MARQUSAS-TUAMOTUS-SOCIETY ISLANDS

 

Vi avslutta forrige reisebev på Marquesasøyene då vi skulle reise frå Hiva Oa over til Oa Pou som låg ein dagsseilas unna. 

Lite fisk har bete på i det siste, så vi hoppa av glede då fiskesnøret stramma seg rett utafor Oa Pou.  Gleda vart kort då fisken hadde vinger og nebb, ei nydelig havsule hadde svelgd gummiblekkspruten.  Rune gjorde ein fin innsats og snart etter var den fri.  Den gode moloen og fine sandbunnen i Hakahau Bay på Oa Pou gjorde at vi låg trygt og godt her.  Dei spisse baguettforma fjella på øya var eit vakkert syn frå båten.  Her er det anbefalt at vi har anker både akter og i bauen, ”Bahamian” stil, slik at vi ikkje svinger rundt.  Hakaha er hovedbyen på øya og her var fleire små butikkar.  Etter vår første rusletur på land kom vi heim igjen med posar fulle av mango, grapefrukt og ein heil stokk med bananer som dei lokale rett og slett kom etter oss og gav oss, deira giverglede var stor.  Alltid går vi rundt med småting i ryggsekken som fargeblyanter, kulepenner, drops, hårstrikker m.m. som er hyggelig å gje bort når vi får noko.  Av og til gjekk vi tilbake og gav nysteikte lapper som takk.  Hovedgrunnen til at vi fekk så mykje meir frukt enn andre båtvenner var nok at vi har barn med.

 

   I dei neste dagane kom fleire av våras båtvenner og det vart igjen ei sosial bukt.  Vinden tok seg meir og meir opp og det rufsete været gjorde at vi vart liggande lenger enn planlagt her.  Om kveldane møttest vi fleire båtfolk til sang og musikk.  Den australske katamaranen Magic Carpet med Chris og Karen har vore på jordomsegling i 12 år og var allerede gode på gitar og munnspel før avreise, så no var dei ”knallgode.” Vart kveldane seine så la Marita og Hedda seg i sengene deira og sov til foreldrene deira rodde heim.  Hedda og Marita kosa seg frå morgon til kveld med sine to Hong Kong venninner frå båten Jade.  Dei tilbragte mykje tid på badestranda og vi gjekk små fjellturar.  Ein dag kom supplybåten med varer.  Folk stimla til butikkane og fekk seg grønnsaker.  Frukt hadde dei rikelig av, men dei dyrka ikkje grønnsaker.  Prisane på varene i Stillehavet er som sagt stive.  Vi betalte 17 US Doller for eit etterlengta hodekål.

 Endelig roa været seg og vi kunne reise frå Marquesas og Oa Pou den 17. juni.  Den neste øygruppa er Tuamotusøyene ca 500nm unna.  Vi var fullasta med frukt.  Vi hadde fire stokker med bananer hengande, ca 50 kg med grapefrukt, ein pose med appelsiner og lime, ei bøtte med mango og ei med papaya og to store brødfrukter som vi hadde fått.  I fin seilvind såg vi dei vakre fjella forsvinne bak oss på Oa Pou.  Vi alle stod frampå dekk då vi plutselig høyrde eit kraftig smell i båten.  Storseilet hang slapt, og bommen var knekt.  Rune har høyrt om andre jordomseglarar som har fått knekt bommen og dermed hadde han på lur aluminiumsprofiler.  Bommen var knekt rett over feste til kickeren.  Det er både fordeler og ulemper å ha elektriske vinsjer…….  Vi tok heilomvending og søkte nødhavn i ei øde og rolig bukt sør på Oa Pou, Vaiehu Bay.  Etter 5 timers intens jobbing kom vi oss av gårde før det vart mørkt.  Vi fortsatte med rev i seglet for å ha minst mulig belastning.  Vi kan vel ikkje alltid segle problemfritt.  Neste dag heisa vi spinnakeren, den var så vidt kommet opp før den spjæra både på kryss og på tvers.  Deretter heisa vi opp lettseglet, reacher, men det gjekk heller ikkje så bra, fallet slitna og heile seglet datt i sjøen.  Vi slengte ut fiskesnøret og rett etter kom ein kjempefisk og sleit snøret og ødela likså godt heile snella.  Harpene som vi har fiska makrell med i Norge vart kasta ut, men då vi sveiva dei inn om kvelden var mest alle gummimakkane bitne av.  Ikkje nok med dette, når jentene ville kose seg med ein DVD på kvelden så virka ikkje inverteren (straumomformeren).  Rune skifta ut nokre brente ledningar neste dag og så var den god så ny.  Det er ikkje feil med båten, for vi er kjempefornøgd at vi valgte akkurat denne type båt.

