FIJI
Fiji er omtrent synonymt med ”bula” for oss, som betyr ”hallo.” Om fijianarane er små eller store, med eller uten tenner så smiler dei og seier ”bula” til oss. Så varme og godlynte folk har vi ikkje møtt tidligare på vår reise.
Då sukkerplantasjane var i stor oppblomstring for vel 100 år sidan, reiste engelskmenn til India og tok slavar med seg til Fiji. I dag er det svært mange indiskætta folk her. Det er stor kulturforskjell, både i religion, språk, klesdrakt, hus, mat etc. Mykje av ”indarane” bur i byane og driv business eller driv sukkerplantasjar. Men så er det slik at fijianarane selger ikkje sitt land, berre liser, så det er frustrerande for indarane å være i for eksempel 4.generasjon, men ikkje ”godtatt” til å eige land. Spenninga mellom dei to folkeslaga er der, men vi merkar lite til det då det er for det meste fijianarane vi kjem i kontakt med. Fiji er svært avhengig av turisme, og i år merkar dei stor nedgang, muligens grunna kuppet som var i desember i fjor då militæret overtok styret. Det har vore fleire kupp etter at Fiji vart eit sjølstendig land (10. okt. 1970), årsakene er fleire bl.a. er misnøye med korrupt styre, redselen for fijianarane å mista sine landrettighetar.
Vi ankom Fiji 11. mai etter åtte døgns seilas frå New Zealand. Vi valgte å gå til Savusavu, som ligg på den nest største øya, Vanua Levu, til ein av dei fire innsjekkingsplassane på Fiji. –Og det er vi svær glade for! Savusavu sin logo er ”the hidden paradise.” Vi fekk ein god velkomst av dei fire offentlige personane som kom om bord og sjekka papira våre. God hjelp til ”dos and donts” på Fiji fekk vi av Curlie, eks-New Zealander som ankom for 38 år sidan til Fiji. Han gav oss også gode råd til øyer å besøke. Med ein gong kan vi seie at Fiji ikkje er berre lett å segla rundt på med sine 300 øyar og tusenvis av grunner og ingen merker, og dessuten er karta ikkje heilt oppdaterte, værskifte skjer fort og værmeldingane ikkje alltid til å stole på. For ikkje å skremme familien heime, så har vi ikkje hatt uhell, men det er eindel båtar som går på grunn i dette farvatnet. Men det er folka og dei vakre øyane som gjer Fiji så spesielt.
Med stor spenning gjekk vi i land for første gong for å gå på markedet og kjøpa frukt og grønt. Den vetle byen hadde berre ei handlegate med mange små butikkar og eit lite marked. Folka smilte og helsa oss med ”bula.” Ikkje heilt akklimatisert ”uffa” vi oss over varmen, gradestokken viste litt over 30 grader. Det var behagelig å gå på markedet, selgarane satt avslappa og smilte til oss og ikkje masa om kjøping. På markedet fann vi bananer, tomater, agurk, tapioka, taro, kokosnøtter, krydder, nøtter, ananas, papaya, melon, salat, eggplanter m.m. Nytt for oss var ”sea grapes,” grønne sjødruer som smaka som salt sjøgras.
Vi var sjuke etter å få kasta oss i sjøen og snorkle. Etter markedet var unnagjort segla vi nokre sjømil utafor byen og ankra der. Her nytte vi dagane med bading og bading og atter ba….. Sjøtemperaturen ligg rundt 28 grader. Vi ankom Savusavu med tysk\brasilianske båten ”Diva” som har dei tre kjekke gutane som er litt eldre enn Hedda og Marita. Kvar dag hadde vi deilig fisk frå storfangsten vi fekk rett før ankomst til Fiji. Det meget sosiale seglerlivet hadde endeleg starta igjen etter 6 mnd i marina i NZ. To dagar etter oss kom norske ”Necessety,” ”Pomona” og svenske ”Christina” også til Savusavu (vi starta samtidig frå NZ), og då vart det endå meir sosialt!
Hipp, Hipp, Hurra for 17.mai og Norge! Vi var den første gruppa som ankom denne sesongen frå NZ og tre norske båtar. Ja, det var endå større grunn til å feire!
