NEW ZEALAND - NORGE - NEW ZEALAND
No er det på tide å fortelle om dei fine vekene vi hadde i Norge med familie og venner.
I dette reisebrevet er det eindel oppramsing av navn, men grunnen er ganske enkel, vi er så glad i våras familie og venner at alle fortjener å bli nevnt, mange fleire ville vi tatt med, spesielt frå 2. klasse på Malmanger Skule i Rosendal, så mykje på båtfronten får heller bli i neste reisebrev og når vi starter å segle igjen.
Endelig kunne vi sette beina på norsk jord etter eitt og eit halvt år. På Flesland stod Ingebjørgmoster og Juni og tok imot oss med varme klemmer og varme klede, utafor venta liten storm og kalddusj med vannrett regn. Været; det hadde vore regn i over 50 dagar no, kunne moster fortelja (det skulle nå 75 dagar før det vart ein nedbørsfri dag). Hedda og Marita hadde forventa å heller sjå snø i desember og lurte på kvar den var blitt av. Kanskje skulle vi få oppleve snø i løpet av dei seks vekene vi skulle vere i Norge!
Vi hadde nokre hektiske veker framfor oss, vi ville ta ein ”Sør Norge rundt-turne´ ”før vi roa oss i Rosendal siste månaden. Aller først ville vi besøka Øystese der Idunns søster bur og få helsa på dei og ikkje minst møta Sondre igjen. Nevø Sondre var med oss frå Norge til Venezuela, så han var som eit familie-medlem. Det var kjempegodt å vera saman igjen, også fordi internett-tilgang og telefonforbindelse ikkje var like lett på mange av Stillehavsøyene, så kontakten har vore minimal. Rune stoppa i Oslo der det stod bil hjå onkel Sjur og venta på han, så Rune kom neste dag til Øystese. Mor og far til Sondre var i full gang med å lage leilighet til Sondre i kjellaren som snart var innflyttingsklar. Sondre går no på gymnaset i Norheimsund. Etter to netter i Øystese var det to netter i Rosendal. Åååå, så godt å få klemma mormor og beste igjen! Alle hadde så mykje å fortelje at kvart måltid tok timevis rundt bordet
(og dermed matinntaket deretter…). Vi fekk låne oss regnutstyr og kunne ta turar ut i regnet. Mormor laga sydvestar av plastposar!
Neste to døgn vart Stavanger besøkt. Det var godt at Birgitmoster hadde flytta til Sola slik at vi hadde ”bed and breakfast”–hus hjå Tore og Birgit. Timeplanen var stram og vi skulle gjerne besøkt fleire gode venner. Etter ein hyggelig og god middag på Tananger hjå gamlekjærastane til Hedda og Marita kunne jentene fortelje oss at det var kjekkare å sjå Anton og Emil igjen enn det dei hadde forventa. Den gode gamle tonen mellom dei kom fort.
Idunn fekk besøkt sin tidligere arbeidsplass hjå kjeveortopedane Stensland og Amundsen og møte dei trivelige arbeidskollegane. Hedda og Marita fekk helse på kjente i den kjekke barnehagen ”sin,” Kløvereng Barnehage, og sett den nye avdelingen der. Ei fin stund fekk vi hjå dei gode naboane i Sundeveien, Lillemor og Magne. Og vi fekk til eit hyggelig middagsbesøk hjå Unni, Gunnar, Elisa og Jonas i Hillevåg. Tidlegare arbeidskollega frå Sports Club og nybakt mor, Ewy og hennas familie i Sandnes var også eit trivelig besøk.
Ikkje nok med det! For å gjere det effektivt tilbydde vår kjære venninne Sonja å samle fire familier på førjulsfest på kort varsel. Til nysteikte vafler og julekaker trappa vi opp fire familier med barn hos Sonja og Nils. Her var barsel\trillegruppa samla, dvs dei som Hedda og Marita skulle gått i klasse med på Sunde Skole: Heine, Knut, Lisa og Helene og deira søsken.
