Selskaps øyene – Cook øyene – Tonga
Vi har no segla med passatvind og straumer til det einaste eksisterande monarkiet i Stillehavet, Tonga. Tidligare var det kongar på mest kvar ei øy i Stillehavet. Men vi går tilbake i seilasen til Society Islands eller Selskaps øyene, til Huahine i Haapu Bay der vi låg godt ankra medan høgtrykket fekk frigjordt det meste av sin energi. Ja, vindgeneratoren haldt batteriene full-lada med straum og mor fekk fin anledning til å skrive reisebrev.
Med laptoppen i ryggsekken haika vi inn til hovedbyen, Fare, der det var ein internettcafe og vi fekk sendt reisebrevet på ”lufta.” Det var ein grunn til at vi ikkje ville ankre utafor Fare, for vi hadde høyrt over SSB-radioen at fleire båter var blitt stjelt i frå der, og politiet gjorde lite med det. Og medan vi låg i vår lune bukt høyrte vi over VHF-en at ein båt var blitt rundstjelt i Fare. Slikt er skikkelig ergerlig for mulighetene for gjenkjøp er heller dårlig på øyene. Utenom storbyen Papeete og Fare er Stillehavet lite å frykte når det gjelder stjeling og pirater. Vel, for eit par dager sidan fortalte norske CheckMate som no er i Fiji at det hadde vore innbrudd i båten deira der vedkommende hadde tatt ei flaske rom og kontanter. Hong Kong-båten Jade vart frastolen gummibåten på Samoa (men den kom til rette med kjempeinnsats av media og politi).
På veg tilbake til båten frå Fare kom vi i kontakt med ein mann som gav oss bananer, og nokre nydelige skjell han hadde polert og gravert. Han fortalde han levde av å lage smykker av skjell. Forsiktig spurde han om det var mulig å få være med til Blue Marlin. Ja, klart det! Sjølv om kommunikasjonsproblemer melder seg når vi kan lite fransk og lokalbefolkningen lite engelsk, var det eit hyggelig besøk av Marcelin. Han vart til middag og kaffi, og seint vart det før vi køyrte han i land. Han gav Hedda og Marita eit vakkert perlemorsmykke med perle på. Han fekk ein pose med nåler frå ”blyantkråkebollen” som vi fann på Tuamotusøyene. Kråkebollepiggane har ein djup, vakker lilla farge med nydelige mønster på. Han vart hoppande glad og ville lage smykker av dei og reise til Papeete og selge smykkene. Vi har igjen eindel av disse kråkebollepiggene og har som prosjekt å lage smykker. Ja, det har blitt eindel skjell og andre ”strandkant-ting” som vi prøver å lage noko ut av (jula nærmer seg!) Problemet er at kvar interessant ting vi finn, så går tankane til strenge regler ved innsjekking i New Zealand. Vi er spente på kor mykje dei vil ta i frå oss!
Dette møtet med Marcelin gjorde at øya fekk eit godt minne for oss. Huahine er ei av dei minst besøkte blant Selskaps øyene og dermed mindre turistprega. Øya er svært grøderik og har småkuppert terreng. Husa er små og varierte i standard. Dei fleste hadde litt frukt som t.d. bananer, papaya og sitron rundt huset sine. Vi såg nokre plantasjer med vanilje og ananas Elles fekk dei lett tak i fisk på revet, -dei som hadde eit framkomstmiddel på sjøen. All mat i butikkane var dyrt, så dei prøvde å klare seg mest mulig uten å kjøpe så mykje.
Captain Cook var den første Europearen som besøkte Huahine. Han var der i 1769, 1773 og i 1777. Siste gongen vart han fråstolen sextanten av ein lokal mann.
I 1808 kom engelske misjonærer og konverterte innbyggjarane til protestanter. Øya er ei av dei siste øyene som vart gjordt til fransk (40 år etter Tahiti). Dette gjekk ikkje fredelig for seg, og eit monument over alle dei døde i denne striden er reist opp ved Maeva Bridge på øya. Folketallet gjekk drastisk ned i heile Fransk Polynesia under kristning og fransk overtaking.