Hedda og Marita fekk i oppdrag av lærarane å lage innbydelse og planlegge 17.mai-feiringa for oss tre norske båtane og invitere ”Diva” og ”Christina.”
Tidlig om morgonen pynta vi båtane med signalflagga, bestilte pizza hos bakaren og baka kaker. Vi fekk ein pick up til å køyre oss til ei fin privatstrand (som alle strender her er), og etter å få tillatelse og betalt ”avgifta” for lån av stranda kosa vi oss med pizza, kaker og kaffi og sang. Jan Fredrik frå ”Necessety” haldt 17. mai-talen. På kvelden fortsatte vi feiringa med middag på restaurant. Overraskelsen var stor då Idunn sette medbrakt dessert på bordet, kransekake, ja, då skulle dåke sett augene på dei rundt bordet eller tempoet ei kransekake har blitt oppeten på….. det var ikkje mange minuttane!
Før vi reiste frå byen og ut til små øyer og lokalsamfunn, måtte vi kjøpa eit par viktige ting. Mennene måtte ha ”sulu,” lange skjørt, også kvinnene bør ha lange skjørt og bluser som dekker skuldrane med respekt for Fijis kultur. Mykje rimelig og fint stoff var å få tak i. I tillegg er yangona eller kava eit ”must” å ha med seg. Det er ei rot som kan kjøpast i form av pulver eller som ein liten busk, innpakka i avispapir, som vi gjev i gave til ”chiefen” når vi ankjem. Denne tradisjonelle overrekkelsen av yangona blir gjort for å vise takknemlighet for å besøke deira ”village” og vi blir dermed inkludert som ein av bygdas medlemmer. Chiefen tar i mot yangonaen og held ein liten tale på fiji og deretter tilbereder dei ein kavabolle og blander den knuste rota med vatn oppi bollen. Deretter drikk vi alle kvar sin gong av eit kokosnøttskall og klapper i takt med alle før og etter drinken. Smaken er ikkje god, og vi føler straks ein nummenhet i lepper og tunge. Tradisjonen er likevel fin på mange måtar, då tar landsbymennene seg tid og vi sitter ned og prater og drikker i skyggen, gjerne på ein liten treplatting. Av og til har vi berre levert yangonaen i frå oss og drikkesermonien, sevusevuen, slepper vi.
Den første bukta vi gjekk til heiter Viani Bay som ligg på austkysten av Vanua Levu. Ikkje før vi hadde slept ankeret kom ein mann med eit stort smil og sa ”bula.” Med seg hadde han drikkekokosnøtter, papaya og sitroner til oss. Og vi kunne gje han fisk, for vi hadde fått ein ca 10kg mahimahi rett før vi ankom. Dei lokale er så glad i hode, hale og beina frå fisk. Jack Fisher, som mannen heiter, kunne fortelle at bestefaren var ein skotsk fisker og gifta seg med ei jente frå Fiji og kjøpte heile denne store bukta. Seinare forstår vi viktigheten av å eige land på Fiji. Storslekta budde i denne bukta uten vegforbindelse, det var enkle kår, nokre hadde generator til å lage straum, men dei var lykkelige for dei eigde land og kunne dermed dyrke mat og fisk var lett å få tak i.
Hedda og Marita fekk seg ei god vennine i barnebarnet hans, Tiare, som Jack og kona, Sophie var fosterforeldre for. Vi blir ikkje kloke på tradisjonen kvifor så få barn på Fiji veks opp med sine egentlige foreldre! I alle fall Tiares skjebne var at mora var for ung til å ta seg av barnet og faren vart drept av ein hai.
Etter sevusevu-sermonien var vi mest som ein del av familien. Søndag gjekk vi i kyrkja deira og nytte atmosfæren av song, musikk, bomsterdekorasjonane, dei oppkledde folka og det fine språket. Vi seglarane (Diva, Necessety, Christina og oss) utgjorde halve forsamlingen, derav halvparten barn. Desidert fleirtal var forresten dei langføtte vepsane som hadde sine heimar alle plasser der det var mulig å setje opp eit bol inni kyrkja.