Den store gleden den dagen var at yoghurtproduksjonen vart starta og var kjempe vellykka.  Av det eine yoghurtbegeret vi fann på Oa Pou kom no til å gje oss og fleire andre båter yoghurt i over ein måned framover. 

 

 Fire netter tok det til vår første Tuamotusøy, Kauehi.  Det er 76 atoller som utgjer Tuamotus, men berre nokre er anbefalt å gå til med seglbåt.  Sprøtt å sjå den lave atollen som mest ikkje syns, kun kokospalmer som stikk opp av sjøen og med kvite skummande brytningar på korallreva utafor.  Det er nok ein grunn for at Tuamotus er kalla ”The dangerous archipelagos.”  Livsfarlig var det å segle mellom atollane før GPSen og nøyaktige kart kom. 

Atoll er ein nedsunket vulkan der berre ”ringen” er igjen, inni atollen er det lagune der det djupaste er ca 30meter.  Denne ringen rundt lagunen er ikkje breiare enn at det er plass til nokre hus.  Det veks stort sett berre kokospalmer på denne ringen, jordsmonnet er for det meste knust korall.  Nokre plasser er atollen så nedsunken og slitt at sjøen strømmer igjennom, då blir det som ei lita øy i atollringen og øya kalles motu.  Det er ikkje berre å gå inn i ein atoll når du vil, du må ha klart for deg når det er flo og fjære og entre på rette tidspunkt med tanke på strøm.  Sola må stå høgt på himmelen for at du skal sjå korallhoda og grunnene.  Då vi kom til Kauehi heiv vi ut ankeret i passet og tok ein rask snorkletur.  Oi, oi, her var eit yrande fiskeliv og koraller i alle slags farger og fasonger.  Vi såg rett ned til 30meters dybde.  Deretter gjekk vi nervøse inn passet med seglbåten.  Vi såg strømvirvlar som kokte rundt båten, og dermed rei vi som på ei elv, og rutsja inn i atollen med fire knop i medstraum.  Lettelse var det og væra innafor.  Etter 8 mil inni lagunen kom vi til landsbyen.  Her låg Uterus og fem andre båter.  Gjensynsgleda var så stor at Hedda og Marita heiv seg i vatnet og svømte over til Uterus før ankeret satt fast.   

 

 Den vesle plassen hadde fått flystipe for nokre år sidan med forbindelse til Tahiti.  Elles var det ikkje mange hus, men selvfølgelig ei fin kyrkje stod sentralt som alle andre plasser.  Den vesle butikken der hadde frosne brød, frosne kjøttvarer og bra utvalg i boksmat.  Ein mann og ei dame satt utafor eit hus og vinka til oss.  Vi fekk servert kokosnøtt med sugerøyr.  Det smaka godt med kald kokosdrikk i varmen.  Med fingerspråk, litt engelsk og fransk forstod vi kvarandre.  Dei viste stolt sine forfedres graver på tomta si.  Det er vanlig at dei gravlegg familien i hagen.  Neste morgon reiste Rune ut med mannen på jakt på revet utafor atollen.  All fisk inni atollen er forgifta av mikroorganismen ciguatera som lever i sjøgras på døde koraller.  Symptomene hvis vi et forgifta fisk er kløe og prikking, deretter hodepine og oppkast.  Det er forferdelig trist at så viktig matkilde og arbeid\næring til dei lokale i Fransk Polynesia (spesielt Tuamotus) er ødelagt.  Enkelte meinte bestemt at dette var ringvirkninger av dei grufulle atomprøvesprengningane til franskmennene som foregjekk på dei søraustlige Tuamotusøyene over ein periode på 33år (1963-1996).

