TONGA - NEW ZEALAND

Trygt framme i New Zealand er det på tide å oppdatere hjemmesida vår.  Og når vi sitter og tenker tilbake og lurer på kva vi skal skrive eller korleis vi skal starte reisebrevet er reisa som eit uvirkelig eventyr vi har opplevd.  Det er i ettertid når vi oppsummerer og ser tilbake på bilder at vi opplever og ser reisa i eit heilt anna perspektiv enn når vi er midt opp i situasjonen.   Endå sterkare håpar vi Hedda og Marita vil oppleve verdien seinare i livet av å ha fått anledning til å besøke så mange folk og kulturar.  For å nevne eit døme er då jentene gjekk på skule på den nordlige øygruppa i Tonga på Niuatoputapu.  Kvar dag på veg til skulen lurte dei på kva vitsen var med å dra dei ut av båten for å gå på den lokale skulen.  Meining i dette vil dei forhåpentligvis skjøna når dei blir eldre og ser på video og bilete frå skulen.    

 

Vi låg i hovedbyen, Neiafu i Vava`u øygruppa i Tonga på bøye nokre dagar.  Bursdagsfesten 1. oktober var knallsuksess og no var vi endelig gjenforent med katamaranen Jade frå Hong Kong.  Det var så vidt vi rakk å ha skule før vi måtte ro Hedda og Marita over til Nancy og Molly om dagane.  Neiafu var på mange måter ein herlig by med vennlige folk, eit lite frukt og grønnsakmarked kombinert med suvenirmarked.  Her kunne vi kjøpe fine og rimelige suvenirer i treskjæring, skjellsmykker, beinskjæringsarbeid, tapa, og arbeid av strå og fletta korger. Butikkane hadde lite utvalg av ferskmat, men mest boksmat, trange gater med lite biltrafikk, og griser som spaserte rundt i trafikken.  Nokre enkle hotell og restauranter langs sjøsida og fine kyrkjer utgjorde den koselige byen.  Dei fleste av dei lokale både menn og kvinner gjekk rundt med stråmatter, ta`ovala, utapå dei svarte klærna sine.  Damene skal helst dekke knær og gå med lange armer, men korte armer var meir og meir akseptert.  Som turist synes vi det er viktig å respektere mest mulig landets kultur, så når vi gjekk i byen hadde vi lange beinklær.   Prisane på mat og suvenirer kunne ikkje sammenlignas med Fransk Polynesia og vi kunne gå på restaurant igjen uten at det reiv for hardt i ”skjorta.”   Neiafu er ei av dei best beskytta naturlige havnene i Sør Stillehavet.  Neiafu var ei havn for kvalmottak inntil 1978, då erklærte kongen at all kvaljakt var forbudt i Tonga.

  

Vava`u-øygruppa består av 60 øyer som ligger tett sammen.  Så tett at for kvar nautisk mil er det nesten 5 øyer.  Godt beskytta ankringsplasser for ulike vindretninger og til formål som snorkling, dykking, strandliv eller besøke øybefolkning eller ubebodde øyer, gå på ein fjelltopp med utsikt –øymulighetene var mange.  Været kan forandre seg fort og vindretningen likeeins.  Så då vi reiste ut på ”øyhopping” måtte vi fortsatt lytte til værmeldinger og være føre var og velge ankringsplasser etter omhug.  Det er så mange ankringsplasser og med vanskelige navn at det er laga nummer på ankringsplassane.  For dåke som har vore her eller skal hit så nevner eg nummera, vi drog frå byen og ut til den lune bukta nr. 7.  Her kosa vi oss på stranda, gjekk turar på på øya og besøkte dei to små bygdene der.  Dei lokale ville gjerne snakke med oss og fortelle.  Den eine bygda var så velstelt og fin, husa var i mykje bedre stand her enn på Niuatoputapu, men den andre bygda var nesten fråflytta og mange ødelagte hus skreik etter oppussing.  Ei dame vi snakka med fortalte at syklonen som herja der i 2001 ødela mykje for dei.  Den hadde ein styrke på 170km\t.  Ikkje mange dagane etter denne samtalen følgte alle seglarane nøye med på været.  Årets første syklon var i ferd med å danne seg nokre hundre mil unna, i nærheten av Fiji.  Alle var spente på kva retning den ville ta, og tankane gjekk til dei tre norske båtane som var der, Check Mate, Stormsvalen og Uterus.   Heldigvis fekk den ikkje gjort så mykje skade før den døde ut. 

