VANUATU 2

 Vi ligger ankra utafor fiskemarked i Sydney, i Blackwattle Bay, og har ein rolig park aller nærast oss.  Skyskrparane strekker seg i kapp mot himmelen som minner oss på kvar vi er, vi beundrar også synet av ei stor bru som går over bukta og fiskebåtane som går inn og ut.  Ettersom Blue Marlin-karusellen svinger rundt med tidevatn og vindretning får vi stor variasjon i utsikt frå cockpiten vår.  Det moderne storbylivet er ein kontrast til dei primitive øyene vi har besøkt.  Det tek ikkje lang tid før vi er ”akklimatisert,” men opplevelsane med dei lokale og deira kultur og levesett på Stillehavsøyene gjerer noko med oss.  Vi reagerer meir på overflodssamfunnet, spesielt i disse juletider, for eksempel: stort strømforbruk, reklamer, kjøpemas (om unødvendige ting), mat i store mengder, og vi spør oss om kven som er lykkeligast!  For nokre år sidan vart folka på Vanuatu kåra til verdens lykkeligaste!

Jul -og nyttårsfeiringa er overstått, og påskeegga er allerede på plass i butikkhyllene. 

 Vi avslutta forrige reisebrev med at vi reiste frå øya Pentecost og over til naboøya Maewo.  I den godt beskytta bukta sør på Maewo, Asanwari, fann vi roen og god kontakt med dei lokale.  Her som på alle andre plasser på Vanuatu var det ein chief for kvar liten landsby og ein chief over dei igjen (for to til seks landsbyar).  Vi vart varmt mottatt av øverste chief, Nilson, og sønnen hans, Nixon.  Nixon var ein solstråle som snakka godt engelsk og tok oss meir enn gjerne rundt om kring.  Asanwari var hovedlandsbyen og hadde seks små nærliggande landsbyar.  Det gjekk kun smale stiar mellom landsbyane eller at ein kunne gå i vannkanten på lavvatn.  Landsbyane låg stort sett ved sjøen på ein liten flate, elles var Maewo bratt og ulendt, skogen var berre ein tett jungel.  Øya er den nedbørsrikaste i Vanuatu. 

   

 Nysgjerrige på å utforske den nye øya og plassen ville vi gå til ei stranda på andre sida av nesodden.  Då vi gjekk igjennom landsbyane som låg tett, fekk vi ein hale av ungar etter oss.  Det var ikkje tvil i at igjen så var Hedda og Marita trekkplasteret.  Barna viste oss vegen til stranda på andre sida. Ny strand og dermed nye muligheter for skjell!  Då dei såg at vi likte skjell, sprang dei heim og kom tilbake med eit fint skjell kvar i handa til oss.  Tonen og kjemien var der med ein gong.  Vi satte oss ned på stranda på dei knuste blå og kvite korallhaugane, og fekk i gang ein hyggelig musikkleik.  Dei hadde sangstemmer som overdøvte eller rettare sagt akkompagnerte fint til den høge bølgjesusen.  Sangane gjekk på lokalspråket, og på bislama (Vanuatus fellesspråk), engelsk og norsk.  Det er slike øyeblikk med glade ungar, sitte i eit billedskjønt landskap, kjenne varmen både i form av temperatur og i frå dei vennlige lokale som brenner seg fast som dei vakraste opplevde eventyr.

      

 Dei kunne bra engelsk og fortalde oss at vi ikkje måtte gå lengre bort på stranda enn vi kunne sjå, for bak neset var ”tabu” for kvinner.  Slike forbudte område har vi stor respekt for og vi respekterer deira kultur.  Medan vi satt og nytte stunda kom skyene inn over øya og himmelens sluser åpna seg, og vi alle sprang kvar til vårt, men ungane ropte til oss at vi kunne komme til skulen neste dag og dei ville ha ”konsert” for oss i klasserommet.

Etter denne dagen regna det i ei heil veke.  Vi hadde det nok litt fuktig i båten, men eg veit ikkje om eg likevel ville bytta med husa på land.  Alle hadde stråtak, og mange hadde store lekkasjer, i tillegg var det ingen som hadde betong på golvet, alle hadde jordgolv i sine ettroms-hus.  De kan tenkja dåke sjølve kor svart og gjørmete det vart.  Kun få hadde madrasser og senger, dei brukte helst stråmatter til å liggje på.  Ikkje rart at nasene var grønne og halsane såre.  Og det tok ikkje lang tid før Blue Marlin-gjengen også vart forkjølte.

Vi og våras svenske venner på ”Christina” møtte som avtalt opp på skulen neste dag.  Eitt av klasseromma hadde støypt golv (vel, meget sprukkent) og her ville dei vi skulle sitte og høyre på at dei song.  Det var jammen ungar som kunne synge vakkert og høgt….!  Vi lærte dei ”lille Petter Edderkopp.”  Som takk for konserten fekk dei ”arva” eitt klesplagg kvar frå Hedda og Marita og vi delte ut ein pose med gryna ”Cheerios.”  Dei vart så glade at dei ville synge igjen for oss neste dag også.  Biletet viser ungane utafor 1. og 2. klasserommet.  Det var ikkje vindauge i denne bygningen, så det var veldig mørkt der inne, golvet var berre jordgolv, dei hadde kun ein lang, tynn staur som benk som fire og fire elevar satt på, pulten var ei lita sponplate.  Dei var stolte og fornøgde då dei viste oss alle skulehusa.

