Farvel New Zealand

 Ei merkeleg kjensle er det å koma seglande inn mot Opua igjen, her vi ankom for seks månader sidan frå Tonga, då var vi fylte med spenning, glede og seiersfølelse for å klarere inn til NZ.  I dag då vi kom tilbake til no, utsjekkingsstaden, er følelsane også spenning, men no til seilasen og den lange distansen til Fiji som vi snart skal legge oss ut på.  Vi kjenner også litt tristhet og tunghet i sinnet når vi snart skal forlate dette deilige landet.  I tillegg har vi ”mista” eindel av våras seglervenner, grunnen til det er forståelig: ”her vil vi busette oss,” sa nokon og andre må stoppe og tjene penger før dei seglar vidare.

  

Litt om landets historie:

Maori-folket er dei folka som kom først til NZ for ca 1000 år sidan.  Dei kom hit på flåter frå Cookøyene.   Den første Europearen var nederlandske Abel Tasman som kom hit i 1642, men han vart ikkje godt mottatt og reiste vidare.

På 17 -og 1800-tallet kom fleire og fleire Eurapearar (deriblant James Cook).   Dei hadde med seg forskjellige dyr, våpen og tradisjonar som øydela mykje for det opprinnelige dyre og plante-riket.  Til dømes var det mange fuglar som ikkje hadde tidlegare trengt å fly.  Nasjonalfuglen kiwi er eit klassisk eksempel.  Denne spesielle, vingelause kiwifuglen er mest utrydda og vi fekk sjå denne rare fuglen på museum, både levande og utstoppa.  Det vart mange blodige kampar mellom maori-folket og europearane i tida som kom.  Maoriane fekk den dårligaste jorda, undervisning og hovedspråket vart engelsk.  For nokre år sidan var maorispråket mest ”utrydda.”  No er det lagt stor vekt på at stadsnavn vert skifta frå engelsk til maori, skulane skal ha maoriundervisning, offentlige skriv har gjerne begge språka.  Dessverre er Maoriane dei med høgast arbeidsløyse, minst utdanning, høgast kriminalitet blant og mest forbruk av rusmiddel.  Vi må legge til at vi har berre opplevt dei som blide og hyggelige folk. 

NZ er under britisk ”common wealth,” så øverste sjef er dronninga i England.  NZ prøver å vera mest mulig sjølvforsynt.  Dei foretrekk å kjøpe sine eigenproduserte varer framfor importerte.

    

 I kort sammendrag har Hedda og Marita fullført eit semester på den lokale skulen, Kokopu, der dei stortrivdes (spesielt på slutten).  Miss Hawk var streng, men dei likte henne kjempegodt.  Skulen var ein god ”countryskule” utafor byen.  Hedda og Marita gav henne selvfølgelig eit norsk minne som ikkje er så vanleg å bruke her, men som vi nordmenn bruker kvar dag, nemleg ostehøvel (med lynkurs).  Jentene hadde bading kvar dag og jobba hardt mot triatlon.   Og mange gode venner fekk dei seg. 

       

 

 Ein morgon etter frukost banka det i skutesida, det var Ragnhild og Ingvar frå s\y ”banana lady” frå Norge som vi hadde møtt ved fleire anledninger i Caribien som no var på jordomreise med fly som kom på besøk.   Sidan dei ikkje tok båten gjennom Panamakanalen (men snudde heimatt) ville dei reise til stillehavsøyene med fly.  Det var hyggelig å sjå dei igjen.

  

 Sidan vi fortsatt venta på den nye Selden-bommen frå Sverige tok vi likså godt bilen vår og køyrte over landet i staden for langs kysten.  I tre veker køyrte vi rundt på sør og nordøya.  New Zealand er nesten like langt som Norge og har nesten samme folketall. 

Turen starta med at vi køyrte sørover til hovedstaden i NZ som er Wellington.  Vi hadde fått eit telefonnummer til ei Stavangerdame via tante Signe i Norge, denne dama, Eldbjørg, hadde emigrert for 54 år sidan til NZ og gifta seg med Murdoch, ein kiwi (kiwiar er folk som bur i NZ).  Her vart vi så varmt mottekne at vi skulle tru det var nær familie.  På kaffibordet kom det ei nydelig dekorert kake som stod ”velkommen” på.  Og vi takka ”ja” til overnatting også.  På veg nordover att stoppa vi også hjå Eldbjørg og Murdoch og feira påskeafta med dei.   Antakeligvis vil dei besøka mor og far i Rosendal i juni.  Kjekt å knytta vennskapsbånd!  Vi har nett fått ein gledelig melding frå Eldbjørg og Murdoch; at dei på 17. mai fekk kongens fortjenestemedalje for sitt samfunnsengasjement, GRATULERER!