Etter fotografering av heile kyrkjelyden vart vi invitert heim til Jack og Sophie. Det bugna av mat, lokale rettar av frukt og grønt dei dyrka sjølve og fiskerettar. Skilpadde fekk vi heldigvis ikkje på menyen, men dei jakta på skilpadder når det var sesong, sa dei (men lova om forbod på skilpaddejakt trådte i kraft for ti år sidan fekk vi høyre seinare). I alle fall hadde dei flotte skilpaddeskall over kvar ei dør som det einaste veggpryd i huset. Sophie viste gjerne fram sitt kjøkken der ho hadde ein stor vedfyrt ovn og vedhaugen ved sida av, kokosnøttskall. Eg trur eg talde til sju kattar rundt omkring på kjøkkenet, nei, dei var ikkje på golvet…… Når vi seglarar blir invitert til lokale på mat har vi alltid med oss ein matrett, og det vert alltid satt pris på som ein forandring til sin eigen mat.
Etter korte skuledagar tok Jack oss alle ”yachtisane” med på snorkletur dag etter dag. Maken til fine korallar, fiskar og klart vatn hadde vi ikkje sett før. Korallane var så fargerike og fasongane var utallige, f.eks den grønne ”cabbage corall” hadde vi ikkje sett før, og dei ligna på kjemperoser eller kålhoder.
Farmor var ventande inn til Fiji og no klarte vi nesten ikkje vente lenger til å få sjå ho igjen. Hedda og Marita hadde mykje på hjerta til å fortelle og vise henne. Jack Fisher losa oss over fjorden til naboøya,Taveuni, som tar ein time med båt. Rune og Marita henta ei opplagt farmor på flyplassen etter den lange reisa. Vi reiste tilbake til Viani Bay og farmor hoppa rett i badedrakta og ut på snorkletur; ikkje noko kvileheim ho var komen til!
Farmor hadde mykje spennande i sekken sin, som blader, makrell i tomat, sprøsteikt løk m.m Men forferdelig trist var det at dei hadde tatt i frå henne på flyplassen den etterlengta kaviaren og leverposteien som vi hadde gleda oss til.
Med nytt crewmedlem segla vi ut til øya Kioa. På denne strekningen kunne vi også hale inn fisk, ”wahoo,” og vi delte med dei lokale då vi kom dit. Folka på den vetle øya Kioa kjem frå Tuvalu. Rett etter 2.verdenskrig fekk Tuvalufolket som budde der kjøpe øya. Dei har sine spesialitetar i å flette med pandanus og er framifrå kanobyggerar. Så sant været tilsa det drog dei lange avstander i sine små uthola trestammer, outriggere for å fiske. Damene la gjerne fram matter, korger, vifter, fat m.m som dei hadde fletta. Og vi fekk enten kjøpe eller bytte til oss fine suvenirer (som farmor kunne fylle sekken sin med tilbake for oss).
Gamea var vår neste øy, også her var konvoien på vi fire båtane, dei første besøkande i sesongen (Pomona låg igjen i Savusavu). Vi ankra utafor stranda til George Mitchell, King George, kalla han seg, og velkomsten var varm. Hans avstamming var tysk, oldefaren kom seglande frå Tyskland og gifta seg med ei datter til ein chief. Heile denne sida på øya tilhøyrte storfamilien hans. Sønnen tok oss med ut på snorkletur, og vi snorkla på eit båtvrak. Vi vart invitert med til kyrkje. Kyrkja deira var kun eit ”hus” med åpne vegger og bølgjeblekkplater til tak, og dei ca 20 i kyrkjelyden satt på pandanusmatter. Preikestolen var svært enkel, eit trebord dekorert med blomar. Stemninga var svært andektig og fin trass i enkelheten. Etter gudstjenesta fekk vi te, fiskesmørbrød og kaker. Deretter samlast mennene seg under eit tre og hadde yangona sammen med sang og gitarspeling. Vi seglarane fekk også være med sjølv om vi var damer. Her fekk farmor sin første yangona.
Ein ettermiddag hadde vi ”pot luck” ved stranda til Mitchellfamilien. Vi alle hadde med kvar sin rett, og det er alltid spennande å smake på andres mat. Mitcells hadde ei gryte med 17 ferdigrensa landkrabbar, over krabbekjøttet hadde vi ein deilig kokosmjølksaus, ei gryte med taroblad som var kokt i kokos smakte også supert. Etter maten vart gitaren henta fram og fine songer på fijispråk vart sunge.