      

  Vi fekk til gode rutiner medan vi var her, skule på båten kvar formiddag og deretter ein snorkletur på dei fine koralla.  Det var mykje og store fiskar å sjå på rundt Asanwari.  På ettermiddagane likte Hedda og Marita å væra saman med sine nye lokale venner, Mary og Jessina.  Stranda var fin og ungane elska å bade.  Ingen hadde badedrakter, så dei bada enten med klærna dei gjekk i eller nakne.  Våras jenter ville væra som dei lokale ungane og nytte å få væra nudistar.   Etterkvart synes venninne det var meir stas å låna Hedda og Maritas badedrakter. 

      

  Landsbyen hadde eit fossefall og det var kaldt og godt å kjøle seg ned der også.  Ein tidligare seglar som hadde vore her hadde fått laga til dei ein generator vha vasskrafta slik at forsamlings-huset til mennene, nakamalen, og ”yacht-clubhuset” hadde straum.  Elles fantes det ikkje som t.d. elektrisitet, bilar, vegar, innlagt vatn eller komfyrar i husa.  ”Yacht club-huset,”  var ein annan seglar som hadde fått bygd til dei, og ein seglar hadde gitt dei video og TV.  TV-stasjonar fantes ikkje, men i yacht club-huset kunne dei som ville koma og sjå på DVD, gjett om det var stort på ei slik primitiv øy.  Men alt har sine negative konsekvensar, det var ikkje aldersgrense for å sjå filmane og fleire likte å sitje heile dagen framfor denne TV-boksen.  DVD-ane kjem frå seglarar som besøker plassen.  Filmane er frå ein urealistisk verden for dei, det er ikkje mange som har vore utafor Vanuatu eller besøkt andre øyer. 

     

  Båttransport er det einaste alternativ for å reise bort, og båten som kjem med matforsyning og transporterer folk kjem svært uregelmessig og heller sjelden.  Som biletet viser kunne den vera uforsvarlig lasta.  Dessuten kostar det å reise, og pengar har dei lite av.  Det er vanskelig å tjene pengar då lønna jobbar er få.  Dei har ein sjukepleiar, ho fungerer som doktor, jordmor og psykolog, mijøverner og for alle slags gode råd.  Ho var den einaste med utdanning bortsett frå to lærarar.    Kvinnene produserte litt vesker laga av pandanus (strå) som dei selde til dei besøkande seglarane.  Men sesongen er kort og det er begrensa kor mange vesker vi kan kjøpe.  Dei fleste langturseglarane er på ”lavbudsjett” som oss. For dei lokale var skuleavgiftene det verste.  Fleire vi snakka med sa dei ikkje hadde råd til å la ungane sine gå på skule.  

Vanuatufolket er avhengig av hjelp og støtte utafrå, landet eig lite av resurser.  Og pengar inn til landet havner ofte i feil ”lommer.”  Difor syntes vi det gjorde godt å få hjelpa lokalt.  Vi seglarane som låg ankra på Asanwari samla inn pengar til skulen.  Rektoren ønskte å få tette tak i klasseromma.  Som takk for vår hjelp laga dei lokale til danseoppvisning med barn og voksne i sine tradisjonelle drakter og serverte oss middag.  Middagen bestod av heilgrilla gris, ferskvannskreps, kylling, papaya og kokosnøtt.  Det var kjempegodt!  Dansen, songen rytmane fekk oss til igjen å måtte klype oss i armen om virkelighet!  Dei alvorlige og malte krigsdansarane såg skumle ut (ja, ikkje gløym at dei for kort sidan offisielt avslutta kannibalismen), men dei fekk uttrykke varme og fint samhold i deira kultur også.  Alle øyer på Vanuatu har sin lokale dans, kostymer, sang, språk, tradisjoner, kultur og regler.   Dei var i alle fall flinke!

      

      

  Asanwari er den plassen vi har besøkt med minst variasjon i kosten, dei dyrka papaya, taro-rot, tapioka-rot, kokosnøtter og bananer hovedsakelig, så den daglige kosten var stort sett steikte bananer og ei rotfrukt som smaka som potet (til frukost, lunsj og middag -ganske”kjedelig!”).  Religionen deira (Asanwari) sa at dei ikkje skulle eta gris, dermed bergrensa det seg til mykje vegetarmat, og kun få hadde okser og kyling, og fiskane var små som dei fekk i nærheten av land.  Kanoane tok dei ikkje langt utpå sjøen då bølgjene ofte var store utfor bukta.

 