Rune og den lokale mannen fanga ein pappegøyefisk på revet og samla mange østerser på koralla.  Alle har sine spesielle jaktmetoder av lokale delikatesser og vi synest det er kjempespennande å jakte og å tilberede med dei lokale folka. 

 Hovednæringa var for mange fiske, men no er Tuamotus og Society øyene kjent for sine vakre svarte perler.  Østersoppdretta såg vi mange av i lagunen.  Små hus står på påler ute i vatnet og mange bøyer er satt ut rundt omkring.  Etter østersene er ”inkuberte” med ei lita glasskule setter dei østersene på eit tau som heng fast i bøyen.  Etter ca eitt år opner dei forsiktig østersene og tar ut den svarte perla og setter inn ei ny glasskule.  Samme østers kan dei bruke to til tre gonger for perleproduksjon før dei setter den på ein korall.  Då skifter østersen kjønn og produserer babyer i stadenfor perlemor.  Det er mykje arbeid knytta til perledyrking og det er alltid eit lotto på kvaliteten på perla.  Mesteparten av dei ettertrakta perlene går til oppkjøp på Tahiti for så vidare salg rundt i verda.  Det vakre skinnet i ei høgkvalitetsperle kan gjera deg mest stum.  Ei slik perle kan kosta mange tusen dollar. 

Mannen som Rune var med på jakt dreiv med kopra.  Kopra er tørka kokoskjøtt som går til produksjon av olje og bodylotion.  Broren som budde i samme hus jobba på ein perlefarm.  Og før vi skulle reise gav broren Rune ein pose med 14 perler som skulle væra til jentene hans.  Hedda og Marita har snakka om svarte perler sidan vi starta på Stillehavet. 

Tider forandrer seg.  Mange perlefarmer er nedlagt i det siste pga at i Asia produserer dei billigare perler og det merkas i næringen her.  Kva er det neste….. Mange har funne ut at dei kan gjere penger på turister og bygger små bungalower og pensjonat på atollane.  Det aller siste dei lokale vil prøve ut som den store businessen er med frukta noni.  Den blir brukt til medisin, bodylotion, helsedrikke m.m.

 

 Alle båtane som låg ankra utafor landsbyen segla ned til den sørlige enden av Kauehi for det var nemlig 23. juni og St. Hans (og kusine Juni sin 11årsdag).  Uterus stod for arrangering av ein kjempefeiring av norsk midtsommarnatt (sjølv om det er vinter her).  Det budde ikkje folk på dei sørlige motuane så vi kunne ha stort bål og grilling.  Heldigvis rakk venninnene frå Hong Kong festen også, så då vart det barneleiker og voksenleiker på stranda.  Og når så mange nasjonaliteter samlast til ”pot lokk” kan du tru at det er mykje godt å smake på. 

  

Det var som eit lite paradis å være her, kvite korallstrender, små laguner som ungane kosa seg i, kokospalmer som gav skygge, korallrev å jakte på og ein vakker snorkleverden med klart fint vatn.  Vi og Hong Kong-båten, Jade, vart liggande medan dei andre reiste vidare.  For den dansk\engelske båten Sume og danske båten Jonna begge med to barn i kvar var ventande inn.  Dag etter dag blei det livlig på stranda med fire barnebåter, grilling, bading og snorkling.  Det er vel denne plassen vi har sett mest hai, ”black tip” hai svømte langs stranda og i lagunene der ungane leika.  Dei er flotte og grasiøse dyr som vi har respekt for, men så lenge vi tar forholdsreglar er dei små haiane ufarlige.  Jonna skal jorda rundt på to år og har det travelt, så dei tok farvel og segla vestover, men vi tre andre reiste sammen til atollen Fakarava. 

