GALAPAGOS – MARQUESAS

 

I skrivende stund sitter vi i Blue Marlin på den 17. dagen på veg frå Galapagos mot Fransk Polynesia.  Det er blitt 25.mai 2006. Vi har tilbakelagt ca 2700nm og har ca 300 igjen.  Dette kjem til å vera det lengste strekket på jordomseglinga.  Vi er 10grader sør for ekvator og 133 grader vest..  Fortsetter passatvinden å vera like snill mot oss ser vi land om to dager.  Vi har hatt ein silkeseilas hittil og dermed god tid til å fordøye alle dei spesielle opplevelsane på Galapagos.  Vi vil fortelle litt meir om den anerkjente archipelago (øygruppa) Galapagos som høyrer til Ecuador.

 Då vi var i Panama både før og etter kanalen var det stor frustrasjon blant seglarane om besøksreglar og prisar på Galapagos.  Denne isolerte øygruppa (13 hovedøyer) med sitt unike dyreliv vart Nasjonalpark i 1959 (utenom dei befolka områdene).  Myndighetene ville bevare sitt fantastisk rike og tamme dyreliv så seglarar fekk ikkje lov til å besøke Galapagos ein periode.  Då klarerte seglarane ut frå Panama og direkte til Marquesas (og det var langt…).  Myndighetene er blitt meir liberale og ønsker seglarar velkommen no, men med strenge reglar om plasser å besøke.  For seks år sidan måtte ein båt betale 200 US dollar pr. person per dag og i tillegg betale ein ”kjentmann” til å guide dei.  Heldigvis har dette endra seg også.  Vi betalte kun 30 US Dollar for stempel i passet hos immigrasjon og deretter 90 US Dollar i avgift (som er avhengig av båtens vekt) ved avreise hos Port Captain.  Alle har rett til 20 dagers oppholdstillatelse.  Kjem du via fly eller båt skal du betale 100 US Dollar pr person for å besøke nasjonalparken. 

Vi klarerte ut frå øya San Christobal og fekk ”zarpe” (utklareringspapair) til Marquesas, men tok likevel turen innom den vestlige øya Isabella (ca 2000 innbyggere).  Som eg skreiv i forrige reisebrev hadde vi store opplevelsar her også.  Eg nevnte den vakre bukta Villa Mil på Isabella der vi ankra opp med spennande liv i sjøen og på lavasteinane rundt oss.  Satt vi og titta over båtripa kunne vi gjerne få auge på rokker, sjøløver eller skilpadder som svømte forbi.  Tok vi gummibåten og køyrte sakte mellom lavaholmane eller skjæra såg vi pingvinar, sjøløver, marineiguaner, pelikaner som satt og kikka nysgjerrig på oss.

Det som gjorde denne øya spesiell i forhold til forrige øy var pingvinane og ”nærkontakten” med blå-fot- boobies.  Dei små og søte pingvinfuglane kunne ikkje fly og fargen var svart og kvit som pingvinar flest.  Slike dyr forbinder vi rundt isfjell, så det var rart å sjå dei under ekvator.  Rundt vestøyene på Galapagos er det kaldare i sjøen og derfor liker denne ”galapagospingvinen” seg her.  Når dei svømmer ser dei ut som små svarte fuglar.  Dei svømmer med ”forvingene” og styrer med dei bakre.  Dei legg to egg i reiret sitt (ei hole) med tre til fire dagers mellomrom.  Før den katastrofale el Nino i 82/83 var det ca 13000 pingvinar på Galapagos, men ca 77 % døde som følge av den.  Fiendane deira er ”raud-krabbe”(som er spesiell Galapagoskrabbe), rotter, slanger, ugle og hauk.  Dessverre fekk vi ikkje noko bra bilete av dei.  På Galapagos har dei utrulig mange flotte fuglar.  Skulle gjerne hatt eit kurs hos vennina mi og fugleekspert Elisabeth.  Det norske navnet på ”boobies” trur eg er havsule.  Booby som den heiter på engelsk kjem frå det spanske ordet ”bobo” som betyr klovn.  Her finnes maske, -raudfot og -blåfot havsule.  Føttene til denne blåfot havsula er intens blå.  Kvifor blå føtter? Antakelig er det for at den spesielle fargen har ein innvirkning då hannen i paringstida skal virke attraktiv når han danser for å tiltrekke seg damer (klovnedansen?).  I trær og buskar satt finkar i forskjellige fargar, som var Charles Darwin sitt store forskningsområde.