På ein dagsseilas segla vi over til naboøya Raiatea og la oss til på ei offentlig brygge i byen Uturoa som er nest største byen i Fransk Polynesia. Det var fem måneder sidan vi sist hadde lagt oss til ei brygge, og nervøse huska vi på å finne fram fendrer og tau i god tid.
Dagen etter oss kom mange kjente båtvenner, bl.a. norske CheckMate, svenske Christina og fleire. Vinden tok seg opp dei neste dagane og vi hadde rundt 30 knops vind i 4-5 dager og mykje regn, men vi låg godt fortøyd og kunne sove trygt uten å tenke på om ankeret ville dregge.
Vi besteig den høgaste fjelltoppen og kunne nyte det vakre synet av korellrevet rundt øya og dei fine fargenyansane i sjøen. Som de ser på biletet til høgre for Idunns hode er det ein opning i korallrevet. Slike korallrev med eit ”pass” i er det rundt nesten alle øyene i Stillehavet, noken pass er godt merka og andre ikkje, noken er smale, andre grunne, og\eller prega av sterk straum. Ei øy kan ha eitt eller fleire pass. Utafor revet og mellom øyene er det mykje bølger, men innafor, i lagunen, er det som regel lite sjø.
Spesielt kjekt var det for Marita og Hedda at vi låg ved ei brygge på Raiatea. Dei kunne gå av og på båten når dei ville og springe over til venninna Samantha eller CheckMate. Deilig var det å ha tilgjengelig eit supermarked med t.d. nysteikt brød og ferske varer rett over gata, og rikelig med vatn å få tak i, og ikkje minst internettilgang. Dette var luksus vi nytte.
Då endelig vinden roa seg segla vi over til øya Bora Bora i følge med CheckMate. Bora Bora i likhet med dei andre Selskaps øyene var grønn og hadde høge markerte fjell. Vi ankra rett innafor passet bak ei øy i lagunen. Vi tok gummibåten og la den på Bora Bora Yaht club medan vi haika oss rundt på øya ein dag. Her var også dyrking av vanilje for eksport. Vi besøkte eit marinemuseum der det var små modellbåter av verdenskjendt farkoster bl.a. Kontiki, Bounty og Chr. Columbus sitt skip. Vi var kun to dager på Bora Bora før værgudene og utløpt turistvisa sa ”GO!”
Dermed tok vi farvel med Selskaps øyene og Fransk Polynesia 30.aug. (etter 3mnd) og satte segl for den nordlige Cook øya Suwerrow, ca 700nm. Første døgnet er ofte det verste og deretter glir vi inn i ein rutine med vakter og soving. Hedda og Marita er flinke å innrette seg etter forholda og finn på aktiviteter sjølve. Denne overfarten var det strikking som var mest populært. Det gjeld alltid å finne den mest bekvemme stillingen ut frå båtens bevegelsesmønster og kvar sola er på himmelen. Liggande bak roret i skyggen av biminien føregjekk det meste av strikkeproduksjonen til egenkomponert song. Ei natt fekk Idunn besøk på si nattevakt. Plutselig landa det ein sprellande flygefisk i fanget. Det er den største vi har sett hittil. Som straff havna den på steikepanna, den smakte riktig godt.
Etter fem døgn og godt fornøgde med vind og segling gjekk vi inn passet til Suwerrow. Øya ligg heilt for seg sjølv med fleire hundre nautiske mil til næraste øy. Rettt før passet fekk vi to fine bonitoer (liten tunfisk), og CheckMate som vi hadde segla med i ”VHF-avstand” heile tida fekk ein stor mahi mahi. Det var som bestilt! For Nils på CheckMate sa at vi fekk prøve å få fisk siste dagen slik at vi kunne ha grilling på kvelden når vi kom fram.
Øya minner mykje om Tuamotusøyene der det er ein ring av korall og så er det lave motuer som er som små øyer på ringen. Her låg det ca 10 båter og vi annonserte over VHF-en at det vart grilling på stranda. Vi tilbereda fiskane våras til grilling og sashimi (rå fisk), kjempedeilig og kjempekoselig. Dei aller fleste seglarfolk er sosiale og svært hyggelige folk, så det er aldri vanskelig å lage til ein ”fest.”