  

 Fakarava er ein rektangulærforma atoll som er 30nm lang.  Det nordlige innløpet er ca200m bredt og reknast å vera problemfritt, men når ein kjem inn passet på feil tidspunkt i forhold til inngåande og utgåande straum er det lite trivelig.  Motstraumen kan bli opptil 6 knop, og har du liten motor seier det seg sjolv at adrenalinet pumpar ekstra når du ser korallhoda står på sidene som dei skulle vera glefsande trollhoder. 

Vi ankra utafor hovedstaden på atollen.  Om kvelden var vi med og såg på då lokale, nydelige jenter med langt hår dansa sin lokale dans med bastskjørt, kokosskall til ”BH,” krone laga av palmestrå og massevis av smykker av perlemor.  Mannedansen er ikkje så grasiøs som damenes, dei skal dansa slik at knærna går mot kvarandre i eit imponerande høgt tempo.  Vi får kalle det maskulint og kraftfullt. 

Husa er stort sett små ein-etasjes, og her hadde dei tom grønt gras i hagen og blømande buskar.  Tuamotusfolka er glad i å pynte seg med blomar i håret, perlemor eller svarte perler, mennene pyntar seg med store tatoveringer som dei fleste i Fransk Polynesia.  Sidan Fakarava har eindel turister er det flyplass, asfaltveier og butikker og posthus.  Den store aktiviteten for turister er dykking.  I passet er det eit enormt undersjøisk liv.  Her er det litt meir størrelse på fiskane og mange typer hai.  Rune er etterkvart blitt ekspert i å lappe segl og fekk kose seg med liming og sying medan jentene reiste på land her.  Heldigvis hadde Benjamin på Uterus symaskin og vi fekk låne den før våres veier skilt seg, for no har dei fått meir tidspress og går fortare mot Australia .

  

 Etter eit par netter i byen segla vi inni atollen i den oppmerka ”løypa” sørover til ei herlig strand.  Det vart laga ein oppmerka kanal for nokre år sidan både pga av koraller og grunner, men ikkje minst pga perleoppdretta.  Og med tre barnebåter i følge blei det sosialt og kjekt for alle.  Her som på Kauehi plukka vi dei store konkyliane, seven fingers, og både Kim på Sume og Cam på Jade er supergode sjømatspesialister som vi lærer av. 

  

 Heilt sør i Fakarava, Tetamanu, var vårt neste mål.  Etter å ha lese bøkene til Durita Holm og Erik Torjussen`s eventyr hos paret Manihi og Tilla var det berre eit ”must” stopp.  Med vakre små motuer, kvite strender med kokospalmer på og krystallklart vatn og akvariefisker rundt båten slepte vi ut ankeret.  Og her såg vi for første gong klovnefisk, to nydelige ”nemo” budde i ein sjøanemone nett slik som på filmen. 

