VANUATU 5.aug.-23.okt. 07
I svarte natta 31.okt. ser vi ei fyrlykt i det fjerne som forteller at vi nærmar oss Australsk land og innløpet til Burnett River ved Bundaberg der vi skal inn. Rett før midnatt går vi opp elva som var godt merka. Hedda og Marita hadde jubla og dansa på dekk i solnedgangen tidligare på kvelden i sine graskjørt og kjent på spenningen om snart landfall, men sovna utmatta ti minutter før vi la oss på karantenebøya. Rune og eg nyter ein nytrekt tunfisk i den stille natta i det nye landet, og i natt er det ingen som skal ha nattevakt, no skal vi sove godt, eit nytt mål er nådd, Australia!
Sist reisebrev vart avslutta då vi låg klare i Lautoka på Fiji og venta på vær til å gå til Vanuatu. Ettermiddagen den 2.august segla vi ned langs land av hovedøya på Fiji, Vitu Levu før vi gjekk ut i åpen sjø. Bølgjene og vinden steig straks i høgde og styrke, og det første døgnet var ikkje så behagelig. Ikkje nok med det, men vår kjære autopilot prøvde å seie ”takk for seg.” Heldigvis bur det ein liten ”Petter Smart” i kapteinen, så han fiksa den så bra midlertidig at den har klart seg heilt til Australia. Vi hadde ca 500nm frå Fiji til første øya i Vanuatu, Tanna. Vinden roa seg så mykje 3.døgnet at vi måtte hjelpe til med motor for å klare overfarten med tre netter. Det er ikkje anbefalt å koma inn etter det er mørkt, for i dette fattige landet er det ikkje merka med lykter og fyr. Berre denne sesongen veit vi om tre båtar som har gått på revet og blitt knust utafor Vanuatu.
Vi pressa motoren dei ti siste timane, og med ein lettelse kunne vi hive ankeret i solnedgang på Tanna i bukta Port Resolution.
Tidlig ei natt i august i 1774 kom kommandør James Cook seglande mot Vanuatu med sitt skip HMS Resolution. Han såg himmelen lyse opp av ein vulkan (Yasur) og fann ei lita bukt søraust på øya som han kalla Tanna. Han kalla bukta opp etter sitt skip, Resolution. Han ville klatre opp på fjellet, men vart nekta, tabu, då dei lokale meinte at vulkanen Yasur (som betyr”gammal mann”) var opprinnelsen til universet og at det er der sjela går etter døden. Dei trudde at det var mellom 5000 og 20 000 sjeler som budde der. Sidan vi kom inn på dagtid såg vi kun grå/rosa skyer stige opp frå vulkanen.
Det satt ein ung mann i ein kano og fiska i bukta då vi ankra, og nysgjerrige er vi alltid til å sjå korleis folka ser ut, korleis dei er eller om dei forstår engelsk når vi kjem til eit nytt land. Så vi ropte på han, og ein blid og hyggelig mann kom bort, han hadde ikkje fått noko fisk denne dagen. Det hadde vi, så vi delte vår tunfiskfangst med han og han vart veldig glad. For det meste har vi sett menn som sitter inne i ei bukt i sine kanoar når dei fiskar, og det tilseier ikkje mykje storfisk.
Tidlig neste morgon kom vår nye venn; Joe med sine to barn, dei hadde med seg ein heil stokk med bananer, sitroner, kjærlighetsfrukt og papaya i ei fletta korg til oss. For første gong var dei om bord i ein seglbåt, kjempestas var det å få saft og kjeks. Dei var fine å sjå på med store, brune auger og masse svart, krusete hår, men klærna var veldig fillete og skitne, og ungane var svært snørrete. Denne dagen var så kjølig at vi hadde på oss langarma genser. Hedda og Marita gjekk i klesskapet sitt og kledde ungane opp.
Dei aller fleste folka her er Melanesere. Ein reknar med at ca 3000 år f. Kr. kom Vanuatus forfedrar den lange distansen frå Solomonøyene, og dei igjen kom frå Sør-aust Asisa.