Siste dagen då vi skulle seie farvel hadde vi med oss nybaka eplekake, og kaker setter folk alltid pris på, eple veks ikkje på Fiji, så det var stas. Då sprang gamlemor inn i huset og fann gaver til oss alle.
Ein liten seilas over til Matagi Island frå Mitchells og her ankra vi i Horseshoe Bay, som forteller akkurat korleis bukta såg ut. Her budde ingen folk, berre nokre geiter, høner og hundrevis av dei store flaggermusa, fox bat (som er litt større enn kråker). På stranda hadde vi pannekakefest og grilling.
Då våre seglervenner reiste vidare vart vi liggjande igjen og nyte den rolige bukta. Vi snorkla på koralla i bukta og grilla på stranda i dei fine solnedgangane. Ein dag skaut Rune blekksprut med harpunen. Den smaka deilig som forrett på stranda.
Klokka 04.00 starta vi frå Matagi island og segla nordover til Nggelelevu Island. På Fiji er det slik at ein bør helst koma fram før kl 15.00 på ettermiddagen pga av farlige grunner som det kreves godt lys til for å sjå. Og det haldt akkurat då vi ankra på 3m dybde inni atollen (slik som på Tuamotusøyene) på Nggelelevu. Då vi nærma oss den vetle, lave motuen på andre sida av atollen kunne vi sjå at det rauk frå eit bål og at nokon prøvde å signalisere til oss med spegl. Vi heiv ut jolla og køyrte inn til land. Dette er ei øy som ikkje står omtalt i guidebøkene våras, så vi var svært spente. I og med at øya låg så langt borte frå andre øyer lurte Hedda og Marita på om dei dreiv fortsatt med kannibalisme her, spesielt sidan vi såg dei gjorde opp eld når dei såg vi kom. Ja, og jentene skremte kvarandre med at dei lokale ville vel heller ete to små jenter enn ei gammal og seig bestemor……
To blide menn på 61 og 68 år stod med sine suluar og venta på oss. Dei var teljande på ei hand dei seglarane som kom innom per år, så gleda var stor. Vi gav dei vår gave, yangona, satt oss ned og og dei tok sermonien fullt ut, vi drakk kvar sin gong av kokosnøttskallet og huska å klappa i hendene på dei rette plassene. Myggen ønska oss velkommen på sin måte. Om mennene var snille så var det mest som kannibalistisk oppførsel av myggen, dei åt oss levande! Farmor talde til 50 stikk berre på overarmen.
Dei viste oss stolt statua av Jomfru Maria dei hadde bak grønnsakhagen. Ofte når dei hadde storopprydding rundt henne så sa dei til henne: ” no har vi gjordt det reint og ryddig rundt deg, så no må du gje oss noko godt igjen!” Og samme ettermiddag dukka vi opp, fortalde dei og lo.
Neste dag tok dei oss med til den andre sida av øya. På vegen over såg vi mange kokosnøttkrabber. Det dei ville vise oss var landingsplassen til oldefar deira, ei lita sandstrand på knappe ti meter. Det var denne stranda oldefaren til disse to brødrene såg då han kom i sin vetle båt frå Fortuna. Etter landfallet dekka pionerane stranda med store lavasteinar så ingen andre skulle sjå stranda, og så levde dei lykkelig i fred…….
På det meste hadde det budd 200 mennesker der, men i dag kun dei to brødrene.
Båten deira var berre ein liten robåt, så dei kunne ikkje ro utfor atollen. Dei var så fornøgde med livet her, dei dyrka eller fiska det dei åt. Sjuke vart dei aldri, telefonforbindelse eller generator til straum hadde dei ikkje. Av og til kom det fiskebåtar frå hovedøya og då trur eg nok at dei hadde med litt matgaver som også vi hadde.
Vi hadde medbrakt lunsj som vi alle kosa oss med etter turen, men pastabollen vår vart fylt med kokosnøttkrabber då vi reiste ut igjen til båten, farmor renska dei til middag til oss.