 Ein dag var vi på utflukt og besøkte verdens nest største vulkankrater, Sierra Negra.  Vi var fem båter som slo oss sammen om ein guide.  Vi køyrte opp i fjellet, då såg vi kor grøderikt lavajord kan bli når det får fuktighet, bl.a. bananplantasjer papaya, mango og blomstrande trær.  Det var deilig kjølig fjelluft då vi hoppa utav bilen og det føltes som vi hadde øya under oss då vi såg ned att til havet, vi var ca 900moh.  Vi fekk tildelt kvar vår hest, og vi gjorde det slik at Hedda satt mellom beina til Rune og Marita med Idunn.  Dette var stort øyeblikk å få ride på hest for jentene, men etter ein time på hesteryggen oppover grasstier, mellom buskar og trær var det godt å få stige av, då var vi i ein høgde på ca 1100m.  Vi var på kanten av vulkankrateret og kikka ned i det enorme svarte holet.  Sierra Negra erupterte sist i oktober 2005 og vi kjente svovellukten og beundra dette fantastiske naturfenomenet.  Fleire plasser der skorpa var tynn såg vi damp stige opp.  Vi ”parkerte” hestane under eit tre og gjekk til fots ein time gjennom eit lavaflodområde.  Lavaen hadde laga tunneler, holer, bølgelignande formasjoner m.m.  Ja, her var det svart, men enkelte store kaktusar stakk opp av den porøse lavaen.  Vi inntok lunsj på ein lavatopp med utsikt over mest heile øya.  Hestane tok oss trygt ned att til bilen, men mor var ganske stiv og sår etter å ha sittet på ein hest som likte å bite andre hestar og konkurrere i løypa, og hesteangsten hennar vart ikkje kurrert.  Hedda likte derimot godt at hesten satte opp farten og sprang av gårde.

    

 Samme kveld samlast alle båtfolka (frå 10 båtar) til grilling og sosialt på stranda.  Ein lokal mann hadde starta ein liten bar på stranda som var open når det låg båtar i bukta, og han ville stille med mat og grill (for kjøkken hadde han ikkje). 

 Den 5. mai vakner vi tidleg av song frå to jenter som kryper opp i senga til oss.  Dei visste godt at det var pappaen sin bursdag og vakna tidleg av spenninga for å dele ut tegningar, presanger og ete kake.  Plutselig høyrer vi synging utenfor båten, då er det Henriette og Benjamin som kjem svømmande over med hatter på hodet, kjempekoselig.  Dette vart også ein uforgløymelig dag!  Etter frukost kom samme guiden som dagen før og henta oss i båten vår.  Han hadde med seg ein kaptein som tok oss raskt av gårde i ein åpen speedbåt ca ein time sammen med venner frå fire andre båter.  Kva vi skulle få oppleve visste vi ikkje, kun at vi ville snorkle og sjå havskilpadder.  Vi forstod vi nærma oss, brenningane er svære og vi ser det skummar bra inne mot land.  Han sakker farten, føreren ser utrulig konsentrert ut, han flytter på oss og fordeler vekta omhyggelig, tenner seg ein røyk, deler ut redningsvester, snur seg og ser bakover, framover, bakover…. Kva venter vi på…. Han prøver ut og ruser opp begge dei to motorane på 85 Hk, så…. Gir han gass og båten reiser seg opp på på ei kjempebølge, vi rir over dei farlige skjæra på ei kjempebølge han venta på.  Han slakker farten og vi held samme hastighet som bølga ei stund, deretter gassar han på og vi omtrent hopper av bølga.  Alle om bord hyler for full hals, enten det er for frykt, spenning, begeistring eller glede.  Heilt oppskaka ”landa” vi etter bølga og vi kjem inn i eit eventyrlandskap.  Sjøen er heilt stille, og det er fullt av skulpturformasjonar av svart lava, det er som bruer over vatnet, tunneler under sjøen, grotter, buer, søyler.  Nokre lavaformasjoner har kaktus på seg, sjøen er klar, vi ser fiskar, havskilpadder under oss, på skjæra sitter, blåfot havsule, pingviner og sjøløver.  Vi alle er heilt stille og bare gisper av og til av denne forunderlige verden.  Kapteinen manøvrerer båten utrulig bra, det går mange gonger akkurat i dybden og bredden der han snirkler rundt i lengre tid.