Etter å ha metta mange hadde vi fortsatt mykje fisk til overs, men ingen fisk gjekk til spille. Vi hermetiserte tunfisken på glass som seinare vart til paella og fiskegrateng og nokre glass vart det også med fisk i eddiklake som vi bruker som pålegg. Marit på CheckMate inviterte oss over på herlig fiskegrateng dagen etter, den gav gode assosiasjoner om mors deilige fiskegrateng.
Mange gonger har vi spurt oss sjølve kvar den finaste plassen har vore, men no var svaret klart! Suwerrow! Dei kvite strendene med det turkisblå vatnet rundt og palmetre som halvveis ligg over stranda var ”berre lekkert!” Den andre grunnen til at øya fekk ei høg stjerne var den herlige familien som var park bevoktere. Det er ingen fastbuande på øya, den har status nasjonalpark. Denne familien som passer på øya kjem frå hovedøya på Cook øyene Rarotonga, og blir køyrt hit i mai og blir henta i november. Dei har ingen forsyningsskip på disse månedene, så omhyggelig proviantering må gjerast før avreise. Dvs. at besøkande båtfolk har alltid mykje ”godis” og deler gjerne med seg. Vi hadde med ein heil stokk med bananer og ferske grønnsaker til dei som dei satte stor pris på. Den unge familien hadde fire gutter i alderen fem til elleve år. Dei to minste var tvillinger. Familien var interessert i øyas historie og natur, så dei tok oss med på snorkle\fugle\picnic-utflukter til andre motuer. På ein slik utflukt fekk Hedda og Marita svømme på ryggen til ei skilpadde. Dei haldt tvers over ryggen medan skilpadda svømte av gårde. Sjølv om vi slepte den så kom den tilbake til oss. Havskilpadda var ca ein halv meter over ryggen og knallsøt! Vi fekk klare retningslinjer at vi måtte være forsiktige med hai. I lagunen var det mange av dei, men nærmare passet var det endå fleire, større og meir ”blodtørstige.”
I mange, mange år budde det ein enslig amerikaner på øya, Tom Neal. Han har beskrevet livet sitt i boka ”An Island To Oneself” og korleis han overlevde orkansesongane mutters aleine med dårlig helse.
Tida her var altfor knapp, men vi benytta oss av eit godt værvindauge og segla mot neste øygruppe Tonga som var 560nm lenger vest. CheckMate venta crew frå Norge på Tonga og hadde tidspress. Per Henning frå Fredrikstad vart vår reddande engel, han skulle ha med seg 2.klassebøkene til jentene, noko som vi satte stor pris på. Takk skal du ha! Så vi segla samtidig frå Suwerrow, men dei hadde ein litt sørligare kurs enn oss sidan vi ville besøke nordlige Tonga først, Niuas-gruppa (som betyr rik på kokonøtter). På denne strekningen hadde vi kun eit waypoint og det var utafor den amerikanske øya Rose Island, i likhet med Suwerrow er øya ”in the middle of nowhere.”
Etter to døgn passerte vi denne knøttvesle øya og bråbestemte oss for at vi ville ta ei rolig natt inne i lagunen før vi starta seilasen igjen morgenen etter.
Aldri har vi hatt så høg puls i eit pass, sterk strøm imot, mindre enn ein meter under kjølen, lite klaring på sidene og kun kart på PC-en (som ikkje alltid er korrekte). Skulle det gå galt her så var det ikkje mange å rope om ”hjelp” til og dessuten var det forbudt å besøke dette reservatet. Med lettelse ankra vi inne i den stille lagunen, for sjøen hadde vore ganske rufsete sidan Suwerrov. Men vi såg at hvis vi sov her og starta tidlig neste morgen kunne vi klare Tonga på to netter (for vi kan ikkje gå inn til ei øy etter det er mørkt).