Vi gjekk bort og helsa på Manihi.  Jo, han huska godt igjen den norske båten som hadde septiktanken full av rom frå Karibien.  Det vart fleire besøk til Manihi.  Dei dreiv ikkje med perler lenger som Erik og Durita hjelpte dei med då dei var her for ni år sidan, men no dreiv dei eit idyllisk lite pensjonat på sin vesle motu.  Vi forstod at det var fullt belegg i lang tid framover.  Vi vil gje den beste reklame for det vakre pensjonatet.  Mange av gjestene var der for å dykke og snorkle, men også slappe av då det ikkje fantes andre aktiviteter eller butikker.  Rune og dei to andre pappaene på dei to andre båtane hjelpte Manihi ein dag og dermed vart vi invitert til middag og 2 års-bursdagsfest for hans barnebarn.  Michelle på Sume hadde 3 årsdag dagen etter og Tilla hadde bestilt to kjempekaker og blomsterkranser frå landsbyen til Michelle og barnebarnet.  Deira to barnebarn som budde der var kjempeglade for å få feire med andre barn.  Og neste dag feira vi Michelles dag igjen på stranda.  Kvar dag etter skulen samlast vi til felles lunch på stranda og middagen fann vi gjerne i sjøen eller pølser på boks som vart grilla.  Utmatta stupte vi i seng.  Det å overnatte hos kvarandre var populært inntil det vart oppdaga at alle barna hadde hodelus.  Heldigvis hadde vi kjøpt rikelig med lusemiddel i Panama og kunne dele med dei andre båtane. 

Jaktmannen Rune liker godt å reise ut med sin harpun.  Då vi var og snorkla i passet sør på Fakarava skaut Rune ein ”sea bass” på 6-8m dybde.  Kjapt tenkte Rune at han ville dra inn snøret på harpunen for sikkerhets skyld då han kom til overflaten der gummijollen låg.  På den korte stunda det tok for han å svømme opp til overflaten var fisken hans allerede reven i fillebitar av ti blodtørstige haiar.  Rune kom seg raskt opp i jollen med eit høgtbankande hjerte.  Etter slostkampen måtte Rune ned å hente den avbitte og bøyde pila til harpunen. 

    

   

 Det er begrensa kor lenge ein kan ligge på svai når det gjelder drivstoff, mat og vatn.  Jade måtte reise til Tahiti til storbyen Papeete som er alles milepæl i Stillehavet.  Sume og Blue Marlin tok ein dagsseilas over til atollen Raraka.  I seks knops medstraum surfa vi ut søre passet på Fakarava og ankra opp i den vesle landsbyen på Raraka før sola gjekk så lavt at koralla vart vanskelige å sjå.  Det var ca 20 små hus i landsbyen og ei kyrkje, selvfølgelig.  Butikken var i eit bakrom på eit av husa.  Dei hadde ikkje mykje der, ”men vi trenger ikkje så mykje mat her” sa den runde dama som eigde huset og peika på sjøen.  I strandkanten stod det tre menn og barberte ein gris.  Det var fire dager til nasjonaldagen 14.juli og då skulle det være (grise)fest.  Høner og kyllinger sprang mellom husa, ungane der leika med nokre fregattfuglungar.  Fregattungar er ganske store og kan ikkje fly før dei er fleire månader gamle.  Dei lokale ba oss sette oss ned og vi vart servert nyplukka kokosnøtter med sugerøyr i og sjokoladekake.  Rune sa han var interessert i og væra med på fiskejakt med dei lokale gutta.  Her var det slik at dei åt fisken inni atollen og ikkje utafor, motsatt av Kauehi.  Rune kom tilbake fornøgd med fire fisker.  Ankringsplassen var ikkje av dei beste då det begynte å blåse opp andre natta og vi flytta oss tre mil lenger inn i atollen.  Aleine igjen i eit eventyrland med deilige bademuligheter.  Vi fann fleire ”ville”østers, og spenningen var stor då dei vart opna, men vi fann ingen perle inni.

   