Vi hiver oss uti sjøen og snorklar trollbundne rundt.  Idunn dykker for å svømme under ein lavatunnel, og på andre sida kom ho plutselig ansikt til ansikt med ein hai,-men kven vart mest redd?  Vi kosa oss med matpakke i båten før det var samme seanse for å komme ut av brenningane og alle hylte igjen like mykje som første gong.  No ville dei ta oss til ein skilpaddeplass.  Spenninga var like intens då vi ”braut” oss inn og landa inni ei vakker bukt som var tett omkransa av mangroveskog.  Vi såg dei svære havskilpaddene stikke nysgjerrig hodene opp for deretter gjømme seg nedi sjøen.  Vatnet var uklart, så vi snorkla rundt og kunne observere dei trege og rolige bevegelsane til havskilpaddene når vi var rett over eller på sida av dei.  Men dei var temmelig raske hvis vi gjorde ein liten bevegelse.  Igjen fekk Idunn eit stevnemøte med hai aleine på nært hold.  Før vi køyrte heimover hadde vi bursdagsfeiring med song og sjokoladekake som mor-BlueMarlin hadde baka.  Fulle av entusiasme etter ein slik dag gjekk vi til den vesle bygda og fann ein liten og hyggelig restaurant der jubilanten vart feira. 

  

Vi må planlegge å lausrive oss frå herlige Galapagos.  Vi stiller opp på fruktmarkedet lørdag morgen klokka sju, men alt er stengt, vi får vite at båten som kjem med varene frå Ecuador er forsinka og dermed tar dei lokale frukt/grønt dyrkarane det piano også.  Vi får likevel kjøpe nokre egg, grønne tomater, ananas og ein heil stokk med bananer.  Butikker og suvenirer hadde dei lite av her. 

Ein viktig ting må gjerast før vi skal dra.  Vi har avtale med ein amerikansk ”båtvenn” og kirurg at han skal operere Hedda si store fotvorte på hælen.  Vi har vore til dokter fleire plasser, men no er Hedda innstilt på å gå drastisk til verks, og ser ein fin mulighet før eit ”stillesittande” havstrekk.  Tøffe Hedda tar inngrepet utrulig fint.  Kona er intensivsykepleier og assisterer i cockpiten som er operasjonssalen, medan den søte apa deira på seks år sitter på skuldra til dokteren og følger nøye med. 

    

Neste morgon, søndag 7. mai tar vi farvel med alle båtvennene og seier: ”see you in Marquesas!”  Det er vindstille og vi køyrer for motor og ser øya forsvinne bak oss.  I det rolige havet ser vi fleire havskilpadder og kjemestore rokker som flyter i vannskorpa.  Utpå ettermiddagen aukar det med vind og vi heiser spinnaker.  Det går ikkje lange tida før vi høyre eit kraftig smell og vi ser det nysydde seglet ligge i sjøen.  Heldigvis, er seglet like heilt, det var festet i toppen av masta som sleit.  Fortvila starter vi motor, men brått stopper motoren… no hadde tauet frå spinnakeren gått i propellen, fin start!  Medan vi står og funderer og lurer på om vi skal flire eller vera sinte oppdager vi ein heil skarde med kvaler ca ein km bak båten som blåser, bryter vannflata gong på gong før vi ser den digre halen komme opp og dei forsvinn i dybden.  Rune får skåre av tauet i propellen og vi heiser spinnakeren på nytt i eit anna feste i masta.  Vi kjem i skade for å stramme seglet for mykje og det rivnar langs heile nedre kant.  Neste dag går med til å lime spinnakeren igjen og heise Rune opp og ned ein god del gonger for å få trædd eit nytt feste i masta. 

