dagen, vi er våte og båten er fuktig inni. Dette minnar mykje om telttur der det er umulig å få tørka klede. No er målet vårt å nå fram til Falmouth (sør i England) før vi går til land, det er her siste stasjon er for mange langturseglarar då dei skal lade opp krefter og vente på lavtrykk som skal passere før dei skal krysse Biscaya bukta.
Rundt midnatt seglar vi inn i innløpet mot Falmouth i eit kraftig regnvær. Kursen inn til innseglinga leser vi i Reeds Almanac og kart opp elva og inn til havnebassenget går vi kun på elektroniske kart på PC-en. Her finner vi oss ein bøye og legg oss til på. Det er lagt ut fleire hundre bøyer som besøkande kan legge seg til på når havnene er fulle. Trass i regnet som tromma på taket og vinden som reiv i båten sov vi svært godt. Her blir vi og ventar saman med mange andre som skal over den berykta dammen. Til no har vi ikkje sett andre Scandinavarar i dette enorme havnebassenget. I morgen skal vi prøve å få plass ved kai slik at vi får fylle på båten med våt og tørr proviant. Slik det ser ut må vi vente i alle fall tre dagar.
Heile mannskapet er med godt mot og flinke til å innretta seg etter situasjonen.
Vi minner om vår e-mail adresse der dåke kan legge inn helsingar til oss, vi åpner posten når vi er på nettafe. GRATULERER MED DAGEN 29. JULI ONKEL SJUR!