 På jakt etter eit nytt paradis tok vi ein nattseilas til øya Toau.  Vi gjekk ut av atollen Raraka litt for seint på dagen og korallhoda var umulige å sjå.  Sume som gjekk framfor oss braste inni i ein korall, heldigvis var båten like heil, men sammenstøyten bøyde propellen.  Vi bestemte oss for å fortsette nattseilasen sammen.  Neste morgon segla vi inn i passet Anse Amyot på Toau.  Dette er ei lun og god bukt å være i, for no sa værmeldingane at det skulle blåse opp.  Her har dei lagt ut ti bøyer med kjetting.  Lettelse var det å koma her og bli tatt i mot med opne armar og hjelp.  Tradisjonen er her at det er gratis å ligge på deira bøye, men dei vil du skal kjøpe ein middag.  Middagen var uforgløymelig og vel verdt.  Vi reiste sammen med dei lokale for å fange middagen.  På sandbunn i ca knehøyde jakta vi på varo som er ein kreps\hummartype som finnes på kun få plasser i verden.  Vi fann fire stykker.  Deretter jakta vi på kokosnøttkrabbe som bur på land, delvis under jorda eller gøymt under steinar.  Vi fann ingen, men han hadde ein heime som vi fekk servert til middagen.  Krabbane blir mata med kokoskjøtt i ei veke for å få god smak i kjøttet før den blir tilbereda.  Denne krabben vi fekk var ca 8 år gammal og bortimot ein meter lang når klørna var strekt ut.  Det store beistet var blålilla på farge før den var kokt i ei tønne på bål.  Elles bestod denne festmiddagen av alle slags deilige retter frå havet, pappegøyefisk, kirurgfisk, tunfisk, hummer, musling, blekksprut, sashimi, posoncrue (rå fisk) og med bruk av råvarene frå øya, kokos. Deretter var det lokal dans og musikk. 

     

 På denne vesle motuen budde kun to søstrer med familiane sine og gamle mor deira.  Den eine søstera og mannen, Valentina og Gaston, tok seg meir av seglbåtane som stoppa på bøyane deira.  Den andre søstera, Laiza, hadde nylig bygd fire sjarmerande bungalower og fekk gjester frå samarbeid med dykkesenteret i Fakarava.  Laiza hadde fire barn i alderen 16-23 år.  I tillegg hadde ho massevis av griser og høner i alle størrelser.  Det kjekkaste for Hedda og Marita utenom den nydelige venninna på 16 år var deira hundungar.  Vi følte så mykje for plassen og hjertevarmen hos disse familiane at vi vart her i tre veker.  Daglig var Rune ute og jakta med sønnene til Laiza eller med Gaston.  Dei jakta på revet og skremte pappegøyefisk i garn.  Ein dag fekk dei ca 600 fiskar og det var rekord hittil.  Hotellet i Fakarava hadde bestilt pappegøyefiskfilet.  Her var det ikkje ciguetera og det bugna av deilige gode matfiskar.  Jaktmetodane var enten harpun, nett eller snøre ettersom kva middagen skulle bestå av.  Alle lokale hadde blitt bitt av både morene og hai, men vi må vel legge til at det var sjølvforskyldt.  Store deler av husa deira og pynt var laga av lokal materiale.  Veggene var fletta kokospalmeblad, nydelige dekorasjoner og pyntegjenstander var laga av korall, skjell, kråkeboller og trerøtter og svarte perler.  Vi hjelpte dei å jakte og så hadde vi felles måltid.  Ekstra kjekt synes dei det var når vi kom med norske spesialiteter som skoleboller, kaker og lapper til dessert.  Tenk deg skoleboller med nyraspa kokos på, deilig.  Matforsyning kom annen kvar veke til den andre sida av atollen.  Likevel var det prisgitt all mat vi kom med.  Hedda, Marita og Idunn dekorerte spegl med Laiza.  Vi fann korallsand, lima på skjell og konkylier frå forskjellige strender i verden og svarte perler.  No heng speglet i Blue Marlin som det beste minnet frå den vakraste plassen i verden.  To spennande dykk fekk vi også i passet der vi lot straumen føre oss ut mellom ein verden full av koraller og fisk.  I eit langt tau kunne vi slepe gummijollen med oss på overflaten.  Rune lærte mykje av dei lokale gutta om fiske og jakt.  Han fanga tilsammen 11 blekkspruter.  Vi reiste med tårevåte auger frå ein plass vi måtte love oss sjølve å komme tilbake til ein dag.  Alle syltetøyglass var no fylte med enten hummer, krabbe, red snapper filet eller blekksprut. 