  Nixon (guiden vår) fortalde oss at det var ei fin bukt på austsida av øya som det skulle vera mykje hummer og fisk i, men vi kunne berre gå der i stille vær for sjøen stod rett inn frå havet.  Christina og Blue Marlin ville utforske denne plassen eit par dager og koma tilbake til Asanwari.  Vi letta anker og segla av gårde.  Halvvegs framme (etter ein time) beit det på fiskekroken som vi stort sett har ute når vi segler.  Det var ikkje tvil om at vi hadde fått noko stort og spennande!  Ein lang og stor skikkelse byksa ut av vatnet og spann rundt i lufta.  Alle i Blue Marlin fekk ”kicket” og hylte av glede og begeistring.   Vi såg det lange spydet, det vakre seglet på ryggen, den intense og skinande blå fargen, og det var ingen tvil at det var ein type sverdfisk, det var seglfisk!  Den var altfor tung å løfte om bord, og i slike store øyeblikk blir vi forferdelig ”klønete” og redde for å miste fisken, og fantasien spinner i hovudet for korleis å klare å få om bord ein såååå lang fisk.  På eit vis fekk vi festa eit tau rundt halen og løfta den opp over biministativet (soltaket).  Adrenalinet løp heilt løpsk i oss alle!  Dette var ein storfangst, men altfor stor å begynne å sløye på, så vi vende om og segla tilbake til landsbyen vi kom i frå.  No starta eit nytt show!   Vi ankra på samme plass og sjøsette gummijolla og drog fisken etter jolla inn mot land og håpa at ikkje blodtørstige haier følgte etter oss.  Dei lokale kikka nysgjerrig og skjønte at noko var på gang sidan vi litt tidligare hadde sagt farvel.  Vi vinka at dei måtte kome til stranda.  Med chief Nelson i spissen kom barn og voksne springande.  Sjelden hadde nokon fått ein så stor fisk, og takknemlige fekk dei heile fisken mot at dei skulle ta vare på spydet og halen for oss til vi var tilbake.  Seglfisken var 2,5m lang, 35kg tung og spydet var 50cm.  Vi reiste ut att og fekk napp på akkurat samme plass, men denne sverdfisken ville ikkje bli lurt og stakk av gårde.  Christina-båten kom i retur og sa at bølgjene var altfor store til å gå til ”hummerbukta,” og dermed reiste vi begge tilbake.  Christina og Jan hadde fått to små fiskar så då laga Christina til middag for oss.  Det smakar alltid godt med fisk!  Vel, vi spurde Nixon om seglfisken hadde smaka godt.  Han sa at den var tørr, men at folka her tenkjer ikkje så mykje på om maten smaker godt eller ikkje, dei er berre glade for å få ein variasjon når dei dekker svolten.  Det passa riktig godt at vi kom med fisken til dei, for tradisjonen er slik at når nokon er døde så skal dei ete i lag, eller laga mat på ein plass i 100 dagar etter beravelsen. Dama som nyleg var død var berre litt over 60 år, men ho hadde fødd 14 ungar….   Ikkje rart at kvinnene blir fortare ”utslitt” og har kortare levealder enn mennene på Vanuatu.

     

  Ein morgon kom ein mann padlande og lurte på om vi ville ha to kokosnøtter.  Ja, det ville vi gjerne, og han ønska to barne T-skjorter i bytte.  Det fekk han!  Denne unge mannen fortalde han budde i den siste villagen og hadde padla i 1,5 time til Asanwari.  I hans village budde dei berre 12 mennesker, foreldre og broren hans med familie.  Idunn er alltid så nysgjerrig og spurde om vi kunne koma på besøk.  Han vart litt forlegen, men sa ”ja,” med litt nøling.  Nokre dagar etter køyrte vi opp med jolla.  Du kan tru dei sette pris på besøk, det kom aldri framande på besøk dit, så gleda var ekstra stor, men grunnen til at han nølte først var at dei ikkje hadde noko å servere eller tilby oss.  Dei klarte berre å dyrke så mykje som dei åt sjølve.  Denne unge mannen heiter faktisk Harald, og hadde to små barn.  Stolt vart han då vi fortalde at han hadde eit kongelig navn.  Dei plukka ned nøtter frå trærna som dei knuste og gav oss.  Selvfølgelig går ikkje vi tomhendt på besøk, så i ryggsekken hadde vi kaffi, te, kjeks, og litt hermetikkbokser.  Nei, dette vart så stort med besøket at han gjekk og fann gamlefar sjølv ut av senga.  ”Gamlefar” hadde gått rett inn i eventyret om sjuende far i huset, ein liten krokete mann der skinnet var tre nummer for stort til han, kom stabbande ut på tunet.  Han var 114 år gammal, og slik såg han ut, utrulig!  Denne stunda med denne familien var igjen ei av dei uforgløymelige øyeblikka.  Harald og kona kom padlande til båten vår nokre dagar etter, ho hadde fletta ei fin pandanus-korg til oss.  Og vi har lova å senda dei familiebileta som vi tok.   

          

  Båten Diva som vi har segla mykje med sidan Caribeen låg også i Asanwari.  Det er kjekt for Hedda og Marita å ha barnebåtar rundt seg.  I år har det ikkje vore mange barnebåtar der vi har segla.  I alle fall så er dei tre kjekke gutane på Diva alltid fulle av påfunn.  Ein dag mønstra vi, Christina og Jan på Diva og tok med oss Nixon som kjentmann.  Nixon hadde fortalt at to timers segltur nordover på øya var ei grotte dei kalla for ”Moon Cave,” pluss to grotter til.  Då vi kom opp dit fekk vi igjen ein lokalmann frå denne landsbyen til å vise oss og fortelje.  ”Måne-grotta” hadde tre innganger, men ingen var lette å finna uten hjelp.  To av inngangane var så store at vi kunne ro inn med jolla.  Vatnet var krystallklart og vi såg fiskane under oss.  Grunnen til at den heiter ”måne-grotta” er at ei sagn seier at dei før i tida trudde månen var skåren ut av taket i grotta og plassert på himmelen.  For oppe i himlingen i grotta var det som om det var skåret ut eit rundt stykke stein. 

Då vi kom roande inn i grotta leika det ca ti ungar på steinane der inne.  Dei var svært nysgjerrige på oss og følgde oss.  Dette er dei mest fillete kledde ungane vi har sett så langt.  Store hol i T-skjortene og nokre hadde så fillete buksebak at vi såg rumpa stikke ut (truser hadde dei ikkje).  Likevel var dei så glade, dei klukka og lo som alle barn gjorde på Vanuatu.  Vi gjekk så til ei grotte der det hadde budd folk for lang, lang tid tilbake.  Der var det store områder med helleristninger.  Til den siste grotta skulle vi ta med ein stein inn i, og vi skulle legge den oppå andre steinar i grotta og flaggermusene (som det var tjukt av i taket) ville sette seg på den og lage den til ei søyle med sin ekskrement.  I tillegg var dette steindryppsgrotte, slik at frå taket hang det lange stalaktitter.  Det var litt spøkelsesaktig der, synes jentene.  Då vi tok farvel med denne halen av ungar og vaksne som hadde fulgt oss tok vi av oss T-skjortene og gav til dei lokale + litt hermetikkmat og ris som er mest som fast inventar i ryggsekken vår.  Dei takka så hjertelig.