Vidare på vegen mot Tønsberg for julefeiring stoppa vi to dagar hjå ”Agape-familien” i Mandal. Agape segla vi meir eller mindre saman med frå Spania til Panama før dei snudde heimover. Det var utrulig kjekt å sjå Eli, Øystein og Mai Rita igjen (meget forskjellig klima og miljø), i kuldegrader heima på gården deira. Dei hadde ein sjarmerande liten ponni som sjarmerte Hedda og Marita heilt i senk. Den andre dagen i Mandal kom Shannon og Ørnulf frå s\y Babatte som vi også segla mykje med i fjor. Då vart det mykje god mimring (og planlegging….hm). Mange av båtfolka blir vi så sterkt knytte til at dei reknast nesten som familien
Ein time før Tønsberg bur oldemor Thea. Ho er verdens beste baker og hadde klar saft og boller då vi tok ein kort stopp her. Oldefar døde for eitt år sidan, så det var underlig å ikkje møte han. I Tønsberg venta farmor spent på julebesøket! No var det fem dagar igjen til jul og ingen tegn til snø på Austlandet heller. Men vi nytte tida med farmor i ei heil veke. Ho diska opp med alle dei beste julemenyane vi ønska.
Ein formiddag kom både journalister og TV-reporterer til farmor. Årsaken var frå ein søt historie som hadde sitt utspring frå Galapagos. Medan vi var på øyene på Galapagos, var nokre båtvenner innom den kjente havna ”Post Office Bay” på ei av øyene. Der er det ei tønne som kvalfangarane sette opp for over 100 år sidan. Skip som kom forbi reiste innom her med brev og så tok dei med seg post som skulle til fastlandet, det vart ikkje sett porto på for ein visste jo aldri kva land posten vart sendt i frå. Ofte vart denne tønna plyndra av sjørøvarar. Det seies at gifteringar eller verdisaker etter omkomne sjømenn vart lagt her mtp at familien heime for eksempel i Europa skulle få ”siste helsing.” Tønna er fortsatt i drift, men no er det turistar som legg postkort der, og det var akkurat slik post seglervennene våras plukka opp frå tønna som det stod ”Norge” på for dei visste at dei skulle møte oss igjen på neste øy på Galapagos. ”Vell,” tenkte vi! Kva i all verden skal vi gjere med eit kort som står Norge på når vi er i begynnelsen av Stillehavet, og tok imot kortet og prøvde å ikkje vise uhøflighet. Men det som var litt meir interessant var at kortet skulle til Tønsberg, og der hadde vi tenkt oss om 8 månader. Så kortet fekk følgje med oss over heile Stillehavet.
Då vi kom til Tønsberg ringte vi til den guten som kortet var adressert til og fortalde om ”juleposten” som hadde segla og flydd halve jorda. Samstundes som han kom for å hente kortet sitt kom mediafolk og intervjua han og oss.
Vi fekk helsa på mange gode venner i Tønsberg også. Idunns studieveninne, Elisabeth frå Halden kom over fjorden til Horten og vi hadde eit hyggelig treff. Runes barndomsvenner Bjørn-Falk, Jan Oscar og Richard og deira familier samlast på Ringshaugstranda til pølsegrilling på julafta formiddag. Med varm kakao, julekaker og pølse og godt lag hadde vi det så kjekt at Hedda og Marita ville vera der utover julafta ettermiddag også, dei synes at vi kunne heller feire julafta med pakker og nisse ein annen dag. Det reflekterer seglerlivet vi lever. Vi er ikkje så opptatt av klokke eller kva dag det er, er det mulighet så tar vi skule på søndager og fri midt i veka, alt etter som det passer. Det var ein kontrast å kome heim å ha opptil fleire avtaler kvar dag.
Julekvelden kom til farmor i Tønsberg, og det gjorde også onkel Jack, Per, og søskenbarna Marte og Marius og sjølvaste julenissen. Hedda og Marita hadde lengta mykje etter å få vera sammen med søskenbarna sine. Og heilt topp var det at Marte hadde ”Sing Star,” slik at dei kunne ha kareoke og synge kvar sin gong. ”Marte! Vi har beviset på at du elsker tante Idunns blåbærpai!” Ekstra fint er det å ha søskenbarn som er litt eldre og like store som Marte og Juni, -for dei kunne dressa opp Hedda og Marita i juleklede. Takknemlig er vi også til alle som hjelpte oss med varme, -fine og –vanntette- klede medan vi var i Norge.
Tida i Tønsberg gjekk så altfor fort sammen med farmor, så vi har lagt inn ein søknad til Per om å få besøk av farmor på Fiji i juni (håper søknaden blir innvilga)!!!! Etter julefeiringa i Tønsberg reiste vi vidare til Stathelle og overnatta hos oldemor. Her fekk vi møte endå meir familie, tante Solveig og Kalle, og ei hyggelig stund hos fetter Frode og Elisabeth og deira tre barn i Langesund.