    

 To døgn tok det frå Tuamotusatollen til vi kom til Selskapsøyene, til Tahiti og storbyen Papeete.  Overfarten var svært fuktig, det stridregna mest heile tida og sikten var elendig.  Vi opplevde ei skypumpe som kom mot oss, vi såg havet vart virvla opp rett framfor båten.  Raskt fekk vi ned segl og dreide 90 grader og vi gjekk klar vinden.

Kjempekontrast var det å kome frå dei lave Tuamotusatollene og til dei høge majestetiske, grønnkledde fjella på Tahiti, med bilar, trafikkstøy, mykje folk og butikkar.  Vi ankra opp utafor Marina Taina.  Her brukte vi dagane til å reparere bommen bedre.  Rune fekk tak i meir aluminium og bøyde rundt det knekte punktet.  No håpar vi bommen held til New Zealand der vi vil kjøpe ny bom.  Elles måtte vi fylle opp med mat ordne ting og tang i marinebutikker og bruke internett og ikkje minst det viktigaste! -bodyboard til jentene.  Dei hadde jobba hardt med oppvask og gulvfeiing for å tjene til brett.  Vi er glade for all mat vi kjøpte i Panama for her var prisane stive.  Og vi fekk laga smykker av perlene vi hadde fått på Tuamotu på ”Tahiti Pearl Market” i Papeete.

Her er det den endelige innsjekkinga er for Fransk Polynesia.  Systemet er tungvindt og urettferdig for oss nordmenn som ikkje er i EU.  Vi må betale bonding som tilsvarer ein flybillett til Norge for kvart crew medlem.  Poblemet er at bankane ikkje vil godta Visakort.  Ein bank aksepterte Visa, men då måtte vi opne fire bankkontoer og betale ein stor sum for opprettelsen.  Og med pengar som blir flytta fram og tilbake eindel gonger og skifta valuta, så minker summen drastisk.  Som anbefalt måtte vi krype til korset og få ein agent til å hjelpe oss med å garantere penger for bondingen mot nokre hundre US doller.  Eit turistvisa i Fransk Polynesia er 90 dager frå vi har sjekka inn på Marquesas (på Hiva Oa). 

I Papeete fekk vi også eit hyggelig møte med barnebarnet til Thor Heyerdal, Torgeir Sæverud Higraff på hans avsluttende dager av hans prosjekt ”Tangaroa” og hans Kon-Tiki-ferd.  No var flåten klar til å bli sendt heim til Larvik med containerskip. 

I Papeete møtte vi norske CheckMate igjen.  Dei hadde besøk av barn og barnebarn frå Blommenholm.  Takknemlige er vi til deira sønn, Håvard som kom med to nye Visa-kort til oss.  Midt i Stillehavet fekk vi beskjed frå bankene våras heime at korta var misbrukte i Spania.  Skikkelig flott er det at Visa ordner opp og gir oss nye kort og at norske besøkande kunne hjelpe oss.  Dattera deira hadde med seg familien med tre barn i alderen to til åtte.  Og dattera Hanna ”flytta” inn til oss og det var kjempekoselig for Hedda og Marita og leike med norske barn igjen.  Ja, det er 8 måneder sidan vi tok farvel med Hurra i Caribien.  Aktiviteter er ikkje vanskelig når vi har sjøen og stranda utafor døra. 

