Forberedelser

Planlegginga har pågått i mange år, men drømmen starta allereie for både Rune og Idunn Maria lenge før dei traff kvarandre.  Rune si interessa vart godt forsterka under hans 2-årige karriere som sjøulk i internasjonal skipsfart frå han var 18 til 20 år, då han gjekk på bruvingen og drøymte seg vekk. Idunn var medeigar i ein Junker 22 då ho budde nokre år i Asker

Vi er no mange år seinare blitt ein familie med plikter og gjeremål som folk flest. Vi har vurdert tida som heilt ideell å realisere draumen vår på, no har vi god helse, ungane er passe store, vi har fått opparbeida oss god yrkeserfaring. Jentene elskar det våte element, allerede før tvillingane var født var dei påmeldt på babysvømming med eit langsiktig formål….

Vi har brukt lang tid til å tatt eit forhåpentligvis godt valg når det kjem til type båt som er kjøpt til turen. Det vart mange timar framfor PC'en å lese på tester, "boat of the year,"  osv. før valget vart tatt. Våren 2004 kjøpte vi Blue Marlin som er tyskbygd, Dehler 41 Deck Saloon frå 1998. Den har vore på fleire langturar, den forrige eigaren hadde utrusta båten med ein god del "langturseglerutstyr."  Etter at vi overtok båten har tida gått til å prøve båten ut og til å foreta nokre småjusteringar. Seglererfaring har vi ikkje så mykje å slå i bordet med, men vi har stor motivasjon og pågangsmot og håper og trur at vi lærer fort. 

Tida går fortare no enn før i tida, i alle fall føles det slik, no er det berre 1 månad igjen til avreise.  Vi har ein god del igjen å forberede; mange oppgraderingar i huset før utleige, kjøpe og montere meir ekstrautstyr på båten, møter med skulen, VHF-kurs, innkjøp av fotoutstyr, sy\justere på tre av segla, forlenge båten med fast bauspyd med tilhøyrande forstag, reparere sprayhood, snakke med sponsorar, vaksinering, møte med doktor ang. "kjekt å ha" i førstehjelpsskrinet,  Reiseapoteket består av følgende Medikamenter (klikk for link). Endelig ...Rune har akkurat avslutta "yoga-kurs for total avslapping" som stod høgt på prioriteringslista hans........