STAVANGER - HELGOLAND
Første reisebrev blir skrevet frå Helgoland på ei lita øy ute i havet frå Tyskland. Vil opplyse om at teksten vil bli ein miks av nynorsk og bokmål då det er ekstra viktig å behalda ”båtfreden!”
Hei og takk for sist! Vi har nå kommet godt i gang. Vi vil begynne med å takke alle som har bidratt til at vi klarte å komme oss av gårde som planlagt. Henry og Ingrid som har bært tunge pakker (utstyr til båten) fra Amerika, Atle som har laget ny mastefot, Sonja og Nils som kom med deilig middag i båten dagen før avreise, og som gjør at vi nyter kaffen hver dag (presskanne var tingen!). Stor takk til Reidun og arbeidskollegaer som kom på kaien med mange fine ”aktivitetspresanger” til jentene, Oscar og Bjørn med god bærehjelp i utflytting av huset og gode støttespillere, Gunnar som har hjulpet til med software til PC. ”Vaskehjelpveninnene” Unni, Ingebjørg, Sonja, Elisabeth, Torbjørg var fantastiske. Alle våres gode og pålitelige håndverkere som stod på seint og tidlig for at huset skulle bli ferdig før avreise: Snekker Magne (og Lillemor), murer Jan (mannskapet blir fløyta på i tide og utide!), elektriker Lars (og takk for at du kjøpte bilen vår, håper den går fortsatt!), røyrlegger og teppelegger. Kjempegod hjelp og tidsbesparing var det å få kjørt bort ting og tang av ”overfloden” vår, Torbjørg, Birgitmoste og ”onkel” Tore. Takk for god støtte og hjelp frå mor og far i Rosendal og uvurderlig help frå mor i Tønsberg. Supert at vi får låne Sondre i eitt år av søster Ingebjørg og svoger Håkon. Førstestyrmannen er kjempeklar med ferskt dykkersertifikat i lomma og teori for båtførerprøven.
Lørdag 2.juli kl. 11.30 som planlagt la vi til ved Tollboden i Stavanger. Blue Marlin hadde fått på seg festdrakta si, signalflagga lyste i glade fargar. Der stod venner, familie, kollegaer, naboer, barnehagetanter, Sebastian, turister og Stavanger Aftenblad.
Vi satte kjempestor pris på at så mange ville vinke farvel til oss. Følelsane tok litt overhand som dei pleier (hos Idunn). Det var ein utruleg merkeleg situasjon å vera i. Huset vekkleigd for tre år, bilen selt, skulebøkene til jentene pakka ned, i tillegg alle dei formelle ting ordna når ein skal vera lenge borte, permisjon/oppsigelse frå jobbar.
ØYEBLIKKET ER HER OG NO!
Norske flagg vifta på kaien, smil og tårer om kvarandre og der bare tøffer vi ut…. Litt trist, men mest herlig følelse forresten…. Dette er ein drøm Rune hadde frå sine guttedager, Idunn har hatt det som ein urealistisk drøm inntil ho møtte Rune.
Mor Else Liv er med frå Stavanger. Ho skal vere med til Skagen der vennen hennar bur.
Været er bra bortsett frå at vinden er rett imot oss heile dagen. Vi går då for motor og rusler utenfor Jærens rev i tre knop. ”Er vi snart framme,”spør Marita etter to timar. Det har vore vanskelig å forklare om lengden på turen vår til to fem år gamle jenter. ”Eg likar faktisk jordomsegling eg,” kjem det samstundes frå Hedda. Ved midnatt passerer vi Eigerøya fyr og gode minner frå hyttetur dit kjem fram.
Vi ruslar for motor heile natta, men i morgentimane aukar vinden og vi får kraftig stampesjø midt imot. Alle kjenner seg litt uvell og slitne så vi går inn mot Lindesnes. I Korshamn finner vi eit helig lite paradis, lun og koselig havn. Veret tilsa at vi ikkje burde krysse over mot Skagen før etter to dager i le her. Vi brukte dagane til å komme i orden i båten, vi hadde hatt det litt for travelt før avreise til å pakke og stue ordentlig i båten. Stampesjøen hadde knekt opp ein gammal skade på innerskroget i forkabinen, men skaden er ikkje så alvorlig at vi treng å reparere den før etter Biscaya.