På Rose Island er det ingen mennesker som bur, men det er tusenvis eller millionvis av fugler som held til der. Vi sjøsatte gummijolla og køyrte inn til stranda. Det var eit øredøvande leven frå alle fuglane som surra rundt oppi lufta og nede på bakken. Vi måtte være forsiktige med kvar vi satte foten for det låg egg over alt. Nokre nyfødde fuglungar gjekk rundt og skreik, og over hovudene våres var det høg aktivitet. Det tok oss mindre enn ein halv time å gå rundt heile øya. Vi fekk bada og drukket kaffi på stranda før vi laga middag i båten og tok ein tidlig kveld. På grunn av sollyset kunne vi ikkje starte før 08.30 neste morgen. Min omhyggelige kaptein hadde sjekka ut passet med gummijolla dagen før og visste akkurat kvar han skulle ta skuta mest sikkerhetsmessig ut, og planen var vellykka!
Etter eitt døgns seiling døde vinden ut og vi starta motoren. Vi rekna på nødvendig gjennomsnittshastighet for at vi skulle komme inn i dagslys og dermed motorsegla vi det heile siste døgnet. Kongeriket Tonga er delt inn i fire øygrupper, nordfrå er Niua, deretter Vava`u, så Ha`apai og sørlige Tongatapu der Kongen bur eller budde (han døde eit par dager før vi ankom). Tonga har 171 korall -og vulkanøyer. Berre 38 av disse er bebudde. Dei er stolte over å klare seg mest mulig sjølve, men dei får litt hjelp frå andre t.d New Zealand og USA.
Hurra, endelig såg vi to Tonga-øyer stikke opp i det fjerne, Tafahi, som likna på ein spiss vulkan som steig rett opp av sjøen, og den andre øya som likna på ein stråhatt. Målet vårt var ”stråhatten” som har eit så flott navn som Niuatoputapu (populært kalla ”newpotato” blant cruisere). Øyene forsvann fort då vi fekk eit kraftig regnvær rett før passet, -men det var OK for då slepte heile mannskapet på Blue Marlin ”ut håret” og fekk seg ein gratis dusj på dekk. Eg trur vi gjorde fiskane nysgjerrige med ”regndansen” vår, for på same tid beit to bonitoer på dei to snørene vi hadde ute. Alltid godt å komme inn med fersk fisk (og i tillegg nydusja). Men her var det ingen seglarar å dele fisken med. Ei hyggelig stemme kalla på oss over VHF-en og ønska oss velkommen og at vi fekk ikkje komme på land før dei offentlige folka hadde besøkt båten vår om to dager (vi kom inn på ein lørdag). Men ei lita øy i lagunen kunne vi strekke beina på om vi ville. Denne øya hadde endå flottare navn, Hakautu`utu`u. Her sjekka vi ut snorkleforholda og auka skjellsamlingen. Til ein forandring såg vi ingen haier, nesten kjedelig!
Nysgjerrige satt vi med kikkerten og obserere kva vi hadde i vente på land. Mange hester, griser, høner og hunder gjekk lause rundt. Om kvelden vart landsbyen heilt mørklagt, vi såg kun lys i frå nokre bål. Vi vart vekt av kykjeklokkene som starta å ringe klokka 05.00 søndag morgen og fortsatte kvar halvtime.
Mandag morgen kom tre svartkledde offentlige personer om bord i Blue Marlin. Som vi hadde lest om Tonga-folket; hadde dei ta`ovala utapå klærna sine, ei vevd matte av pandanusplanta. Svarte kled går alle offentlige personer med sidan dei ”sørger” for kongen. Blide og høflige spurde dei om vi hadde frukt, grønnsaker eller egg med frå andre øyer. Då dei smilte skein mest alle tennene i munnen med gullfyllingar på alle flatene av tennene (og nokre tenner mangla). Vi satte fram ei stor skål med karameller og alle forsvann på den korte stunda dei var her!
For å betale avgiftene til Tonga måtte vi gå på land. I Stillehavet, utenom Galapagos ønsker dei at vi betaler med lokal valuta, og her har dei Tonga-doller, pa`anga.
Kjempespente på ekskursjonsturen på land og sjå oss rundt og møte folk, heiv vi oss i jollen etter myndighetene hadde forlatt båten vår. Øya er delt inn i tre landsbyer: første, midterste og siste landsbyen. Vi hadde ankra utafor første og måtte gå til siste landsbyen som var ca ein time å gå til.