        

      

  Været hadde vore rolig og dei neste dagane melde det samme, så vi spurde Nixon om han ville bli med oss til hummerbukta.  Det ville han så gjerne, og då vi skulle hente han på stranda var det tre til som ville bli med.  Jo da, Blue Marlin kan huse mange…  Ofte har vi ikkje lokale så mykje om bord eller rettare sagt inni båten, det er fleire grunnar, ofte har dei lus, har sterk kroppslukt eller at vi synes det er ”ubehagelig” å vise dei våras ”rikdom” som PC, TV, video, musikkanlegg, komfyr, eller alle dei ting og tang som dei berre kan drøyme om.  I alle fall vart det disse fire lokale mennene som skulle vera med på overnattingstur til austsida.  Noko bag med klesskifte eller mat hadde dei ikkje med, men dei hadde (delvis) snorkleutstyr.  Då vi segla utover fortalde vi dei at ”her” var det vi hadde fått seglfisken….. , akkurat då beit det forsyne meg på igjen!  Ein sverdfisk hang på kroken, men denne var desidert større, og han hoppa ut av sjøen så vi fekk sjå den flotte fisken.  Like greitt, den vart for tung for snøret og han sleit seg av.  Vi ankra der dei anbefalte og tok jolla i land for å sjå til dei tomme husa som stod der.  Det var felles hytte for dei som kom over hit og såg til ”the garden.”  Der var det banantrær og papaya.  For å koma hit måtte dei gå over eit høgt og bratt fjell, og dei måtte sove over i ein annan landsby på vegen.  Difor var det ikkje ofte at folk var her.  Vi fylte jolla med bananstokker til både oss og for å ta med tilbake til Asanwari.  Vi alle snorkla i det deilige vatnet og såg på fiskane som ikkje fekk så ofte besøk her.  Gutane hadde med ein harpun i tillegg har vi ein.  Så det tok ikkje lang tid før middagen var opphenta.  Dei ville ha fisken heilsteikt med hovud, hale og skjell på.  Men kva med kledsbytte?  Dei alle fraus i dei våte shortsene og T-skjortene etter snorkleturen, så dermed dressa vi dei opp.  Nei, det var kjekt å hjelpa, men det varte ikkje lenge før dei kvite og reine gensarane var tilsøla med fiskeblod etter dei sløya fiskane, og dermed sa vi at klærna var deira.  Dei har ein litt annan kultur når det gjelder flekker og hol på klær.  Varm kakao og popcorn vart satt stor pris på til dei kalde ”jaktmennene.”   Etter det var mørkt reiste mennene inkludert Rune for å plukke hummer.  Kort stund etter hadde dei fanga 12 stykker.  Dei lokale sa at kl 05. neste morgon, altså før det var lyst ville dei ut og hente meir hummer.  Alle fire mennene delte Hedda og Marita sitt soverom og sov som steinar.  Då vi prøvde å vekke dei som avtalt var det ikkje mulig å få liv i dei.  Noko meir hummerjakt vart det ikkje, grunnen var ganske enkel: mjuk madrass og hodepute var berre fantastisk!  Og fantastisk, smakte også hummarane vi hadde fått!  Dei brydde seg ikkje om hummer, så ”Christina” og ”Blue Marlin” hadde nokre gourmetmiddager dei neste dagane.   

Før vi segla tilbake til Asanwari neste dag snorkla vi og skaut mange fiskar for å ta med tilbake til landsbyen.  Det var ikkje berre ein opplevelse for dei lokale, men kjekt for oss å ha dei med og lære av dei også. 

     

         

 Rektoren var ein av dei mennene som var med på hummerjakta.  Han stod for den årlige festivalen som skulle starte om nokre dagar.  Han hadde nokre ting han trong hjelp til, som å bake ti kaker, frakte folk frå ein annan landsby med båt, litt matforsyning, kopper og kar m.m.

Vi sa vi kunne ta 15 lokale passasjerer og Christina kunne ta 10.  Vi motra nordover i vel to timer.  Då vi kom til denne landsbyen for å henta folka fekk vi først delta i ein slektning sin ett-årsdag.  Dei feirer berre 1, 18, 21 og 50 års-dagar.  Til denne store dagen hadde dei slakta ein stor gris som hang i eit tre, og vi fekk servert ein deilig middag før vi starta å frakta ut folk til Blue Marlin.  Det var så mange som ville bli med på denne fire dagers festivalen at vi måtte berre seie ”stopp” då vi hadde 30 stk. om bord.  Alle hadde med seg ei pandanusmatte til å sove på, ein bylt av bananblad med mat i, nokre hadde babyar, elles ein generator til eit band som skulle spela musikk.  Ja, det var litt av eit syn då Christina og Blue Marlin kom tilbake til Asanwari som Noahs Ark.  Disse folka skulle sova på skulen.  Nokre fortalde at dei ikkje hadde sett slektningane sine i Asanwari på fire år og var kjempeglade for å få skyss.  Christina og Idunn baka kaker så det fresa etter (for dei hadde jo ingen bakerovn), laga gryteretter og hjelpte til.  Det var ca 500 alt i alt som skulle ha mat i 3-4 dager.  Festivalen var meir for dei lokale, dei hadde fotball og volleyball kampar.  Alle bygdene hadde eitt eller fleire lag. 