Vi hadde gleda oss til å snorkle i det nydelige, klare, turkisgrønne vatnet i atollen, men vinden var i det meste laget. På den eine snorkleturen vi hadde såg vi skilpadde, djevelrokke, hai, og plukka med oss eit kjempestort ”clam shell.” Skjellet (ca 40 cm bredt) tok vi med oss inn til brødrene og delte det med dei. Farmor laga ein deilig forrett av muslingen.
Hedda og Marita fann seg ein god venn der, hunden deira, han ”bygde” sandslott og leika butikk med dei, og dei 40 hønene og endene likte å vera tilskuerer til disse to blondinene. Topp var det då brødrene skar til sukkerrøyr til jentene som dei kunne suge på.
Til ”avskjedsgave” fekk brødrene sjokoladekake, det falt i smak….. Vi lova å sende foto av brødrene til slektningar dei hadde på hovedøya og fortelle at alt var vell…. Og det har vi gjort!
Etter 50nm kom vi til den næraste øya etter Nggelelevu, Rabi Island, til ei idyllisk bukt som heiter Albert Cove. Vi hadde fått tunfisk på vegen hit og vi lærte farmor å ete sashime, rå fisk oppå ris, deilig.
Her slappa vi av i tre dagar. Farmor fekk lov å ligge i hengekøya på dekk uten å bli masa på at ho måtte snorkle, sy klede til Hedda og Marita (ho hadde fått i oppdrag av jentene å sy nye kjolar av stoff dei hadde kjøpt i Savusavu) eller vera lærar, fordi no var det ”bestemorfri” på Blue Marlin-skulen.
Det var ikkje mange hus å sjå på land, kun to ”hus.” Andre dagen kom det padlande ut to kvinner og inviterte oss til land. To familiar budde på få kvadratmetrane under samme tak. Taket var av bølgeblekk og veggene var laga av kokosblad, veggene gjekk ikkje heilt ned til bakken, og som golv var dei lagt ut ei pandanusmatte. I det eine hjørnet kokte dei mat på ei gruve. Det einaste lyset dei hadde etter det vart mørkt var eit syltetøyglass med parafin med ein veke i. Sjølv om dei eigde mest ingen matrielle ting eller hadde pengar, så var dei takknemlige for at dei hadde jord, dermed kunne dei dyrke eller fiske mat. Begge familiane hadde ungar, men då det var 5km til skulen og ingen veg, kun sjøveg, måtte ungane bu på skulen. For å få pengar til å betale skulen til ungane, tørka dei kokos, copra og selde. Copra blir brukt til produksjon av bl.a. olje og bodylotion
Ein ettermiddag høyrte vi fælt til plasking rundt båten. Det var fem ”spinning dolphins” som hadde show for oss. Dei kom inn i bukta for å jakte på fisk.
I regn og tåke motorsegla vi gjennom eit sjøstrekk med mykje grunner, då var det deilig å koma inn i den kjente bukta til Jack og Sophie Fisher igjen. Det var som å koma heim til ein familie, og Hedda og Marita sprang til skulen for å henta Tiare heim. Men vi måtte reise tidlig neste morgen. Jack kom padlande ut til båten vår med frukt og drikkekokosnøtter før vi reiste. Etter åtte timars segling ankra vi utafor Custoe Resort, her vi var tilbake i sivilisasjonen. Vi nytte ein ”margarita” på det eksklusive ”resortet.” Det var litt av ein kontrast for oss å sitta der fint pynta blant gjestene, sitte på ein ordentlig stol igjen og fine lamper med lys i på veggene.
Siste segledagen var berre ein time inn til Savusavu. Farmor fekk sjå lørdagsmarkedet og den vetle og koselige byen. Restaurantene er mange og rimelige, så no støtta vi den businessen!
I Savusavu møtte vi igjen dei to norske båtane ”Pomona” og ”Necessety.” Lisbeth og Vegard på ”Pomona” hadde gifta seg i all hemmelighet i Savusavu sidan sist vi såg dei. Og ein liten feiring ville vi jo ikkje gå glipp av. Søndag gjekk vi alle nordmennene på gudstjeneste. Tre norske menn som går med skjørt til kyrkja heime hadde sett rart ut, men på bilete kan de sjå kor fine dei var, dei sklei rett inn i miljøet! Sangen i kyrkja var fantastisk!
