PANAMA - GALAPAGOS
Spenninga for møtet med Stillehavet, været, øyene, folka og dyrelivet er kriblande i kroppen. Vi fyller opp så mykje vi kan av mat og ekstra utstyr for dei neste sju månadene (New Zealand), då vi ikkje kjenner til tilgjengeligheten av varer og prisar i Stillehavet. Vi har for eksempel 150 liter med ”longlife milk,”100 liter vin i tillegg til boksmat, tørrmat som pasta, ris og ca 50kg grovt og fint mjøl. Sjølv om vi heva vannlinja 3 cm før avreise i Norge var nok det i knappaste laget for no er vi godt nedlessa. Biminien vår blir sydd om, så no har cockpiten eit stort deilig skyggefullt telt, seilmakeren reparerte også forseilet. Fruktmarkedet besøkte vi dagen før avreise. Det var litt av eit kjempemarked der vi kunne gå i timevis uten å ha gått forbi samme salgsbod. Her er nokre varer og priseksempel av det vi kjøpte: 25kg poteter til ca 80 kr, 20kg appelsiner til 40kr, 50stk mango til 25kr, 15kg kvitløk til 30kr, 25kg løk til ca 30kr, ananas til 2kr stykk og 100 lime til 10kr. Ikkje rart at vi gjekk amok.
Etter ei veke i Balboa\PanamaCity er vi klare til første havstrekket på ca 900nm, til Galapagos. Det siste matmor ville gjera før avreise var å servere ostesmørbrød til crewet….. nei, då virka ikkje komfyren, men vi valgte og segla av gårde då kokeplatene virka (så alternativ til brødmat vart utprøvd på overfarten).
Den 13. april reiste vi frå PanamaCity, og forventningane til lite vind og mykje motorseiling slo heldigvis feil og vi hadde fin seilvind det meste av overfarten.
Fiskehungrige som vi var etter å ha lege tre veker i Colon og ei veke i Balaboa/PanamaCity slengte vi ut fiskesnøret, og der nappa det skikkelig første ettermiddag, vi slakka av på farten og tenkte sjømonsteret skulle trøtte seg ut, aldri har vi jobba så lenge for å få inn ein fisk. Etter ein heil time var han så nærme at vi fekk filme ruggen då han raste rundt båten i ein hektisk kamp, det var ein kjempetunfisk. Heilt med båtripa sleit han snøret og for i dypet.
Andre dagen rivna heile spinnakeren og vi plukka fortvila opp seglet frå sjøen, og heiste opp eit anna ”lettsegl,” etter ei lita stund oppdaga vi tre hol i det, og skunda oss å ta det ned før hola vart større. Vi fortsette resten av seilasen med fokk og storseil. Trur du ikkje at vi oppdaga storseilet også hadde ei rift, men i rolig vind kunne vi segla med det.
Tredje dagen uten tegn til båtar og anna liv kom det mot oss ein stor grå båt, US Coastguard, dei køyrte opp på sida vår og dei hadde ein del spørsmål over VHF-en, og ønska oss ein god tur vidare før dei forsvann i det blå. Fjerde dagen vart den store sensasjonen ein heil flokk med spekkhoggere som kom i lett ”galopp” mot oss, kjempefine i si svarte og kvite drakt. Femte dagen hadde vi ikkje gunstig retning på vinden og vi låg ganske på skråplanet heile dagen og deisa opp og ned i bølgene, så den dagen satt vi for det meste med hendene i fanget.
Sjette dagen telte vi gradene ned mot ekvator 0.00,00. Gjett om vi var spente på om Kong Neptun ville koma på besøk sidan vi kyssa ekvator og seila over i den sørlige halvkule! Ikkje lenge etter stod sjølvaste kongen der med sin sølvgaffel, langt brunt hår og med sølvkrone på hodet. Han hadde ikkje fått noko søknad om tillatelse om at vi kryssa ekvator og alle (jentene- sidan Rune ikkje var der)i Blue Marlin måtte drikka ein trylledrikk og døypast i fiskeblod. Han hadde med seg diplomar og eit skattekart til dei minste. Skattane vart funne og stor glede var det då Hedda og Marita fekk kvart sitt armbandsur (kva skal dei egentlig med klokke når tida ikkje er viktig på jordomsegling?) Deretter feira vi med kake, brus og sjokolade.