Før vi hadde fortøyd jollen kom det springande mange barn mot oss. Dei hadde skuleuniformer på, jentene hadde raude kjoler med kvit bluse inni. Alle hadde lange fletter og store, fine brune auger. Dei kunne litt engelsk, dei sa at dei lærte engelsk allerede frå 1. klasse av, men Tongaspråket er svært annleis. Vi hadde med litt godteri og delte ut, men det var kun første dagen. Då vi såg den dårlige tannhygienen delte vi heller ut blyanter og fargestifter og dessuten ville vi lage dårlige vaner for barna at seglerfolk er ”lollis”-utdelere. Voksne ville også snakke med oss, og på vegen til ”vekslekontoret” (bank) hadde vi allerede gjort tre middagsavtaler med dei lokale og fått mango, papaya, og bananer i ryggsekken. Den offentlige bygningen var ikkje rare greiene, mange planker mangla både i vegger, tak og gulv.
Bygningen innehaldt postkontor, politistasjon, vekslekontor og tollkontoret.
Det første damene spurde om på tollkontoret var om dei kunne få flette Marita og Hedda sitt hår. Og stolte jenter håpa at flettene ville vara fram til jul så besteforeldre kunne sjå det. Pinnestolane dei ansatte satt på var knekte og skeive, elles hadde kontora ingenting anna enn eit gammalt bord\pult dei satt ved. Ei dame satt og skreiv på ei gammal skrivemaskin. Øya har ikkje elektrisitet eller noko form for teknologi. Dermed kan ein jo ikkje bruke kredittkort eller veksle sjekkar. Nordlige Niuagruppa er dei minst utvikla øyene i kongerike. Heilt fram til 1999 brukte dei morsekode for kommunikasjon. No hadde fleire husstander fått telefon. Supplyskip kjem kun fire gonger i året med varer. Dei hadde rett nok ei lita flystripe som hadde vore ute av drift i to år, men starta opp igjen.
Mellom disse tre landsbyane hadde dei grusveg, nokre husstander hadde bil. Vegetasjonen var tett med kokostre, pandanustre og buskvekster. Landsbyane var åpne sletter der dei små husa stod med litt avstand frå kvarandre. Husa var stort sett laga av bølgeblekk i veggene og taka var av palmeblad eller bølgeblekk. ”Fale tonga,” (det tradisjonelle tonga hus) har palmeblad i tak, vegger og gulv. Men fleire hadde ”modernisert” med bølgeblekk til vegger og tak. Fordelen med blekktak var at dei brukte taka til regnvanns-samler og røyr gjekk ned i sisterner. Palmebladtak gjorde husa kjøligare, men blada måtte skiftas kvar 3-4 månad.
I mellom husa sprang griser, høner, hundar og hestar i alle størrelsar.
Ei av dei første damene som ropa oss bort til huset sitt lurte på kvar vi kom frå. Då fortalde ho at bestefaren hennar kom frå Norge og heitte Oscar Haugland og broren hans heitte Jostein. Noko informasjon om forfedrane kunne ho ikkje fortelle oss og far hennar var reist til den sørlige hovedbyen i Tonga, Nuku`alofa for å delta i Kongens begravelse.
Dama, Celetute, inviterte oss til middag dagen etter.