Mandag 18. juli følgde vi farmor til flyplassen i Savusavu. Det er aldri kjekt å ta farvel, men etter så fine og vellukka veker i lag så er det berre å glede seg til neste gong ho kjem på besøk….
Ja, for ein veit aldri! På Nggelelevu fekk ho tilbud av dei to chiefene på øya om å væra igjen, og Jack Fisher ville selge henne tomt og han ville være vaktmester på huset hennar der, så tilbuda står i kø…..
Den tøffe bestemora vår klaga ikkje over røff sjø, lange segledagar, rulling i båten på nettene, mykje knirkelydar eller for varmt som er våras kvardag.
Vi vart liggande på anker mange dager utafor Savusavu etter at farmor hadde reist heim. Svenske ”Christina” kom seglande inn dagen før ”midtsommarnatt.” frå Lau-gruppa. Dei inviterte til fest på stranda for å feire St. Hans på svensk vis. Og det vart det! Christina imponerte med sildesmørbrød med svensk kaviar, kjøpt i Hong Kong og svensk sild kjøpt på Tahiti (og egg frå Fiji), desserten var bløtkake med jordbær. Selvfølgelig hadde vi grilling og gitarspeling på stranda også.
Det var på tide å kome seg vidare og få med seg vestsida av Fijiøyene også. Vi tok favel med det nygifte paret på ”Pomona” som vil bli i Savusavu i orkansesongen, så vi segla av gårde med ”Christina.”
Vi segla til ei lita øy mellom dei to hovedøyene, Makogai. Vi gjekk straks i land i den vetle landsbyen med ca ti hus og vart møtt av ein gjeng med blide ungar. ”Christina” hadde fått ein kjemperugg av ein mahimahi og ville dele med seg. Dei takka så hjertelig. Då chiefen hadde fått sin yangona, tok han oss med rundt i bygda og fortalte om Makogais interessante historie. I dag bur det 82 menneske på øya, mesteparten bur på den andre sida der skulen også var. På det mese hadde det budd 5000 stykker. Ei svær steintrapp stod aleine midt i bygda, det var restane etter eit spedalsksjukehus. Her samlast spedalske frå heile Stillehavet, og mange enda sine dagar her. Chiefen, Cameli tok oss med til gravplassen og sa at litt over 1450 mennesker låg begravde her. Sjukehuset vart nedlagt i 1969. Franske nonner og misjonærer dreiv sjukehuset. Stolt viste han murane etter Stillehavets første kino.
For 20 år sidan starta dei med oppdrett av ”giant clam shell.” I små basseng på land tok dei opp frå sjøen ”gyteklare” skjell og sette dei i bassenga. Deretter lot dei babyskjella få veksa seg så store som ca 5-6 cm (1 1\2 år) før dei sette dei ut i nettingbur i sjøen. Då vi snorkla utafor landsbyen låg det mange sværingar, det største skjellet var ca 1m bredt,
Ein dag pakka vi sekken og gjekk til andre sida av øya for å besøke skulen. Etter 1 1\2 time kom vi fram til ein fin skule. Her gjekk det 32 levar, og dei vart køyrt i båt rundt øya, så sant dei hadde bensin, hvis ikkje måtte ungane bu hjå venner eller gå stien. Det er den reinaste og finaste skulen vi har sett. Det var fordi foreldrene samlast kvar fredag og hadde dugnad ute og inne, sa den hyggelige læraren, Sophie. Skuleungane fann ei pandanusmatte som vi satt og hadde lunsj på. Hedda og Marita hoppa tau og leika med ball med ungane. Då dei lokale ungane hadde ete lunsjen sin, stilte dei seg opp i ei fin rekke framfor Sophie og fekk tannkrem på tannkosten sin. Alle stod og pussa tenner og fnisa og lo. Eg sa eg ville skrive heim og fortelle kor flott tiltak dette var.