Tidlig sjuende morgon ser vi land i det fjerne, då vi kjem i le for den første Galapagosøya San Christobal stilna vinden heilt og Stillehavet vart speilblankt, og då først skjønte Marita at havet bærer navnet med rette. Vi såg sjøløver og delfinar som kosa seg i vatnet, spennande fjellformasjoner etter 4-5 millionar år gamle vulkanerupsjoner.
Vi kasta ut ankeret i Wreck Bay ved byen Puerto Baquerizo Moreno. Dette er ei av dei tre øyene seglarar kan klarere inn til. Her ligg ca 15 båtar og heile 5 av disse har det vakre norske flagget svaiande på hekken, Stormsvalen, CheckMate, Necessity, Uterus og Blue Marlin (ingen svenskar eller danskar). Vi hadde på førehand sendt søknad om ”cruisingpermit” til å besøke fleire øyer, men med ein stor pengesum og vente tre veker kunne det la seg gjere (å få besøke kun to øyer til), så vi avslår og blir liggande her og utforsker denne spennande øya i ni dager. Takknemlige får vi låne symaskin av Stormsvalen og kapteinen i Blue Marlin fekk reparert spinnakeren, og dei to andre segla.
Ein kveld var vi invitert i bursdagsfest på Uterus, Henriette fylte 26 år. Hedda og Marita laga krone til henne og fortalde korleis ein bursdag skal være med skattejakt og utdeling av godtepose. Og oppskrifta tok Henriette seriøst og Hedda og Marita var kjempefornøgde.
San Christobal er ei rolig koselig øy med vennlige og avslappa folk og dyr. Det bur ca 5600 mennesker her og selvfølgelig er turistar og inntektene eit stort press, samtidig som heile verden egentlig vil beskytte øygruppa og at øyene skal være uberørte med dei sjeldne og tamme dyre og fugleartane som held til her. Men vi såg ikkje mange turistar eller hotell.)
Øygruppa består av 13 større øyer og mange små holmar. Husa var små på San Christobal, dei fleste er murhus, men enkelte trehus innimellom. Kan ikkje sei husa var nyoppussa, men det var ein av grunnane til at den vesle havnebyen var så sjarmerande. Det virka som alle enten hadde ein liten restaurant eller ein liten butikk.
På dei mange hyggelige restaurantane kunne vi få tre retters middag til 2US dollar. Dieselen kosta 1US dollar pr gallon (US gallon er 3,785 liter), så prisane var gunstige.
Det var i 1835 at den 26 år gamle engelskmannen, Charles Darwin på HMS Beagle steig i land her på San Christobal og opplevde disse spesielle forhistoriske dyra. Dei fem vekene han besøkte øyene vart dei mest betydningsfulle i hans liv. Og 24 år seinare vart grunnlaget for revolusjonsteorien om utviklingslæra ”fødd” blant forskarar. I 1959 opna senteret ”Charles Darwin Research Center” på øya Santa Cruz der dei forskar og hjelper dei sjeldne dyre, fiske og fugleartane på Galapagosøyene. Blant anna blir det samla inn skilpaddeegg, og etter at ungane er fem år setter dei skilpaddene tilbake til den øya dei var henta frå som egg.
Landskiladdene er unike, og vi besøkte eit skogsområde der dei prøver å hjelpe skilpaddene og la dei få formeire seg i ro og fred. Fleire av disse svære skilpaddene var rundt 100 år gamle. Det er av disse dyra at øygruppa har fått sitt navn, galapago som betyr skilpadde på spansk. Det er kun to plasser i verden som har ”giant tortoise” og det er ei øy på Seychellene utenom Galapagos. Det er ingen logisk forklaring korleis dei ankom Galapagos og det er fortsatt eit mysterium. Dei kan bli ca 250 år gamle, ei ho kan veie 50kg og hannen kan veie opptil 250kg. Dei er kjønnsmodne etter 20-30 år og antall egg dei legg er avhengig av type og kva øy dei kjem frå (12-15 egg på San Christobal og 4-5 egg på Espanola og Pinzon). Dei verste fiendane til skilpaddene har dei siste 400 åra vore menneske (sjøfararar og piratar som ville ha ferskt kjøtt med seg på overfarten). Landskilpaddene et blad, gras og kaktus.