Rune måtte få sjekka oss inn i Vanuatu og reiste til innsjekkingskontora på andre sida av øya. Det kom ein pick up og henta folk ein gong om dagen i Port Resolution, og på ein humpete ”traktorveg” køyrte dei til tettstaden Lenakel. Landskapet var for det meste tett skog, men til kontrast, også eit svart månelandskap, det sørga den aktive vulkanen Mt Yasur for, store områder var dekka med lava. Gutane på biletet bærer ei kavarot til markedet i Lenakel.
I Port Resolution var det fire små landsbyer, og alle hadde sin egen chief og over dei var det ein høgare chief og over han igjen var det endå ein mektigare chief. På Vanuatu-øyene har ein landsby vanligvis 50 til 200 menneske. Ein landsby er som ein storfamilie. Vi hadde mange hyggelige stunder med Joe i båten, han gjorde seg gjerne eit ærend til oss og kom med frukt eller grønnsaker, og vi hadde alltid ti tusen spørsmål når han kom. Han fortalde om deira kultur og tradisjoner. Det mest omtalte temaet blant oss utlendingar er kvinnenes plass i samfunnet. Kvinnenes rang i deira kultur er så lav at det seies at grisane er meir verd. I alle fall kostar det svært mykje om du vil kjøpe deg ei kone. Du kan betale med griser eller det mest vanlige som i Joes tilfelle var at foreldrene blir enige om eit litt mindre antall griser hvis landsbyen gifter tilbake ei anna jente, slik at landsbyane bytter jenter. ”Uheldig ” er du om du forelskar deg i ei jente frå ei anna øy, for då kan du ikkje frakte griser i dei små åpne båtane deira, då må du betale, ca 4500 kroner (80.000Vatu) og det er svært mykje for det er ikkje mange som har betalte jobbar i Vanuatu. Dei fleste jobber med å dyrke den maten dei treng. Det var ingen i disse fire landsbyane som var så rike at dei hadde bil for eksempel, kun ein landsby hadde fått eit aggregat slik at dei hadde lys ei lita stund på kvelden. På spørsmålet om det fantes skilsmisse svara han at det gjorde det, men ikkje mykje, straffa om du ikkje ville væra gift var opp til chiefen å bestemme, men det var gjrene dødsstraff. Eindel menn ”rømte” ut av ekteskapet til hovedstaden, Port Vila og starta eit nytt liv der.
Mennenes og kvinnenes arbeidsoppgaver har vore svært ujevnt fordelt. Mennene gjekk på jakt på dagtid og på ettermiddagen samlast dei i landsbyens nakamal (ein slags klubbhus laga på tradisjonelt vis, eller eit område under eit tre) og drakk kava (ei sterk og illesmakande drikke laga av ei rot) og diskuterte. Nakamalen er strengt forbudt for kvinner, dei kan bli straffa om dei berre vender hovudet og ser på nakamalen. På fleire øyar måtte vi ha med ein lokal person då mange områder og stiar er forbudt for kvinner å gå på. Vi såg ikkje ofte mann og kone snakka sammen eller vera i lag, kvinnene åt sammen med andre kvinner og barn. Mennene fekk servert maten først. Bord, stolar, senger eller i det heile møblar har vi ikkje sett mykje av. Dei sitter, jobber, et, søv på matter laga av pandanusblad. Kvinner skal heller ikkje være høgare enn mennene, dermed kunne vi oppleve at kvinnene bøyde seg ned då dei passerte oss (Rune) på stien.
Då misjonærane kom på slutten av 1700-tallet, ville dei i tillegg til å kristna folket, få mennene til å slutta å slost og kriga mot kvarandre, slutta med kannibalisme (siste misjonæren vart ”kokt” i 1969) og få mennene til å overta litt av kvinnenes arbeidsoppgaver, som å dyrka jorda. Kvinnenes levealder er ca fem år lavare enn mennenes eller ein annan måte å sei det på, ”utslitt.” Dei har store barneflokker, alt er tungvint med matlaging, med tanke på at dei dyrkar det dei skal ete, koker på gruver og laga klede og kledsvask går for hand, i tillegg produserer kvinnene pandanusmatter til sjølvbruk eller for salg. I ein landsby på Tanna vil chifen halde fast på gammal tradisjon, så han har forbode kvinnene å gå på skule og å reise, og at dei alle skal gå i sine tradisjonelle klesdrakter: kvinnene går topplause med graskjørt, og mennene med penisfutteral, namba.