    

  

Då alle ærenda var gjordt i Papeete reiste vi over til naboøya Moorea og ankra to nm vest for den kjente bukta Cooks Bay.  Deilig badestrand, klart vatn, flott utsikt mot dei vakre fjella og kjekt sosialt hadde vi gode dagar her i Opunohu Bay.  CheskMate hadde allerede lege her nokre dagar før vi kom og kunne vise oss til den fantastiske plassen der vi kan svømme med og mate rokker (sting ray).  Vi hoppa ut av gummijollen og dermed vart vi omringa av dei digre og mørke skyggane som kom mot oss som undersjøiske, magiske tepper.  Dei største var opptil 1,5 meter i bredde og halen var opptil to meter lang.  Ikkje nok med at dei kom inntil oss, men dei strauk seg oppover kroppane våres over vannflata også.  Jentene synest det var skummelt i starten, men vart etterkvart modigare og klappa det mjuke dyret.  Hanna frå CheckMate var litt tøffare og putta fingrane i munnen til ei rokke, men det var ikkje så lurt.  Heldigvis var det berre leppene som klemte fingrane hennar og ikkje tennene til rokka.  Det var utrulig å sjå dei ville dyra inn i augene og likevel så tamme at vi kunne henge fast i dei og svømme med dei. 

Siste kvelden til Hanna og CheckMate laga vi til grillfest på stranda.  Rune og pappaen til Hanna, Sigurd reiste ut på revet og fanga mange kjempesjøsnegler, maoa, som vi lærte og tilbereda på Toau.  Vi trykkoka dei i ein time og deretter steikte dei i karri og kokosmjølk, nydelig.

    

Alltid trist å sei farvel til venner.  Hanna og familien skulle fly heim frå Papeete og fekk med seg i kofferten ein CD med bilder til besteforeldra våre.  Takk for hjelpa!  Vi måtte berre til rokkene og sei skikkelig farvel til dei ein gong til før vi letta anker og reiste frå Moorea i solnedgang mot Huahine.  Mellom øyene har det vore rullande sjø og det var det over til Huahine også.  I Papeete hadde Rune kjøpt seg meir og tjukkare fiskesene og mange gummiblekkspruter.  Og i soloppgangen rett før innløpet til Huahine kom ein etterlengta fisk på kroken, ein nydelig gulldorade eller mahi mahi på åtte kg.  Alltid deilig å sleppe ned ankeret synest vi i motsetning til mange som elskar å være ute på havet.  På vestsida av Huahine ved Point Teapara ankra vi ved sida av våras venner Diva og Luna frå Tyskland.  Luna har sju år gamle Soleil og jentene jubla når dei såg dei to barnebåtane igjen.  Diva har tre kjekke gutter.  Med den deilige fisken kunne vi invitere alle voksne på sushi og sashimi kveld på Blue Marlin og alle barna hadde kosekveld på Diva.  Her drog vi nytte av Mark på Diva for han er supergod på sushi og vi hadde oppskrifter på gode sauser frå Toau. 

Kvar morgen lytter vi til ”coconut-nettet” på SSB-radioen og på ein pratekanal der vi snakker med venner kvar dei er og får gode råd.  Og no seier ”værguruen” at sterk vind er ventande i fem dager framover og vi har flytta oss inn i ei lun bukt på Huahine, Haapu og lar vindgeneratoren lade opp batteriene og mor kan konsentrere seg om reisebrev.  Rune aktiviserer jentene med sykling på land og køyre gummijollen medan dei står på brett bak.  Vi har ikkje hatt offisiell sommerferie frå skulen for jentene.  I blant når det er kjekt sosialt med barn, ekskursjoner på land eller seilaser så tar dei heller fri då. 

Når vinden har roa seg går vi til vår siste øy i Fransk Polynesia Bora Bora og blir nokre dager før våre turistvisa er slutt.  Deretter går vi mot Cook Islands, Samoa og Tonga før vi vender snuten mot New Zealand i november.  Vi har fått plass i Whangarei Marina for orkansesongen.  Vi gleder oss til å utforske nye plasser og møte nye folk og utfordringer. 

 Vi vil sende ei varm helsing til alle om ein god haust. Spesiell helsing og” lykke til” går til alle 2. klassingene på Sunde skole og til Kløvereng Barnehage.

Gratulasjoner går til Vesle Dadda (Thea) som var konfirmant i vår, til Gunnhild og Ann Mai som vert 40 år i september.