Ein dag tok vi gummijolla og køyrte ut til ei grotte i fjellet, Swallows Cave.  I ei sprekke i fjellet rodde vi inn i ei hole, jentene skreik av redsel og syntes det var skummelt.  Nancy, Molly, Hedda og Marita klamra seg til kvarandre.  Grotta var så stor at den kunne romme ca 15 gummijoller, solskinnet som kom inn i hola og reflekterte sollyset i vatnet var magisk.  Vatnet var knallblått og vi såg klart og tydelig botnen ca 25m under oss.  Frå taket hang fine formasjoner av stalaktitter (steindryppsgrotte).  Redselen gjekk fort over til entusiasme.  På køyreturen tilbake til båten vår såg vi eit svært monster i sjøen som spruta vatn.  Nysgjerrige køyrte vi nærmare.  Det var ein kval med ein liten baby.  Dei leika og kosa seg i overflaten ca 200m frå jolla, vi skrudde av motoren og nytte synet.  Etter ei stund såg vi den storslåtte og grasiøse halen komme opp før den gjekk ned i sjøen.  Det er tegnet på at den går ned og blir borte ei stund.   

  

Kvart år reiser knølkvalen (humpback) 6000km frå Antarctica til tropisk vatn for å føde baby.  Dei første knølkvalene kjem til Tonga kvart år i juni og reiser tilbake i november.  Og ”whalewatching” er ein stor attraksjon på Tonga, spesielt Vava`u der vatnet er så stille mellom øyene.  Dei kalver mellom juli og september.  Knølkvalene er kjent for sin akrobatiske dans, sin leikenhet, halen som dei viser når dei går ned og vokaliseringa som er er ei form for kommunikasjon.  Når vi snorkla kunne vi høyre deira ”song.” Dei er ufarlige å snorkle med for dei eter alger og er berre nysgjerrige på mennesker.  Samme ettermiddag kom ei mor med babyen sin inn i bukta og var berre 50m frå båten vår.  Dei er enormt svære, lengre enn båten vår, babyane vi såg var 3-4m lange.   Båtvennen vår Bart frå Nederland var ute og vindsurfa ein dag, då kom kvalene tett rundt han og dei hadde stor glede av å sjå på denne mannen på surfebrett.  Dei leika rundt han i lengre tid medan han vindsurfa.  Ein båt køyrte forbi og fekk tatt bilete av han, og her kan du sjå finnen er oppe og vinker til Bart.  

  

Eit hyggelig par frå Amerika som har ein stor katamaran tok alle folka frå alle åtte båtene i bukta med seg på ”søndagstur” (frå ankringsplass 16).   Då fekk vi oppleve knølkvalen komme heilt opp til skutesida, så vi fekk sett auger og munn tydelig, og babyen svømte tett inntil mora.   Det var et syn vi aldri vil gløyme.  Som ein selvfølge pleier kamera og videokamera sei ”battery empty” når slike høgdepunkt kjem opp, men heldigvis fekk vi kopiere denne hendelsen frå Jade.   Hensikten med søndagsturen var også å sjå ei undersjøisk grotte, Mariner`s Cave.   Frå utsida var det berre eit vanlig berg som gjekk ned i sjøen.  Vi snorkla bort til fjellet og dykka ned ca 2m og deretter ca 4m innover før vi gjekk opp.  Må vel sei at vi voksne synes det var litt skummelt å gå opp.  Då dukka vi opp inne i ei grotte som var ca 20 kvadratmeter.  Først trudde eg at eg hadde dugg på maska, men fenomenet inni grotta var at kvar bølge pressa på utafor, og då vart lufta i grotta komprimert og det blei så høg fuktighet at det vart ingen sikt.  Ca tre sekunder etter var tåka heilt borte, trykket gjorde også utslag i øyra, deretter null sikt, …klart.   Det var ganske stilig.  Vi tillot ikkje Hedda og Marita å dykke inn der. 

På ankringsplass nr 16 var det eit korallrev som dei kalla ”coral garden,” det var utrulig flott med mange farger og fasonger på koralla.  Vi skaut eit par fiskar og samla nokre store snegler her ein dag.  Etterkvart som vi skaut fiskane skunda vi oss å få dei ut av vatnet og oppi ein balje som hang i tau etter oss.  Ein av dei blodige fiskane klarte å hoppe utav og då tok det ikkje lang tid før ein kvithai kom og følgte etter oss.  Då var det på tide å avslutte jakten.  I Tonga vart vi kjent med den nydelige blå sjøstjerna.  Den lyste alltid opp på lang avstand med sin intense blåfarge. 