Sjølv om dei fleste er kristne har dei fortsatt mykje tru på magi, tru på spøkelser, forfedrane har fortsatt makt etter døden og viser sine krefter gjennom folk med spesielle evner, disse folka kan snakke med dei døde og kan svart magi, sorcery. Disse personane blir tilkalla ved sjukdom, hjelper til ved dødsstraff, roer ned stormar eller vulkaner.
I kulturen deira er det mykje seremonier med store måltid og dans. For eksempel ved fødsel, begravelse, giftermål, kvinner som får menstruasjon, unge gutar (10-12 år) som blir omskårne (på Tanna blir dei omskårne med skarp bambus), også i forbindelse med mennenes ”grade-testing” (sosiale status) og neste års avling.
Biletet viser ungar utafor tradisjonelle hus i Tanna og korleis dei pumpar opp vatn.
Vanuatu har 105 forskjellige lokale språk, ikkje berre dialekt-forskjel, så dei må lære eit fellesspråk, bislama, som likner på engelsk, deretter må alle læra enten engelsk eller fransk, slik at dei lærer tre språk på skulen. Her er nokre døme på engelsk og bislama:
Hallo! Alo!
Good morning! Gudmorning!
I want to talk to the chief! Mi wantem toktok long jif!
Do you speak English? Yu toktok Engglis?
What is your name? Wanem nem blong yu?
My name is….. Nem blong mi…..
Thank you! Tank yu!
Folka i Rort Resolution var svært hyggelige og imøtekomande, nokon kunne engelsk og nokon fransk. Årsaken til at dei endå har engelske og franske skular er at Vanuatu var under delt engelsk og fransk herredøme inntil 1980, då vart dei sjølvstendige. Vanuatu har lite dei eksporterer og dermed lite med inntekter til landet. Dei har selt fiskerettigheter til andre land elles er turisme ei viktig inntektskilde. Eksport av kopra (tørka kokosnøtt), kava og kjøttproduksjon er andre eksportvarer. Vanuatu er avhengig av økonomisk hjelp utafrå. Det tristaste syntes vi var at skuleavgiftene var så høge at mange hadde ikkje råd til å la ungane gå på skule. Vår venn Joe var ein av dei, det var ikkje nokon jobbar i nærheten.
Ein dag var vi på skulen og snakka om Norge og om seglturen. Det var streng disiplin på skulen , så dei satt som tente lys. Glade var dei for å få skulematriell frå oss. I friminutta spela jentene volleyball og gutane fotball. Dei to siste åra på grunnskulen måtte gutar og jenter bu på skulen (mange elevar måtte slutte skulegangen då, fordi å bu på skulen kosta endå meir). Skulen hadde ein liten kjøkkenhage der dyrka dei maten til dei som budde på skulen. Maten bestod ofte av tapioka-rot (mest som ei potet) kål, bananer og kokosnøtt (samme til frukost, lunsj og middag), og alt blir kokt på gruve. Fisk og kjøtt var luksus, så det var sjelden at dei fekk. Vi høyrte ikkje om at det var nokon som baka brød her heller (”Uff, så einsformig mat,” sa Hedda og Marita som elskar pizza og spaghetti). Biletet viser eleven som hadde kjøkkentjenste framfor kjøkkenet. Alle husstander i Vanuatu (bortsett frå inne i byane) hadde eget hus der dei kokte maten på gruve.
Biletet med Hedda og Marita er framfor barnehagen.
Joe inviterte oss med til ein seremoni der alle landsbyane i Port Resolution kom sammen grunna ein baby skulle ut i ”dagslys.” Når ein baby er fødd held dei han inni huset i eit par månader, grunnen er smitte og gammal tru på onde ånder. Kvinner og barn var under eit stort tre, der hadde kvinnene rigga til med mange gruver, og store gryter stod og putra då vi kom. Mennene satt for seg sjølve. Vi fekk helse på nyfødde ”Monica” som syntes lyset var vel sterkt, og den stolte mora tok imot gavene våras. Ho vart så glad at vi fekk ei fletta pandanusveske av henne som ho sjølv hadde laga. Eg hadde laga ei sjokoladekake, og aldri har vi sett så mange veloppdragne voksne og barn stå i kø for å få smake. Nei, det vart ikkje store stykket på kvar!