Neste dag vart vi invitert til fest med dans. Fine og velduftande blomsterkransar vart lagt rundt halsen vår. Ungane var oppdressa i bastskjørt eller tapa klede og smykka med skjell. Alle på øya var samla og dei vaksne spela gitar og trommer og ungane dansa tradisjonell fijidans. Dei sjarmete oss fullstendig i senk. Ein liten gentleman bydde opp Hedda og Marita, og eg veit ikkje kven som såg stoltast ut. Etter dansen var det å sitte rundt kavabollen og drikke yangona og nokre spela gitar og song.
På Naigani ankra vi på nordsida, utafor ei kvit, deilig strand, rett ved ei stor grunne av korall. Her var vi som Robinson Crusoe i fire dager. Etter skule var det snorkling på koralla, lunsj på stranda, ut igjen å snorkle og så bål og grilling (fisk og pølser) om kvelden i vakker solnedgang. Hedda og Marita kosa seg med å bygge hytte av palmeblad. Her var vi (Christina og Blue Marlin) heilt for oss sjølve, og vi syntes vi var midt i paradis. Koralla var heilt fantastiske med alle sine vakre fasonger og farger, klarheten i vatnet var upåklagelig, fine korallfisker, lite med hai og fine skjell. Skilpadder såg vi også.
Vi segla på nordsida og innafor korallrevet på hovedøya, Vitu Levu inntil vi kom til neste innsjekkingsplass, Lautoka som er Fiji`s nest største by. Vi følte straks at her var vi komen til storby. Den nest største hovednæringen, etter turisme, er sukker. Og Lautoka er største havna for eksport av sukker på Fiji. Rett utafor byen ligg ein stor sukkerfabrikk. Det er hausting av sukkerrøyr frå juni til desember, så mengdevis av overfulle lastebilar er å sjå langs veien. Sukkerplantasjane ligger vidstrakte og fine å sjå frå bussen (-vindauge har ikkje bussane her) når vi køyrer til byen. På frukt-og grønnsakmarknaden får Hedda og Marita sukkerrøyr til å suge på. Marknaden var kjempestor, folk satt på eit svært område både ute og under tak og selte varene sine. Alt frå levande kyllingar, sjømat, blomar, frukt og grønnsaker, tobakk, krydder, treskjæringsarbeid, fletta matter og skjell. Ja, du kan sei det var ”fargerikt!”
Vi segla vidare nokre sjømil sør for Lautoka, til ein marina, Vuda Point Marina. Då vi kom skliande inn i marinaen høyrte vi gledeshyl av to søte, kinesiske jenter, Nancy og Molly hadde observert Blue Marlin. Dei hoppa, dansa, vinka og hylte og vi hadde ikkje fortøyd ferdig før Hedda og Marita hoppa på land og deltok i ”gledesdansen.” Nancy og Molly på ”Jade” hadde vi ikkje sett sidan NZ, nesten tre månader sidan. Forferdelig trist var det at ”Jade” hadde fått rorskade og dei måtte reise dagen etter til Suva for reparasjon.
”Necessety” låg i marinaen og dei hadde fått besøk frå Norge, og med seg hadde besøket, Jørn og Anita, nye pass til Hedda og Marita. Takka vere snille politifolk i Rosendal, og mormor og beste slapp vi å reise halve jorda for å fornye passa. Barns pass varer kun tre år og mange land krever at utløpsdatoen må være meir enn 6 mnd til.
Vi hadde ikkje lege til kai sidan NZ, og det var deilig luksus å få sløsa med vatn og elektrisitet igjen, vaskemaskin på land, butikk i nærheten, gå av og på båten når vi ville, restaurantbesøk. Ein dag tok vi bussen til byen og såg Harry Potter 5. Jentene synes den var kjempegod som alle dei tidligare filmane i H.P.
Rett ved marinaen er det ein resort som Hedda og Marita elskar å gå til og bade i bassenget deira. Av og til treffer dei ungar å leike med som er gjester der og det er fint for dei, for vi har ikkje funnet så mange barnebåter denne sesongen. No er jentene blitt så store at dei går dit aleine, og det er eit stort framskritt for oss alle.
To øygrupper til på Fiji måtte vi også utforske før turen går til Vanuatu, Mamanuca og Yasawa. Vi besøkte øyene Malololailai, Nevadra og Waya, men med mykje rulling i båten og mykje vind var det ikkje så stas, kun at vi fekk benytte oss av bassenga til resortane på øyene. Det er på denne sida av Fiji mest turistar besøker, men vi likte bedre det ”urørte” på austsida.