Dagane går fort i havet og det hjelper å ha gode rutiner både natt og dag.  Om natta har mor og far firetimers vakter.  Til no har vi bare møtt tre båter, dvs utenom Uterus.  Dei overraska oss og kom heilt opp på sida vår den andre morgonen, vi visste ikkje at dei starta frå Isabella rett etter oss.  Vi ser at båtane segler svært jevnt og bestemmer oss å halde følge over.  Til tider er dei ”borte” for oss, men då vi har faste pratetider på SSB-radioen og kan sammenlikne posisjoner kan vi styre kursen mot kvarandre igjen.  Kvar morgen prater alle båter (med SSB-radio) som er på veg til Marqesas sammen, ”Galapagos-Marquesasnettet.”  Det er ein som er nettkontrollør og alle oppgir sin posisjon og sitt værforhold, ein leser opp værmelding og så har vi ein liten gjetteleik for store og små.  No er det ca 20 båter som er med (tre har med barn, men dei er litt eldre enn Hedda og Marita).

Har vi noko å feire så gjerer vi gjerne det.  Fetteren til Hedda og Marita, Marius, vart konfirmert 14.mai og det vart feira med banankake.  Tante Marianne hadde bursdag samme dag så då måtte vi eta eit ekstra kakestykke.  16. mai var det halvveisfest.  Hedda og Marita lurte på om vi kunne ha champagne sånn som over Atlanteren, men omstendighetene tilsa at vi kun hadde coca cola tilgjengelig, så det vart ein liten sprut.  Nasjonaldagen måtte også feirast, vi ropa over VHF-en (bare Uterus var i syningom) at vi måtte ”teste utstyr” og dermed skaut vi opp eit nødrakett.  Håpar at ikkje våras lærar i Stavanger , Egil Nylund leser dette for då tar han vel kystskippersertifikatet i frå oss!  Vi inviterte Uterus på middag.  Jentene laga gele` og vaniljesaus og bestemte middagsmenyen.  Då gjestene skulle komme køyrte vi opp på sida, begge båtane tok ned segla, Uterus sette autopiloten på og hoppa i sjøen, og vi rulla ut den røde løperen (badestigen).  I fleire timar satt vi og kosa oss medan vi såg Uterus segla sin egen sjø, men før solnedgang svømte gjestene tilbake.  Ei lita stund etter gjestene hadde gått fekk vi besøk av ein gjeng med delfiner som hadde oppvisning rundt båten.  Den 19. mai vart kusine Marte 11år og vi baka sjokoladekake, og ikkje nok med det…. No var det fleire dagar sidan vi hadde fått fisk og fiskehungrige som vi var så jubla vi at det endelig beit på.  For at vi skulle få fisken om bord og ikkje miste den (som vi ofte gjerer) tok vi ned segl for å sakka farten.  Alltid like spennande å dra inn noko tungt.  Hedda og Marita oppdager først fisken og roper ut”det er ein blue marlin.” Opp i cockpiten kjem den vakre sverdfisken.  Den blir målt og vegd og er akkurat like tung og lang som den vi fekk siste dag på Atlanterhavskryssinga, 170cm lang og 14kg tung.  Vi fileterer og legg den i marinade og dermed har vi middag i fleire dagar.  Vi kaller opp Uterus og spør om det skal være fiskemiddag?  Vi køyrer over og hiver over ein pose med fisk og kald drikke (kjøleskapet deira gjekk kaputt), ”deliveryrestaurant” med havutsikt! 

Skal vi nå fram i dagslys om to døgn må vi ha minst 5,5 knop i snitt.  Vi går for motor no då vinden har løya litt.

  

Fransk Polynesia dekker eit område i Sør Stillehavet omtrent på størrelse med Europa, og har 130 øyer fordelt på fem archipelagos (øygrupper): Selskapsøyene, Marquesas, Tuamotu, Gambier og Australs.  Disse koral og vulkanøyene er svært ulike frå kvarandre.  Tahiti er den største øya og høyrer til selskapsøyene, der er hovedstaden for heile territoriet, Papeete.  Mange superlativer er blitt brukt (og utbrukt) om disse øyene sidan Captain Cook, Wallis, Bligh (på Bounty), Stevenson, Thor Heyerdal, kunstneren Paul Gaugin og mange andre har besøkt øyene. Og no nærmar vi oss dette området som dei aller fleste seglerer drøymer om å få cruise rundt i.  Vi kjenner rastlausheten fleire dager før landfallet. 