  

 Ferjeturen frå nord til sør øya tok fire timer.  Det første inntrykket på sør-øya var dei vidstrakte dalane med mengdevis med druerankar.  Deretter køyrte vi gjennom fjellpass, elvedrag, vilt kystlandskap, snøkledde fjelltoppar der isbrear bukta seg nedover mot regnskogar, store sletter der tusenvis av kyr og sauer beita, ein kan trygt seia at NZ har eit svært variert landskap.  Ofte samanlikna vi med Norge, fjordar, fjell, grønnkledde skogar, vakre fjellvatn, sandstrender m.m.

Det er lett å reisa med telt og bil, fine campingplasser er det mange av og markedsføringa av attraksjoner, museum, aktiviteter er mangfoldig.  I tillegg til den vakre naturen byr dei på mykje kunst, det er mange som lever av å selge kunsten sin enten i form av tre, stein, glass, smykker, maleri etc.

    

 Fleire interessante museum vi besøkte på vår rundtur kunne vi sjå og lære om NZ`s kultur og landets raske utvikling. 

Sola er farligare her enn mange andre stader på jorda grunna tynt ozonlag.  Dei enorme mengdene med kyr og sauer trur dei kan ha ein mulig årsak då gassane frå all prompinga påvirkar ozonlaget.  Dei hadde 44 mill. sauer, men har redusert antallet.

   

På vestkysten på sør-øya besøkte vi ”pancake rocks,” -over eit stort område på kysten såg det ut som at (”limestone”) fjellformasjonen var flate steiner som låg oppå kvarandre som pannekakestabler, det var sprøtt å sjå.   Blant pannekakesteinane låg ein koloni med selar og kosa seg (som biletet viser).

      

 For maoriane var den grønne jade-steinen eit spirituelt symbol, og mange kunstnarar laga fine smykker eller gamle tradisjonelle våpen som maoriane brukte av steinen. Vi besøkte jadeverkstad\museum.  Selvfølgelig vil Hedda og Marita også prøve seg som kunstnarar etter slike besøk.  Så blue marlin har eindel tillegskilo med stein som kanskje er jade (kan hende vi ikkje finner det ut før steinen går over bord av ein frustert kapteinen).

   

 Den største opplevelsen for jentene var Shantytown som er ein gammal gullgraverby.  Her køyrte vi med eit ordentlig damplokomotiv og vaska etter gull!  Og vi fann!  Mange spørsmål har vi fått av Hedda og Marita om vi vart rike då vi fann nokre gullkorn….. Gullet ligger trygt bevart i skattekistene deira, godt gøymt for pirater!

Det var i årene etter 1860 at gull vart oppdaga og mange Europearar strøymde til NZ som gullgraverer.  Gullgraverbyer spratt opp her og der på sør-øya, men ligg no som spøkelsesbyer.  Perioden varte ikkje så lenge, men det er berre for nokre år sidan det var ein som fann ein klump på over eitt kg, så det finnes gull der fortsatt folkens!

     

 Den ville veskysten var vakker å køyre langs.  Deretter besøkte vi isbreen Fox Glacier.  Vi gjekk heilt opp til den enorme brearmen.  Fasinerende med is sjølv om vi har bre heime.  Vestkysten er den finaste sida i NZ med fjordar og fjell som heime og dei kaller det også ”westland.”

 

Vi køyrte så langt sør som til Queenstown og kryssa over til austkysten til Christchurch.  Flott by med fine, gamle bygningar, gode museum og fine parkar. 

   

I Christchurch besøkte vi International Antarctica Museum, eit besøk her vart til ein svært informativ skuledag for våras 2.kalssinger.  Her var små, levande pingviner som vandra rundt på eit avgrensa område.  Vi kunne gå inn i eit rom og få oppleve snø og kulde, tom snøstorm (ein gong i timen), køyre visel, sjå filmar frå Antartica, utstoppa dyr, fossiler, høyre om eksspedisjonen til Roald Amundsen.  Vi vart svært skuffa då dei ikkje nevnte nasjonaliteten hans, berre favoritiserte utfordraren Scott  (men på eit anna museum i byen kunne vi derimot finne R. Amundsens utstyr, byste av han og det norske flagget). 

        

 I byen Whanaka besøkte vi eit museum kalla, Puzzleworld.  Det var fylt med illusjoner.  Sjå bilde der Hedda og Marita som er like høge, men vi opplevde ikkje det som kikka inn vinduet, eller bilde der vi står rett opp og ned, men sidan rommet er skeivt ser det ut som vi står på skrå.