Vi satt ute under eit tak på matter og åt. Ho diska opp med tradisjonell mat med steikt fisk, papaya, steikt banan, taro, søt potet, yam, tapioca og corned beef som var kokt og pakka inn i gønne blad. Det smakte godt. Deira tradisjon er at dei sitter på matter på golvet eller bakken og eter med fingrane. Det er ikkje høflig å ete samtidig med gjestene, så dei satt og såg på. Drikke var selvfølgelig kokos. Medan vi satt der gjekk hundar, høner, kyllingar og griser rundt og venta på restane. Celetute hadde tre gutar og ei fire år gammel jente, Tina. Vi hadde med tegnesaker og sjokoladekake og klær til Tina. Kaker frå båtfolk var svært populært. Ingen husstander har komfyr, alle har ei gruve, umu, utafor huset som dei koker mat på, kveiksel er stort sett kokosnøtter. Dermed kunne dei ikkje bake brød eller kaker og bakeren baka kun ein type brød, loff, som dei stort sett kjøpte på søndagane. Inne i huset deira var den tradisjonelle innredningen, to små soverom og eit lite opphaldsrom, ingen stoler eller bord, kun eit lite skap, ingen dekorasjoner eller maling på veggene. Vi såg ingen leiker som ungane hadde. Alt var så enkelt og lite materialistisk. Kan de tenke dåke ein verden uten elektrisitet:
Ingen TV, kaffetrakter, vaskemaskin, oppvaskemaskin, lys, computer, kjøleskap, fryser etc. Rettnok hadde nokre få husstander egen generator slik at dei fekk lys og sjå på DVD. Nyhetene fekk dei inn via radio. Einaste butikken dei hadde var ein kiosk der dei kunne kjøpe for eksempel hermetikk, mjøl, ris. Mesteparten av tongafolket lever etter føydalsamfunnet. Dei har to stykker med landeigedom, den eine har dei hus på og den andre dyrkar dei maten sin på. Nokre hadde ein liten båt med motor på slik at dei kunne fiske, men mange gjekk på langgrunna med nett og fanga fisk eller gjekk på utfjøra og leita etter etande skjell og sniglar.
Pengar dei fekk til øya kom stort sett frå mattene som kvinnene laga.
Folka jobba lange dager, mennene gjekk av gårde tidleg om morgenen til ”bushen” der dei hadde plantasjen sin med frukt og grønnsaker. Kvinnene laga mat av det dei sjølve dyrka, sendte ungane til skule og gjekk på jobb; som var å veve pandanusmatter. Dei var ei lita sosial gruppe kvinner som hadde et eget hus der dei satt på gulvet og vevde matter. Ungane under skulealder leika rundt huset. Disse mattene selte dei til New Zealand. Det var mykje arbeid med bladene før dei kunne starte og veve. Etter å ha skjært pandanusbladene i bushen måtte dei skjære av dei skarpe piggene, deretter koke dei, legge dei i sjøen i ei veke, vaske dei der, dele av indre og ytre hinne, tørke dei i ei lita veke, deretter dele dei opp i tynne strimler.
Litt større matter på fleire kvadratmeter brukte dei eit par månader på.
Hestane brukte dei til å bære tunge bører og som framkomstmiddel. Grisene og hønene som det yngla av slakta dei etter behov.
Medan vi var der var det tre månader sidan sist skip med varer hadde vore der og mest ingen hadde diesel eller bensin igjen. Krisa var stor, fiskarane, bilane, generatorane, skulane – alle trong drivstoff. Fleire seglbåtar kom dei neste dagane og dei fleste hjelpte innbyggarane med drivstoff. Tirsdagen etter vi kom var det offisiell fridag sidan Kongen skulle gravleggast. Denne dagen tok ei jente, Fahia oss med til høgste toppen av øya, ho hadde fri frå veving. Her såg vi ned til midterste landsbyen og over til ”vulkanøya,” ein kjempefin tur.
To superlykkelige småjenter på Blue Marlin såg den Tysk\Brasilianske båten Diva ankre ved sida av oss. Ikkje lenge etter heiv Hedda og Marita seg i sjøen og svømte over til drømmeprinsane, Alexander, Phillip og Patrick. Dei to førstnemnde er tvillingar på ni år og Patrick er 11 år. Etter skuletid var det aktiviteter til vanns eller på land, helst ut til den vesle øya og bygge hytte i trea medan pappaene snorkla på revet og dykka på eit gammalt vrak.
Ein dag tok Fahia oss med til ei ferksvannsoppkome. Dei lokale bader gjerne med klærne på, spesielt damene, for tradisjonelt går damene med lange armer og side skjørt.