“Fransk Poynesia, Marquesas, Fatuhiva, Virgin Bay, here we come!”  Den 27.mai på den 19. dagen ser vi høge spisse fjell i det fjerne, og vi har tilbakelagt 3000nm, herlig.  Til no har Fatuhiva berre vore ein drøm i det fjerne og navnet på Uskedalsbåten til Bjarne og Mette.  I denne verdensberømte vesle bukta ligg kun ein båt og vi hiver ut det nye spade ankeret og den nye kjettingen og ligger trygt.  Det er ingen marinaer eller brygger å ligge i på Marquesas, kun bukter og viker, og ofte kan vind og bølgjer gjere det ubehagelig.  Uterus blir vår nabo her også.  Vi inviterer begge båtane i bukta på middag og ankerdram.  Dette måtte feirast!

Kjært barn har mange navn, tidlegare vart bukta kalla penis bukta, bay of virility, men det hørtes bedre ut med Virgin Bay og dermed heiter den det i dag.  Når du kjem inn i denne spesielle vika skjønner du godt kvifor navnet.  Fjellet på vulkanøya har erodert ulikt og spisse penislignande fjellformasjoner stikker opp på sidene i denne trange dalen.  Øya er svært frodig og er kledd med grønne palmetrær i fjellsidene. 

 Ein liten oppsummering frå kryssinga Galapagos til Marquesas:

Snittfart: 6,6 knop

Motorkjøring for fremdrift: 25timer

Motorkjøring for lading: 75timer

Dieselforbruk: 170 liter

Gjennomsnittlig vindhastighet: 13,6 knop

Maks konstant vind: 22 knop

Maks vindavlesning: 30 knop

Minimum konstant vind: 3 knop

   

 Neste dag ror vi spente til land for å helse på folka i den vesle bygda, Hanavave.  Ungane møter oss med smil og blomar til å sette i håret.  Ein liten gut spør om vi vil ha ”pomplemoos” (grapefrukt).  Han tar oss med heim og klatrer i treet og finner kjempegrapefrukter, mora kjem med ein bærepose med lime og ein heil stokk med bananer.  Hedda og Marita får halde deira to søte hvalper.  Vi hadde med små gaver til ”bytting” og dei vart kjempeglade.  Vi gjekk innom den vesle matbutikken, men dei hadde berre litt boksemat, dei venta inn ein forsyningsbåt samme ettermiddag.  Fatuhiva får varer ein til to gonger i månaden.  Med stor samling på kaien forstod vi at båten hadde ankra opp ute i havna.  Like tungvindt som på Galapagos lossa dei varene frå forsyningsbåten ned i dei små lokale båtane ute i den rullande sjøen, for deretter å hive manuelt ein og ein kasse på land i den fortsatt rullande sjøen ved betongbrygga.  Ikkje rart at varene kostar mykje når ein tenker på transportavstanden og alt arbeidet.  Nokre turistar var med båten og dermed var det arrangert dans av dei lokale.  Ca 20 små og store barn dansa ”hula bula” dans med blomsterkrans rundt hoftene, halsen og på hodet, beina gjekk som trommestikker og hoftene vrikka og magen dansa i små sirkler.  Fire menn satt og spela fengande rytmer på trommer, det var mest vanskelig å stå i ro.  Alle jenter har så vakkert langt, tjukt og svart hår, utrulig søte, men med alderen ser det ut til at kroppane deira sig ganske mykje utover, men i deira kultur er det status…..

  

 Søndag morgen trapper vi opp i den vesle katolske kyrkja til messe.  Misjonærane kom til Marquesas ikkje lenge etter oppdagarane og kristna øyane.  Det er ein viktig møteplass og dei fleste går i kyrkja.  Det finnes både protestantar og katolikker på øyene.  Heile gudstenesten er på marquesisk, men alle kan snakke fransk også.  Sangen i kyrkja er så vakker at håra reiser seg på kroppen når alle stemmer i, Hedda og Marita sitter også heilt trollbundet i ein time og nyter sangen og atmosfæren.  Alle er pynta med fine kjoler, i tillegg har alle damer pynta seg med blomsterkranser rundt halsen og vakre og duftande blomsterdekorasjoner i håret.  Etter gudstjenesten kjem ei dame bort og gjer Idunn ein blomsterkrans fordi det er morsdag og Hedda og Marita får blomsterkranser til å ha på hodet.