     

 Mange plasser i NZ er det varmekilder.  I Hanmer Springs kom det vatn opp i kjelder som var 98 grader C. Dette nytta dei ut med å lage utebasseng.  14 basseng med ulike temperaturer frå 27 til 42 grader var fint tilrettelagt og vi nytte det deilige vatnet.  Det varmaste bassenget stinka fælt svovel.

  

 Heilt nord på sør-øya ligger den vakre bukta Golden Bay, der ligger den vesle sjarmerande bygda, Takaka.  Her bur familien Potter som vi møtte i fjor på Tuamotusøyene og segla eindel med.  Vi hadde ei koselig overnatting hos dei med hyggelig mimring om det deilige seglerlivet.  Tydelig ville dei ut igjen!

    

Tilbake til nord-øya igjen og Wellington tok vi ”fløybanenen” deira opp på ein fjelltopp og gjekk ned igjen gjennom ein botanisk hage.  På toppen hadde dei eit planetarium der vi fekk ein leksjon om stjernehimmelen av ein astrolog.  Svært interessant for oss som segler og sitter mange timer når vi har nattevakt og beundrar stjernehimmelen.  Maoriane hadde mange teoriar og segner om ulike stjernebilder.

    

 På nordøya besøkte vi det kjente området Roturoa der jordskorpa er så tynn at store områder bobler det væsker og gasser opp i små sprekker.  Svovellukta eller rotten egg-lukta var intens, men det overdøvde det interessante med å sjå alle kildene som hadde forskjellige farger, gul, grønn, orange etter som kva type grunnstoff som kom opp.  Vi fekk oss ein lang tur i den store,  vakre redwoodskogen i Roturoa også. 

        

I Auckland som er NZ`s største by har dei det kjente tårnet, skytower.  Ut frå tårnet er det svært populært å kasta seg utfor i strikk, bungyjumping.  Det er også ein populær ”sport” frå mange bruer på sør-øya.  Jan Fredrik på s\y Necessety tok eit slikt stup der det originalt starta opp.  Necessity har lagt inn små filmer på si nettside, så for interesserte er adressa deira: www.sailaway.no 

 Temperaturen på sør-øya var ca 5 grader lavere enn på nord-øya og det var godt å komma tilbake til Whangarei og Blue Marlin.  Dei neste to vekene var travle med klargjering av utstyr, innkjøp av mat for fleire månader framover. Samtidig hadde Hedda og Marita fått så gode skulerutiner at dei spratt opp og stod klare med ryggsekken på, før lærarane (mor og far) hadde gneka søvnen ut av augene og ville ha skule.

Vi hadde ein misjon igjen medan vi var i NZ.  Nemlig å sjå korleis avokado vekser på trær.  Vi hadde fått telefonnummeret til Jerry og Anne som bur i Kerikeri og dyrkar avokado.  Dei var NZ`s største avokadoprodusent.  Det var far sitt søskenebarn i Seatle som hadde truffet Jerry for ca 30 år sidan på laksefiske i Alaska, og no vart nye vennskapsbånd knytt igjen!  Vi hadde ei kjempehyggelig helg hos dei, og då vi drog frå NZ kom dei og tok farvel i Opua.

   

 Siste dagen i Whangarei fekk vi heldigvis selt bilen vår.  Ein engelsk familie vi møtte på sørøya som reiste på jordomreising med sine to barn, over land, ville ha sin egen bil medan dei reiste rundt i NZ, og då dei besøkte oss i marinaen kjøpte dei likså godt bilen vår.  Vi hadde fleire avskjedsrunder med Hedda og Maritas venner, Nancy, Molly, Samantha og Michelle. 

 

Vi segla ut den ca 15nm lange elva frå Whangarei og segla oppover kysten til Opua og brukte tre korte dager (to netter i Tutukaka).  I Opua der vi skulle sjekke ut traff vi igjen mange av dei seglervennene som vi hadde truffet i Stillehavet sesongen før.  Tida for å bevege på seg igjen var komen og alle venta på eit godt værvindauge, enten for å dra til Fiji, Tonga, New Caledonia eller Australia.  Etter kun fire dagar i Opua sa metrologane ”GO” og vi la ut 3. mai, fire norske, ein svenske og ein brasiliansk (Diva, med dei tre prinsane til Hedda og Marita) med samme destinasjon, til Savusavu på øya Vanua Levu, den nest største øya på Fiji, 1150nm.  Temperaturen i NZ syntes vi var forferdelig kald no ( ei natt var den nede i 7 grader) og vi lengta etter varmen. 