Det var eit par andre seglarar som køyrte dei lokale heim att, og då fekk vi tatt bilete korleis antakelig Blue Marlin såg ut.  Siste dagen på festivalen kom ein mann bort til oss og spurde om vi huska han.  Nei, vi måtte melde pass.  Det viste seg at det var ein av dei mennene ved måne-grotta som vi hadde gitt T-skjorte til for eit par veker sidan.  Kona hans hadde vevd to vesker til oss som takk for det dei hadde fått.  Kulturen i Vanuatu er gjerne slik at hvis dei får noko, så vil dei gjerne gje igjen.  Dermed kan det ofte vera ubehagelig for dei å ta i mot uten å få gje tilbake. 

      

      

  Kona til Nixon, Vivian var frå ei anna øy, Malekula, og ettersom vi fekk god kontakt med henne, forstod vi ho lengta svært heim.  Det var lenge sidan ho hadde vore heime og foreldrene hadde ikkje sett den eitt år gamle jenta deira.  Vi sa at ho kunne få reise med oss til øya Espiritu Santo, for då var det lett å koma seg over til hennar øy.  Det ville ho svært gjerne.  Det var trist å ta farvel på Asanwari, vi hadde grodd så fast.  Mange kom for å ta farvel med Vivian og babyen og oss.  Vi segla ut i vakker solnedgang og såg øya Maewo forsvinne i horisonten.  Vi drog inn ein flott tunfisk på ca 4kg rett før det vart mørkt, den vart til den beste middagen Vivian hadde smakt på lenge.  Det var fullmåne og sjøen var speglblank heile natta, så dei to nye passasjerane vart ikkje sjøsjuke, heldigvis.  Neste morgon segla vi inn bak nokre små øyar og inn i ei godt beskytta bukt, Petersen Bay, på øya Espiritu Santo.  Vivian og babyen følgde vi opp til ein bilveg og herfrå haika ho inn til byen Luganville som er Vanuatus nest største by.  Vi tok farvel og sa at vi kanskje kom til hennar øy om nokre veker.

Vi vart liggjande ei veke i denne deilige bukta.  Her var fine snorklemuligheter, vakre små holmer å ta lunsjen på, men høgdepunktet var to elver som rann ut i bukta som vi kunne køyra opp med gummijolla i.  Vi køyrte ca i ein halv time opp elva i tett skog på begge sider, til tider var elva så igjengrodd av vannliljer at vi måtte stoppe motoren og bane oss veg i vannliljene.  Plutselig var det slutt på elva og vi var midt inni eit knallblått ”basseng,” kallast Blue Hole.  Vatnet var superklart og vi såg trestammer og mosegrodde steinar langt der nede på botnen.  Vi heiv oss i det kalde ferskvatnet, det var heilskjønt.  Det var så idyllisk langs elva at vi rodde i sakte tempo heile vegen tilbake til sjøen og Blue Marlin.  Neste dag tok vi den neste elva heilt til endes, den andre ”Blue Hole,” og det var nesten like vakkert som den forrige. 

Vi låg fire båter her som vi kjente frå før, og vi samlast til grautfest på ein holme.  Her bygde Marita og Hedda ein bar av palmeblad og serverte risengrynsgraut og saft.  Dei synes det er så kjekt å bygge hytte\bar og servere.  Dermed er det ønske om byggetillatelse frå Stavanger kommune til ein liten ”risengrynsgrautbar” i hagen vår i Stavanger for tida….. 

        

 Vi flytta oss nokre mil lenger sør på øya, til Surunda Bay.  Også ei fin bukt med fine strender.  På land var det fleire landsbyer, så kvar dag kom koselige ungar og vaksne padlande ut til oss, dei var berre nysgjerrige eller hadde noko dei ville bytte med, som f.eks frukt, kokosnøtter eller skjell.   Det er koselig å få lokale rundt båten så lenge dei ikkje kjem i hopetall eller ”tigger” og det opplevde ikkje vi.  Andre seglarar kunne synas det var slitsomt med ”besøkande.” 

Frå Surunda Bay haika vi oss inn til Luganville for å handla.  Det var ca to månader sidan vi sist hadde handla mat i butikk, og vi hadde tømt av overflodslageret vårt på øyene, så no var det godt å få fylle på igjen.  Huff, her var det dyrt!  Det var billigare med mat i New Zealand og Fiji enn her.   Byen var lite moderne, men hadde det vi trang.  Espiritu Santo driver med kjøttproduksjon av storfe og hadde store plantasjer med kokosnøtter (til kopra).

       

  Millenium Cave er ei lang grotte som nyleg er åpna opp for turister på Espiritu Santo.  Marita og Rune reiste av gårde på den strabasiøse heildagsutflukten med ei guida gruppe.  Gåturen starta langs ein humpete traktorveg med tett jungel på begge sider.  Etter eit par timar skråna terrenget såpass at Rune tok tau rundt livet til Marita.    Dei aka seg nedover i det våte og gjørmete terrenget medan dei haldt seg i ein trestige.  Så vart alle måla i ansiktet som skulle bety ”beskyttelse” gjennom grotta.  Som ein katedral i terrenget gjekk dei inn i grotta.  Det var heilt beksvart og alle måtte ha lykt.  Til tider var hola så smal at dei måtte åle seg på magen eller ryggen over store, glatte steinar.    I taket hadde mengdevis med svaler bygd reir, og halestjertane kunne dei sjå stakk ut av reira, grotta var også heimen til mange flaggermus.  Guiden var så betatt av vetle Marita som var så modig og utholdande (motsetning til mange andre turistar).    Av og til vassa dei i elva som rann gjennom grotta med vatn heilt opp til livet.  Etter mest ein times ”vandring” i grotta, kom dei endeleg ut att i dagslys.  Ute av tunnelen fekk dei utlevert kvar sin svømmering, mest alle ringane hadde lekkasjer.  Hand i hand med guiden flaut Marita og guiden nedover elva med straumen.   Eg trur far var både litt redd og litt stolt av henne.  Deretter var det ein lang marsj i våte sko og klær tilbake til bilvegen.  Dessverre var Hedda sjuk og sengeliggande denne dagen, og mor var heime med henne.