  

 Vi rusler rundt i bygda og fleire inviterer oss til å sjå på deira arbeid.  Fatuhiva er kjent for sitt flotte treskjæringsarbeid og tapa.  I tre skjærer dei ut tikifigurar, smykkeskrin og dyr.  Tapa er ein slags maling på ”papir” av grov tremasse.  Alt befolkningen lagar går til Tahiti, Papete på salgsmesser.  Vi klarte ikkje å motstå fristelsen av ein tapa og ein tikifigur, då dei skjønte vi var interessert forslo dei om vi kunne bytte.  Vi er blitt fraråda å gje lokalbefolkning alkohol, og det var selvfølgelig det dei ville ha.  Men det ordna seg og vi begge var kjempefornøgde. 

Om nettene fekk vi kraftige vindkast, og regnbyger i fleng, men heldigvis varer ”uværet” berre eit par minutter.  I eit av vindkasta ei natt svinga ein australsk båt borti vår, men skaden vart berre eit hol i ”gelcoaten.”

Uterus er jammen god å ha som barnepassere.  Ein morgen køyrer vi gummibåten vår til hovedbyen på Fatuhiva, Omoa.  Der går vi til bakeren då det var ingen brød i Hanavave, men bakaran i Omoa hadde heller ingen brød for han hadde ikkje meir mjøl.  Rune og Idunn går over fjellet tilbake medan Benjamin og Henriette tar jentene våre og gummibåten heim.  Vi fekk mange flotte utsiktsplasser på denne turen.  Vel nede i Hanavave hjelper vi nokre lokale som kjem frå fisketur å dra opp båten, som takk fekk vi ein ca tre kg tung tunfisk og det blei middagsfest i Uterusbåten. 

  

 Hiva Oa er vårt neste mål, hovedbyen Atoua i bukta Tahauku, ein dagstur unna Virgin Bay.  Denne øya er meir kommersiell med ei flystripe og fleire butikkar.  Her klarerer vi inn hos ”Gerdarmerie,” nasjonalpolitiet.  Endelig møter vi katamaranen Jade som har venta på oss, for dei har nemlig to jenter, ei er eitt år over og ei er eitt år under Hedda og Marita.  Faren er engelsk og mora frå Hong Kong, og våras jenter er så spente å sjå dei.  Kjemien stemte og jentene gledar seg til mange overnattingsbesøk framover.  For nokre veker sidan oppdaga vi to nye tenner hos Marita på innsida av hennar mjølketenner.  Hjelp!  Vi skulle gjerne hatt besøk av eit par spesialister innen kjeveortopedi!  Etter eindel rikking i gamletennene mista Marita si første tann då ho leika med Hedda og dermed svelte tanna.  Nokre dagar etter mista ho den andre og vi feira dobbelt då.  Tannfeer bur det visst også på Hiva Oa. 

 

 Nokre mil unna ligger øya Tahuata og vi ankrer opp i bukta Hapatoni Bay.  Ei lita stund etter kjem ein flott ung mann med masse tatovering padlande i kano og stopper for ein prat.  Motsetning til dei fleste lokale vi har møtt snakker han godt engelsk.  Han inviterer oss til å komme på besøk og sjå hans arbeid, han driver med beinskjæring og litt treskjæring.  Vi beundrar hans arbeid, men han var meir interessert i å vise oss arbeidet enn å selge, for alt arbeidet hans kom til å bli kjøpt opp i Papeete i juli av rike turister.  Han hadde nokre enorme sverdfiskspyd som han graverte i i tillegg til mange andre slags beintypar, dyrebein vel og merka.  For kannibalismen seies det at dei har slutta med…...  Han gav oss ein heil stokk med bananer, pomplemos (grapefrukt), lime, kokosnøtter, mango og papaia.  I denne vesle bygda budde det for nokre år sidan 60 mennesker, men no bur det 100.  Årsaken var at mange flytta til Tahiti, inkludert kameraten vår Cyril, både pga vidare skulegang og arbeid, men mange kjem tilbake då Tahiti er ein dyr plass å leve.  Cyril sa han var fornøgd her, her hadde han alt, frukt i mengdevis, sjøen bugna av sjømat og når dei vil ha kjøttmiddag går dei på jakt etter villgeit, og dei finnes det mange av på øyene her eller etter villsvin.  Villhestar er det også fleire av øyene som har.  Vi snorkler og koser oss på denne plassen.  Her oppdager vi nye fiskearter på koralla, fleire av dei gjenkjenner vi frå filmen Nemo.  Då Marita og Rune er ute for å prøve å skyte ein fiskemiddag, får Marita også sjå hai.  Det finnes mykje småhai rundt øyene, men vi må vel berre vende oss til å svømme med dette frykta dyret før eller seinare. 