Vi var tydelig hedersgjester og vart ”plassert” på ei pandanusmatte og fekk servert først (tom før mennene!). Eg veit mest ikkje om eg torer å skrive kva vi vart servert, skilpadde og ris. Eit par av mennene hadde skote skilpadda med harpun i anledning festen. Skallet hang i buskane til tørk. Kjøttet var kjempegodt og mørt. Hedda og Marita var skeptiske til å ete dette søte sjødyret.
I tillegg serverte dei nyslakta kylling og gris. Alle kom med gaver, men det var for det meste sjølvprodusert mat som bananstokker, tapioka, kokosnøtter, høner eller griser etc.
Chief Philemon i den eine landsbyen ville at vi skulle kome på besøk ein dag, og Christina og eg sa at vi ville ta med lunsj til dei. Christina laga pastasalat (og introduserte dei til oliven), eg hadde med nysteikte skulebollar og skillingsbollar. Vi satt på deira pandanusmatter og åt og prata. Høner griser, hundar, fluger måtte vi ”husje” på så vi kunne få ete maten vår i fred. ”Christina-dokter” prøvde å fortelje kvifor ungane deira var så fulle av infeksjoner og forkjølelse, ho har rensa ganske mange infiserte sår på øyene, (ikkje berre lokale, trur samtlige seglarar har hatt infiserte sår også). Dei burde absolutt gjerde inn dyra, då alle husdyra går rundt og gjerer sitt fornødne der ungane leikar og oftast har ikkje barna sko eller klede på. På fleire av øyene hadde barn og voksne malaria ein til to gonger i året. Vi var der heldigvis på den tørre årstida og dermed mindre malaria. Likevel tok vi forhandsregler med å sove inni myggnett om bord, være i båten før det var mørkt og ankre i god avstand frå land (malariamyggen kan berre flyge 70 m). Fleire dokterbesøk og andres gode råd var at vi ikkje gjekk på malariamedisin medan vi var i Vanuatu, men heller ta behandling om vi fekk symptomer. Nok om malaria!
Chief Philemon ville gjerne gje oss noko igjen, så han ville slakte ein gris og laga festmåltid for oss søndagen etter. Den heilgrilla grisen smakte nydelig, og vakkert var han pynta med blomar og tredd på to stokker. På tradisjonelt vis laga dei nasjonalretten, laplap. Det er enten av rota yam, tapioka eller taro som er raspa, deretter skvisa dei kokosnøttkrem over og pakka deigmassen inn i bananblad og la på gruva i eit par timar. Då var deigmassen mest som ei kake og vi hadde frukt som papaya og steikte bananer ved sida av.
Ein ettermiddag hadde vi avtale om å bli køyrt opp til den levande vulkanen Mount Yasur. Dette er ein av verdens lettast tilgjengelige vulkan. På ein laus grusveg, laga i lavasand svinga vi oss nokre kilometer frå ankringsplassen. Vi kom opp i skumringstid til eit svart månelandskap, etter 10 minutters gange stod vi heilt utpå stupet og kikka ned i ein glødande masse. Det vart stupmørkt og vi visste at eit lite feilsteg kunne ha katastrofale følger. Her var ikkje snakk om sikring eller ”hold avstand.” Den stille natta vart til eit magisk eventyr då Yasur låg der nede og pusta og freste som ein illsint drage. Lydane vart høgare og høgare og meir intense, deretter eit kraftig smell, og kraterkanten vi stod på rista, vi hylte til av redsel, og såg store ildkuler fyke høgt over hovudet på oss. Deretter landa den glødande lavaen med klask nedafor oss, og dragen sovna på igjen med å lage snorke, puste og freselydar, så høyrtes det ut som han var i ferd med å vakne og vart sintare og sintare, deretter eksploderte han igjen (10-15 min mellom kvar eksplosjon). Det var ikkje berre Hedda og Marita som var redde, kan eg seie. Utbrudda minna mykje om nyttårsafta, berre finare. Det var eit fasinerande (og skremmande) naturfenomen. Heldigvis fekk vi vite om dødsulykker med turistar etter vi hadde vore der!