Ei landskilpadde som Marita og Hedda stifta nærmare bekjentskap med var den privateigde 86 år gamle Pepe`. Han haldt til i ein hage bak kykja i byen. Denne kompisen tok gjerne jentene med seg på ryggen og gjekk med dei stolte ryttarane rundt i hagen. Det vart forelskelse ved første blikk og Hedda måtte besøke han fleire gonger. Som souvenir frå øya måtte det jo bli ei stor koseskilpadde som vi kaller Pepe
På ein utflukt langs sjøen på dei svarte lavasteinane dukka det opp nokre rare skapningar som gjekk mest i eitt med steinane (kamuflasje og varmeabsorbering), Marine iguaner, dei hadde ein piggete man frå toppen av hovudet til haletuppen. Halen var omtrent halve lengden av den ca ein meter lange iguanen, breie svarte lepper, søvnige i blikket og brydde seg lite om oss. Dei late dyra bruker mesteparten av tida til til å varme seg opp på steinane. Vi såg ca 20 stykker i sjøkanten. Iguanane kom antakelig til Galapagos rekande på balsatre og måtte tilpasse seg vegetar sjømat. Arten kan være ca 9millionar år gamle og finnes kun på Galapagos. Dei kan dykke ned inntil 20m og være under vatn i ein time. Då vi kom litt for nærme (halv meter) spruta dei vatn ut av naseborene som eit vern. Levetida er 25-30 år og legg egg 2.kvart år. Nino-året 1982-83 ødla matforholda (grønne alger) og det resulterte i at 60 % av marine iguanane døde.
Land iguaner som også finnes på øyene er litt større enn marine iguanane og dei kan bli opptil 60-70 år. Ein hann kan gjerne ha sju ”damer.”
Øya har eit vulkankrater som vi gjekk opp til, 700moh, krateret er 270m i diameter. I krateret er det eit ca 6m djupt vatn, og det er øyas tilførsel av fesktvatn. Vi var ikkje redde for erupsjon då det var 48.000år sidan det var liv i den sist.
Sjøløvene trong vi ikkje reisa langt for å sjå, dei søte ungane hoppa og ”leikeslost” rundt båtane. Vi vart etterkvart så tøffe at vi hoppa uti med dei og leika den samme akrobatikkdansen som dei. Dei kunne komme i stor fart mot oss, kikke inn i maska vår med smil om munnen og forsvinne i like stor fart under oss, rundt og over oss. Hadde vi ein taubite hengande ned frå båten serverte dei gjerne eit lite show for oss. Då vi heiv gummibåten på sjøen tok det ikkje lang tid før dei hoppa oppi den. Ein dag vi kom heim frå ein utflukt låg det to sjøløver og sov i cockpiten. Dei heva hovudet då vi kom, men la seg fort ned att og sov vidare. I båten Stormsvalen hoppa det ein sjøløveunge opp i cockpiten medan Tom og Anne Britt sat og åt frukost. Sjøløva takka nei til maten deira, men sette seg på benken ved sida av Tom. Etter ei stund vart ungen lei av å sitte så fint, så han la hovudet på bordet og sovna.
Sjøløvene samla seg i koloniar på steinane eller på stranda. Hannane var tydelig sjefane der dei vagga rundt og brølte på sitt territorium. Hannen er kjønnsmoden etter 10 år og veier då ca 250kg, hoene etter 6-8 år og veier då ca 120kg. Under paringstida samler hannen opptil 30 hoer på sitt område. Ein sjøløveunge suger pupp opptil den er to år. Marita synes at det lukta vondt av dei (for dei prumper ganske mykje).
I tillegg til sjøløver svømte det havkilpadder også rundt båtane i havna. Av dei åtte gjenlevande havskilpaddeartene som finnes i verden er det fire sortar på Galapagos. Ei ho kan legge 80-120 egg annenkvart eller tredjekvart år. Når skilpaddene blir klekt er dei fem cm lange. Dei har svært mange fiendar på land, i lufta og i sjøen. Då er det flotte tiltak som blir gjordt for å redde egg og nyklekte ungar som eg nemnte.