Søndagen går vi i den gamle, katolske steinkyrkja frå 1850.  Den minna eindel om Sola Ruinkirke.  Vi nyter den marquesiske sermonien med dei lokale folka og lytter til deira vakre stemmer.  Kyrkja er flott dekorert inne med fargerike og duftande blomar.  Det er trist å bryte opp, dei hyggelige folka her gjorde plassen spesiell.

   

 Deilig at seilasane på Marquesasøyene er dagsetapper.  Vi ankjem Hanaiapa Bay, på nordsida av Hiva Oa i eit kraftig regnskyll.  Midt i innseglinga til denne bukta stikker det opp eit fjell som ser ut som byste av ein mann, dei lokale kaller steinen ”nigger head.”  Hanaiapa er også ein liten og sjarmerande plass med nokre hus.  Det er massevis av grønne trær med mango, pomplemos, brødfrukt, sitron, lime, appelsin, ”karasoll,” og selvfølgelig banatrær og palmetrær med kokosnøtter.  I sjøen er det også”fruktbart,” fire lokale menn var ute og snorkla eit par timer i bukta og drog opp 100 hummere.  Vi vart også inkludert då dei lokale grilla hummer og fisk på stranda.  ”Pot lok-systemet” har dei her og, kvar familie hadde med seg mat til grillfesten eks. ris kokt i kokosmjølk, brødfrukt, steikte bananer, grilla ”lokal” kylling.  Det smakte fortreffelig.  Koselig var det at våras franske venner ankra opp medan vi satt her og prøvde oss med fingerspråket.  Vi rodde ut og henta dei slik at vi fekk translatører og meir hyggelig selskap.  Til no har vi hatt stor glede av det vesle spanskkurset Idunn tok før avreise, men no er det fransk som dominerer heilt til New Zealand.  Neste dag ville Rune og franske Florent prøve ”fiskelykka.”  Dei tar så mange hummere som vi klarer å ete opp (seks stykker), og så ser Rune noko han lurer på korleis han skal få heim til båten.  Det er ein blekksprut.  Ein lokal mann padler forbi Rune som ligg i vannskorpa og observerer denne skapningen på bunn.  Lokale mannen forklarer korleis Rune skal skyte den med harpunen.  Harpunen treffer, men den er ganske sprell levande fortsatt.  Mannen hopper i sjøen og dreg opp dette udyret og vrir hodet på han.  Blekkspruten er ein meter lang.  Til no er det berre Sondre og Mairita frå Agape som har fanga og tilbereda blekksprut.  Dei franske tilbereder blekkspruten og vi tar oss av hummerane og vi har eit deilig måltid i båten.

 

 Lasta med masse frukt frå dei lokale dreg vi til øya Ua Pou som blir den nest siste øya på Marquesas.  Deretter setter vi nasa sørover mot neste øygruppe Tuamotus.  Internettilgangen er begrensa på øyene og lån av ei maskin kostar så mykje at det blir færre personlige helsingar.  Takk likevel for helsingar både ”privat og offentlig.” Vi er spente på kven som kjem på besøk neste gong, vi har kun farmor i timeplanen til neste vår på Fiji.  I tilfelle besøk skulle vi gjerne bedt om Hedda og Marita sine skulebøker for 2.klasse.