Vi hadde nattseilas til øya Efate der hovedstaden Port Vila ligg. Vi låg på bøye og var i nærheten av mange butikkar igjen, forferdelig kontrast til Port Resoltion. Frukt og grønnsak-marked er alltid kjekt å gå på. Mest alle damene gjekk i dei store og vide kjolane som kallast ”mother hubbard.” I Vanuatus klesdrakt skal jentene gå med skjørt som dekker knærna. Vi gjekk på den australske ambassaden og fekk ordna med søknad til visum for Australia (som ikkje var bare, bare), gått på internett, besøkt nasjonal-museumet, vaska klede og proviantert då vi skulle ut til småøyene. Det største Hedda og Marita fekk opplevde her var ein park (Secret Garden)som hadde slanger og salamandere som dei fekk halde.
Vi hadde ein festival (22.-25.aug.) på øya Ambrym vi ville væra med på og hasta vidare frå Port Vila
Vi tok dagsetappar og segla først nord på Efate og overnatta i Havanna Bay som er godt beskytta. Amerikanarane hadde eindel av sin krigsflåte her under 2. verdskrig.
Neste natt var vi ankra i Laman Bay på Epi Island, her var det vakkert, mange skilpadder vart observert rundt båten og rykter om sjøkyr eller dugonger i bukta gjorde at vi ville koma tilbake her. Ein endå lengre dagsetappe gjenstod før vi kom til ”festivaløya” Ambrym. Ambrym har også vulkanar, to røykskyer frå dei to vulkanane på øya kunne vi sjå på mange mils avstand. Når dei erupterer hender det at landsbyar blir ødelagde og at øyas befolkning må flykte. Siste store utbrudd var i 1993. Fleire av strendene hadde svart sand, medan nordspissen ved Nobul der vi ankra hadde kvit korallsand. Vi ankra i bukta med ca 12 andre båtar som var også komen i anledning den lokale festivalen. Dei fleste var ”gamle” seilervenner, vi alle var spente på kva dei neste tre dagane skulle by på.
Alle ”yachtisane” samlast på stranda tidlig neste morgon og gjekk på rekke og rad i ein time på dei tilgrodde stiane, vi passerte eit par små landsbyar der nysgjerrige lokale vinka til oss kvithuda. Vi kom til ei åpen lita slette i tettaste jungelen. Var vi blitt lurt og stod grytene klare…..? Vi stod på denne sletta og venta, kva som skulle skje visste ingen. Tydeligvis ein hellig plass då små og store tamtam eller slit gong (uthola, treskårne masker opptil 3m høge) stod oppstilt.
Ut av jungelen kom eit kor av kraftige mannsstemmer og bakken under oss tok til å riste. Fram frå buskane kom ein heil hærskare av nakne menn, dei hadde kun eit penisfutteral (eit bretta blad rundt penisen), eit belte av bark som futteralet hang fast i og ein liten busk som stakk opp frå rumpesprekken.
Den lokale dansen for mennene var å trampe beina hardt i bakken, ein mann leda rytmen med å slå på ein tamtam og væra forsanger. Rundt anklane hadde dei ei lenke av frøkapslar som gav også fin lyd, på hovudet var alle pynta ulikt med strå, fjører eller blomar. Dei var muskuløse, rett og slett eit vakkert syn! Aldri har vi sett så mange fritthengande bjeller (uten lyd) før!
Sidan det var den internasjonale tvillingdagen og det var tre par tvillinger fekk vi tatt eit fint bilete saman med Phillip og Alexander frå båten Diva og dei lokale. Hedda og Marita sin reaksjon på dei lokale sine kostymer var meget avslappa (etter ei stund).
Etter ei stund kom damene dansande inn på den åpne plassen. Dei var topplause, men hadde eit grasskjørt og eit bananblad til smykke. Deira dans var også å trampa i takt til ei tamtam-tromme og synga lokale songar. Vi satt på tømmerstokkar og nytte synet og atmosfæren av deira dans og kultur.
I tillegg til at dei dansa for oss i tre dagar, var dette også ”men-grade-testing.” Det betydde at nokre av mennene skulle gjennomgå ein del utfordringar for å koma høgare i ”gradene.”