Rune og Idunn var ein dag på dykketur til Kicker`s Rock, denne ”katedrallignande” øya er bolig for mange fuglar bl.a. blåfota og raudfota boobies, fregattfuglar, også sjøløver som kviler seg på øya, og i sjøen var det eit yrande fiske liv. Vi hadde to dykk, eit rundt Kicker`s Rock og eit dykk i mellom fjellformasjonane. Dei mjuka koralla på fjellveggen nedover til ca 20m hadde utrulig flotte fargar, sjøløver kom og helsa på oss, nysgjerrige skilpadder svømte rundt og det største var vel haiene som sirkla rundt oss. På veien ut til dykkeplassen køyrte vi langs med land og kunne observere mange fregattfugler som satt i trea og blåste opp sin svære raude pose på brystkassen. Det er paringstid for fregattfuglane på Galapagos. Hannfuglane blåser seg opp for å tiltrekke seg hofuglar til reiret han har gjordt klart. Fregattfuglane er elegante og har eit stort vingespenn.
Kvelden den 29. april tar vi farvel med San Christobal og tar ein nattseilas over til Isabella. Sjølv om vi har sjekka ut frå Galapagos og til Marquesas er øya Isabella og byen Villamill ein ”friplass” der jordomseglarane legg seg og ikkje blir sjekka om besøkstillatelse. Det var ingen vind og vi motra heile veien. Om natta såg vi konturane av delfinar som følgde oss. Deira bevegelse gjorde at morilen i vatnet lyste rundt dei, vakkert.
I grålysinga ser vi Isabella. Rett før ankomst bit det på kroken, det er noko stort denne gongen også. Om bord kjem ein flott gulfinna tunfisk på 14 kg. I ei nydelig bukt med kvite strender på hovedøya og små svarte lavaskjær på havsida lagar dette ei perfekt lun hamn. Det turkisgrønne vatnet bryt i dei svarte lavaskjæra og kvite skummande bølger gjerer bukta ”levande” og den grønne mangroveskogen hjelper til med sin fargeprakt i naturbildet. Vi er fem båtar som ankom denne dagen og to låg her frå før. Stormsvalen, Necessity og CheckMate ligg ei veke før oss i løypa, så dei er i skrivende stund på veg til Fatuhiva som er første landingsøy på Marquesas, men bergenske Uterus held vi følge med. Henriette og Benjamin er blitt Hedda og Marita sine reserveforeldre og jentene drar gjerne på overnattingsbesøk til dei. Vi inviterer alle båtane til grilling på stranda samme kvelden. Alle møtte opp! Grilla marinert tunfisk med tilbehør er ikkje å forakte, med den vakre ramma rundt med ein pelikan og ein hund som også ville være sosiale med oss, sjøløver, fregattfugler, og rokker som hoppa rundt i havnebassenget. Jordomseglerfolk er stort sett kjempehyggelige og sosiale, vi blir alle som ein storfamilie uansett land du er i frå.
Under festen dukka det plutselig opp ein gjeng med nysgjerrige pingviner. Når dei svømmer i vatnet ser dei ut som små svarte fugler, men når dei vagga av gårde på land er Galapagospingvinane utrulig sjarmerande. Grillkvelden resulterte i at folka frå disse sju båtane klarte å ete ein tredjedel av fisken. I ettertid har vi metta mange gjester i båten vår, delt ut til nyankomne båtvenner og ingenting gjekk til spille.
Isabella kan by på eit vakkert parkområde (støtta av US-aid). I mangroveskogen var det laga ein tunnel der vi gjekk tørrskodd på ei trebru. På ein opning såg vi mange rosa flamingoar og baltazarfuglar, i skogen såg vi gulfink og mange andre fuglar som vi ikkje kjenner navn på, forskjellige typar lizzard eller geccoar, små landiguaner. Ein forskningsstasjon låg også i parken og dei hadde 800 landskilpadder å ta vare på. Når skilpaddeungane er fem år setter dei også disse tilbake til opphavsplassen.
Vi har eindel meir å utforske på denne øya, vi skal bl.a. til verdens nest største vulkan på hesterygg i morgon, vi skal snorkle meir med sjøløver og fiskar, leite etter marineiguaner langs sjøen, titta litt nærmare på pingvinane, og så skal vi sjå på haiane som held til på utsida av revet. Når vi har gjordt dette er vi klare til eit 3000nm langt strekk til Marquesas. Avengig av vind og straum vil overfarten ta 20-30dager. Vi gledar oss til å få fortelje dåke om møtet med Fatuhiva og dei andre øyene vi skal besøke der.
Igjen vil vi takke for alle hyggelige tilbakemeldinger og til dei som er flinke å sende oss helsingar, og det setter vi stor pris på. Vi vil få ønska alle ein riktig god forsommer!