 Ut frå Bay Of Island (Opua) segla vi i rolig sjø og lite vind, vi var kanskje 30 båtar med ulike destinasjoner som starta denne dagen.  Kun første natta såg vi lanterner frå andre båtar i det fjerne, elles såg vi ingen båtar før vi nærma oss Fiji.  Utdrag frå dagboka:

 1. dag: jentene og Idunn hakka opp grønnsaker som vart til 8 liter lapskaus (den rakk i fire dager).  Rett etter mørknet køyrte vi på noko, antakelig kval, men ingen dramatikk.  Vakker fullmåne

2. dag: ein albatross krinsa nysgjerrig rundt båten

3. dag: endelig flygefisker å sjå, -steikte den største som havna på dekk til frukost

4. dag: fekk besøk av to bittesmå fugler som flaug inn i båten.  Dei satt og kvila seg i cockpiten lenge, sammen med oss.  Feirer Runes 42 årsdag, baka eplekake

5. dag: får melding om sterk vind er i anmarsj, stor spenning om kor sterk og kvar den vil slå til, dei andre norske sakker farten. Rune vil køyre på, vi vil komme oss langt nord så fort som mulig.  Urolig sjø, ca 2m høge bølger.  På ettermiddagen auker vinden til rundt 30 knop, småkvalm heile dagen, ubehagelig.  Varmt på dagen og vi har kasta ullklærna på nattevaktene.

6. dag: får vinden rett på nasa, så vi starter motor for å komme oss fortare fram.  Sjøen litt roligare så vi er i stand til å feire halvveisfest.  Baker sjokoladekake og jentene får nye kosedyr.  Det var dåp og Rune var prest og Idunn fadder til Gisle og Nussi. 

7.dag: Motorseglar, vinden rett i mot. Land i sikte, Vitu Levu, men vi har fortsatt 150nm, presser hardt med motor for å komme fram i dagslys neste dag, og før dei offentlige tar helg. Rolig sjø, men heile natta går det i eitt med lyn og torden rundt oss, men heldigvis ikkje over oss.   Kjem i VHF-avstand med Diva (brasilianske båten).  Hedda fortsatt feber og tett i bihulene.

8.dag: Motorseglar.  Kamp med klokka, bør vera inne før 16.00 ellers må vi betale overtid for innklareringa.  Ser store ”sandbanker” som flyter rundt, lavasteiner frå undersjøiske vulkaner, sprøtt.  Havner mange steiner opppå dekk med bølgene som kjem over båten.  Endeleg napp på fiskestanga etter over 1000nm, ein ca 10 kg mahi mahi, kom heilt til båtripa (kan ikkje skriva på trykk kapteinens vrede ord då den sleit seg).  Litt etter fekk vi tre fisker, to ”snake mackrell” på ca 1m kvar (grusomme å sjå på) og liten tunfisk.  kom han igjen, ein time før anløp! Ein like stor og flott mahi mahi som den vi hadde mista.

   

     

Deilig å sjå kokospalmer igjen og varmen slår i mot oss i den lune bukta i Savusavu.  Hurra!!! Vi kom inn 45 min før ”lukketid.”

Fire offentlige personer kjem på flåte ut til oss for innklarering.  Det sprutregnar og den klamme lufta kjennes uutholdelig (kanskje den kjølige lufta i NZ ikkje var så verst likevel…!).  Utrulig blide og vennlige folk.  Innsjekkinga gjekk over all forventning!

 Med stor spenning køyrer vi gummijolla inn til land.  Vi er slitne etter overfarten, så feiringa vert middag i marinaen sammen med Diva (som slo oss med fleire timar).  Den natta sov vi som steinar, båten låg i ro, ingen bølger, ingen nattevakt heller ingen knirking i inventaret ombord.

 Neste morgon gleda vi oss til å gå i land og få ta del i det lokale frukt og grønnsakmarkedet og møte det blide folkeslaget…!

 Meir om Fiji med sine 300 øyer skal de få høyre meir om i neste brev.  Håpar det ikkje er så lenge til neste brev som frå det forrige.  Vi kan sei på disse to vekene vi har vore her at vi er veldig positivt overraska over folka og den vakre naturen.

Vi er kommet så langt at vi skal i morgon tidleg reise til øya Taveuni for å ta imot farmor.  Vi er så spente at vi klarar nesten ikkje å få timane til å gå fort nok. 

 

 Vi tenkjer mykje på familie og venner og håper inderlig at alle får vera friske og raske.

Ha ein riktig god sommeralle sammen!