Vindretningen skulle snu så vi reiste til ankringsplass nr 5, dette var så nærme byen at vi kunne reise over med dingyen og kjøpe frisk frukt og grønnsaker i Neiafu, då traff vi alltid så mange båtvenner i gatene.  

  

 Den kommende kongen i Tonga skulle delta på gudstjeneste i metodistkyrkja.  Han var på ”signingsferd” til dei fire øygruppene i Tonga, han blir ikkje konge før det har gått eitt år etter kongen har vore død.  Alle var oppfordra til å kle seg svart, men vi vart godt mottatt som turister med vanlige klær.  Kyrkja var fullpakka både inni og utafor.  Sangkoret song så vakkert at dei fekk håra til å reise seg på kroppen.  Kyrkja var dekorert med flotte blomekransar og likeins folka.  Vakter og mediafolk stod rundt omkring.  Det er ikkje så ofte at vi ser reporterane heime med ta`ovala og blomsterkrans! 

I talen sin oppfordra kronprinsen at befolkningen måtte ta godt imot turistar og båtfolk, -fekk vi forklart av nokre lokale, for heile seremonien var på tongaspråk.   Etter gudstjenesta fekk vi fotografere oss med prominente personer.  Dei lokale elska å bli tatt bilde av om dei var unge eller gamle, gjerne stimla det til fleire når vi drog fram kamera.  Men kongen gjekk ut bakveien og dessuten kan ingen snakke direkte til han.   Som de kanskje har høyrt på nyhetene så starta det opptøyer på Tonga (veka etter vi forlot kongeriket).  Mange ønsker eit demokratisk styre, og det er fullt forståelig når vi høyrde om kongefamiliens oppførsel og reglar dei lagde til gode for seg sjølve.  Vi vil ikkje la reisebrevet bli politisk, men mange ting var hårreisande urettferdig for tongafolket. 

Turistar får 30 dagers turistvisa i Tonga, og utover det må du betale ekstra, så vi sjekka ut av landet då tida nærma seg.  Værvinduet var ikkje godt og i tillegg ville vi gjerne væra litt lenger, så vi reiste rundt på øyene i Vava`u i ti dager etter at vi hadde sjekka ut.  Utenom dette har kapteinen på Blue Marlin vore svært nøye med innsjekking og utsjekking på lovlig vis. 

I ein måned etter kongens død var det ikkje lov å synge, danse eller spele.  Egentlig er tongafolket glade i sosiale fester med dans og musikk.  Så første ”lovlige” dagen var vi sammen med 30 andre båtfolk på stranda og fekk eit skikkelig tongamåltid som vi seint vil gløyme.  Fire menn kom bærande med ca to meter lange bananbladfat fulle med små matpakker laga av bananblad, i dei var det forskjellige fiskeretter, kjøttretter, skalldyr, frukt eller grønnsaker som var kokt over tonga ”umu” (bål) –ovnane, anna mat låg nydelig tilbereda nedi uthola koksnøttskall, eller uthola papaya.  Alle satt på golvet og åt med fingrane.  Mennene fekk den tradisjonelle mannedrikken kava og eit par ungdommar spela på gitar og trommer.  Deretter dansa nokre ungdomar for oss.  Tongadansen uttrykker gjerne ei fortelling, jentene hadde grasiøse og mjuke bevegelser heilt ut til fingerspissane.  Gutane var litt tøffare i bevegelsane, dei uttrykte gjerne jakt eller kriging.  

    