          

  Tidlig ein morgon kjem ein båt vi gjenkjenner seglande inn bukta, det var norske Necessety som vi ikkje hadde sett sidan Fiji.  Vi skandinaviske snakkast mest kvar dag på SSB-radioen, så Jan Fredrik visste kvar vi var.  Eva hadde reist heim frå Fiji, men han hadde fått med seg norske Tore som mannskap til å segle med han til Australia.  Endelig skulle vi få feire Jan Fredrik sin 60-årsdag.  Ingen anledninger til fest går vi glipp av, så etter laaaang kaffi i Blue Marlin var det tid for morgenbadet, vi snorkla og fann opp litt godbiter, ”giant clam shell” til festmiddagen som skulle vera seinare på dagen.  Etter snorkleturen stod Marita og Hedda for lunsjen, dei var selvfølgelig ”risgraut-serveringsdamer” på stranda.  I deira alder foretrekker dei å vera topplause når dei serverer, men heime i hagen i Stavanger må dei nok ha på seg litt meir klede….synes mor og far.  Middagen i Blue Marlin starta med clamshell, Christina stod for hovedretten og Idunn for desserten.   Det var ein koselig og sosial dag før vi neste morgon skildes igjen. 

          

 Vi segla ca 25nm til ei lita øy utafor den større øya Malekula, til Vao Island.  Det var søndag ettermiddag og dagen før Marita og Hedda sin 8 årsdag (1. oktober).   Vi såg ca 100 kanoar ligga på stranda i mange forskjellige fargar, dei var eit syn der dei låg.  Neste morgon fekk vi sjå dei i bruk: mest alle innbyggarane på denne vesle øya starta rundt 06.00 å padle over til Malekula.  Av mange årsaker bur det svært mange innbyggarar tett i tett på dei små øyane utafor Malukula.  Sidan kulturen er slik at jobben deira er å dyrke mat til familien sin eller som dei seier: ”go to the garden,” så padlar dei over fjorden for å koma til kjøkkenhagen sin.   Også skuleungar padla over sundet eller at dei som hadde pengar kunne bli frakta i den overfylte vetle motorbåten.  Redningsvestar hadde dei sikkert ikkje høyrt om, og den eine dagen vi var der var det mykje vind, store bølgjer og sterk straum.  Vi synes det var nervepirrande å sjå dei små skuleungane kjempe seg over sundet i kanoane sine.  Før solnedgang kom foreldrene heim frå ”the garden,” då hadde dei haug med frukt, grønnsaker eller pandanus til veving i kanoane sine.   Av og til kom nokon ut til båten vår og spurde om vi ville ha frukt eller skjell.  Då var det som regel T-skjorte eller skulesaker dei ville bytte med.  Her lærte ungane fransk, så vi kunne berre snakke med dei få som kunne litt engelsk.

       

      

 1. oktober vakna to jenter før soloppgang i spenning med store forventningar.  Stort bursdagsselskap med andre ungar kunne dei gløyme, men dei hadde invitert Christina og Jan (som er i slutten av femti-åra), og her var ingen andre seglbåtar enn oss to.  Menyen for dagen var bestemt for lenge sidan.  Medan vi åt lunsj kom ei ung jente padlande og sa ho kunne vise oss på land (ho ”tima” besøket til oss så godt at ho kom akkurat tidsnok til eplekake med vaniljesaus).  Vao-øya held strengt på sine tradisjoner og dermed trong vi guide for ikkje å gå på ”tabu” plasser, mange stiar var forbudt for kvinner.  Så denne jenta tok oss rundt heile øya og viste oss natsaroen til kvar av dei seks landsbyane på øya, kjempestor katolsk kyrkje.  Natsaro er den hellige plassen der alle tradisjonelle sermoniar og dansar foregår (som for eksempel omskjæringssermoniar for gutar og ”man-grade-testing”).  Det er ei lita åpen slette inni skogen, med fleire tamtam-trommer (som er uthola tremasker, opptil 3m høge som dei bruker som trommer).  Her var det ”tabu” å ta bilete, bortsett frå hennar landsby sin natsaro. 

Hedda og Marita fekk padle i kanoen hennar, og dei inviterte ho til selskapet sitt om kvelden.  Jentene hadde øva inn nokre songar som dei framførte som underholdning og vi hadde ein hyggelig kveld. 

           

Vi segla sørover til ei anna lita øy utafor Malekula, Atchin Island og ankra i le bak denne. 

Her var vår misjon å sjå om vi kunne oppsøke Vivian og babyen hennar som vi hadde hatt med på nattseilas frå Maewo til Espiritu Santo.  Vivian budde på sjølve Malekula, så vi tok gummijolla over sundet, det gjekk litt fortare enn alle dei hundrevis av innbyggarane på Atchin som padla over sundet, til og frå ”the garden.”