Den eine utfordringen var at ein og ein av disse tre mennene som skulle jobba seg opp i status, skulle klatre opp til ei plattform, like høgt som den største tamtamen (3m), og dei andre mennene på bakken skulle hive steinar eller kokosnøtter på han uten at han vart truffen.
Det neste var at dei skulle drepe ein gris med hammer medan vi såg på. Det var ikkje noko vakkert syn. I deira tradisjon (uten publikum) går det nok hardare for seg. Inntil 6 menn kan gjennomgå denne grade-testingen om gongen, då kan det væra opptil 100 griser som blir drepne. Det betyr også at for å oppnå denne statusen kostar det mykje (i form av griser).
Eg satt ved sida av ein chief som var komen høgt opp i gradene. Han fortalde at ein av disse nivåa innebærer at du ikkje får bu med familien eller ete mat med dei eller bli laga mat til på over to år, det stadiet hadde han heldigvis passert, det var det tøffaste, sa han.
Maewo er også kjent for sin ”sand tegnings” kunst, ein gammal tradisjon før papirets alder.
Den siste dagen var høgdepunktet, ”Rom-dance.” Igjen var det ein time å gå tidlig på morgonen, vi er ikkje vane med å gå så langt dag etter dag, heller ikkje gå med sko, så vi alle hadde såre muskler og gnagsår. Vi satt samla på deira hellige plass i jungelen, natsaro, og venta…… Vi høyrte mennene i det fjerne og stemmene kom nærmare og nærmare. Ut mellom trærna kom mennene tildekka av tørka blad, og på hovudet hadde dei ei stor tremaske som dekka heile hovudet, halvparten av mennene hadde penisfutteralet, namba som dei forrige dagane. Dansen bestod mykje av fotarbeid og song.
På Ambrym trur dei fortsatt på svart magi og ånder. Eit par menn med disse evnene skulle gjera ”svart magi-triks,” og vi alle satt spente då dei skulle løfte Alexander fra S/Y Diva på bananblad, men han datt i bakken og ingen av dei magiske tinga virka denne dagen…..
Øya er kjent for treskjæring, så mange hadde stilt ut sine fine arbeid. På øyene går handelen mykje på ”trading,” så mot tau, parfyme, T-skjorter etc. fekk vi bytte til oss det meste. Og kvar dag kom vi heim med fine tresuvenirer.
Mor ville gjerne bytte til seg eit grasskjørt og gjekk inn i buskane der damene hadde ein pause i dansen. Dei ville gjerne at ho skulle prøve skjørtet på, og det gjorde ho, det samme gjorde svenske Christina. Deretter malte dei lokale dei to bleikhuda i ansiktet som dei andre (betydde ”god lykke”). Dei meinte vi burde hive av oss på overkroppen slik at vi kunne ta bilete. Ja, OK då! Men då det var gjordt sa dei at no går vi ut og danser på sletta og dåke blir med…… Why not! Here we go….…! Nei, vi hadde ikkje så mykje meir å skjula enn dei lokale, forresten, egentlig så såg vi ganske like ut alle! Respekten for oss iblanda med jubel og latter var fantastisk. Vi fekk nemlig begge ”premie” (blom) frå to chiefar, og det var ei høg ære , sa dei lokale damene.
Festivalen var over og vi segla litt lenger sør på samme øy, til Rannon. Den lange sandstranda var finkorna svart lava. Rett etter vi hadde ankra såg vi nokon merkelige sjøskapningar som kom opp og pusta rett ved båten vår. Vi heiv på oss snorkleutstyret og svømte det vi kunne etter. På sandbotnen kunne vi sjå to rare dyr med hale som ei havfrue og eit stort knudrete ansikt. Det var dugonger eller sjøku som åt gras. Då vi kom for nære svømte dei av gårde, mor og barn. Antakelig er det disse dyra som er opphavet til at sjømenn før i tida trudde på havfruer. Dugong kan bli opp til 60 år og får kun ein baby 3. eller 4. kvart år. Dei har blitt jakta på så mykje at dei er minkande i antall. Dei er marinepattedyr slik som kvalen.