Med dårlig samvittighet etter å ha lova jentene at det var mange anledninger å kjøre akebrett og gå på ski i Norge, måtte vi jo bare ta turen om hytta til onkel Sjur i Rauland. Onkel Sjur hadde vore på hytta allerede eit par dager så hytta var god og varm, ”endå varmere i glohaugen…..,” alle måtte ta badstu etter turar i akebakken og skiløypa! Wenche kom frå Rosendal og vi kosa oss i to dager med dei før vi innlosjerte oss hos mormor og beste i Rosendal.
Selvfølgelig måtte vi ha ei jul til med mormor og beste då onkel Sjur og Wenche kom dagen etter frå Rauland. Julenissen kom til Neslia sjolv om det var 5.juledag, hm? Heile januar månad skulle vi væra i Rosendal og Hedda og Marita fekk lov til å gå på Malmanger Skule, - i 2. klasse hos lærarane Erna og Unni. Den varme velkomsten her var ein drømmesituasjon for Hedda og Marita. Utrulig kjekt var det i klassen, og å få oppleva ein ordentlig skule, få så mange gode venner, væra med på så mykje kjekt både ute og inne, teaterøving, turar, pølsegrilling i lavvoen, prosjekter, og stas var det å ha lekser for første gong etc. Mor Idunn satte også stor pris på å få delta og sjå kva 2. klassingar gjerer i skulen. Vi må innrømme at det ikkje alltid er like lett å undervise egne barn, spesielt når dei aldri har innarbeida skulerutinar og at mor og far plutselig skifter roller og går over til lærarar. Venninna deira i Rosendal, Natalie, hadde fortalt dei at det er ei lov som seier at barn som skal på skulen må legge seg klokka åtte, og tydeligvis hadde Natalie meir innflytelse på jentene, for denne regelen var svært viktig. Mange venner, venninner og ”kjærester” fekk vi stifte nærmare bekjentskap med i fritida og det var kjempehyggelig. Det er ikkje tvil i kva skule og klasse Marita og Hedda har sagt at dei vil aller helst gå i når vi kjem heim. Marita var lei seg då ho mista ei heil skuleveke pga, tette bihuler, vondt i øyrene og stygg hoste – dette gav mor ein ”flash back” til vinteren i Norge. Dei trasige rennande nasene hadde vi mest gløymt (eller fortrengt…).
Vi hadde fine turar i Baronihagen og gode turar til Skjethaug. Litt skryt over den vakre bygda Rosendal med litt snødryss over. Vi fekk til og med såpass med snø at vi kunne lage engler i snøen, og Erlend F. var med og laga snølykt.
Noko med det største Marita og Hedda fekk vere med på var Synneva Seim som stod for. Ho tok dei med på hesteriding i den nye fine hestehallen i Rosendal. Og Ada Margrethe lånte dei ridehjelm av (takk skal dåke ha!). Sammen med Natalie baka dei julekeker og gjekk julebukk i Neslia.
Stor opplevelse var det å sjå Anfinn Bondhus ”sine” hjortar bli mata. Hjorteflokken var på 50-60 dyr, og det var litt av eit syn. Anfinn viste oss også det interessante nyåpna museumet på prestegarden.
Det var ikkje frå denne flokken hjorten kom frå då vi hadde ein herlig middag hos Mette og Bjarne i Uskedal. Vi segla eindel saman med dei i fjor, men dei hadde dessverre berre eitt år som Babette og Agape. Kjempekoselig å mimra saman med dei og med mannskapet deira Kurt og Eva Haugland.
Idunn fekk fleire gode og sosial stunder med sine barndomsvenninner som, Ragnhild, Anne Lise, Britt, Christina, Hilde og Synnøve.
Ei vellykka helg hadde vi i Sørfjorden der vi fekk besøkt slekt og venner (mellom Nå og Lothe). Vi overnatta på Jåstad hos ”Sjurafolket.”
Rune reiste tilbake til NZ to veker før Idunn og jentene, slik at han fekk tatt mykje båtpuss og sett båten på vatnet igjen før resten av familien kom.
Vi kan vel ikkje sei anna enn at det var deilig med sol og varme igjen, båtmiljøet og livet i båten. Men vi må innrøma at dei første dagane virka båten litt trangare og båtlukten ikkje så god.