Men! Vi hadde ein av heile turen hittil største opplevelse! Vi hadde høyrt at i passet sør for øya Naviti passerte det djevelrokker på leiting etter mat. To timer etter høgvatn køyrte vi gummijollen gjennom passet og heiv oss i sjøen og lot oss drive med straumen til den andre sida av passet. Ned i vatnet såg vi plutselig ein diger skygge som kom mot oss, med sine grasiøse vingeslag, munnen vid åpen sklei den så elegant berre 2-4 meter under oss. I det klare vatnet kunne vi observere alle dei små fiskane som følgte dette det digre dyret, rensefiskar rundt munnen og ca 0,5m lange sugefiskar som svømte med på undersida. Vi dykka ned og klappa det vakre dyret på ca 2,5 i vingespenn. Vi trudde mest ikkje at det var sant! Vi gjentok prosessen tre gonger til. Vi heiv oss i jolla og køyrte gjennom passet og hoppa uti sjøen og lot oss drive igjen med straumen. Jo da, andre gongen opplevde vi det igjen, denne gongen møtte vi to kjemper som kom ”flagrande” i vatnet. Kvar gong vi lot oss drive gjennom passet såg vi 1-2 rokker, og like stort var det kvar gong. Rokkene svømte med munnen åpen mot straumen for å samle mest mulig plankton, dei store ”horna” hjelper til å samle maten inn munnen. Halen deira er ikkje farlig som på piggrokkene vi bada med på Selskapsøyene. Så navnet djevelrokke har dei fått pga horna, ikkje pga at dei er farlige.
Dei neste to nettene ankra vi i ei bukt nord på Naviti Island. Vi køyrte jolla i land og gjekk over til andre sida av øya. Vi hadde høyrt at vi kunne snorkle på eit flyvrak frå 2.verdenskrig. Då vi nærma oss stranda møtte vi eit herlig par på over 70 år. Det var kun dei som budde der og ønska oss velkommen og viste oss kor vi ville finne flyvraket. Dama fortalde ho var fem år gamal då flyet krasja. Piloten overlevde, han hadde gått tom for drivstoff. Vi snorkla på vraket og no var det blitt hus til hundrevis av anemonefisker (familien til”Nemo”).
Vi hadde med oss nysteikt brød og Christina hadde med steikt fisk, så vi inviterte paret til å eta lunsj (fiskesandwich) med oss. Kona kokte bananer. Dei bredde ut ein pressenning, og vi satt i skyggen under eit tre utafor huset deira. Riktig hyggelig å høyra dei fortelja om livet sitt og deira kultur. Dei fortalde at for 4 år sidan kom det eit par frå ein seglbåt. Lenge etter besøket fann dei ut at det var filmkjendisane Melanie Griffith og mannen som hadde besøkt dei.
Det lokale paret dyrka frukt og grønnsaker og fiska fisk. Dei tørka kokos og laga copra, då måtte dei reise til hovedøya og selje det. Husa deira var av strå og blad i tak og vegger, dei hadde kanskje sju små hus, ”tapeten” inne i huset var fletta bananblad. Alle husa var så velstelte og fine, det var også hagen deira.
Det var allerede blitt 27. juli og vi segla i god vind 40nm tilbake til Vuda Point Marina utafor Lautoka. Vi håpa på at internettforbindelsen virka i marinaen denne dagen. Og vha skype kunne vi ringe til Rosendal og gratulere mormor og beste med gullbryllupsdagen. Jentene hadde 3 mnd oppspart ”prat,” og dei klarte knapt å legga på.
Vi har ikkje sett halvparten av Fijis 300 øyer, men etter nesten 3 mnd her er vi kjempefornøge. No er vi klare for ny øygruppe og nye utfordringer og opplevelser. Så snart vi har eit godt værvindauge setter vi nasa mot Vanuatu (ca500nm eller 3,5 døgns seilas). Det første stoppet på Vanuatu vil bli på øya Tana der vi skal besøke ein levande vulkan. Så følg med…….
Ønsker alle der heime ein varm og solfylt sommar!