Plutseleg kjem ein kollega til Rune ombord i Korshamn. Han var på ferie der og hadde kjøpt Stavanger Aftenblad og satt på bryggekanten og las om familien Førde som skulle på jordomsegling og då han ser opp frå avisa ligger Blue Marlin rett framfor han.
Tirsdag 5.juli setter vi kurs for Skagen. Vi starta med stampesjø og motvind og god stemning. Marita er stolt over at ho var første og einaste som kasta opp på overfarten. Så gjekk det over i kjempelange bølger i timevis, det var nesten litt moro, føltes som vi reid avgårde. Du verden så lenge vi måtte sjå gamle ”Mor Norge” forsvinne ned i havet bak oss, vi var jo klare for verden! Super vind og rolig sjø dansa Blue Marlin over til Skagen på 26 timar. Natta var kald og lang, men med deilige strikkavottar Annlaug hadde laga haldt vi oss varme på hendene. Idunn måtte ufrivilling svara på ein oppkalling på VHF-en då ho stod aleine på vakt om natta. Det var ein del fiskebåtar ute, så ropte ein sørlending på ein båt i retning…. Idunn håpa i det lengste at det ikkje måtte vera oss som blei kalla på då praksisen for bruken av VHF var lik 0. Han prøvde seg på engelsk 3. gongen, men 5. gongen var han sint og ropte: ”are you sleeping on the sailboat.” Jo, det måtte jo berre vera oss. Så svara ho forsiktig på oppropet …..og ein blid sørlending svara at vi var på veg inn i trålane hans. Kanskje det var den spake kvinnestemma som hjelpte.
Herlig stemning var det å skli inn i Skagen båthavn med levande musikk på kaien og 100-vis av båtar og folk, og det varme været smakte godt no. På kaien stod farmor sin kjæreste, Per, og tok imot oss alle på beste måte. Skagen var ein stemningsfyllt plass.
Per laga store gormet-middagar til oss kvar kveld, herleg. Her vart vi liggjande i fem dagar. Bror til Rune, Jack, og hans to barn, Marte og Marius kom frå Tønsberg og var dei tre siste dagane med oss. ”Åja, no begynnar jordomseglinga,” utbraut Hedda då vi skulle gå på stranda i Skagen.
Per, farmor og Jack tok alle barna med til Legoland ein dag, dei var heilt gira og opprømte då dei kom tilbake etter 17 timar. Vi brukte dagane til å ordne og reparere i båten. Rune hadde irritert seg over noko som ikkje stemte då vi rulla ut\inn forseglet. Til sin store forskrekkelse fann Rune ut at en skrudd kopling i forstagwiren i hadde skrudd seg opp. Dei fatale følgene dette kunne medført gjorde oss heilt skjelvne, masta kunne knekt bakover. Men grunna ein samtale med Dehlerforhandlaren i Norge, Trine Lunde som kom bort til oss kvelden før og fortalde om eit liknande tilfelle gjorde at Rune forsikra masta før han skrudde av dekslet og såg ”skaden.” Idunn kosa seg med ein ”drittjobb” medan ho var barnefri. Toalettet var tett og innhaldet kom opp og flaut ut på golv og inn i skapa på badet. Vi har lese litt bøker av andre som har vore på jordomsegling, og då skriver dei alle at det heile tida er noko å reparere og fikse på og det skjønar vi godt allerede. I Skagen hadde vi ein datamann i to dagar for å få kople nokre kartprogram til dataen og samkjøyre med GPS-en.
Overraskande og hyggelig dukka familien Karen Woie opp på kaien. Ho fekk tatt nokre bilder som ho skulle vise kollegane til Idunn. Idunn har vore tannlegesektær for kjeveortopedane Amundsen og Stensland i Stavanger.