7. februar starta Hedda og Marita i 3. klasse på Kokopu skule. Det er eit stykke å køyra, så vi deler køyring med foreldrene til Nanacy og Molly som vi har segla mykje med sidan Marquesas.
Språket går greit, men dei synes det var kjekkare på skulen i Rosendal. Skulen har utebasseng og dei har svømming kvar dag. Mest kvar morgon starter dei med gymtime, elles er det mykje felles med skulen heime, seier jentene. Dei fleste skulane i NZ har skuleuniform, men det dei krever på Kokopu skule er at dei har solhatt og solkrem. Aktiviteter vi benytter å få med oss er pianoundervisning, hesteridning, og svømmetrening etter skuletid.
Sosialt blir det også tid til, vi er fleire båtvenner som samlast i parken ved marinaen til grilling opptil fleire gonger i veka.
Kva i all verden driver mor og far tida med når barna er på skulen? Far oppgraderer båten, driver vedlikehold, få tak nye deler og installere dei (+ reservedeler), sy ny bimini (har kjøpt oss ny symaskin), lage ny brakett til redningsflåten, flytte baugspydfeste, gel coat-reperasjoner både inne og ute, kople opp nytt paktor modem til SSB-radion, bytte nokre wirerer i masta, lakkere vindror, skifte membran på watermakeren, installere nye solcellepanel, kople om ankerwinchen, besøke tannlege, installere ny DVD spiller, prøver å få reparert Hedda sitt nintendospel….., og passe på å få tatt seg gode treningsturer.
Mor har hus(båt)morrollen med matlaging, vasking, innkjøp, gjere lekser med jentene og trør til der det trengs, og tar seg tid til trening enten fjellturer i den vakre naturen her eller på treningsstudio. Seglerlivet har gått ut over fitnessnivået og vi må oppgradere kroppen også. Endelig får mor munnspelundervisning, ho håper å få praktisere på nattevaktene medan vi seglar og kanskje bli god ein dag…(dream on..)!
Familien frå s\y 3T som ankom året før oss er kjempekoselige å vera i lag med. Det er berre så synd at dei flytter heim til Norge i midten av mars. Og vi ønsker Eva lykke til med sitt studio og kunstgalleri i Engelsvik. Dei kom på kaien og ønska oss velkommen den dagen vi ankom NZ, ikkje verst! Dei hjelpte oss til mjukare oppstart i New Zealand, eks. kjøp av bil, finne dei rette plasser å handle og mange andre kontakter vi trenger, dei kunne til og med vise oss til norsk lege i denne vesle byen.
Vi sa ”vesle” byen, Whangarei er passelig stor, ca50 000 i byen og 70 000 utafor, lett å finne fram, mange grønne\blomstrende parker og fine områder å gå turer i eller fjelltopper å bestige, mange nærliggande strender der ein kan bade, surfe eller finne gode dykkeplasser, og kort vei til store landbruksområder med enten dyrka mark eller beiteområder (spes. kyr og sauer). Store mengder med frukt som kiwi, epler, pærer, plommer, aprikos, fersken, grapefukt, mango, avocado, appelsiner m.m er det sesong for no. Store åkrar med mais ligg rundt byen. Og vi gnager i oss maiskolber så vi snart blir gule….. dei er knallgode…., men det er ikkje like lett for sjuåringer med lause fortenner å gnage mais….
Klimaet kallast ”semi sub-tropisk,” gjennomsnittstempraturen er 25 grader Celsius om sommeren og 13C om vinteren.
Nesten alle stadsnamn i NZ er på dei lokale\urbefolkningen mauri-folka sitt språk, til dømes: Kerikeri, Tikipunga, Otaiki eller Tutukaka, -dette er plasser rundt Whangarei. Det er også obligatorisk med litt mauriundervisning på Kokopu-skule til Hedda og Marita.
Meir om New Zealand, Mauriane og reiseplanar kjem i neste brev. Reiseruta er ikkje bestemt, kun at vi vil bruke eitt år ekstra, dvs 4 år på jordomseglinga og at neste øygruppe etter NZ blir Fiji, deretter Vanuatu, og så kan vi ikkje sei meir i denne omgang…...
Då vil vi ynskja alle våras lesarar, familie og venner som følger med oss ein superfin vår, og takkar samstundes for alle koselige mailar enten i gjesteboka eller personlig adresserte til mannskapet på Blue Marlin.