Ein dag besøkte vi barneskulen. Rektoren, Viena, hadde svært lyst at Hedda og Marita skulle gå der medan vi var på øya. Og dei neste seks skuledagane mønstra to lyslugga jenter opp og var med i morgensamling og hadde deretter engelsk og matemaikk på skulen. Det var kun to lærerer på skulen, og 1. til 6. klasse var delt inn i tre, så dei to lærarane sprang mellom tre bygninger. Men dei tok seg god tid til å flette Hedda og Marita sitt hår kvar dag. Vi var imponert over disiplinen i klassen, dei satt i lange tider mellom kvar arbeidsoppgave og venta tålmodig. I 1. og 2. klasse der Hedda og Marita gjekk var det til sammen 14 elever. Dei satt fire og fire på ein lang benk. Vi hadde bl. a. med lim, tape, fargeblyanter, stiftemaskin, blyanter og kladdebøker til skulen. Aldri hadde vi drømt om at det skulle bli satt så stor pris på. Skulen hadde ikkje hatt lim eller stiftemaskin på leeeeeenge. No var det stor aktivitet med å dekorere klasserommet med fargelagte tegningar. Legg merke til veggdekorasjonen og læraren sin vevde ta`ovala.
Det nærma seg 1.oktober og to jenter som snart hadde 7-årsdag. Viena ville at vi skulle feire bursdagen til Hedda og Marita siste skuledagen på Tonga vis. Vi ville stille med mat i lunsjpausen og gjere det på Norsk vis. Ungane pleier vanligvis å gå heim og ha ein times lunsjpause. Kokken på Blue Marlin steikte 40 pølsebrød og steikte samme antall hermetiske grillpølser, baka sjokoladekake, brownie og eplekake, og hadde med ballonger, lys og sugerøyr som høyrer med. Denne dagen vart også dei tre ”prinsane” på Diva med og mammaen der hadde også med mat. Gjett om dei lokale ungane likte maten! Det er ikkje så mykje variasjon i maten, så all ”utenlandsk” mat er spennande. I bursdagsfester på øya er det ikkje vanlig å gje presanger, det er jo naturlig sidan tilgjengeligheten er begrensa. Men det betyr ikkje at dei ikkje feirer, for dei er glade i feste og finner gjerne anldninger å feire. Det alle tar med når dei går i bursdagsselskap er mat. Mødrene til barna kom med forskjellige tradisjonelle retter, kylling, gris, taro, yam, kokosnøttkrabbe, landkrabbe, papaya, mango, bananer m.m
Det knytta seg sterke band mellom den søte unge rektoren og Marita og Hedda, så ho og mora hennar hadde vevd ein flott pandanusduk med navna deira og med mange vakre skjell på. Ho i likhet med dei to andre veninnene på øya, Fahia og Celetute kom på besøk i Blue Marlin fleire gonger medan vi var her. Gjerne kom dei med egg slik at vi kunne bake kake til dei. Ei natt overnatta Fahia på 20 år og ho fekk sjå på DVD for første gong i sitt liv (vi såg ”dirty dancing”).
Då Tina på 4 år var om bord fekk ho si første dokke av Hedda, og då søstera til Fahia på 5 år var på besøk gav Marita henne ein bamse, og det vart hennar første. Snorkleutstyr gav mange uttrykk for at det ville dei gjerne hatt og dermed gav vi bort maske og snorkel.
På denne vesle øya med 1200 mennesker var det fire forskjellige kyrkjesamfunn. Søndagen deltok vi i gudsteneste. Kyrkja var den andre bygningen utenom den offisielle bygningen som var av tre. Sjølv om denne gamle kyrkja kun hadde få medlemmer, stemte alle i for full hals. Alle var kledd i svart dei fleste i ta`ovala eller kie`kie som er kun for kvinner. Ungane kom i nydelige kjoler og gutane var også reine og fine. Vi alle satt på gulvet og nytte denne høgtida. Ringeklokka var etter gammal Tongatradisjon ei uthola trestamme der dei banka med ei treklubbe i fem minutter.