Søndag 10.juli var det å sei farvel til farmor i Skagen, medan Jack og ungane haika med oss til Frdrikshavn og der var det atter trist å ta farvel. No var det bare mannskapet igjen på fem. Etter anbefalingar valgte vi å gå Limfjorden framfor Kielkanalen. Så første etappe etter Skagen vart til Hals som ligger rett ved innløpet til Limfjorden. Neste dag tøffa vi for motor i den smale renna. For det meste var det mellom to og tre meter djupt på midten. I Aalborg la vi til kai og fylte diesel, vatn, og provianterte før dagen enda i ein koseleg handutgraven kanal (ca. 4 km lang og ca 25m brei kanal) frå midten av 1800-tallet, plassen heiter Løgstør.
Her var vi ca halvveis i Limfjorden, så neste dag kom vi heilt til munningen før Nordsjøen rett bakafor dei kraftige moloane i Thyborøn. Thyborøn kanalen vart laga då det var stormflod og havet gjorde gjennombrudd for ca 150 år sidan. Det var snakk om å lage ei sluse her etter dette, noko som ikkje har skjedd endå, men som mange ønsker sterkt kvar gong det er flod. Stort fiskemottak prega denne vetle plassen, redningsstasjon er også oppretta her, tjue år etter at ein russisk fregatt grunnstøtte utenfor Thyborøn og over 700 mann omkom. Sneglehuset var eit fantastisk hus som var kledd med sneglehus frå heile verda. Nederlendaren som låg i båten ved sida av oss denne natta skulle ikkje gå før om fleire dagar då været tilsa for mykje vind. Men Blue Marlin og mannskapet var kjempeklare til ei lang økt dersom vær og vind var på vår side. I gunstig vind og lite sjø kosta det av gårde i over sju knop langs den danske riviera. Langt der inne såg vi den verkeleg ”bløde” kyststripe og sjøen var ikkje djupare enn rundt 15 meter. Vi la inn waypoint heilt fram til innløpet til Helgoland, det tok oss heile natta og heile neste dag. Sondre kom ut frå do om natta med eit stort smil, han hadde sett så mykje moril i doskåla at det hadde lyst opp heile rommet. Sjøen blinka som ein stjernehimmel av moril. Klokka 04.30 segla vi inn i tysk farvatn.
Helgoland reiser seg majestetisk opp av havet med sine steile, raude fuglefjell mot vest og kvite sandstrender på den endå mindre øya ved sida av i aust, Dyne. Helgoland har ein særstatus i Tyskland og her er ikkje moms eller avgifter på varer. Øya er delt inn i Unterland som er ved havna og Oberland som er oppe på klippa. Før dreiv innbyggarene hovedsakelig av fiske, men no livnærer dei ca.1600 fastbuande seg mest på turisme. Mellom kl 11.00 og 16.00 er det mange turistar, dei kjem med små cruisebåtar og handlar taxfreevarer. Men ettermiddagane bærer preg av ein herlig og rolig stemning. Mange bombekrater er det å sjå på øya då tyskarane hadde store forsvarsverk her med mange underjordiske gangar. Dei vart utbomba under 2. verdenskrig. Her er nokre batteridrevne bilar som køyrer i maks fart 10 km i timen. Litt mykje vind gjer at vi ligg og ventar på bedre vær, no er vi på 3. dagen her og nyter jordomstreifer livet fortsatt. I dag er det to andre norske båtar i havna. Den eine båten er på veg i bryllup i Belgia og har jamgamle ungar som oss. Så jentene gledar seg til å treffe dei i bassenget i dag sidan været tilseier ikkje stranda. Jentene er utrulig flinke til å engasjere seg sjølve med kareoke, dukketeater, fargelegging og alle disse kjekke leikene frå Statoilkollegae som gjer livet lettare for oss alle. Heretter ser vi færre og færre norske båtar.
Ha ein fortsatt god sommer folkens!