Det var ikkje måte til varm velkomst vi fekk hos familien til Vivian.  Bestefaren, Willison, på snart 80 år sprang til kjøkkenhagen (ca 30min unna) og kom tilbake med frukter, grønnsaker, kokosnøtter og nøtter til oss.  Vi vart invitert til nasjonalretten laplap neste dag.  Idunns hunger etter å ”grave” i jorda vart tilfredsstilt då ho fekk gå med bestefaren og Vivian til ”the garden” neste dag.  Før vi gjekk til kjøkkenhagen tilbereda vi laplapen til lunsjgjestene (resten av Blue Marlin-gjengen og Christina og Jan) skulle komme.  Laplapen var raspa yamrot (raspa på ein trestokk), blanda inn kokoskrem (raspa kokos og klemt ut mjølka\kremen), denne ”deigen” låg oppå bananblad, deretter la dei ein glødande stein midt i deigen og hadde nyslakta kylling oppå steinen.  Så pakka dei inn deigen (laplapen) i bananblada og la på gruva.  Her skulle det ligga på glørne i minst to timar.  Medan laplapen godgjorde seg gjekk bestefaren, Vivian og Idunn til kjøkkenhagen.  Vi plukka kakaobønner, nøtter, planta yam, plukka papaya, henta ned og renska kokosnøtter til drikke for lunsjen, såg til ananasplantene, plukka vårløk og salat.  Det mest interessante var korleis han gav kyrne drikke.  Han skar ned eit banantre med masjeten og kutta stamma opp i ca halv meter lange biter og gav det til kyrne.  Stokkane var så vannholdige at det rann av dei.  Dermed trong ikkje kyrne meir vatn på eit par dager.

        

      

  Noko oppdekning med fat, bestikk eller koppar trangs ikkje.  Dei breidde ut pandanusmatter under eit tak og bananpakken med laplapen vart plassert midt på matta.  Vi satte oss rundt og åt laplapen med fingrane, og drikken var i kokosnøtta.  Det smakte utrulig godt!  Vi hadde baka sjokoladekake på båten og hadde den med til dessert.  Atmosfæren var så god, vi kunne ha sete i timevis og lytta og spurt om deira kultur og tradisjoner som er så utrulig annleis enn vår.  Bestefaren, Willison, som Vivian voks opp hos var øverste chifen i området og hadde stor respekt hos øyfolket.  Men overfor oss var han den varmaste, snillaste bestefar som godtok vår ”turistiske stil” og aksepterte vår ”likestillingsoppførsel.”  Den søte bestemora var vanskelig å kommunisere med då ho ikkje kunne engelsk.

Neste morgon tok Willison oss med til det lokale markedet, det var det minste markedet vi har sett, desto hyggeligare.  Det er første gong vi har måtta ”pruta” oppover då vi synes pandanusmatta vi ville kjøpe var meir verdt enn det kvinna ville ha for den. 

        

 Vi stod alle med tårevåte auger og tok farvel med Vivians familie.  Vi måtte vidare, og vi segla til ei anna lita øy, Sowan Island utafor Malekula i ei bukt som heiter Port Stanley.  Det var ingen som budde på denne øya som var av koraller og mangroveskog, men naboøya hadde nokre landsbyer.  Så morgon og ettermiddag kom lokale padlande forbi oss på veg til eller frå kjøkkenhagen på Malekula.  Då vi vakna neste morgon var Marita og Idunn sjuke, oppkast, feber, ingen energi i kroppen, det samme med Jan om bord i Christina-båten.  Vi måtte berre ligge ankra her til vi vart bedre.  Vi kom oss litt etter eit par dager, men då var det Rune og Hedda sin tur.  Christina hadde bursdag og ho ville gjerne feire, men stemningen var laber, og matlyst og energi var det kun Christina som hadde.  

Ein dag rodde dei friskaste til land og bygde ei palmebladhytte.  Der vart det grilla pølser og servert kald øl av to små jenter frå hytta.  Hedda og Marita var i sitt ess når dei fekk servere ein lokal mann som var nysgjerrig og kom padlande inn til dei.  Han bytte gjerne bort kokosnøttene for pølser og øl!

    

Med litt bedring i helsa segla vi endå lengre sør på Malekula, til Banam Bay.  Her låg det fleire seglbåtar og fleire kom neste dag.  Svenskane utgjorde halvparten av dei åtte båtane som låg her.  Vi hadde også gjenforening med eit par andre båtar, dermed vart det fest på stranda.  Det som vi ofte gjerer då er ”pot luck,” dvs at alle tar med kvar sin rett. 

For å koma oss til neste øy måtte vi krysse oss sørover, noko som vi ikkje hadde gjordt på lenge.  Det gjekk tregt!  Målet vårt var Lamen Bay Epi Island som vi kun hadde fått ein kort stopp på då vi hasta nordover for å røkke festivalen på Ambrym for to månader sidan.  Denne nydelige bukta er unik med sine mange store havskilpadder og dugonger som nyter godt av sjøgraset på bunnen.  Skilpaddene var lette å svømme med, og vi fekk mange anledninger til å klappe havskilpaddene medan dei åt eller svømte. 

Å sjå ein dugong eller ei sjøku var ikkje like lett.  Vi tok gummijolla over sundet til ei lita øy Lamen Island der vi hadde høyrt at dugongfamilien haldt til.  Riktig nok!  Medan vi snorkla rundt kom det rare dyret svømmande forbi.  Det er muligens disse som er årsak til at sjømenn trudde på havfruer. 