Etter gudstjenesten var vi og Diva-gjengen invitert heim til Fahias familie til middag. Igjen satt vi på gulvet og alle dei lokale rettane var nydelig tilbereda. Far hennar var fiskar og vi fekk fisk i fleire varianter, dei hadde også slakta fire høner til oss. Det er heilt utrulig kor mykje og god mat kan bli laga på ei enkel gruve, men så tungvindt og mykje arbeid. Familien satt ved sida av og såg på, selvfølgelig. Etter mat fekk alle ungane til stor begeistring ride på hesten deira.
Etter to veker på denne meget spesielle plassen segla Diva og Blue Marlin mot neste øygruppe i Tonga, Vava`u, som ligg 160 mil lenger sør. Med oss hadde vi mange fine skjellsmykker, kokosnøttsmykker, pandanusmatter, kie`kie, jentene hadde fått kvar sine ta`ovala, og tapa som er laga av barken på ”mulberry” -treet.
Seilasen var på inga måte behagelig, men Hedda behaldt stolt sin A-plassering……! Dette var vel kanskje ein forsmak på New Zealand-seilasen som nærmar seg drastisk. Neste ettermiddag segla vi inn blant grønnkledde holmar og skjær som kunne minna mykje om Norske kysten. Vi ankra utafor hovedsenteret i Vava`u, Neiafu. Her var det lokal innsjekking. Vi kom inn dagen før Hedda og Maritas bursdag. Heilt sidan bursdagsfeiringa på Madeira i fjor har ønsket vore å ha mange barn i bursdagsselskapet, og å få feire med dei tre prinsane sine og med Nancy og Molly på Jade. Ingenting kan planleggast lang tid i forveien når ein er cruiser, mest alltid er det været som bestemmer. No var det tre månader sidan vi ”mista” Jade på Tuamotusøyene. Men vi hadde høyrt rykter over SSB-radioen at dei var på veg mot Vava`u, ville dei nå selskapet…..?
Tidlig søndag morgen 01.oktober reiste Rune til land og fekk ”OK” at barneselskapet kunne feirast på Paradise Hotell i\rundt ute-svømmebassenget. Vi lot invitasjon spre seg til alle barnebåtane i havna. Til eit ukjent antall baka vi skuleboller, gjærkringle og sjokoladekake. Ein halv time før selskapet ropa Molly opp ”Blue Marlin” over VHF-en. Dei var i nærheten! Det var herlig å sjå ungane vise si gjensynsglede.
Under eit bambustak med fantastisk utsikt over havna og eit deilig basseng kom det over 20 barn og nesten samme antall voksne frå andre cruiserer frå nesten alle verdensdeler. Så mange barn samla hadde vi ikkje opplevt sidan ARC. Hedda og Marita hadde sin beste bursdag, med alle ønsker oppfyllt; feire med med mange barn, Diva-gutane og Jade-jentene, -dei var heilt i ekstase! Dei hadde på seg dei fine Tonga draktene, ta`ovala dei hadde fått på newpotato øya. Bursdagssongar vart sunget på åtte forskjellige språk.
Neiafu er stor kontrast frå forrige øygruppe. Her er det butikkar, internett, frukt og grønnsakmarked, bedre hus, elektrisitet, hotell, restauranter og turister (ikkje mange), men fortsatt er levestandarden lav og utvalget dårlig i butikkane. Her kostar alt pengar ( ikkje er så dyrt som i Fransk Polynesia), men på Newpotato var det aldri snakk om pengar. Der var det kun bytting eller gaver.
Vi vil cruise rundt mellom øyene på Vava`u til slutten av oktober før vi går til neste øygruppe i Tonga. Hovedsaklig er det været som bestemmer når den siste, mest værutsatte og kanskje den tøffaste seilasen starter -til New Zealand (1100nm). Og her skal Blue Marlin få kvile seg til slutten av april.
Vi vil takke for alle dei hyggelige helsingane. Det er kjekt å vite at dåke følger med oss. Vi tenker også ofte på familie og venner der heime. Vi gleder oss enormt til å komme heim og feire jul i Tønsberg og Rosendal.
Spesielle graulasjoner går til Sondre som fylte 17 år 10. oktober og til farmor som fyllte …. år samme dag!
Også ei kjempevarm helsing til Mai Katrin og Pål som gifta seg i august!