 Tidlig ein morgen reiste vi frå Vava`u gruppa og segla til neste øygruppe Ha`apai i Tonga, og samme ettermiddag kunne vi sleppe ankeret utafor Ha`ano.  Landskapet på Ha`apai øyene minna oss litt om Tuamotusøyene, med korallrev utafor og flate øyer innafor.  Men på øyene her var det tett grønn skog på og dei lokale var flinke til å dyrke frukt og grønnsaker.  Dei måtte jo berre vere flinke for supplyskipet kom ikkje så ofte, og jobber til å tjene penger på var få.  Dei hadde rett nok små butikker på øyene, dei var som ein kiosk med gitter framfor luka.  Her som på Vava`u såg det ut til at øyene låg som grønne sopper oppå vannflata (der det ikkje var sandstrender).  Sjøen hadde gravd ut fjellet rundt øyene så fjellet gjekk innover som ein C.  Ein dag vi var på stranda på dagtid kunne vi sjå noko rart som hang (opp ned) i trærne, då det begynte å skumrast flaksa disse dyra av gårde.  Det var kjempeflaggermus, eller fruit bats på engelsk og peka på tongaspråk.  Størrelsen var litt større enn ei kråke, og ansiktet var som ei søt mus.  Dei var plagsomme for dei lokale då dei likte å ha festmåltida sine i frukttrærne.

 

Den andre og siste øya vi besøkte på Ha`apai var Ha`afeva som hadde eit nydelig korallrev rundt med eit yrande fiskeliv.  Klovnefisken nemo hadde slektingar her også til Hedda og Maritas store begeistring.  Ein liten tur på land på denne øya og middagsinvitasjonene stod i kø.  Folka var så søte og snille og visste ikkje kva godt dei kunne gjere for oss.  Familiane vi var heim til hadde her avansert til langbord og benker som vi satt og åt med, men standarden seier vi ikkje noko om.  Nysgjerrige barn stimla rundt for å sjå på oss når vi åt.  Ryggsekkene våras vart fylt med frukt og grønnsaker når vi drog heim.  Det var ikkje snakk om penger for eit måltid, men dei satte stor pris på å få klær, sko og mat frå oss.  Religion var ein viktig del av kvardagen til deira.  På denne vesle øya budde det 300 mennesker og dei hadde fem forskjellige kyrkjesamfunn, men dei la til at alle på øya var gode venner.  

 

Ha`apai består av 61 øyer, og det bur ca 8000 mennesker fordelt på 17 av øyene.  Det er kun dei største øyene som har elektrisitet.  Dei mindre har solcellepanel og 12-volts batteri.  -Dermed hadde dei små øyene ein fellestelefon på øya.  Det var langt ifrå det vi kan kalle moderne verden.  Kvardagen var svært avslappa.  Ofte var barneflokkane store, og i eit hus vi var hadde dei 14 barn. 

 Kjempelade var vi då vi oppdaga at vi hadde ankra ved sida ein metrolog frå New Zealand som hadde kryssa Tonga - NZ 11 gonger.  Han såg ganske godt i ”glasskula” og sa ein dag at i morgen drar vi mot NZ, og vi ”hengte” oss på og drog samtidig med dei.  Både dei og vi ville gjerne fått med oss dei kjente korallreva, Minerva Reef som ligger heilt for seg sjølv eit par hundre mil sør for Tonga.  Men værmannen vår sa at vi måtte dra nytte av den perfekte vindvinkelen og vindstyrken som kom til å vare i ti dager framover.  Så vi kosta av gårde i det beste værvinduet vi berre kunne drømme om.  På dei ca 1100 nm hadde vi ein snittfart på 6,4 knop, tydeligvis for albatrossen som følgte oss i fleire dager syntes ikkje vi segla så fort.  Vi motra kun dei siste 6 timane då vinden døde heilt.  Nettene vart kaldare og kaldare.  Ulltrøyene og dynene måtte fram.  Ein gong til dagen kalla vi opp NZ Maritime Radio på SSB-radioen og fortalde vår posisjon og antatt ankomst.  SSB-radioen er ein kjempekjekk ting å ha når vi seglar.

  

Søndag 5.november, knappe sju dager seinare segla vi inn Bay of Island på New Zealand til Opua.

På veg inn til innsjekkingshavna kalla vi opp Jan på Necessety over VHF-en.  Han låg ute i bukta og vi la oss inntil han i fem minutter og fekk overlevert flybillettene til Norge og 2.klasse pensumet for Hedda og Marita.  Igjen takk til mannskapet til Check Mate, Per Henning, som tok dette med til Tonga.  Vi var kjempespente på korleis toll og-innklarering var og kor mykje vi måtte gjøyme av suvenirer og skjell, men Jan roa oss fort ned. 

 Ei lita stund etter vi hadde ankommet kom myndighetene om bord, dei var alle tiders hyggelige.  Alt dei tok ifrå oss var upoppa popkorn og pepperspray.