Sist vi var her hadde vi snakka med ein mann som ville selge oss frukt.  Douglas som han heitte, budde på Lamen Island og padla den lange strekningen (2km) til Epi Island kvar dag for å dyrke jorda.  Han spurde då om vi hadde eit gammalt segl han kunne få.  Vi svara nei, men vi angra sidan.  Vi fekk sydd oss nytt forsegl i New Zealand og har dratt på det gamle mtp at den som trenger det mest skulle få det.  Det er ingen andre plasser vi har sett dei har hatt lengre veg å padle, og at nokre kanoar her hadde seglkultur, nemlig segl av bananblad.  Vi oppsøkte Douglas på Banam Island og fortalde han at vi kom med segl til han.  Det var det største han kunne drøyme om.  Christina laga tegning av korleis han burde sy seglet til kanoen sin, og han fekk med tilbehør som tau og tråd.  Kona hans laga til eit fat med frukter og sjølvdyrka peanøtter under det store treet deira på stranda.  Det var ein kjempekoselig familie.  Douglas var chief og hadde fem døtrer, dermed kunne ingen av disse arva tittelen, men han hadde eit barnebarn han håpa kunne overta, fortalde han.

      

 For å gjera turen litt kortare frå Epi Island til Efate Island segla vi langt sør på Epi og ankra i Nelson Bay for ei natt.  Vi såg at dette var den siste landsbyen vi fekk delt ut skulematrial og klede til før hovedstaden.  Då vi rodde i land kom chifen og tok i mot oss.  Vi fortalde vårt ærend og Chief Baron som han presenterte seg for, følgde oss til huset til rektoren og vi fekk avlevert det vi skulle.  Rektoren vart så glad og rørt.  For skulematriell er ikkje lett å få tak i på småøyene, og i tillegg slit alle skular med økonomi. 

 Vår siste stopp før hovedstaden var nord på øya Efate.  Det var så trist å tenkja på at no var det slutt med vakre øyer, strender, snorkling og hyggelige lokale.  Der tok vi feil!  I siste liten ombestemte kaptein Rune seg, fordi veret var meldt stille og fint dei neste dagane, så vi gjekk heller til ei lita øy utafor Efate, Lelepa Island.  Inn i mellom korallhodene snirkla vi oss mest heilt inn til den kvitaste sandstranda og ankra.  Den hesteskoforma bukta hadde vakre turkisnyanser i vatnet.  Bortsett frå den breie, kvite stranda var øya lav og hadde tett grønn skog.  Her fekk vi leve ut litt meir drømmen om vår egen paradisøy.  Vi såg ingen lokale dei tre dagane vi var her, kun sommerfuglar i hundretall.  Bukta var vår og Christinas!  Alle måltid vart inntatt på stranda.  Vi grilla fisk og pølser på bål om kveldane, solnedgangane gav den raudaste himmelen vi har sett hittil.  Alle dei forskjellige koralltypane i bukta gav husly og mat til eit kjempeutvalg av sjøliv i alle regnuens farger: ål, fisker, hummer, kråkeboller, haier, mange typer sjøstjerner m.m. Her kunne vi vore lenge……….!. 

         

  Tilbake i den travle byen Port Vila hadde vi eindel ærend før Port2Port- rallyet skulle starte over til Australia.  Vi skulle bl.a.hente visumet vårt til Australia, gjere dei siste innkjøpa, sjekke e-post og reparere seglet.  Storseglsduken hadde fått ein delaminering på ca 2 kvadratmeter som vi lima og forsterka.  I Port Vila såg vi norske Coconut som vi ikkje hadde sett sidan ARC i 2005 låg ankra.  Det var så kjekt for Marita og Hedda å sjå ungane Camilla og Collin igjen på Coconut.  Det deilige bassenget på hotellet vart flittig besøkt av badeglade ungar.  Elles stifta vi bekjentskap med to norske båter til, Celine frå Egersund og Silene frå Bergen som også kom gjennom Panamakanalen i år som Coconut.  Dei siste vekene hadde det vore fleire innbrudd i båtar, og ein kveld vart Celine ein av dei uheldige.  Vi alle hadde stor medfølelse for dei.  I tillegg er slikt svært uheldig for ryktet til Port Vila og Vanuatu.  Veret var dårlig med mykje regn og vind den dagen vi tenkte å starte, så dei fleste på rundt 30 båtane som skulle vera med i rallyet frå Port Vila vart liggande.  Rallyet hadde ca 80 påmeldte, deltakarane kunne starte på fire forskjellige plasser, to på Vanuatu og to i New Caledonia, starttida kunne vi velge sjølv, berre at arrangementet i ankomsthavna i Australia, Bundaberg starta ein gitt dato.  Vi benytta tida å gå på fleire marked i Port Vila.  Byen var koselig sjølv om gatene var altfor trange til biltrafikk og gåande.  Byen hadde eindel fine dekorerte hus.   

         

 Den 23.oktober tok vi farvel til Vanuatu som vi hadde reist rundt på i nærmast tre fantastiske månader.  Vi var utrulig spente på korleis seilasen framfor oss på rundt 1000nm skulle bli.

Samstundes gleda vi oss over å ha ”ryggsekken” vår full av gode minner og opplevelser då vi heisa segl for Australia.

 Meir om overfarten og det spennande landfallet vi gjorde på veg til Australia kjem i neste reisebrev.  Vi har fått plass i marinaen i Yamba som ligger mellom Brisbane og Sydney for tre månader medan Hedda og Marita går første termin på den lokale skulen (fram til 11.april).  Det skal bli deilig å ligge i ro og lade opp til ein lang seglersesong. 

Vil dåke kontakte oss om de har spørsmål eller berre sei ”hei” så skriv gjerne.