Ryktene om ein liten landsby der mennene gjorde fint treskjæringsarbeid gjorde at vi hadde ein god gåtur frå Rannon (dei hadde hverken bilar eller vegar, så det er alltid snakk om stiar gjennom skogar). Vi kom til ein koselig liten landsby der familien laga flaggermus i tre og anna treskjæringsarbeid. Vi drog fram våras byttemiddel, og gamlefar plukka raskt ut farmors gamle lesebriller som ho la igjen då ho besøkte oss på Fiji. Han vart så glad for brillene, for dei ville hjelpe han med å fortsetje med treskjæring.
Neste attraksjon på ønskelista vår var å sjå stupetårn på Pentacost. Einaste plassen i verden dei har denne tradisjonen er sør på Pentacost. Vi ankra i Homo Bay utafor eit stort blomstrande tre. Det var eit spesielt tre, for under treet likte nemlig dronning Elisabeth å sitje då ho besøkte plassen. Vi fekk med oss ein lokal mann til å vise oss eit tårn. Stupinga går for seg i april, men tårna blir ståande til neste år før dei river dei ned. Kvart år i fleire av dei små landsbyane på Pentacost bygger dei disse tårna som er opp til 30 m høge av trestokkar som er surra sammen av liane. Det er ikkje brukt spiker eller anna materiell i tårna. Oppover tårnet er det små plattformer der mennene stuper ut i frå, jo høgare rang du har oppnådd, jo høgare har du lov å hoppa frå.
Tradisjonen er både for ”grade-testing” blant menn, og for at dei har tru på at dei får bedre yam-avling til neste år. Når dei hoppar ut frå tårnet er ein nøyaktig tilmålt liane knytt rundt ankelen. Dei skal røra bakken med skuldra. Fleire menn slo følge med oss opp til tårnet som var plassert oppe på toppen av ein bakke. Han eine hadde ikkje lov å hoppe for han var sønn til ein chief, han andre hadde brukket armen året før i fallet, så han kunne ikkje hoppe. Dei andre hoppa gjerne, og håpte at sønnene deira skulle gjere det samme og vera like modige som dei, sa dei. Landstupinga her er opphavet til den populære sporten bungyjumping, eller strikkhopp. Eg lurer då på om Jan Fredrik frå S\Y Necessety tenkte på "grade-testing" og å oppnå ein høgare status då han hoppa i New Zealand? Vi referer til deira hjemmeside (www.sailaway.no) der dei har lagt inn fleire filmer av bl.a. strikkhoppet, dugonger, Mt. Yasur m.m.
Vi lurte på kvifor chiefen og brødrene hans i Homo Bay hadde skjegg i motsetning til andre menn. Dei kunne fortelje oss at tradisjonen når ein av foreldrene dør, skal sønnene ikkje barbere seg på 100 dager. ”Gamlechiefen” hadde nyleg dødd og dermed ingen barbering. Denne tradisjonen opplevde vi på fleire av øyene.
Vi hadde som mål å kun gå så langt nord i Vanuatu som til øya Maewo. Vi ankra i ei bukt heilt sør, Asanwari. Aukande vind og svell inn frå aust var ventande, men denne bukta var perfekt. Alltid må vi vite kva vær vi får mtp valg av ankringsplass om den er godt beskytta. Asanwari var ein deilig plass, vakkert med kvit sandstrand, hyggelige folk, fine snorkleplasser og fint å ta små utflukter enten med jolla eller med Blue Marlin. Hedda og Marita fekk seg lokale venninner, dei lokale trong vår hjelp til å frakte folk til den lokale festivalen frå andre landsbyar, gode fiske-og hummerforhold, flinke korgflettere m.m. Vi trivdes så godt at vi var her i mest ein måned. Dette og meir frå Vanuatu kjem i neste (nummer) reisebrev. Og vi lover at det ikkje er så lenge til.
Planane våras no er å segle sørover i kenguruens land frå Bundaberg til Sydney. Det har vore mykje vind og i feil retning, i tillegg kom våras Hong Kong venner på S\Y Jade, Hedda og Maritas bestevenninner sist veke og det er hardt å bryte opp frå Bundaberg. Vi har fem veker på oss til å segle dei ca 600nm til Sydney (om vi skal nå fram til jul). Vi gledar oss mykje til nyttårsrakettane i Sydney og å utforske Australia (litt av det). Vi skulle gjerne hatt familien i Norge rundt oss, spesielt rundt juletider, men vi får heller håpe at Thailand til neste jul er eit lettare reisemål…….