Vi la oss i marinaen og ikkje lenge etter kom den eine etter den andre og gratulerte oss.  Herlig å sjå så mange båtvenner igjen.  Dagane gjekk fort med å få satt i gang prosjekter som; rigger, seilmaker til å sy nye og reparere gamle segl, finne ut kva vi skal gjere med den knekte bommen, reparere vindror som vart knust ved ein påkjørsel, watermaker som ikkje fungerer som den skal, reparere VHF som ikkje vil ”snakke” meir, pluss mange fleire ting…..  Vi må legge til at vi er kjempefornøgde med Dehler og takk til Dehler-Trine i Norge som er alltid hjelpsom.

 Sammen med familien på Jade tok vi ein guida busstur på Nordøya på New Zealand.  Ja, NZ var vakrare enn vi trudde.  Med sitt subtropiske klima finnes her appelsiner, sitroner, bananer, vakre blomar, palmetrær og ikkje minst kiwi.  På bussturen såg vi ville hestar og kalkuner, fleire tusen år gamle kjempetre av kauri, nydelige fjordar, fjell, skogar, og sletter.  Vi køyrte opp til Cape Reinga som er eit fyrtårn langt nord.  På veg tilbake til Opua køyrte bussen på ”90 mile beach.” I ein time i over 100km\t susa bussen nedover på den breie stranda så sjøfuglane skvatt.  Av og til køyrte bussen heilt ut mot bølgene som kom rullande og alle hylte i bussen.  Stranda er registrert som offentlig veg.  Fortumla slepte han oss ut og sandsurfing var det neste på programmet.  Unge og gamle klatra opp dei bratte sanddynene og heiv seg utfor på magen på surfebrett.  Alle vart som barn igjen, og lengselen etter å gjere dette i snøen vart forsterka.

   

Etter ei god veke i Opua starta vi å ”rusle” nedover til Whangarei der vi hadde booka plass for sesongen.  NZ var også vakkert frå sjøsida med strender, fjordar og spennande fjellformasjoner.  Spesielt tenker vi på ”Hole in the Rock” som ligger utafor Opua.  To overnattinger brukte vi til Whangarei.  Byen ligger 20nm opp ei elv.  Og her stod det ein ledig bås og venta på Blue Marlin, -ved sida av s\y Luna som er frå Nederland.  Soleil på 8 år hadde vi ikkje sett sidan Marquesas og gjensynsgleda var enorm, men også kjekt var det å sjå Nancy og Molly som Marita og Hedda ikkje hadde sett på heile fire dager.

  

Vi kan vel sei allerede at vi trives svært godt i NZ og synes det er deilig å bu sentralt med alle muligheter tilgjengelig.  Sommarkveldane er lange og lyse og jordbærsesongen er i full gang (nam, nam).  Det er overraskende rimelig med mat, kled og utstyr.  Jentene skal starte på Kokopu skule i 3.klasse ved skulestart 7. februar.  Dei gledar seg mykje til å gå på ordentlig skule. 

Vi må fortelle om den hyggelige norske familien Even og Eva som segla hit i fjor som har tatt seg godt av oss.  Båten deira heitte ”3T” (då alle tre barna deira starter på t).  Dei har vore behjelpelige med kjøp av bil, funnet norsk dokter til oss, vist oss rundt i byen, invitert oss på utallige grillkvelder i hagen deira (allerede) etc. Dei selte båten sin då dei kom hit og leiger et deilig hus no.  Dei skal flytte heim til Norge i april.  Hedda og Marita synes det er kjempekoselig med Thea og Tale som snakker norsk.  Putselig ein dag høyrte vi ei norsk stemme utafor båten i marinaen.  Det var to norske og ein færøyisk AFS student.  Dei tre koselige studentane hadde vore her eitt år og reiste litt rundt før dei skulle heim til gamlelandet.  Ragnhild, Pål og Finn synes det var utrulig at vi hadde segla heilt frå Norge og halve jorda på eitt og eit halvt år, -og det synes vi også!

  

 Dei neste vekene skal vi snakke mykje norsk for no er det berre to dager til vi setter oss på flyet til Norge.  Ingebjørgmoste og Juni kjem til Flesland og henter oss og vi klarar nesten ikkje å vente til å sjå familie og venner igjen.  Kanskje vi vil få litt meir julestemning også!  Rune blir i Norge til 15. januar og damene blir til 1. februar. 

Vi vil få ønska alle våras venner, familie og andre som leser reisebreva ei riktig God Jul og eit Fredfylt År i vente!